Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






Du er her:Arkiv > Elevkvardagen - Skuleåret 2004/2005

Avslutning av skuleåret 2004/2005
20.06.05.
Skuleåret 04/05 er no historie - utruleg, men sant!
HVS markerte slutten på skuleåret med turneringar i volleyball og fotball, og runda det heile av med ein avslutningsfest for ein samla skule.

Program for desse hendingane ...

Bilete frå festen i kantina måndag 20.06.05.

100 år sidan Unionsoppløysinga!


I 2005 er det hundre år sidan ei fredeleg oppløysing av unionen mellom Noreg og Sverige var eit faktum.
Den 7. juni 1905 vedtok Stortinget å løyse Noreg frå unionen med Sverige. Folkeavstemminga blei gjennomført 13. august same år, med stor seier til den norske regjering.
Vil du vite mer, bør du besøke SKULEBIBLIOTEKET vårt.

Tysdag 7. juni gjennomførte HVS ei markering i høve 100-årsjubileet. Det var lagt opp til eit lite program som alle elevar og lærarar følgde.
Markeringa vart avslutta med hamburgar og "Festkake" i kantina.

Program og bilete ...

Ein avgangselev ved HVS har gjort seg sine tankar omkring kva som skjedde i 1905:
"07.06.05 Centennial
Norway celebrates one hundred years as an independent nation today. To celebrate, I drew a little comic about how it all happened.
It should be fairly obvious, why I don't usually draw comics."

Les teikneserie-stripa!
(Read it!)

Ekskursjonssesongen er i gong ved HVS.

Ålesundsturar for grk. Helse og Sosial i juni.
Utekontakten i Ålesund
09.06.05.
Fredag 9. juni var elevane ved grk HS på besøk hos Utekontakten i Ålesund.
Der blei dei tatt godt imot av Runar og Frances, som informerte om arbeidet sitt
Les meir ...
  Amathea og Patologisk Museum
17.06.05.
Veka etter bar det i veg igjen. Denne gongen med Amathea (Rådgivingsteneste for gravide) og deretter Patologisk Museum på Åse, som reisemål.
Les meir ...

Vil du vite meir om Amathea?
(Rådgivingsteneste for gravide)

Allmennfagelevane (grk. og VKI) har og lufta seg:

"Tour de Haramsøy"
18.- 20.05.05.
Var det eit like stort krafttak i år som i fjor, å gjennomføre den tverrfaglege turen til Haramsøya/Flem? Program var det same, i følgje faglærarane, faktisk med ein tilleggstur ut til fyret på Ulla!
Les meir om dagane på øyene ...

Dagsekskursjon til Tafjord
18.05.05.
Onsdag 18. mai reiste VKI-elevane på allmennefag til Tafjord.  Ekskursjonen i geografi-faget hadde vasskraft som tema, og kva er da meir naturleg enn å besøke Tafjord Kraft!
Les meir om turen ...

Klar for spreke sprell!
Mai - 2005
Det er vår, det er mai og Haramsrussen har våkna til liv igjen. Det kan ein ikkje unngå å leggje merke til - for lokalavisa spanderte ei sprek midtsida på årets russekull og, ikkje minst, bilane deira. Og lyden av desse kjenner jo dei fleste til allereie ...

Les artiklane frå Haramsnytt ...

Foto: Journalist Trine Risvik


Les meir ...
UB Global Connections ved HVS i Molde.
26.04.05
Onsdag 26. april var det ein stor konferanse i Molde som handla om IKT i utdanninga. Læreplankonferansen vart kalla "med innsIKT og utsIKT til ny læreplan".
Elevar frå IBD-gruppa ved HVS var deltakarar på programsida av konferansen og demonstrerte bruk av Design Studio i lærings- og samarbeidssituasjonar.

Opplevingsprosjekt på grk. Helse- og sosial.
14.04.05


Les meir om dagen ...
Torsdag 14. april utførte elevane ved grunnkurs HS eit prosjekt i sosialfag, der dei skulle få ei lita oppleving av korleis det er å vere funksjonshemma i ein skulekvardag. Om vi ikkje kan si å ha ei fullgod erfaring etter dette, har det i alle fall fått oss til å tenkje, fortel elevane etter denne litt spesielle dagen.

