Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|

Skuleåret 2005/2006 takkar for seg
Like sikkert som alt anna som følgjer året sin
gang, går eit skuleår mot slutten i juni. For nokon betyr
det at ein er komen til eit vegskilje i livet, for andre er det signalet
om ein no står foran eit par månaders avbrekk frå
den vante kvardagen. For heimesida sin del, betyr det ein overgong
til arkivdelen ...
Og alle kan vi sjå tilbake på eit rikt og givande år.
Lukke til vidare!
Red.

Skuleåret sine to siste dager var sosiale og trivelege:
Siste aktivitetsdag
før ferien
19.06.06. |
Avslutningsfest for
avgangselevane
20.06.06. |
|
|
Først ut var volleyballturneringa inne i Brattvåghallen.
Innstatsen var god, og finalen vart spanande.
Etter ei lita pause starta fotballkampane opp ute på kunstgras-bana.
Ny energi vart henta fram og kampen om seier vart hard.Bilete
frå dagen, og kven som vann, finn du meir om her!
Les
meir ... |
Ein spirande tradisjon er i gong.
Aller siste skuledag arrangerte HVS ein avslutningsfest for
avgangselevane våre, der alle elevar og tilsette var innbudne.
Eigne krefter sto for underhaldninga, og det vart ei stemningsfull
og fin avrunding på skuleåret. Les
meir ... |

Ekskursjon til Haramsøy - Longva
22. - 23.05.06.
Nå er artikkelen om 1AF/1TAF-ekskursjonen på nett. Vi
takker for turen, og for bidraga til dette oppslaget. Ha ein flott
sommar alle saman!
Les meir
om eksursjonen ...

IBD takkar for godt samarbeid med lokalt næringsliv skuleåret
05/06!
 

Cambridge-eksamen med flott resultat
for HVS-elevar. |
Ekskursjon til
Sparebanken Møre Ålesund.
|
Spanande samarbeid
med Aker Yards Brattvåg. |
Mai 2006
Fleire fekk toppkarakter. Elevane takkar erfarings-grunnlaget
dei har opparbeidd seg gjennom skuleåret, for at det gikk
så godt.
Les meir ... |
09.06.06.
2IBD fekk ein forsmak på neste års pensum då
dei besøkte Sparebanken Møre i Ålesund i
juni i år. Dei gjer seg klar til å møte neste
skuleår sine utfordringar. Les
meir ... |
Våren 2006 Ønsket
var å gi elevane innsikt i kor internasjonalt, komplisert
og omfattande planleggingsarbeid som må til, for å
bygge eit skip.
Det målet vart nådd! Les
meir ... |

Vi søkjer vertsfamiliar til våre italienske
lærlingar!
08.06.06.

Istituto Tecnico Industriale “Arturo Malignani”
|
Leonardo Da Vinci-programmet - Samarbeid
med "Arturo Malignani".
I perioden 7. - 29. august 2006 vil Haram vidaregåande
skule få besøk av 12 elevar frå den italienske
samarbeidsskulen vår "Arturo Malignani". Dei vil bli
utplasserte i bedrifter i Brattvåg og Søvik.
Meir
informasjon om Prosjekt EuroShip ...
Vertsfamiliar.
Haram vidaregåande skule søkjer vertsfamiliar til nokre
av desse elevane.
På dagtid vil dei italienske elevane vere i aktivitet anten
i skule eller bedrift, og det er lagt opp til fleire fellesarrangement
på kveldstid/helg. Vertsfamilien må kunne gje eleven ei
seng og mat under opphaldet. Målet med utplassering hjå
vertsfamilie, er at våre italienske venar skal få sjå
korleis vanlege menneske lever i Noreg. Det er såleis ikkje
naudsynt å finne på noko heile tida.
Ønskjer du/dykk å vere vertar for 1-2 elevar
i perioden 7. - 29.08.06.?
Ta kontakt med Haram vidaregåande skule, tlf. 70 20 96 00.
Adm. ved rektor Jøstein Taftø

Aktivitetar dei siste skuledagane før
sommarferien.
Måndag 19. juni - Aktivitetsdag
for alle elevar på HVS
kl 0805 Oppmøte på klasserom med basislærar
kl 0830 Volleyballturnering i Brattvåghallen
kl 1130 Fotballturnering - kunstgrasbana (Alle
elevar på grk-/VKI-nivå får utlevert karakterutskrifter
denne dagen). |
|
Tysdag 20. juni - Avslutningsfest i kantina
for alle v/HVS
kl 1000 Avslutningsfesten i kantina startar - Velkomen!
kl 1200 Sommarferien er eit faktum - God sommar til alle!
(Høve til samtale med faglærarar
vedr. standpunktkarakterar i tidsromma
kl 0805 - 0950 og kl 1200 - 1300). |
|

Ekskursjonstid for elevane ved grk Helse- og sosial.
Spennande på Patologisk
Museum, Åse. |
Utekontakten, Ålesund.
08.06.06.
Torsdag var elevane på besøk hos Utekontakten
i Ålesund. Der vart dei tatt godt imot og vart informert
om oppgåvene der. |
Kva har Åse å by på?
09.06.06.
Dagen etter var det Amathea (Rådgivingsteneste
for gravide) og Patologisk Museum på Åse,
som var reisemålet. |
Les meir
om turane ...

