Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|

Det
er sommarferie!

Avgangselevane våre har forlatt HVS for å møte
nye utfordringar.
Vi ønskjer dei lukke til!
Med dette avsluttar vi skuleåret 2006-2007,
og ønskjer alle elevar, tilsette og besøkande
ein riktig god sommar!
|

Sommarturneringa 2007
18.06.07.
-
Fotballturnering juni 2007 -
|
Siste aktivitetsdag er gjennomført for dette skuleåret.
Eksamenstida var jo allereie historie, og elevar og lærarar
var sjølvsagt veldig klare for den etterlengta ferien.
Men ein god cup er ikkje å forakte.
Nest siste skuledag stilte elevane opp klassevis, til tevling
i volleyball og fotball, slik tradisjonen er blitt ved HVS.
Les
meir ... |
|
Avslutningsfest på HVS
19.06.07.
-
Avslutningsfest juni 2007 -
|
Så er det endeleg - skuleåret 2006/2007 er over.
I kantina på HVS vart det tatt farvel med avgangselevar,
og med lærarar som har valt å gå over i pensjonistane
sine rekkjer.
Festen.vart ei fin avrunding på eit elles innhaldsrikt
og hektisk skuleår. Programmet elevrådsstyret hadde
laget var rikhaldig, og steminga god. Les
meir ... |

Lånekassen informerer
02.07.07.
På heimesida til Lånekassen
finn du informasjon om kva for rettar, stipendtilbod og låneordningar
du som elev har tilgang til når du går på ein vidaregåande
skule. Jo tidlegare du søkjer, jo raskare får du stipendet/lånet
dit, så hold deg informert!
Søkje for fyrste gong?
Her er nokre tips til deg som skal søkje stipend og lån
for fyrste gong til vidaregåande opplæring.
Nyttige
tips ...
 |
Du finn og ein "støttekalkulator",
som hjelper deg med å finne ut kva du kan få
i støtte (stipend og lån). |
Informasjonen er gitt av Lånekassen. |
|
Utstyrsstipend
Frå hausten 2007 kan alle elevar i Vg2 få stipend
til nødvendig utstyr i opplæringa. Dette stipendet
er ikkje behovsprøvd. Les
meir ...
Konkurranse - vinn iPod eller mobil

Søkjer du før 15.september,
kan du vere med i trekninga av ein iPod eller mobil-telefon.
Meir om konkurransen finn du på www.lanekassen.no/utstyrsstipend. |

Avslutningsprogram før sommarferien.
18.-19.06.07.
Måndag 18. juni er det
aktivitetsdag!
Velkomen til klassetevling! Alle klasser møter med
motiverte lag og sjølvsagt ein engasjert heiagjeng. Kontaktlærarane
er naturlege lagleiarar.
Program:
Kl 0805 Oppmøte på klasserom med kontaktlærar
Kl 0830 Volleyballturnering i Brattvåghallen
Kl 1130 Fotballturnering på kunstgrasbanen
Sjå bilete frå
turneringane ...
Tysdag 19. juni markerer vi siste skuledag!
Siste skuledag inviterer vi alle elevar og tilsette til avslutningsfest
i kantina, kl 10:00.. Elevrådet står bak både program
og servering, og ei markering av avgangselevane er eit naturleg punkt
i programmet!
Sjå
bilete frå festen ...

Euro Ship II er inne i siste fase
17.06. - 08.07.07.
| I år er det dei 8 elevane
ved 3TAF (VKII Tekniske allmenne fag) som deltar i utvekslingsprogrammet
for lærlingar knytt til Leonardo. Dei har sett fram
til å reise til Italia no i juni - heilt sidan dei sjølve
var vertar for 12 italienske ungdommar i vinter. Målet
er å få kjenne på livet korleis yrkesutdanninga
i Italia er.
Meldingane skulen har mottatt, tyder på at elevar og
lærarar har det særs fint i nord-Italia!
Les
meir om prosjektet ...
Les meir om internasjonale
prosjekt ved HVS ...
|
3TAF-gjengen
fotografert for 2 år sidan, då dei gikk av med
sigeren i Rebusløpet ved skulestart 2004.
Lite visste dei då om opplevingane dei skulle samle
på HVS ... |
Lyst på litt forandring i studietida ?
13.06.07.
Onsdag 13.06. er det mogleg l å lære seg litt innan
HIP
HOP
i gymsalen i 5. - 6. time. Då stiller Oda Osvik opp og
gir ein leksjon til dei som vil prøve noko nytt.
Møt opp – i ledige kle og gode sko – og forvent
å bli skikkeleg svett!
Hvis ikkje dette er noko for deg, kan du sjølvsagt velje
eit anna fagrom … |
|

1Helse og Sosial på ekskursjon til Ålesund
11.06.07.
Måndag 11. juni var elevane
ved 1HS på fagtur til Ålesund. Første stopp
var Amathea og deretter Patologisk Museum på Åse,
før turen gikk vidare til Utekontakten
i Ålesund.
Ein interessant og lærerik tur for dei unge!
Kva er Amathea
?
Kva gjer Utekontakten
?
|
Stiftelsen Amathea
er en helsetjeneste som tilbyr gratis veiledning til kvinner
og par som er
blitt uplanlagt gravide.
Klikk på logoen for meir informasjon |

1Elektro på ekskursjon til "Ytste Smoge", Synnylvsfjorden
(Nytt oppslag - Publisert 05.07.07)
04. - 06.06.07.
| Elevane ved vg1 Elektro har vore
på ein fantastisk tur til Småge gård, høgt
oppe i lia over Synnylvsfjorden. I løpet av turen har
dei fått oppleve ein smakebit av livet på ein fjellgard
og fått eit betre innblikk i korleis utviklinga har vore
innan kraftproduksjon inne i fjordane. Et besøk til Tafjord
Kraft toppet turen. |
|
Les meir
og sjå bilete frå turen...