COMENIUS PROSJEKTET - "NORDAVIND / SYNNASOL"


Istituto Tecnico Industriale “A. Malignani”
04. - 18.04.05
Prosjektet er igjen aktivert. Måndag 04.04. reiste elevane i 3TAF sørover til Italia i lag med prosjektkoordinator ved HVS, faglærar Øystein Risan, og kontaklærar, lektor Ivar Roald. Veka etter reiste rektor Jøstein Taftø og inspektør Håvard Garshol etter.


- Udine-
Første reisebrev frå Italia (04. - 07.04.05.)
- Udine er ein flott by med om lag 100 000 innbyggarar. Byen framstår med vakker arkitektur og eit triveleg miljø, melder Ivar Roald heim etter ei knapp veke i Italia.
Les meir om opphaldet ...



- Cividale -
Andre reisebrev frå Italia (08. - 10.04.05.)
I helga var det sett av tid til avslapping, men og ein rundtur.
- Cividale er ein svært gamal by. Natisone er namnet på elva, og den kjem frå Slovenia. Her er utsikta frå ei berømt bru; Djevelens bru, skriv reiseskribenten.
Les meir om helga ...

- Venezia -
Tredje reisebrev frå Italia (11. - 15.04.05.)
- Denne veka vart prega av fleire bedriftsbesøk i tillegg til arbeidet på skulen. Ein lengre utflukt var det og lagt opp til - til Venezia, fortel Ivar Roald i nest siste reisebrev.
Les meir ...

Oppslag i lokalavisa

Når alle var vel heime igjen, tok journalist Tina Mari Flem, Haramsnytt, kontakt med dei "farande fantane". Resultatet vart eit stort, dobbeltsidig oppslag i Sommeravisa 2005 til lokalavisa. Les gjerne artiklane!
- Knytte band med Italia (Artikkel frå Sommeravisa 2005, Haramsnytt)
- Smaken av Italia (Artikkel frå Sommeravisa 2005, Haramsnytt)

- Les meir om prosjektet ...

PLS-programmering, innføringskurs.
13.-14.04.05.

Beijer Electronics AS har gjennomført eit innføringskurs i GX IEC Developer ved HVS. Invitasjonen gikk ut til både lokalt næringsliv og elevar og lærarar ved GK- og VKI Elektro på HVS. - Positivt!, seier elevane etter kurset.
Les meir ...

VIP = Veiledning og informasjon om psykiske problem og lidingar hos ungdom


Illustrasjon:
Ragnar Aalbu.
Som ein av fleire skular i Møre og Romsdal, vil Haram vgs. gjennomføre eit informasjonsprosjekt om psykisk helse for grunnkurselevar i veke 13 - 14.
Opplegget blir gjennomført i samarbeid med helsesøster, psykiatrisk sjukepleiar, skulelegen og PPT i Haram.

Les meir om prosjektet på VIP-WEB - heimesida til prosjektet.

"Nærvær over avstand"
– forskingsprosjekt i samarbeid med NTNU

I veke 11 hadde Haram Innovasjonsstudio og Haram vgs. besøk av forskarar frå NTNU i samband med prosjektet ”Nærvær over avstand”. - Dette er eit prosjekt som skal utvikle gode metodar for læring og samarbeid, og som tar i bruk teknologi for å gjere dette over avstand. Bedrifter i Haram har og vist positiv interesse for prosjektet, fortel Guttorm Ulla, leiar for Haram Innovasjonsstudio.

Les meir ...

- Guttorm Ulla -

Skulebiblioteket melder:
Påska nærmar seg, og med den behovet for ei god bok!
Påskekrim, gode grøss eller rett og slett berre ei triveleg bok å slappe av med. Biblioteket har fått inn nye bøker, og har elles litt av kvart å by på. Ta turen innom før påske. Vi ønskjer alle god ferie!
Smakebitar:

Prosjekt
Sparebanken Møre - IBD

Veke 10 - 2005
IBD-elevane er no inne i ein periode der kontakt med næringslivet står i fokus. Tema denne veka var Valuta - Finans, og etter ei knapp veke med intenst arbeid kunne elevane leggje fram løysnings-forslaget sitt.
Les meir ...
Global Connections
- kurs i bruk av kommunikasjons-verkty
Elevane som har faget IBD har og starta ungdomsbedrifta Global Connections.
Ein del av konseptet er å halde kurs i bruk av kommunikasjonsverkty som MSN, Netmeeting og Skype.

Les meir om kursgjennomføringa ...