Haram Folkebibliotek melder;
- I sommar blir det arrangert Sommarles '06.
| Individuell og
interkommunal lesekonkurranse 10. juni og 20. august.
Ein lesekonkurranse
for barn og unge mellom 6 og 19,
som bur i Haram, Hareid og Stordal. |
|
Les
meir om konkurransen ...
( Trykk ev. på logoen over, dersom du vil sjå konkurransetabellen).

Ekskursjon til Haramsøy - Longva
22. - 23.05.06.
Måndag 22.05. reiser 1AF-A, 1AF-B og 1TAF
på felles naturfags-ekskursjon til Haramsøy. Her
får du eit lite innblikk i kva elevane skal gjere det
neste døgeret. Program
...
Men vi lar elevane sjølve få fortelje litt om korleis
dei hadde det på turen. Les
meir om dette ... (Nytt
oppslag 05.07.06.) |
|

17.
mai - Vi gratulerer med dagen ! |
Noreg sin grunnlovsdag vert feira til minne om den norske grunnlova
som vart vedteke av Riksforsamlinga på Eidsvoll, i 1814.
| |
Sjølve feiringa av 17. mai som nasjonaldag,
starta for alvor i 1836, da Stortinget for fyrste gong feira
17. mai-fest.
Men, den 17. mai-feiringa vi har i dag, med brei folkeleg deltaking,
er det Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnson
som har stor ære for. Fyrstnemde med sine flotte talar
og dikt til ære for nasjonen, og Bjørnstjerne Bjørnson
med entusiastisk oppfølging, og ikkje minst, innføringa
av barnetoget.
Vi ønskjer dykk alle ein flott dag! |
Kjelde: Store
norske leksikon / Bilete: Nasjonalbibl.
Haram Designstudio bringar HVS ut i verda.
Europadagen, tysdag 9. mai., vart ei
teknologisk "happening" ved HVS.
Etter invitasjon frå ENIS
Italia møtte ein lærar og 2 elevar i studio
for å delta aktivt på den internasjonale web-konferansen
"Spring day in Europe".
Verkeleg spennande og artig å ha vore med på.
Les
meir ... |
|
"Spring
day in Europe" 
Kunnskap på nett
April 2006
Nettordbøker
tilgjengeleg
for deg som er elev i den vidaregåande skulen i Møre
og Romsdal.
Fylket har gjort avtale med Kunnskapsforlaget om full tilgang
på ulike oppslagsverk. Eit av dei er Ordnett.no.
Dermed har du tilgang på nettbaserte ordbøker,
både innan norsk og framandspråk. |
|
STORE NORSKE LEKSIKON
er og med i denne avtalen. Så i tillegg til å finne
dette oppslags-verket på Skulebiblioteket
vårt, kan du no bruke nettressursen Store
norsle leksikon når du vil vite meir om ulike
emne.
Lukke til i skulearbeidet! |
|
NB!
Full tilgang gjelder berre ved bruk fra skulen si IP-adresse, dvs.
PCar knytt til skulenettet ved HVS. Heimefrå blir det difor
avkorta tilgang til dette tilbodet.

Ut av klasserommet - gi elevane opplevingar
og utfordringar.
HVS prøver å følgje opp sin visjon. Nye artiklar
om dette er lagt ut til påske:

Påske-lektyre
- meir enn berre krim, og absolutt noko for
alle, ikkje bare "sære" personar, meiner denne anonyme
skribenten på HVS.
Tidlegare i vinter vart ei norskgruppe utfordra til å
reflektere over lesevaner, eller mangel på slikt, hos
ungdom. Nokon tok utfordringa og då dukka denne stilen
opp i bunken.
Les den, ta utfordringa, og finn deg ei bok - det er nemleg
mykje å gå glipp av mellom permane i bokhylla!
|
|
Ungdom,
og deres ikke eksisterende interesse for bøker og sånt...
Litt krim likevel?
Velkomen til litterær påskelabyrint og skattejakt med
fylkesbiblioteket!
- Vi prøver oss med ei ny
lita vandring i kriminallitteraturen, ein kombinasjon av små
påskenøtter og lesetips til påskekrim, melder
fylkesbiblioteket. Ikkje alle skal ut på tur, men du kan
da reise både "hit og dit" via denne labyrinten.
Finn fram påskemarsipanen, godkroken og bli med oss på
tur! Påskekrim-labyrinten
|
|