3IBD på ny tur - no til Madrid!
05.-07.06.07.
Tysdag morgon 5. mai var det reisespent
stemning utanfor skulen. Insp. I Jan Magne Helland og dei 12
elevane ved 3IBD lempa bagasje i bilane og virret lystig omkring
nokre minutt. Så var alt på plass og gjengen køyrde
frå skulen utan å sjå seg tilbake.
Vigra var neste stopp, og målet var storbyen Madrid!
Meir
om ekskursjonen ... |

Madrid - Kongepalasset,
med hagen i framkant. |

VKI Elektro på bedriftsbesøk i Sykkylven
01.06.07.
Elektrolærar Torbjørn Volstad tok
med seg VKI Elektro på bedriftsbesøk til Ekornes
ASA.
Bedrifta tok godt i mot dei unge elektrikarane, og guida dei
rundt i det komplekse anlegget. - Dette var supert!,
smilte ein fornøgd Volstad. |
|
Les meir
... 
Fokus på barn som sliter
Veke 22 - 2007
Psykiske problem
eller utfordringar i livet er ikkje berre forbeholdt vaksne.
Barn og unge har og sitt å slite med. Dette sette Sunnmørsposten
på dagsordenen 31. mai, i høve ein konferanse
i Ålesund.
I den samanhengen besøkte dei HVS for å høyre
kva elevane våre meiner om det å setje fokus på
barn og unge si psykiske helse, slik skulen gjer gjennom VIP-prosjektet.
- Viktig, meinte dei unge sjølve.
Les heile oppslaget!
- framsida
og artikkelen
(pdf)
Nyttige linkar
for deg som lurer på noko ... |
|

1ST på tverrfagleg ekskursjon til Haramsøy
Utlagt 31.05.07.
Her kjem ein liten rapport frå turen som 1ST hadde til Haramsøya/Flem
i mai-månad. Både elevar og lærarar melder tilbake
om ein artig og opplevelsesrik tur.
Sjå
glimt frå elev-livet på denne ekskursjon ...

Mål-
og tiltaksplan for 2007 - 2010.
25.05.07. "Haram
vidaregåande skule skal vere ein skule som er til stades
i tida, og som evner å gi noko for framtida.
Med grunnlag i felles verdiar og lokal forankring, skal vi sjå
vidare utover og framover. Slik kan skulen vere ein dynamisk
og framtidsretta arbeidsplass for elevar og tilsette."
(Utdrag
frå Visjon, HVS)
|
|

Kunnskapsrikt
foredrag for 2IBD.
07.05.07
Måndag 7. mai fekk elevane i 2IBD besøk av Jan
Petter Hagen frå Aker Yards. Han heldt eit kunnskapsrikt
foredrag, der tema var: Maritim industri, lokal forankring og
internasjonalisering.
Det vart ein spennande og intens dobbelt-time for 2IBD-gjengen.
Les
meir ... |
Jan Petter
Hagen
Aker Yards |

17. mai - Vi gratulerer med dagen !
17.05.07.
Bilete: Nasjonalbiblioteket
Kjelde: Store norske leksikon |
Noreg sin grunnlovsdag
vert feira til minne om den norske grunnlova, vedteke
av Riksforsamlinga på Eidsvoll, i 1814. Sjølve
feiringa av 17. mai som nasjonaldag, starta for alvor i 1836,
da Stortinget for fyrste gong feira 17. mai-fest.
Den 17. mai-feiringa vi har i dag, med brei folkeleg deltaking,
er det Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnson
som har stor ære for. Fyrstnemde med sine flotte talar
og dikt til ære for nasjonen, og Bjørnstjerne Bjørnson
med entusiastisk oppfølging, og ikkje minst, innføringa
av barnetoget.
Vi ønskjer dykk alle ein flott dag! |

Russefrukost på HVS
15.05.07.
- God frukost,
smilte fornøgd russ
i kantina på HVS. |
I mai-månad har dei raudkledde krydra kvardagen
med hopp og sprett, vatn og kreative påfunn. Eit av dei
var telting ved HVS. Etter ei lang, og nokså kald, natt
i telt (les russebilar) utanfor skulebygget, var det rett på
ein knallhard gymtime! Tøft å vere russ ...
Men enda kjekkare vart det da å kome til dekka bord i
kantina til Gunn etterpå.
Les meir ... |

Rydding på skulevegane og skuleplassen
Tysdag 15. mai 2007
 |
I høve 17. mai må vi rydde ekstra
godt rundt skulen.
7.-8. time tysdag 15. mai er sett av til dette.
Vi ber alle elevar og tilsette følgje opp, og gjere dei
oppgåvene kvar elevgruppe er sett opp på. Kontaktlærarane
har fått utlevert arbeidsplan. I tillegg finn du informasjon
i korridorane på skulen. Lukke til! |

Ledige stillingar på HVS frå 01.08.2007.
Utlyst 04.05.07.
Faste lærarstillingar
med undervisningskompetanse innanfor: -
Norsk (90 %), engelsk (90 %), spansk (20 %), fransk (20 %),
samfunnsfag (30 %)
- Helse- og sosialfag (150 %)
- Teknikk og industriell produksjon/
mekaniske fag (200 %)
- Elektrofag (100 %)
- Medium og kommunikasjon (100 %) |
Faste driftstillingar innanfor fagområda:
- Elevassistentar (150 %)
- Driftansvarleg IKT (100 %)
- Reinhaldar (67 %) |
|
Søknadsfrist: 16.mai 2007.
Mai er og synonymt med ekskursjonstid ...
08. - 10.05.07.
1ST
reiste denne veke til Haramsøya.
Måla for turen er mange - overleve 2 døgn i telt
er eit av dei ... Elles er elevane budd på å trø
øyene på langs og på tvers, i tillegg til
djupdykk i strandsona.
Ekskursjonen er resultat av eit tverrfagleg samarbeid mellom
kroppsøvingsfaget og naturfagfaget.
Eit samarbeid som har resultert i eit spenstig opplegg.
Håper dei vil kome tilbake med eit resyme frå
turen. Inntil dei er komne vel tilbake; - God tur!
Les meir ...
|