1TAF tar ikkje ferie -
Sveisekurs ved Søviknes verft.
I vinterferieveka er elevane ved grk. TAF i fullt arbeid. I år blei det arrangert sveisekurs for desse elevane i sveise-hallen til Søviknes verft i Søvik.
Les meir ...
  Aktive dagar i England - "Motivasjonskurs for realistar"
Så er den unnagjort - den andre delen av Motivasjonskurset for ingeniørutdanning. Dei åtte elevane våre melder om ei artig og interessant veke i England.
Les meir ...


Skidag på Strandafjellet.
Onsdag 16. februar vart det skidag for elevane ved HVS. Riktig nok uten full sol i år, men elles var det flotte forhold i bakkane. Alle møtte med fornuftige kle, og kunne nyte snø, litt vind og mykje frisk luft.

Sjå bilete frå turen.


Tid for å søkje plass på vidaregåande skole
Alle søkjarar til vidaregåande opplæring skal fylle ut søknaden sin på internett - vigo.no - innan 1.mars-05.
All informasjon om søking til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal skoleåret 2005/2006, vil du finne samla på ein eigen nettstad:
- Inntak: www.mrfylke.no/inntak
- Søking på Internett
- Viktige datoer for inntak til vidaregåande opplæring i 2005.

Ta og ein titt på denne:
Kva HVS har å by på (Power Point- presentasjon)

Bedriftsbesøk på ” KV HARSTAD ”.
VKI Elektro har vore på bedriftsbesøk på ” KV HARSTAD ” ved Aker Yard, Søviknes Verft AS.
- Vi hadde ein spanande tur rundt om på skipet, fortel elevane etter turen.

Les meir ...

YRKESMESSA 2005
Torsdag 20. og fredag 21. januar gikk den årlege yrkesmessa av stabelen på Haram vidaregåande skule.
Ei elevgruppe på tre journalist-team og ein redaktør har stått på og tatt pulsen på Yrkesmessa 2005.

Kikk innom!

"The Intruder"
- ein musical framført av Team Action On The Road
Verd å sjå!
11.01.05.
Som ein del av det rusførebuggjande arbeidet ved skulen, var elevane ved Haram vgs. til stades på musicalen "The Intruder". Musicalen vert framført av turnegruppa Team Action On The Road frå Hedemarkstoppen følkehøgdkule på Hamar.

Flott show med viktig bodskap!

"Is-slottet"
- av Tarjei Vesaas, framført av Teateret Vårt. Brattvåg, 18.01.05.
"Is-slottet er ei vâr og fin skildring av vennskapen mellom Siss og Unn, to unge jenter på grensa til vaksenlivet.

Dei nærmar seg kvarandre sakte, og opplever både gleda og det skremmande ved å opne seg for eit anna menneske. Inn i vennskapen snik det seg òg ei kjensle av å vere aleine og framand i verda. Så går Unn for langt inn i den frosne fossen, og Siss må kjempe seg fri frå frosten i sitt eige sinn." Eit fint stykke, syntest dei frammøtte.

Kjelde: http://www.teatretvart.no/


Godt Nytt År !
Vi ønskjer alle våre elevar og tilsette velkomen tilbake til skulekvardagen.

2004 endte diverre vondt for mange, og vi går inn i et nytt år med sterke inntrykk frå flodbølgjekatastrofen i Sørøst-Asia. Tysdag 04.01. gjennomfører vi ei minnemarkering med elevar og tilsette i kantina ved HVS.

Med Kolbein Falkeids dikt ønskjer vi godt nytt år!

Basketball-turnering 2004
20.12.04
Etter veker med tentamensavvikling, var det tid for å få ut oppdemde spenninger og energi hos elevane. Nest siste dagen, måndag 20.12., var det basketball-turnering ved HVS i Brattvåghallen.


Les meir ...
Juleavslutning ved HVS
21.12.04
Tradisjonen tru, arrangerer HVS juleavslutning i kantina siste skuledag før jul. Elevane i 2AF er ansvarlege for gjennomføringa av festen, og program-innslaga er det elevar og lærarar som står for. Ei triveleg avrunding før jul!

Les meir ...

Nissefest på låven 01.12.04
"I dag er det første desember ..."
Og i desember spiser alle nissar graut, nydeleg julegraut, det veit vi alle. Ikkje minst elevane med valfag Barne- og ungdomsarbeid (BU) ved HVS. Derfor har dei i lengre tid bakt, planlagt og øvd.

- Kvifor? Sjå, det kan du lese meir om ...