Markering av Ibsen-året 2006

Henrik Ibsen, 1878.
Kjelde: ibsen.net/IBSEN 2006 |
|
I 2006 er det hundre år siden Henrik Ibsen
døde. Over heile landet vert det arrangert ulike Ibsen-markeringar.
Kan hende er det no du skal ta for deg eit verk av Henrik Ibsen
- eller fleir, for den saks skuld? Kik i bokhylla, heime eller
på biblioteket, og les litt av det Ibsen har skrive.
Vil du vite meir om Henrik Ibsen?
Besøk www.Ibsen.net
- Ibsen-året sine offisielle nettsider, og den største
nettstaden om Henrik Ibsen på verdsveven. |

Gode tider i elektrobransjen.
16.03.06.
Alle elevar som søkte læreplass i elektrofaget
i Haram kommune, har alt i mars-månad signert sine lære-kontrakter,
melder kontaktlæraren deira Torbjørn Volstad.
Les meir ... |
|

Søkjartala til vg1 Elektrofag ved HVS neste skuleår er
klare!
20.03.06.
Vi
gjer merksam på feil i lokalpressa vedr. søkjartala
til vg1 Elektrofag.
Grunnkurs Elektro heiter frå neste skuleår vg1 Elektrofag,
og dette er framleis eit populært val for ungdommen i
Haram.
Så skuleåret 06/07 startar vi igjen opp med full
klasse på 14 elevar. Vi ønskjer dei hjarteleg velkomne. |
|

Konsert med The Margarets arrangert av HVS !
17.03.06.
I høve
30-årsjubileet til Haram vidaregåande skule vert
det arrangert ein konsert i Ingebrigt Davik-huset her i Brattvåg,
fredag 17. mars.
Vi ønskjer alle interesserte hjarteleg velkomen til
konserten, og håper det vert ein flott kveld.
Konserten starter kl 20:00 med det lokale bandet
Planck's Pride som oppvarmingsband. Deretter overtar The Margarets!
Meir
informasjon ...
|

The Margarets
(Illustrasjonsfoto)
|

Besøk av solidaritets-eitåringar frå
Kirkens Nødhjelp
15.03.06.
Tre engasjerte jenter frå Kirkens Nødhjelp er på
informasjonsturne i Møre og Romsdal i høve Fasteaksjonen
2006. Onsdag 15. mars besøkte dei Haram vgs. der dei
disponerte auditoriet i studietida til elevane. Les
meir ... |
|

VIP = Veiledning
og informasjon om psykiske problem
og lidingar hos ungdom
Veke 10
Haram vidaregåande skule gjennomførte og i år
informasjons-prosjektet om psykisk helse for elevar på
alle grunnkurs. Opplegget blir gjennomført i samarbeid
med helsesøster, psykiatrisk sjukepleiar, skulelegen
og PPT i Haram.
Prosjektet ble særs godt mottatt av elevane, i år
som i fjor. Les meir
om prosjektet på VIP-WEB
- heimesida til prosjektet. |

Illustrasjon:
Ragnar Aalbu.
|

SKIDAG onsdag 8. mars 2006
!
Dersom veret held
seg, vert det skidag for dei som har meldt seg på, annonsert
vi. Og finveret det fortsatte, så onsdag 8. mars reiste
3 fulle busslaster til fjells med glade ungdommar og lærarar.
Sjå
bilete frå skidagen vår! |
|

Vinnar av Odd Fellow
stil-konkurransen 01.03.06.
Thomas Steinshamn, 2AF, gikk av med sigeren i denne stilkonkurransen.
I tillegg til blomer og rosande ord, kan han no sjå fram
til to veker i New York i regi Odd Fellow, til sommaren. Vi
gratulerer og ønskjer han god tur! Les
meir ...
Odd
Fellow Ordenen, Norge |
Thomas Steinshamn
Foto: T.M.Flem
|

Laboratorieveka 2006
- 3BI prøver
ut lab'en på Høgskulen i Ålesund
27.02.06.
Første skuledag etter vinterferien tok 3BI-elevane turen
til Høgskulen i Ålesund. Der ventet eit spennande
opplegg, med mykje laboratorie-arbeid og litt teori. Tema for
dagen var elektroforese - analyse av DNA-molekyl.
- Det var eit godt opplegg, smiler ein fornøgd biologilærar,
Hanne Ski, to dager etter.
Meir om ekskursjonen ... |
Jeanett, 3AF,
som ekte laborant. |
HiAls - Laboratorieveka 2006

Motivasjonskurs for ingeniørutdanning
Veke 8
I november møtte dei kvarandre for første gong,
dei 16 elevane som vart plukka ut til "Motivasjonskurs
for ingeniørutdanning 05/06". I fire dagar arbeidde
dei med ulike prosjekt, som ei førebuing til hovuddelen
av kurset i Strathford, England. No i vinterferien har dei vore
i England og gjort unna siste del av kurset. |
|
- Ein fantastisk fin tur. Å, det var så gøy!, var
den første, impulsive tilbakemeldinga.