1ST-gjengen,fotografert
i fjøra
mellom regnbygene,
og videresendt HVS ... |

Mai er her, med skjemt og alvor ...
|
Mai 2007
Våren er her, og det er synonymt med heildagsprøver,
russetid og etterkvart eksamenstid, for elevane våre.
Ein kombinasjon som kan vere vanskeleg å takle, både
for ein vanleg elev og ikkje minst, for ein avgangselev.
Vi ønskjer alle lukke til gjennom mai-månad,
med dyp konsentrasjon, kombinert med fine markeringar av høgtidsdagar
og av nasjonaldagen, 17. mai!
|
|

Ungdom og trafikk - så naturleg, så risikofylt
- ver forsiktig!
 |
"Vår
målgruppe er passasjerer mellom 15-17 år og bilførere
mellom 18- 20 år. Vi aksepterer at livet er fullt av
risiko, og at
det å si at noe er farlig ikke er tilstrekkelig grunn
til å la være
- vi vil bare at du kjenner etter; - er det verdt det?" |
Les om 1840-kampanjen
- ein aksjon mot fart og utforkøyringsulykker.
Du finn mykje nyttig informasjon for ungdom, rollespel og andre spel,
samt eit diskusjonsforum. Kik innom du og ...

| |
Hugs å få avfallet på
rett plass!
Som mange har observert, er det kome opp fleire nye avfallsdunkar
rundt på skulen i løpet av skuleåret.
Ikkje fusk når du kastar ditt
avfall, anten det er papir, plast, matrestar, metall eller anna
du skal kaste - det er ein plass for alt!
Hjelp oss å halde HVS ryddig og miljøvennleg. |
Og det vart vi! 4. oktober 2007 mottok HVS sitt Miljøfyrtårnsertifikat
under ei høgtideleg markering i kantina med innbudte gjestar.
Les meir
...

Motivasjonskurset - ei minnerik erfaring!
Utlagt 25.04.07.
Motivasjonskurset 06/07 er tilbakelagt, men ikkje
gløymd.
Det vil det vel heller ikkje bli, for samtlege som har vore
med, har samla seg opp mange, mange gode erfaringar og minner
dei vil bere med seg, og bruke, vidare i livet.
Kullet som fikk gleda å vere med i år er inga unnatak
...
Her kjem bilete og korte kommentarar frå ein sprudlande
gjeng som takkar for at dei fikk høve til å oppleve
dette. Eit
kort tilbakeblikk på turen ... |
HVS-elevar i fullt arbeid med prosjektoppgåve |
To av elevane frå Ulstein vgs har skrive
dagbok frå opphaldet i Leamington Spa, der organisasjonen
"The Smallpeice Trust" held til. Les
dagboka deira ... |
|

Vellukka brannøving gjennomført!
18.04.07.
Onsdag 18. april gjekk brannalarmen
ved HVS, men ingen panikk var å sjå. Elevar og tilsette
forlot bygget slik det seg hør og bør når
brann vert varsla.
Verneleiar Trond Gangstad og avdelingsleiar Eldar Korsnes var
godt nøgde etter at inspeksjonsrunden var gjort.
Gode rutinar og rolege, medvitne handlingar av den enkelte er
med på å gjere kvardagen sikrare for oss alle.
|
Hugs branntrekanten! |

Helsesøster melder:
- Eg har no hatt mine siste dager
på helsestasjonen før eg skal gå ut i permisjon
rett etter påske. Vil takke for godt samarbeid i skuleåret
2006/2007, og ser fram til å kome tilbake etter endt permisjon
om ca eitt års tid!
Helsesøster Hilde Myrvågnes tek til i mi stilling
16.april, og vil gjennomføre skulehelsetenesta med treffetid
og liknande slik som tidlegare. Til opplysning blir ho å
treffe på samme telefonummer som meg: 70
20 76 72 / 48 13 19 64. Ønsker dykk alle lykke
til vidare! |

Med helsing Solveig Bae Nordal (Helsesøster) |

 |
God Påske !
Tysdag 10.04. er det
planleggingsdag for alle lærarane ved HVS.
Onsdag 11.04. er fyrste skuledag etter påske for alle
elevar. |
|

Elevundersøkinga 2007 er i gong
Veke 13-15
Elevane her på HVS er i gong med den internettbaserte
miljøundersøkinga som Utdanningsdirektoratet ønskjer
at alle elevar på vg1-nivå skal gjennomføre.
I løpet av veke 13 og 15, det vil seie rett før
og rett etter påske får alle
elevane ved skulen sett av tid til å svare på Elevundersøkinga.
|
Sei di
meining - ver ærleg |
Les meir på Utdanningsdirektoratet sine nettsider ...

Skidag i veke 12!
22.03.07.
Det vart
skidag for alle elevar ved HVS torsdag 22. mars. Staden var
Overøye i Stordal!
Alle elevane sto klare nede ved busshaldeplassen til kl 08:30.
Bussavgang Brattvåg kl 08:45.
Elevane frå Vatne/Tennfjord vart plukka opp på
Knutepunktet litt etter kl 09:00, og så var vi på
tur!
Program
for dagen ... |
|

Fylkesmessa 15. mars 2007. Ålesund
15.03.07.
Ei ny Fylkesmesse innan Ungt Entrepenørskap
er unnagjort. 57 av dei 68 ungdomsbedriftene fylket har, hadde
meldt seg på med utstilling. Utstillingane vart sett opp
ved Rica Parken Hotell. Blant dei var og representantar frå
HVS. Seremoniane og dømminga av kulturkonkurransane vart
lagt til Parken Kulturhus. Våre elevar var ikkje å
finne blant dei premierte, men hadde ei fin oppleving denne
torsdagen. Vi gratulerer
dei dyktige vinnarane, og ønskjer alle lukke til
vidare med arbeidet. Les
meir om Fylkesmessa, vinnarar m.m. ... |