KM i volleyball for vidaregåande skular 2004-2005
17.11.04
NVBF Region Midt inviterte alle vidaregåande skular til spennande volleyballturnering i Fagerlihallen onsdag 17.11. HVS stilte med eit jentelag og eit gutelag. Og i år fekk spelarane kreditt for innsatsen.
Les meir

Trondheimstur for IBD-gjengen
02.-04.11.04
Dei 10 elevane som har IBD som studieretningsfag, var tidleg i november ein tur til Trondheim.

Dei har i haust vore med i eit samarbeid med NTNU i Trondheim om bruk og utvikling av Designstudioet ved Haram vidaregåande skule.
Les meir om turen ...

Operasjon Dagsverk 2004
12.10.04
Ein slagkraftig gjeng har stått på for å engasjere elevane ved HVS i høve OD, som gikk av stabelen 28.10.04.

Les artiklane om OD i Haramsnytt
. Tekst og bilete ved journalist Tina Mari Flem
- Slagkraftig OD-gjeng
- Kjempar mot vold i Afrika
- Operasjon Dagsverk

Fordjupning i prosjekt OD

Elevane i 1AF har i vekene etter OD gjennomført ein STORYLINE i faget norsk om valdsførebygging i Sør-Afrika.
Artig og lærerikt, seier elevane etter siste framføring.
Les meir
Glimt frå Motivasjonskurset
09.-12.11.04
Dei 4 første dagane av kurset er no unna-gjort. Elevane er tilbake i den normale skulekvardagen, blide og nokre gode erfaringar rikare.

Les meir frå kursdel 1


Kjekk tur til Orreneset for 1AF

09-10.09.04
I høve valfaget Internasjonalisering var elevane våre på grk. AF på overnattings-tur til Orreneset i september.

Oppdatert 02.12.04.


Hælane i taket på skulen
13. og 20.10.04.
Reinlender, springar og hallingdans til levande felespel, fekk elevane ved HVS til å "slå hælane i taket" i idrettshallen to onsdagar på rad.
Les meir om folkedansaksjonen SNU NORDVEST


COMENIUS PROSJEKTET - "NORDAVIND / SYNNASOL"
- eit samarbeidsprosjekt mellom Istituto Tecnico Industriale Arturo Malignani i Nord-Italia og Haram vgs. i Noreg.
11.10-25.10.04

I desember 2003 fikk HVS besøk av Stefano Gorla frå Italia. Han kom med ein førespurnad om eit samarbeid og utveksling av elevar i eit COMENIUS-prosjekt. Gorla presenterte oss for ein teknisk skule i Nord-Italia som ønska å delta i eit slik prosjekt. Saman kom vi fram til ei prosjektskisse begge skulane var nøgde med. Søknaden vart seinare imøtekomen, og no har vi gjennomført første del av prosjektet med eit triveleg besøk frå Italia (v. 42-43).

Les meir om prosjektet ...
(Førebels er berre ein engelsk versjon lagt ut).



Elevane på VKII Tekniske allmenne fag har sett fram til besøket, og det vidare samarbeid som vil vare fram til sommar-ferien 2005.
Glimt frå programmet.
I perioden 01.09 til 10.10 var det stor førebuande aktivitet her ved HVS før alt var klart for besøket frå Italia. No er kvardagen tilbake for elevar og lærarar knytt til prosjektet, men kunnskapen, dei gode minnene og venskapen er godt forvart.
- Sydlandsk bris i gangane (Artikkel frå Haramsnytt 15.10.04., ved Tina Mari Flem)
- Slår av lyset (Artikkel frå Haramsnytt 15.10.04., ved Tina Mari Flem)
- Prosjektarbeid ved HVS (veke 42)
- Dagsekskursjon til Tafjord Kraft AS, Tafjord (14.10.04)
- Ekskursjon til vindmølleparken på Smøla (17. - 20.10.04)
- Utflukt til Ona (16.10.04)
- Fridag i Ålesund (23.10.04)


Comenius project 2004/2005:
PROJECT NORTH WIND - SOUTH SUN

- About the project ...
- Words of welcome ( Jøstein Taftø, Principle)
- A short presentation of our school
- Outing to Tafjord Kraft (1 day)
- Outing to Smøla (In Norwegian)
- Visiting Ona (16.10.04 - In Norwegian)
- Visiting Ålesund (23.10.04 - In Norwegian)

Foto: Ivar Roald

Arbeidsveke
-
for grunnkurs Helse- og sosial.

Veke 39, H2004

- Kjekt på SFO -

Elevane på grunnkurs Helse- og sosial gjennomførte utplasseringsveka si rett før haustferien. Ei positiv oppleving som ga inspirasjon til skulekvardagen elles.
Les meir ...