| "Dagens ungdomsbedrifter, fremtidens næringsliv!" |
15.02.06.
Fylkesmessa for ungdomsbedrifter
2006
Onsdag 15. februar vart Fylkesmessa for ungdomsbedrifter 2006
arrangert i Braatthallen i Kristiansund! "Braatthallen
vil summe av ung aktivitet denne dagen," annonserte Kirsten
Aure, ansvarleg for Ungt Entreprenørskap i Møre
og Romsdal fylke i invitasjonen, og ho fikk rett i det!
|
Heimelaga drops frå
UB GODT
FOLK |
Les
meir ...

Vi
nærmar oss siste frist for innsøking til vidaregåande
opplæring !
Haram
vidaregåande skule
gir deg tilbod innan følgjande
utdanningsprogram: - Elektrofag
Helse- og sosialfag
Media og kommunikasjon
Teknikk og industriell produksjon (mekaniske fag) og
Studiespesialisering (allmenne fag). |
- Haram
vidaregåande skule - |
1. mars, kl 23:59 er søknadsfrist for:
- søknad om læreplass
- ordinært inntak til vidaregåande skolar
Inntak til vidaregåande opplæring
Les meir om dette på
Møre
og Romsdal fylke si informasjonsside ...
|
Du søkjer vidaregåande opplæring på
www.vigo.no |

Kva vil du bli?
er nettstaden for deg som søkjer vidaregåande opplæring
i Noreg.
På www.vilbli.no
får du vite kva vidaregåande opplæring er
og kva for moglegheitar du har når du skal velje vidaregåande
opplæring. |
|
Ny og gammel struktur i videregående opplæring
Ny struktur gjeld deg som skal søkje 1. år (Vg1)
i vidaregåande opplæring hausten 2006, mens gammal
struktur gjeld deg som skal søkje VK1, VK2 eller læreplass
hausten 2006.
Hald deg oppdatert på www.vilbli.no! |

Til finalen i Abelkonkurransen!
Ann Kristin Vatne, 3AF, gjorde ein særdeles
god innsats i den første runden av konkurransen, og kom
på 10. plass.
Dette var til då den beste plasseringa nokon elev ved
HVS har hatt i ein Abelkonkurranse.
Torsdag 19. januar stilte ho opp til 2. runde, og resultatet
etter dette viste at Ann Kristin no er kvalifisert til finalen
som går av stabelen ved NTNU i Trondheim 9. mars 2006.
Vi gratulerer, og ønskjer ho lukke til i finalen! |
- Ann Kristin Vatne - |
Les meir
...
|
Yrkesmessa
2006
02.-03.02.06. |
Torsdag og fredag i veke 5 var alle interesserte hjarteleg velkomne
til open skule her ved HVS. Spesielt invitert var 10. klassingane
i ungdomskulane i nærmiljøet vårt, men det var
sjølvsagt fritt fram for alle å kikke innom for å
sjå kva vi og lokalt næringsliv hadde å by på.
Mange var oppom skulen desse dagane, og vi håper dei hadde nytte
av besøket.
Les
meir og sjå bilete frå messa ...

1975-2005
- Haram vidaregåande skule 30 år
 |
Fredag 27. januar markerte Haram vidaregåande skule sine 30
år i Brattvåg, med inviterte gjestar og festmiddag i kantina.
Det vart ein triveleg ettermiddag og kveld, der gjestene raskt fann
igjen tonen frå tidlegare tider. Blant dei inviterte var elevar
frå det første årskullet ved HVS (1975
- 78), lærarar og andre tilsette frå då og
no, representantar frå Møre og Romsdal fylke, samarbeidspartnerar
opp gjennom åra innan lokalt næringsliv og kommuner, samt
elevrådet av i dag og elevrådsleiarar gjennom 30 år.

4 elever til andre runde
i Abelkonkurransen
10.01.06.
| Abelkonkurransen blir kvart år tilbydd matematikkelevane
ved HVS, og resultata frå 1. runde i år blei gledelege
for deltakarane. Fire elevar deltok og alle fire kvalifiserte
seg til 2. runde!
|
|
Les meir
...