Leonardo i praksis
06.02.07.
For vel tre veker sidan besøkte representatar frå
Senter for
internasjonalisering og høgare utdanning (SIU)
leiinga ved Haram vidaregåande skule, Rolls-Royce og Aker
Yards i høve Leonardo-prosjektet skulen og lokalt næringsliv
samarbeider om.
Dette vart eit besøk SIU-direktør Gunn Mangerud
og kollegaen hennar,Vidar Pedersen, opplevde som informativt
og interessant. Les
om besøket på nettsida til SIU ...
|
Vidar Pedersen
(gruppeleder for EU-programma ved SIU), SIU-direktør
Gunn Mangerud og Rune Hildre ved Rolls-Royce.
Foto: Runo Isaksen |

 |
Hugs
å søkje deg
inn på vidaregåande skule neste skuleår.
Siste frist er 1. mars. |

REUNION motivasjonskurs 2006
28.02.07.
Alle elevar som gjennomførte Motivasjonskurs
for ingeniørutdanning i 2005/2006 er inviterte til
å REUNION onsdag 28.02. i lag med reiseleiarane deira.
Dei skal få følgje eit opplegg ved Høgskulen
i Ålesund frå kl 12:00 – 18:00, der sosialt
samvær og middag er inkludert i programmet.
Vi ønskjer dei ein fin dag ved høgskulen. |

Høgskulen i Ålesund |
Nokre
bilete frå REUNION 2006 finn du her ... (Ny!)

Laboratorieveka 2007 - eit populært tiltak i veke 9
28.02.07.
"Nok ein gong inviterer IBF
til ein dag på laboratoriet for elevar som gjennomfører
faga biologi og kjemi i den vidaregåande skulen. I år
er oppslutninga større enn nokon gong", melder høgskulen.
Nærare 370 elevar frå Molde, Stranda, Sykkylven,
Volda, Haram og Ålesund skal innom Høgskolen i
Ålesund, der dei blant anna vil få sjå på
blodceller, ekstrahere koffein, sjå ulike bakterier og
prøve moderne PCR-teknologi for å identifisere
DNA-sekvensar.
Med andre ord, 2BI-elevane våre som tar turen til høgskulen,
kan sjå fram til ein spennande og lærerik dag! |
|
Her fortel dei sjølv om dagen ...
(Ny!)
Les meir om Laboratorieveka
2007 ...

VIP = Veiledning
og informasjon om psykiske problem
og lidingar hos ungdom
Måndag
26.02.07.
Haram vidaregåande skule gjennomfører og i år
informasjons-prosjektet om psykisk helse for elevar på
alle vg1-kurs. Opplegget blir gjennomført i samarbeid
med helsesøster, psykiatrisk sjukepleiar, skulelegen
og PPT i Haram.
Prosjektet har vore særs godt likt av elevane tidlegare
år. "Flott at nokon snakkar seriøst med
oss om dette! ", meldte fleire elevar i etterkant
i fjor. |

Illustrasjon:
Ragnar Aalbu. |
Program
for veke 9.
Informasjon til
kontaktlærtarane
Nyttige linkar for
deg som lurar på noko ...
Les elles meir om VIP på VIP-WEB
- heimesida til prosjektet.

Vi søkjer vertsfamiliar til våre italienske
lærlingar!
19.02.07.
Euro Ship II - eit prosjekt i Leonardo Da Vinci-programmet
I perioden 3. - 26. mars vil Haram vidaregåande skule
igjen få besøk av 12 elevar frå den italienske
samarbeidsskulen vår "Arturo Malignani". Dei vil bli
utplasserte i 4 lokale bedrifter i Brattvåg og Søvik,
og på den måten få kjennskap til korleis yrkesutdanninga
går føre seg i Noreg.
Meir
informasjon om Prosjekt Euro Ship II ...
Vertsfamiliar.
- Vi mottar i år fleire elevar enn det vi sjølv sender
ut i dette prosjektet. Difor manglar vi nokre vertsfamiliar. Fleire
vertsfamiliar frå sist sommar stiller opp for oss i år
og, og tilbakemeldingane er gode, melder prosjektleiar Ivar Roald.
På dagtid vil dei italienske elevane vere i aktivitet
anten i skule eller bedrift, og det er lagt opp til fleire fellesarrangement
på kveldstid/helg. Vertsfamilien må kunne gje eleven ei
seng og mat under opphaldet. Målet med utplassering hjå
vertsfamilie, er at våre italienske venar skal få sjå
korleis vanlege menneske lever i Noreg. Det er såleis ikkje
naudsynt "å finne på noko" heile tida.
Ønskjer du/dykk å vere vertar for 1-2 elevar
i perioden 3. - 26.03.07.?
Ta kontakt med Haram vidaregåande skule, tlf. 70 20 96 00.
Adm. ved rektor Jøstein Taftø

| VINTERFERIE
Veke 8
Vinterstemninga slapp taket her lokalt, men du kan anten reise
litt eller berre draume deg bort i vinterleg landskap ...
Eller rett og slett nyte omgjevnaden som den er!
God vinterferie til dykk alle. |
|

Motivasjonskurs-deltakarane tar ikkje ferie
Veke 8, 2007.

Kva vil du bli?
er nettstaden for deg som søkjer vidaregåande opplæring
i Noreg.
På www.vilbli.no
får du vite kva vidaregåande opplæring er,
og kva alternativ du har når du skal velje vidaregåande
opplæring.
Hald deg oppdatert på vilbli.no
Siste frist for ordinær søknad
er 1. mars. |
Ny og gamal struktur i vidaregåande opplæring
Den nye strukturen gjeld no både 1. og 2. året i
vidaregåande opplæring frå hausten 2007 (Vg1
og Vg2), mens gammal struktur gjeld deg som søkjer
VKII eller læreplass hausten 2007. Korleis
søkjer du?
Du søkjer vidaregåande opplæring på
www.vigo.no,
nett-tenesten for alle som ønskjer å søke
vidaregåande opplæring. |
Fristen nærmar seg, så pass på at DU
får sendt din søknad i rett tid. Lukke til !