- Kjekt på apoteket -
 
ER DU REALIST,
og elev ved HVS?

Dersom du har 2MX og 2FY, bør du ta ein titt her !


MOTIVASJONSKURS FOR INGENIØRUTDANNING

Kurset
er eit tilbod til deg som har 2MX og 2FY, som har lyst til å oppleve ein annleis læringsarena og som ønskjer å sjå litt av kva eit ingeniøryrke kan by på.

Kurset går over to bolkar;
- Ulsteinvik/Brattvåg (9.–12.11.04)
- England, Stratford (10 dagar i febr. 2005)

Deltakarar i år vart:
Kurt Louis Krogsæter
Ann Kristin Vatne
Kristoffer Remme
Melina Colic
Jarl Erik Flatøy
Alexander Holmeseth
Magnus Longva
Ingrid Kjerstad

Vi håper dei får nokre lærerike økter!
Les meir om kurset

Rebusløpet 2004
- ei utfordring for for grunnkurselevar.
25.08.04

Første skuleveka er tilbakelagt, og tradisjonen tru, fikk grunnkurs-elevane bli litt betre kjent med HVS via rebusløpet. Løypa gikk innom nærast alle krikar og krokar av skulebygget, med oppgåver undervegs og innsamling av bokstavar til bokstav-rebusen.
Lett var det ikkje for gruppene, men det var likevel mange gode kandidatar til å vinne rebuskaka.

Sjå bilete frå dagen!
Vinnar av Rebusløpet 2004 er ...


Velkomen innom biblioteket vårt!
Framleis ikkje heilt ferdig, men ein flott plass å vere ved leksearbeid, gruppe- eller prosjektarbeid, eller berre for avslapping med eit av våre mange tidsskrifter. Etterkvart vil vi få på plass det nye systemet for utlån - så bruk biblioteket flittig.
Kikk innom!

Det nye biblioteket var ein av postane i rebusløpet, og ivrige elevar gjorde grundig arbeid.


Introduksjon
av Innovasjonsstudio og Design Studio.
19.08.04


Ordførar Oddbjørn Vatne

Inviterte gjestar
Haram kommune, ved ordførar Oddbjørn Vatne, hadde invitert representantar frå næringslivet og fylket til Haram vidaregåande skule for å informere om det nye Innovasjonsstudioet som er lagt til skulen. Samstundes fikk gjestene sjå korleis Design Studio kunne fungere i ein møte/kommunikasjonssamanheng. Eit interessant møte med teknologien for dei frammøtte.


Velkomen til eit nytt skuleår !
"Haram vidaregåande skule skal vere ein skule som er til stades i tida, og som evner å gi noko for framtida. Slik kan skulen vere ein dynamisk og framtidsretta arbeidsplass for elevar og tilsette", seier rektor Jøstein Taftø i sitt velkomstbrev til alle ved skulen.
Les meir ...


Ombyggingsaktivitet på HVS.
06.07.04

Til hausten skal det nye Design Studioet ved HVS stå klart. Dermed er det ikkje til å unngå - det blir hektisk byggjeaktivitet i nokre korte sommarmånader på HVS.
Så fort skuleåret var avslutta, rykkja ei prosjektgruppe frå NTNU inn og installerte det tekniske utstyret. No er vårt eige arbeidslag i god driv med å måle designstudioet i nye fargar. Det blir kjempeflott.
Vil du vite meir om Design Studio?

Som dei fleste allereie har oppdaga i løpet av vårhalvåret, er det fleire rom som er under oppussing. Arbeidsrommet knytt til mekanisk verkstad, er klar til bruk så fort det blir innstallert PC-arbeidsplassar der. Bibliotek/lesesal vil og vere ferdig til hausten. Det same håper vi at Innovasjonsstudioet skal vere, sjølv om det vil krevje litt meir tid.

I tillegg får naturfagrommet (131) og garderobane ved verkstadene seg eit lite lyft.


Morgonstemningar
Ein lærar let seg inspirere ein tidleg morgonstund i fjor vinter. Bodskapen er klar; - sjå lyspunkta, og i den mørke tida.

Vi har opplevd meir sidan dette!
Sjå kva for oppslag vi har hatt i skuleåra;
2004 og tidlegare ...

Skuleåret 2005/2006
Skuleåret 2006/2007


Tilbake til hovudsida ...

 




FastCounter by bCentral