Vi
takkar for samarbeidet
i året som har gått
og ønskjer
God Jul og Godt Nyttår
Haram vidaregåande skule
Jøstein Taftø
rektor |
|

Juleavslutning for elevar og tilsette ved HVS
Onsdag 21.12.05.
Tradisjonen tru vart det arrangert jule-avslutning i
kantina siste skuledagen før jul. Det vart ein stemningsfull
og fin formiddag for alle som hadde funne seg ein plass langs
langborda i den stappfulle kantina. Du
kan få sjå meir ...
|
- God julestemning i kantina - |

Basketball-turnering i Brattvåghallen
Tysdag 20.12.05.
Nest siste skuledag før jul
var det yrande liv i Brattvåghallen. Då "avreagerte"
elevar og lærarar etter mykje stillesitting i tentamensperioden.
Kroppsøvingslærar Stein Ravnestad utfordra basisgruppene
til tevling i basketball, og då vart det liv! Program:
kl 08:05 Oppmøte i basisgruppa
kl 08:30 Kampstart for turneringa
kl 11:45 Finale |
 |
Les meir,
bl.a. får du hilse på vinnarane av årets basketballturnering
!

Eksterne forelesarar
- spreiar kunnskapen sin til IBD-elevar ved HVS.
Hausten 2005
Det er viktig å skape variasjon i undervisninga, og det er minst
like viktig å kunne skape variasjon i synsvinkel når ein
skal hjelpe elevar til å tilnærme seg nytt stoff eller
skaffe seg djupare innsikt i eit emne. I slike samanhengar er det
særs positivt for oss som skule å kunne trekkje inn kapasitetar
frå nærmiljøet. Vi takkar for samarbeidet denne
hausten, og ser fram til det vidare samarbeidet i tida framover.
Meir
informasjon om eksterne forelesarar for IBD-elevar

Velkomen
til NISSEFEST !
30.11.05.
|
Det er i løa til Peder Sønderland det skjer - med adventstida
dukkar og nissane opp! Dei ber inn til nissefest for store og små,
for å markere at no er dei tilbake, i krikar og krokar, og gler
seg til jul til likes med så mange, mange andre.
Kikk innom
og sjå korleis dei hadde det ...

Biletreportasje frå
York.
York-ekskursjon, 29.09. - 03.10.05
- Vi lovde ein fyldigare rapportar frå England,
og her kjem den, melder IBD2-gjengen. Dei er no i full gong
med tentamensførebuingane før jul, men ser tilbake
på turen med glede.
Dei har valt å presentere sine opplevingar i ein biletreportasje
som gir oss eit godt inntrykk av kva dei opplevde i York og
London. Les
meir ... |
|

VKI ELEKTRO I SKULEKVARDAGEN
Veke 49, 2005
Ein må berre ikkje tru at elevane på VKI Elektro ligg
på latsida når dei kjem tilbake til skulebygget etter
å ha tatt pulsen på det lokale næringslivet. Arbeidsdagane
er rett nok ganske ulik det dei opplevde i utplasseringsveka, men
oppdrag har dei. Og arbeidet tar dei like seriøst.
Les meir
...

VKI ELEKTRO I ARBEIDSLIVET.
Veke
47, 2005.
Elevane frå VKI Elektro-klassa har denne
veka vore ute å testa livet som kommande lærlingar
i det lokale næringslivet.
Vi takkar våre lokale elektrobedrifter for eit glimrande
samarbeid. Les
meir ... |
 |

Skulebesøk frå Skarnes vgs., Hedmark fylke.
24.11.05.
| Torsdag morgon den 24.11. mottok
HVS besøk frå Skarnes vgs. Bakgrunnen for besøket
var deira interesse for samarbeidet skule-næringsliv og
storyline som metode. Dei besøkande fikk innblikk i skulen
sitt samarbeid med lokalt næringsliv og vart presenterte
for korleis ulike lærarar arbeidar med storyline-metoden
i undervisninga, supplert av ei elevgruppe som presenterte sine
sluttprodukt frå ein tverrfagleg storyline gjennomført
tidlegare i haust. |
|
Vi ved HVS sette stor pris på besøket, og håper
delegasjonen hadde nytte av turen til nord-vestlandet.
Så litt forsinka ...
Ladies in action!
Veke 41, 2005.
Vel, det var nok flest gutar i sveisehallen denne veka,
når ein nå skal halde seg til nøkterne fakta.
I haustferien var elevane på gk. Tekniske Allmenne fag
(TAF) samla i sveisehallen ved HVS og gjennomførte eit
5-dagars opplæringskurs i sveising. |
|
Sjå
fleire bilete frå desse arbeidsdagane ...