Den årlege Yrkesmessa er gjennomført.
25. - 26.01.07.
På ettermiddagen torsdag 26. januar starta Yrkesmessa 2007.
Dette er den ellevte yrkesmessa som er arrangert på HVS, og
målet er at dei unge i nærmiljøet skal få
informasjon om dei forskjellige utdanningsprogramma dei kan velje
etter ungdomskulen. HVS takkar alle aktørar på stand
og ymse aktivitetar for innsatsen, og håpar gjestane hadde nytte
av besøket!
Les
meir om kva messa hadde å by på i år, og sjå
bilete frå aktivitetane!
Oppdatert 15.02.07.
1MK gjorde meir enn å lage artiklar
frå messa. Dei var og rundt og gjorde nokre intervju, som dei
presenterer her, i live-versjon. Høyr kva gjester, elevar
og lærarar har å seie om to av dei yrkesfaglege utdanningsprogramma
våre.

Melding.
Regjeringen.no
vert lansert måndag 12.02 2007 kl 10:30 av statsråd
Heidi Grande Røys.
Nettstaden skal vere møteplass mellom regjering, departementa
og aktivt deltakande og kunnskapsøkjande ibuarar, melder
Departementenes servicesenter. |
|

Bruk refleks
- både til og frå skulen!
Januar 2007
 |
Det er mørkt for tida, og veret ein tanke
"ruskete".
Då er du som fotgjengar ikkje lett å sjå for
bilistane, der du traskar gatelangs på veg til og frå
ulike gjeremål.
På skulebiblioteket ligg det for tida refleksar til dei
som måtte trengje det. Har du ikkje allereie refleks,
så skaff deg ein no, og få ein noko tryggare kvardag!
Hugs vi er mange som set pris på deg! |

LESELYST - tid for konkurranse ved HVS!
15.01. - 30.03.07
| Haram vidaregåande skule arrangerer lesekonkurranse
for elevane i 1ST. Konkurransen starta 15. januar og varer fram
til påske, og den eleven, samt den basisgruppa som les
mest, blir premiert. Elevane kan lese romanar på norsk
eller engelsk. Dei får poeng etter tal på sider,
og tilleggspoeng for engelske bøker. |
|
Vi ønskjer elevane lukke til med lesinga, og håpar dei
finn fram til mange spennande go'biter på biblioteket. Meir
om denne konkurransen får du vite i april.

Nye stolar på plass i 2.etasje på
HVS
30.01.07.
Elevrådet har i haust samarbeida med administrasjonen
ved skulen for å få på plass nye og betre
stolar på arbeidsplassane til elevane. Ei utskifting var
nok på sin plass, da mange av stolane var like gamle som
sjølve skulebygget. Det var diverre ikkje råd å
skifte ut samtlege stolar på skulen, så ein har
valt å starte med klasseromma med dei eldste stolane.
No er 100 nye stolar snart på plass, til glede for dei
som skal sitje i ro og arbeide og for alle som kikar inn på
dei no langt stiligare klasseromma i 2. etasje på HVS. |
|

Velkomen til Yrkesmesse 2007
25.-26.01.07.
| |
|
Siste veka i januar arrangerer Haram vidaregåande
skule Yrkesmesse
2007 - Open skule for eit breitt publikum.
Torsdag 25.januar er skulen open for alle interesserte mellom
kl 16-20, medan alle 10. klassingar i Haram, Misund og Sandøy
er inviterte til eit eige opplegg, med guiding gjennom heile
dagen, på fredag.
Vi ønskjer alle hjarteleg velkomen! |

Elevrådet startar året med full arbeidsdag!
08.01.07
| Elevrådet ved Haram vidaregåande
skule fikk måndag 8. januar besøk av to representantar
frå Elevorganisasjonen , Samer Zarif og Svein Borge Hofseth,
og elevombodet i Møre og Romsdal fylke, Monica Molvær.
Heile dagen var sett av til elevrådsarbeid for samtlege
tillitselevar ved skulen. |
|
Les meir
...

Vi
takkar for samarbeidet
i året som har gått
og ønskjer
God Jul og Godt Nyttår
Haram
vidaregåande skule
Jøstein
Taftø
rektor
|
|

Stemningsfull avslutning før jul ...
21.12.06.
Mangelen på julesnø
la ikkje nokon dempar på avrundinga mot jul på HVS.
Kantina var pynta i beste julestas, over scena lyste julestjerna
og programmet inneheldt alt som høyrer jula til.
Juleevangeliet, graut og heimelaga småkaker, nisser og
rotter ... Elevane hadde lagt seg i selen og baud på god
julestemning, vakker musikk og humørfylte innslag. |
Malin og Kari baud på vakker song |
Les meir
om festen vår ...
Frisbee-turnering med full innsats!
20.12.06.
Forslaget om Frisbee-turnering før
jul vart møtt med ein viss porsjon skepsis ... Nokon
ville av naturlege årsakar ha volleyball, andre basket,
o.s.b. Men det vart frisbee.
Basisgruppene stilte med 4-mannslag og ein større innbyttar-skare.
Kontaktlærarane fordelte seg i sekretariata, og så
var showet i gong. For show vart det! |
|
Sjå
bilete frå Brattvåghallen ...

Det nærmar seg jul - program for siste skuleveka:
Veke 51
- Er du klar til jul? |
Onsdag 20.12 Aktivitetsdag
Turnering i Frisbee-ultimate i Brattvåghallen,
kl 0805 - 1300. Torsdag 21.12 er siste skuledag
før jul.
Tradisjonen tru ønskjer vi alle elevar og tilsette velkomen
til skulegudsteneste i kyrkja kl 0900
og juleavslutning i kantina kl 1030. |

1HS arrangerte NISSEFEST i Brattvåg
30.11.06
Kvart år arrangerer VG1 Helse & sosial
nissefest for nokre av barnehageungane i Brattvåg. Torsdag
30.11. gjekk den store festen av stabelen og det var stor "ståhei"
i løa på Synnaland.
Nokre 9. klassingar frå Longva/Haramsøy/Lepsøy
var og på besøk og gjorde sitt til at det myldra
av nisser i løa til han Peder. |