Reidar Vågnes
23.11.05.
Reidar Vågnes var ein engasjert foredragshaldar ved HVS
onsdag 23.11. Tema for foredraget var organisasjons-bygging
og utvikling av eigen kultur innan organisasjonen.
Utgangspunktet for innhaldet i foredraget var organisasjonar
i ein konkurransesituasjon, med utgangspunkt i lagidrett.
Foredraget var for elevar med studie-retningsfaget IBD og grunnkurselevar
med valfaget Internasjonalisering. |
Reidar Vågnes
(Foto: Nytt i uka) |
Arild Eiken
25.11.05.
Arild Eiken skal halde eit foredrag
om tema Investeringsanalyse for elevane
på 2IBD fredag 25.11. Han vil og ta for seg temaet Reelle
kostnadar og vurdering av desse
09.12. Spennande med eksterne forelesarar, seier dei involverte
elevane.
Og fleire forelesarar har vore innom. HVS har nytt godt av fagmiljøet
i nærområdet denne hausten |
- Arild Eiken - |
Meir
informasjon om eksterne forelesarar for IBD-elevar H-05

Motivasjonskurs
for ingeniørutdanning 08.-11.11.05.
Så er dei i gong igjen! Ei ny gruppe på 16 elevar,
8 frå Ulstein vidaregåande skule og 8 frå
Haram, er midt inne i del 1 av kurset. Dei har vore gjennom
to interessante dagar i Ulsteinvik, og oppheld seg no i Brattvåg.
På vegen hit var dei innom høgskulen i Ålesund.
Det er framleis stiftinga Smallpeice Trust i Strathford
som er ansvarlege for kursinnhaldet, og kurshaldar i år
er Thomas Elton.
Les om Motivasjonskurset
for ingeniørutdanning. |
Her er ei elevgruppe i full gong med testing
under eit av prosjekta
- så spørs det om dei klarte å finne ei
høveleg løysing på utfordringa dei vart
gitt. |

Odd Fellow ordenen i Noreg inviterer til stilkonkurranse ved HVS.
02.11.05.
I over 50 år har UNP (UN Pilgrimage program) samla
ungdom frå USA og Europa til eit utdanning- og opplevingsprogram
i New York. Hovudintensjonen er å sjå på FN si rolle
i den globale verden.
Onsdag 02.11. orienterte Åshild
Norhus frå Odd Fellow Ordenen lokalt om ein stilkonkurranse
som elevane ved Haram vidaregåande skule vert inviterte
til å delta i. Konkurransen går ut på å
skrive ein stil om FN. Den som skriv den beste stilen blir kåra
og får høve til å vere med til New York.
Les
meir ... |
|

Samarbeid over landegrenser
05.10.05.
 |
STUDYING AND WORKING
TOGETHER
FOR A COMMON FUTURE
e Twinning projekt
with Istituto Tecnico Industriale "Arturo Malignani",
Italia, and Haram vidaregåande skule, Norway. |
Meir om
internasjonalt arbeid ved HVS ...

Operasjon Dagsverk 2005
Torsdag 27.10.05.
 |
Stopp menneskehandelen!
Kirkens Nødhjelp ønskjer å bidra i kampen
mot den utstrakte menneskehandelen som spesielt rammar ungdom
i Brasil. Dette skjer i samarbeid med lokale brasilianske
partnarar gjennom OD-prosjektene.
Les
meir om prosjektene i OD 2005 ...
|
Den 27. oktober vart OD-dagen arrangert. Over hele landet ga norsk
skoleungdom ein dag av utdanning si for at brasiliansk ungdom ikkje
skal verte utnytta. Ved Haram vidaregåande skule gjennomførte
elevrådet eit roleg, men velorganisert opplegg, med informasjon
til elevane om årets prosjekt, motivering til innsats og ev.
hjelp til å finne arbeid for dei som trengte litt støtte.
Vi håper det vart ein innbringande dag for eit viktig prosjekt!


Tidlegare deltakarar på Motivasjonskurs
for ingeniørutdanning rådde medelevane sine til
å nytte den unike sjansen. |
M for Motivasjon 05.10.05.
Haram kommune treng kompetanse, og bedriftene Aker Brattvaag
og Rolls-Royce Marine tek dette på alvor. For åttande
året på rad sender dei elevar ved Haram vidaregåande
skule til England, slik at dei kan få ein smak på
utfordringane innan ingeniøryrket. Men
først må elevane søkje ... |

Studietur til York for IBD-elevane på VKII-AF.
| |
Ved kanalen i Saltaire.
|
Studietur til York for IBD-elevar.
25.09- 03.10 2005.
IBD2, dvs. gruppa av elevar som starta med studieretningsfaget
International Business Development i fjor, reiser
snart til University of York, skrev Haramsnytt den 16. september
i år.
- I York skal vi prøve å utveksle erfaringar
både på elev- og lærarnivå, fortel
insp.I Jan Magne Helland.
- Målet er at University of York og Haram vidaregåande
skule skal ha eit godt samarbeid framover i tid.
Les
meir ... |
Reisebrev frå England.
Veke 39, 2005.
Alle elevane med faget IBD 2, faglærarane deira og representantar
frå næringslivet, reiste via London til York søndag
25. september. Målet med turen er å lære
meir om engelsk språk, kultur og historie.
Få stader er meir naturleg for nordmenn å starte
i enn i York, sidan denne byen var eit viktig senter for skandinavar
i vikingetid, melder dei.
Les
meir frå turen ... |

Besøk av Guttorm Vik, ambassadør på
Island.
16.09.05.
IBD2 - Nytt internasjonalt fag på VKII
International Business Development (IBD) er eit nytt studieretningsfag
som Haram vidaregåande skule no tilbyr elevane sine. IBD1 på
VKI-nivå starta opp hausten 2004, mens IBD2 på VKII-nivå
er nytt av året.
- Elevane tykkjer dette er eit interessant
fag, seier inspektør I Jan Magne Helland og lærar
i faget, i samtale med Haramsnytt. - Men dei er samstundes ute
etter forbetringar, så vi har gjort justeringar i forhold
til oppstartåret i fjor.
Han kunne nyleg introdusere Guttorm Vik, ambassadør på
Island, men født og oppvokst i Brattvåg, som forelesar.
I salen satt elevar frå både IBD1 og IBD2.
Les artikkelen ...
|
- Guttorm Vik, ambassadør -
Foto: Tina Mari Flem |
Vite meir om Island?
www.noregur.is
- informasjon for nordmenn (på norsk)
om Island

Kvardagsaktivitetar ved skulen
3
fuktige dagar for 3BI

- ga inspirasjon og humør i gjengen -
|
07.-09.09.05.
3BI-elevane har gjort unna 3 dagar i terrenget i nærmiljøet,
frå skog via myr til fjell.
Og veret la ingen demper på arbeidet.
Sjå bilete
frå turen ...
|
Folk
og samfunn i norrøn tid
- ein bit av norsk historie - |
Veke 37-38
2AF har no gjennomført skuleåret sin første
storyline, der kjeldene har fått høg fokus. Men
kjelder er og litteratur, og er vel verd å lese!
Les
meir om prosjektet ... |

Utplasseringsveke for grk.HS
Veke 38
I veke 38 hadde grunnkurselevane på Helse- og sosial si årlege
utplasseringsveke. Elevane våre gjennomførte veka på
ulike arbeidsplassar, der dei samla seg inntrykk og erfaringar til
bruk vidare utover skuleåret.
Som tidlegare var elevane fordelte på ulike barnehagar, i kombioppgåver
ved SFO (inkl. vere assistent i barneskulesituasjon), sjukeheimar/aldersinstitusjonar
(både på avdeling og kjøken), ved apotek og ambulansetenesta.
Vi takkar dei ulike arbeidsplassane for samarbeidet.

Vil sikre TAF tilbodet
08.09.05.
- Vi skal ikkje sitje å sjå på at gode studietilbod
som TAF blir tatt bort på grunn av Kunnskapsløftet,
seier Rolf Jarle Brøske, 3. kandidaten på Møre
og Romsdal si stortingsliste for Høgre.
I går vitja han Haram Vidaregåande skule for å
få meir informasjon om studieretninga Tekniske Almenne
fag. Les
meir ...
(Artikkel i Haramsnytt.
Tekst og bilete: Tina Mari Flem (tina.mari.flem@haramsnytt.no)) |
- Rolf Jarle Brøske - |
Susanne styrer store maskiner
September 2005
TAF-eleven Susanne Beathe Klokk har ansvaret for maskiner med
store dimensjonar. I over tre år har Rolls-Royce
Tennfjord vore arbeidsplassen hennar kombinert med undervisning
ved Haram vidaregåande skule.
Les meir ...
(Artikkel i Haramsnytt.
Tekst og bilete: Hjørdis Kristine Skaar) |
- Susanne Beathe Klokk - |

Representantar til skuleutvalet ved HVS
15.09.05.
Administrasjonen informerer:
Torsdag 15.09.05. var det foreldremøte for føresette
til elevar på grunnkursnivå. I starten av møtet
vart det gjennomført eit val med oppnemning av foreldrerepresentant
med vara, til skuleutvalet.
Valresultatet vart:
- Birgit Urkedal, foreldrerepresentant (42 stemmer)
- Roar Korsnes, vara (34 stemmer)
79 stemmer vart leverte inn.

Skuleval 2005 - Debatt i kantina på HVS
Oppdatert 06.09.05.
Politikarpanelet |
Før elevane går til valurnene måndag
05.09., får dei høve til å møte representantar
for ulike politiske parti. Onsdag vart det gjennomført
ein 2 timars paneldebatt i kantina ved skulen, der dei ulike
partirepresentantane fekk presentere seg og sitt parti sine
synspunkter.
Les meir ... |
 |
Valdagen,
måndag 05.09., gikk roleg for seg. Stemmegjevinga vart
gjennomført elektronisk, og valresultatet frigjort
06.09.05.
Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS (NSD) har gjort
valresultat m.m. tilgjengeleg for alle interesserte. Ta ein
tur innom og sjekk valresultetet;
- ved Haram
vidaregåande skule
- i Møre
og Romsdal fylke
- Landsoversyn |