No kjem dei snart - hysj ... |
Les meir om nisselivet
på Synnaland ... 
Intense dagar for motiverte
realistar frå HVS og UVS
Veke 46
Første del av Motivasjonskurs for ingeniørutdanning
vart avslutta her på HVS fredag 17.11, kl 14:00.
Da hadde det vore hektisk, men humørfyllt og god stemning
inne på innovasjonsstudio, der kursdeltakarane og leiaren
deira, Thomas Elton, haldt hus.
I trapperommet står no eit sinnrikt byggverk til minne
om den kreative og kjekke gjengen som var innom skulen dei to
siste ettermiddagane av kurset. Les
om kva vi opplevde på kurset ... |
|

Programfag til val - eit nytt fag i ungdomsskulen
Veke 46
Ungdomsskulane på Haramsøy og Løvsøy prøver
no ut korleis dette nye faget kan gjennomførast. Ungdomsskulen
på Fjørtofta har og kopla seg på. Onsdag og torsdag
denne veka besøkte difor 25 friske 9. klassingar HVS for å
prøve seg i skule-kvardagen i den vidaregåande skulen.
Dei fordelte seg på Vg1 Elektrofag, Vg1 Teknisk- og industriell
produksjon og Vg1 Studiespesialiserande fag, samt Vg1 Medium og kommunikasjon.
Spennande for dei, og spennande for oss.
I veke 48 kjem ei ny gruppe for å besøke Vg1 Helse og
sosial. Det ser vi fram til.

Kretsmeisterskapet i volleyball for vidaregåande skular 2006
09.11.06.
HVS gratulerer begge skulelaga i volleyball med flott innsats
under Kretsmeisterskapen i volleyball for vidaregåande
skular. Det vart sølv til gutane frå Haram under
Kretsmeisterskapet i volleyball for vidaregåande skular
i Ålesund torsdag. Jentene kom på 4. plass. |
|
Les meir
...

Operasjon Dagsverk og Internasjonal dag ved HVS.
I veke 43 spurte Skulekomiteen;
- Har du skaffa deg jobb? Har du skaffa deg kunnskap?
Har du ikkje det siste, håper vi å gi deg eit innblikk
i problematikken i Nepal tysdag 24. oktober. Då arrangerer skulekomiteen
ved HVS Internasjonal dag, og vil med film, foredrag, bilete og diskusjonar
setje fokus på årets OD prosjekt; - Kamp for skuddsikker
skule i Nepal.
Det vart ein lærerik dag for elevane
ved skulen.
HVS takkar arrangørane (elevane i skulekomiteen) for
eit flott opplegg, og kokkane (elevane i matgruppa) for smakfull
mat. Les
om Internasjonal dag ved HVS! |
|
Du kan besøke heimesida til OD og få innblikk
i problematikken i Nepal:
" For Nepals ungdommer
er vold og krig en del av hverdagen, både på skolen
og utenfor. Gjennom ungdomsklubber tar de opp viktige temaer
for å forebygge overgrep og styrke rettighetene.
OD-støtten skal trygge skolehverdagen til tusenvis
av ungdom."
Sitat frå heimesida til OD og Årets
prosjekt. |
|
Nærast heile elevflokken ved skulen støttet prosjektet
og bidro med sin arbeidskraft OD-dagen torsdag 26.10.06. Vi ber no
alle om å overhalde innbetaligsfristen, og takkar for innsatsen.

Vil du bli med på motivasjonskurs for ingeniøryrket?
Frist: 17.10.06.
Dette er spørsmålet
som matematikk- og fysikkelevane på AF-VKI ved både
Ulstein vgs. og Haram vgs. fikk rett før haustferien.
Tilbodet er unikt og vert finansiert av lokale bedrifter i Ulstein
og Haram.
Søknadsfristen gikk ut 17. oktober.
No venter mange realistar ved desse to skulane i spenning -
kven får vere med i år? |
Kursdeltakarar skuleåret 2004/2005. |
Les kva Ulstein
vgs. skriv om kurset ...
Meir informasjon om Motivasjonskurs
for ingeniørutdanning ...

1TAF i full sving i verkstadene på HVS
Veke 41, 2006
Dette er like fast som jul og påske. I haustferien
er elevane på Vg1 Tekniske Allmenne fag (TAF) samla for
å gjennomføre eit 5-dagars grunnopplæringskurs
i sveising og maskinering.
I år er heile veka lagt til HVS, med 3 dagar på
sveis, resten i maskinverkstaden.
|
|
Elevane har stått på, melder faglærarane deira.
Både Trond Gangstø (sveis) og Leif Domås (maskinering)
seier det har vore ein lærevillig og engasjert elevflokk å
arbeide med. Flott innsats av dei 13 ved 1TAF.
Her er nokre
bilete frå maskinverkstaden torsdag ...

Ekskursjon til York
17. - 24.09.06.
Medan elevane i 2IBD gjer seg klare til å starte opp sine ungdomsbedrifter,
har 3IBD vore på tur! 7 dagar i England, fordelte på York
og London, er no tilbakelagt
Ein flott oppleving - lærerik på mange plan.
Les meir
...

Informasjon om OD og Internasjonal dag
Måndag 2. oktober
vert det plenumsmøte i basistimen med kort informasjon
om årets OD-prosjekt. Alle elevar og lærarar møter
i auditoriet kl 11:25.
Mvh Skulekomiteen |
|

Elevrådet melder:
Kort elevrådsmøte i studietida:
Onsdag 27. september.
Stad: Auditoriet.
Saker:
- Operasjon Dagsverk (OD)
- Internasjonal veke (IV)
Alle tillitselevar har møteplikt. |
Nytt møte igjen
neste veke!
Onsdag 04.oktober.
Stad: Auditoriet.
Sak:
- Det fysiske miljøet ved skulen
Meir informasjon på Fronter!!!
Alle tillitselevar har møteplikt.
|
Mvh Elevrådsstyret

Vi har fått inn flotte bilete frå fjelldagen 14.september!
Sjå
biletreportasje frå turen ...

Kick off!
21.09.06.
Ungt Entreprenørskap arrangerte "Kick-Off"
i september, ei startsamlingar for elevane som skal starte ungdomsbedrift
i år. Frå HVS møtte denne friske gjengen
frå 2IBD. Les
meir ... |

2IBD - 2006/2007 |

Vg1 Helse og sosialfag og Kunnskapsløftet
Veke 38 - 40
Vg1 Helse og sosial er eit av programområda
som merkar store endringar i fagstrukturen som følgje
av Kunnskapsløftet 2006.
Nytt av året er faget Prosjekt
til fordjuping der elevane skal få innblikk i kva
for utdanningsval vg1 HS fører fram i mot. I høve
dette vil elevane no vere utplasserte kvar onsdag i 3 veker
fram til haustferien. Spennande! |

1HS - 2006/2007 |
Det nye faget vil bli presentert etterkvart som skuleåret går
og vi haustar oss erfaringar.


Nytt oppslag 07.09.06.
No er bilete m.m. frå aktivitetsdagen
og avslutningsfesten
før sommarferien lagt ut, for dei som vil mimre litt ...

Foreldremøte 7. september 2006 !
Kunnskapsløftet 2006-endringar og konsekvensar,
og annan info.
Veke 36
Torsdag 7. september kallar Haram vidaregåande skule
inn alle foreldre/føresette til vg1-elevar til informasjonsmøte.
Møtet startar i store auditorium kl 18.30, og held
deretter fram i dei respektive klasseromma i lag med kontaktlærarane
til klassen.
Vi ønskjer alle vel møtt !
Adm.
Vi takkar for oppmøtet.
08.09.06.
HVS set pris på at så mange foreldre prioriterte
å kome på foreldremøtet, og håper den enkelte
fikk eit greit innblikk i skulekvardagen ved HVS. Neste treffpunkt
skule-heim blir i kontaktmøteperioden i veke 45 (nov.-2006).
Dersom ein ønskjer kontakt med skulen/kontaktlærar
før den tid, er det mogleg å ringe skulen for
samtale eller avtale møtetid.
Adm.

Skulefotografering
Veke 36
Elevrådet melder at det blir elevfotografering
måndag 4. og torsdag 14. september i år. Oppsett
over tidspunkt er gitt ut til alle tillitselevane. I tillegg
finn du oversikter hengjande i korridorarealet.
All fotografering skjer på rom 107.
Merk deg at undervisninga på dette rommet er flytta til
eit anna rom, sjå eige oppslag på skulen. |
|

Elevrådet 2006/2007.
Veke 35
Det nye elevrådet ved HVS er på plass.
Onsdag 30.08. vart det første stormøtet gjennomført
i auditoriet i studietida
.
Sakslista besto av:
- val av elevrådsstyre
- val av representantar til skuleutval og skulemiljøutval
- val av utsendingar til fellesmøtet for elevråd i fylket
(Stad: Vestnes)
- informasjon om OD og Internasjonal veke (IV)
- oppgradering av elevrådsrommet
Alle basisgruppene har kvar sin tillitselev med vara, så forumet
er relativt stort. Det aktive organ er derfor fyrst og fremst elevrådsstyret.
Les meir; Elevrådet -
din organisasjon.

2BI har vore på ekskursjon!
29.08.06.
Fyrste ekskursjon dette skuleåret
er gjennomført!
Tysdag 29. august reiste 2BI-elevane og biologilærar Hanne
Ski til Daugstad i Vestnes kommune. Kvifor Daugstad?
Les dette, så får du vite kva som fanga konsentrasjonen
til elevane denne dagen ... |
|
Les meir
...

Det årlege rebusløpet er
gjennomført ...
Veke 34
| Torsdag 24.08. braka det laus
med bokstaveleg kaos i korridorane ved HVS. Då var vg1-elevane
på "bli kjend"-tur i skulebygget.
Vg1-elevane møtte opp direkte i auditoriet kl 08:05
denne dagen, der avdelingsleiar Aasgaarden informerte og sette
"løpet" i gong.
Rebusløpet varte i 1.- 2. time, med kantina som endeleg
mål.
Førsteårskullet gjorde godt inntrykk der dei
funderte seg fram ...
|
|
REBUSVINNARANE 2006
Måndag 28.08. vart vinnarane kåra. Høgste poengsummane
i år gikk til dei tre gruppene i 1TAF, men dei var tett etterfulgte
av ei gruppe i både 1MK og i 1HS.
Vinnarar av Rebusløpet
2006
1TAF
-
2006/2007
-
Klassen fikk tildelt diplom og løfte om frittvalt
kake
servert til ønska tidspunkt. |
Vi gratulerer med 1TAF med sigeren, og resten av vg1-elevane for den
fine innsatsen.

Stikk innom skulebiblioteket
vårt
21.08.06.
Skulebiblioteket vil kunne gi deg
som elev mykje meir hjelp dette skuleåret, no som bibliotekar
er på plass. Det håper vi du nyttar ut best mogleg.
Biblioteket er ope for elevar som ønskjer å arbeide
med skulearbeid utover vanleg undervisningstid, måndag
til fredag kl. 08:00 - 16:30, alle skuledagar. Bibliotekar vil
vere tilstades på biblioteket kl 09:30-11:00 kvar skuledag,
med forlenga tid onsdagar til kl 14:00.
Bibliotek-assistent er til stades to dagar i veka, kl 09:00-14:30.
Mykje spannande er å finne i hyllene våre, så
stikk innom ...
Velkomen til aktiv bruk av SKULEBIBLIOTEKET
! |
Velkomen
inn...
Ope kl.0800-1630
Bibliotekar:
Alle dagar 0930-1100
Onsdagar 0930-1400
|

Helsetenesta ved HVS
- eit tilbod til samtlege elevar ved skulen.
21.08.06.
Helsesøster har kontortid/treffetid på skulen kvar torsdag,
frå kl 11:00 til 13:00, på rådgjevar-kontoret. Du
treng ikkje bestille time på førehand, melder ho.
Treffetida kan du nytte dersom det er noko du vil ta opp i forhold
til psykisk eller psykisk helse, eller dersom det er noko som verkar
inn på trivselen din. Du kan få råd og rettleiing
i helsespørsmål, og ev. få kontakt med andre instansar
dersom det er behov for det.
Les meir om skulehelsetenesta ...
Ny helsesøster ved HVS.
| Vi ønskjer Solveig Bae Nordal velkomen
som ny helsesøster for elevane ved Haram vidaregåande
skule.
Ho tar over etter Evelyn Børset, som no har gått
over i anna stilling ved Brattvåg helsestasjon.
Solveig har allereie presentert seg for dei fleste elevane
ved skulen, og både ho og vi ser fram til eit godt samarbeid
i tida framover.
Lukke til i dei nye stillingane, begge to. |