Kurs i varme arbeid for tilsette ved bedrifter
i Haram
29.08.05.
Kurset var arrangert i regi Ressurssenteret ved HVS, og vart
gjennomført måndag 29.08.05.
Instruktør denne dagen var Per Jostein Rønning,
frå Fiskerstrand Verft. Han har og vore instruktør
for tilsvarande kurs Ressurssenteret har halde tidlegare år.
Les
meir om kurset |
|

Rebus 2005
Tysdag 23.08. var det igjen "uro" i korridorene på
HVS. Da gikk det tradisjonelle Rebusløpet
av stabelen for grunnkurselevane våre. Målsettinga er
at dei nye elevane skal bli kjende "på bygget", og
kanskje oppdage/vere innom rom og stader dei elles ikkje naturleg
vil kome i kontakt med. Vi håper dei hadde ei triveleg økt!
Vinnarane av REBUS 2005 vart 1AFA
Det var mange sterke kanditatar til vinnertittelen i år. Begge
basisgruppene i 1TAF lå poengmessig svært godt an, med
ei gruppe frå 1HS hakket bak. Men det vart 1AFA som stakk av
med sigeren, berre 1/2 poenget foran 1TAF. Den sprudlande gjengen
i 1AFA har sendt i veg si tinging på rebuskake - i år
var det marsipankake som vart førsteønskje.
Vi gratulerer vinnarane - kaka er tinga hos bakaren!
Rebusløpmeistarane
2005
Basisgruppe 1AFA-1 delte broderleg på marsipankaka.
Sjølv kontaklærar Stene fikk sin del - utan å
ha deltatt i løpet ... |

Velkomen
til eit nytt skuleår !
August 2005
"Skuleåret 2005/2006 er det 31. i rekka
ved Haram vidaregåande skule. Jubileumsåret vil
vi prøve å markere på ulike måtar.
|
|
Frå 1975 og fram til i dag har studietilbod, klassetal og elevetal
endra seg mykje. Hausten 1975 hadde vi 2 klassar, 56 elevar i allmennfagleg
studieretning, og 8 tilsette. På det meste har skulen hatt 21
klassar og 395 elevar og lærlingar. Dette skuleåret vil
det vere 45 tilsette, 225 elevar og 14,5 klassar; fordelt på
allmenne fag, elektrofag, helse- og sosialfag, mekaniske fag og tekniske
og allmenne fag", skriv rektor i velkomstordet i informasjonsavisa
vår til elevane.
Les heile
brevet ...
Velkomen til Haram vidaregåande skule, og lykke til.
Rektor Jøstein Taftø

Skulestart for elevar vert torsdag 18. august 2005.
| kl 0900 |
Oppmøte i auditoriet ved HVS for alle grunnkurselevar.
|
| kl 1030 |
Elevar på VKI, VKII og VKIII møter i auditoriet.
Unnataket er TAF-elevar på VKI.
Dei møter på klasserommet måndag 22.08.,
kl 0805, for meir informasjon. Deretter vil ein starte opp med
undervisning etter timeplan. |
Så langt det er mogleg, rår vi til at du som elev prøver
å skaffe deg dei aktuelle bøkene tidleg, og helst innan
den ordinære undervisninga startar opp måndag 22.08
Opningstider på slutten av sommarferien: kl
0830 - 1530 (alle kvardagar)
Skuleruta
for neste skuleår er oppdatert for skuleåret, likeins
dei nye boklistene.
Vi ønskjer alle
elevar og tilsette velkomne tilbake etter sommaren. |

Førebuing av
skulestart 2005/2006
Personalseminar 15. - 16. august.
Stad: Hotel Alexandra, Loen.
Avreise frå HVS 15.08., kl 0800, i felles buss.
Retur frå Loen 16.08., kl 1600. Forventa heimkomst til Brattvåg,
kl 1930.
Personalseminaret vart ein fin start på det nye skuleåret
for dei tilsette på skulen. Mykje godt arbeid vart nedlagt,
samstundes som det var hyggeleg å ha eit sosialt samvær
under så behagelege rammer som det Loen kunne by på.
Sjå
fleire bilete frå turen!
Planleggingsdag for lærarane på HVS 17.august
Program for dagen vert utlevert under personalseminaret.

Fakta om skulen:

Haram vidaregåande skule
gir deg tilbod innan følgjande utdanningsprogram:
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Media og kommunikasjon
Teknikk og industriell produksjon (mekaniske fag) og
Studiespesialisering (allmenne fag).
|
| |
Postadresse:
Postboks 143, 6282 Brattvåg, Norway.
Telefon: +47-70209600 Telefax: +47-70209601 - E-post: haram.vgs@mrfylke.no
Vevstyrar og ansvarleg for sidene: Hilde Kristin Aasgaarden.
Vevrådgjevar: Torleiv Austnes
|
|