Helsesøster
Solveig Bae Nordal |

Velkomen til Haram vidaregåande skule!
August 2006
| "Med dette skuleåret
går vi inn i år 1 av Kunnskapsløftet, ei
ny-satsing i norsk grunnopplæring, som og vidaregåande
skule er ein del av. I løpet av dei næraste 3
åra vil Kunnskapsløftet avløyse Reform
94. Sjølv om det er ein god del nytt, er det ingen
grunn til å uroe seg", seier rektor Taftø
til dei nye elevane ved skulen. Han ønskjer og dei
meir vidarekomne velkomne til eit nytt skuleår, og oppmoder
alle til å ta ein aktiv del i læringsprosessen
for å få maksimalt ut av tida i den vidaregåande
skulen.
|

Rektor
Jøstein Taftø |
Les
meir ...

Tjuvstart på skuleåret
...
07.08.06.
I perioden 7. - 29. august i år har Haram
vidaregåande skule besøk av 12 elevar/lærlingar
frå den italienske samarbeidsskulen vår "Arturo
Malignani". Dei skal vere utplasserte i bedrifter både
i Brattvåg og i Søvik heile perioden, men først
måtte dei italienske gutane gjennom ei innførande,
praktisk opplæring på sveise- og maskinverkstaden
her ved skulen. Les
meir ...
|

Opplæring på maskinverkstaden
ved HVS. |
Meir informasjon
om Prosjekt EuroShip ...

Skuleåret 2006/2007
er rett om hjørnet!
Skulestart for elevar vert torsdag 17. august.
kl 0900 Oppmøte i auditoriet for alle elevar på
vg1-nivå.
kl 1030 Elevar på VKI, VKII og VKIII møter i auditoriet.
|
|
NB!
TAF-elevar på VKI har utsett skulestart.
2TAF møter på klasserommet sitt måndag 21.08.,
kl 08:05, for meir informasjon og bokutlevering. Deretter vil ein
starte opp med undervisning etter timeplan.
Vi ønskjer alle elevar og tilsette ein riktig god sommarferie!
Adm.

Ny reform i grunnskule og vidaregåande opplæring
Juli 2006
Kunnskapsløftet er den nye reforma i grunnskulen og den vidaregåande
opplæringa. Reforma fører til ei rekkje endringar i innhald,
struktur og organiseringa til skulen frå det første trinnet
i grunnskulen til det siste trinnet i den vidaregåande opplæringa.
Les meir ...

Skuleåret 2005/2006 takkar for seg
Siste aktivitetsdag før
ferien 19.06.06.

- Volleyballkamp i Brattvåghallen -
|
Først ut var volleyballturneringa inne i Brattvåghallen.
Innsatsen var god, og finalen vart spanande.
Etter ei lita pause starta fotballkampane opp ute på kunstgras-bana.
Ny energi vart henta fram og kampen om seier vart hard.Bilete
frå dagen, og kven som vann, finn du meir om her!
Les
meir ... |
Avslutningsfest for avgangselevane
20.06.06.

- Jeanett
spelar "Kjempeviseslåtten" -
|
Ein spirande tradisjon er i gong.
Aller siste skuledag arrangerte HVS ein avslutningsfest for
avgangselevane våre, der alle elevar og tilsette var innbudne.
Eigne krefter sto for underhaldninga, og det vart ei stemningsfull
og fin avrunding på skuleåret. Les
meir ... |

Ekskursjon til Haramsøy - Longva
22. - 23.05.06.
Nå er artikkelen om 1AF/1TAF-ekskursjonen på nett. Vi
takker for turen, og for bidraga til dette oppslaget. Ha ein flott
sommar alle saman!
Les meir
om eksursjonen ...

IBD takkar for godt samarbeid med lokalt næringsliv skuleåret
05/06!
 

Cambridge-eksamen med flott resultat
for HVS-elevar. |
Ekskursjon til
Sparebanken Møre Ålesund.
|
Spanande samarbeid
med Aker Yards Brattvåg. |
Mai 2006
Fleire fekk toppkarakter. Elevane takkar erfarings-grunnlaget
dei har opparbeidd seg gjennom skuleåret, for at det gikk
så godt.
Les meir ... |
09.06.06.
2IBD fekk ein forsmak på neste års pensum då
dei besøkte Sparebanken Møre i Ålesund i
juni i år. Dei gjer seg klar til å møte neste
skuleår sine utfordringar. Les
meir ... |
Våren 2006 Ønsket
var å gi elevane innsikt i kor internasjonalt, komplisert
og omfattande planleggingsarbeid som må til, for å
bygge eit skip.
Det målet vart nådd! Les
meir ... |

Haram Folkebibliotek melder;
- I sommar blir det arrangert Sommarles '06.
| Individuell og
interkommunal lesekonkurranse 10. juni og 20. august.
Ein lesekonkurranse
for barn og unge mellom 6 og 19,
som bur i Haram, Hareid og Stordal. |
|
Les
meir om konkurransen ...
( Trykk ev. på logoen over, dersom du vil sjå konkurransetabellen).


Haram vidaregåande skule
gir deg tilbod innan følgjande utdanningsprogram:
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Media og kommunikasjon
Teknikk og industriell produksjon (mekaniske fag) og
Studiespesialisering (allmenne fag).
|
| |
Postadresse:
Skuleråsa 10, 6270 Brattvåg, Norway.
Telefon: +47-70209600 Telefax: +47-70209601 - E-post: haram.vgs@mrfylke.no
Biletmaterialet er Haram vidaregåande skule og fotografane
sin eigedom.
Vevstyrar og ansvarleg for sidene: Hilde Kristin Aasgaarden.
Vevrådgjevar: Torleiv Austnes
|
|