Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






Elevorganisasjonen
Utdanning .no
vilbli.no
ANSA
- studie i utlandet

Ha ein energigjevande
og god sommar !


Så treffast vi fyrste skuledag,
onsdag 20. august 2008.

Siste skuleveke har eige program
Veke 25, 2008

Måndag 16. juni
Eksamensavvikling - siste dag
Elevar som ikkje skal opp til munnleg denne dagen har fri i dag

Tysdag 17. juni
AKTIVITETSDAG - VOLLEYBALL/FOTBALL
Kl 0800 Oppmøte
Kl 0815 Start fyrste kamp i Brattvåghallen
Kl 1100 Pause
Kl 1130 Start fyrste kamp på kunstgrasbana

Onsdag 18. juni
ÅRSAVSLUTNING 2007/2008 på HVS
Kl 0900 Oppmøte i basisgruppene
- Oppsummering av skuleåret
- Utlevering av standpunktkarakterar
Gjeld ikkje avgangselevar! Dei møter opp direkte i auditoriet

Kl 1000 Filmrevy i auditoriet ved 1MK og 2MK
Kl 1045 Markering i kantina
- Servering av mat og drikke
- Premiering og underhaldning
- Markering for avgangselevane våre
Kl 1300 Slutt



Torsdag 19. juni
Samtaledag/avslutning tilsette
Kl 0900 Alle faglærarar er tilgjengelege for elevar som vil samtale om standpunktkarakterar
Kl 1130 Avslutning for alle tilsette ved Haram vidaregåande skule

Eit yrkesbrev - gull verd i yrkeslivet for ingeniørar

NRK-oppslag 08.07.08.


- Fredag 04.07.08. vart det lagt fram tal på nasjonalt plan som viste at heile 60 prosent av leiarane i private og offentlege føretak meiner nyutadanna arbeidskraft er for dårleg budd på arbeidslivet, melder NRK Møre og Romsdal. - I Haram kommune har dei forsøkt å gjere noko med dette, fortel dei vidare.


Aker Yards Brattvaag
Les heile oppslaget : Klar for yrkeslivet! (Av ragnhild.osnes.olsen@nrk.no )

Yrkesorientering for elevar på Vg1 ST

Våren 2008



Foto: Z Spor

I løpet av våren 2008 har elevane ved Vg1 Studiespesialisering fått litt meir innblikk i yrkeslivet enn normalt for dette utdanningsprogrammet.
Som eit ledd i generell yrkesorientering, eller karriererettleiing, har elevane vore på bedriftsbesøk i nærmiljøet til skulen. Dei har fått meir informasjon om dei ulike yrkesgruppene som finst innan ei større bedrift og eit vidare innblikk i kva arbeidet går ut på. Dei har og hatt fokus på korleis utdanning/skulefagleg kunnskap vert nytta direkte eller indirekte i yrkeslivet. - Interessant, meinte elevane.

Les meir ...

Reisebrev frå Madrid.
Publisert 27.06.08.

Tysdag 3.juni 2008 stod elleve reisesjuke IBD-elevar utanfor Haram vidaregåande skule, klare til å reise ut i den vide verda, nærmare bestemt Madrid.
Dei skulle på ekskursjon knytt til faget International Business Development (IBD), og gledde seg til turen.

Les meir ...

2BU-elevane på studietur til Ålesund fengsel
Publisert 27.06.08.
Fengselssystemet er ukjend for dei fleste, og elevane ved 2BU på HVS var ikkje noko unnatak. Dei viste fint lite om kva arbeidet i eit fengsel går ut på, og var difor litt spende på kva denne dagen ville bringe. At studieturen skulle bli så interessant, var dei rett og slett ikkje budd på.

Les meir frå studieturen ...

1HS og 2HEA på studietur til Muritunet, Valldal.
13.06.08.
Elevane ved Vg1 helse- og sosialfag og Vg2 Helsearbeidarfag har gjennom skuleåret arbeidd målretta med både helsefag, kommunikasjon og yrkesorientering. Det var då eit naturleg val for lærarane, både på Vg1 og Vg2, å ønskje seg Muritunet som ekskursjonsmål på tampen av skuleåret.

Les meir ...


- Valldal -

Veka før hadde same gjengen vore på tur til Patologisk museum på Åse. Og så det vart meldt inn som ein fin ekskursjon, frå elevar og lærarar.

Ekskursjonen til Haramsøy er gjennomført!
Publisert 04.05.08.
I tre døgn var elevane på Vg1ST ute i havgapet og gjorde sine fjørestudier og kjende friluftslivet på kroppen. Basen deira besto av våre to velbrukte militærtelt, eit hytte (for lærarane ...) og ei idyllisk strand med tilhøyrande molo. Framkomstmiddelet var sjølvsagt syklar, og programmet - det var tett.

Les meir om turen ...

Etterarbeid i kveldssola
på Haramsøy

3IBD er no å finne i Madrid
03.-06.06.08.


Madrid - Kongepalasset,
med hagen i framkant.
(Illustrasjonsfoto)
  På ny har ein gjeng reiselystne og svært spente elevar og reiseleiarar lagt ut på utlandstur.
Elevane med studieretningsfaget 3IBD (International Business Developement) oppheld seg no i skrivande stund i storbyen Madrid. Med seg som reiseleiarar har dei konst.rektor Jan Magne Helland, faglærar Tormod Strand og spansklærar Sigrid Hånes.

Her finn du reisebrev frå turen!

Du kan og sjå kva fjorårselevane opplevde: Tre spesielle skuledagar ...


Publisert 04.06.08.


- Alle lønsmottakarar må levere skattekort. Manglar arbeidsgjevar skattekortet ditt er han pliktig til å trekke 50% skatt av løna di. Bestill derfor skattekort nå!
, melder Skatt Midt-Noreg.

Bruk SMS eller internett, da får du skattekortet raskare tilsendt.
Skuleelevar og studentar kan tjene inntil 39.997 kroner på frikort i 2008.

Bestill frikort på SMS:
-
skriv FRIKORT <mellomrom> fødselsnummer (11 siffer) og send til 2080.

Eller bestill på internett: www.skatteetaten.no
Tjener du meir enn fribeløpet kan du bestille skattekort via nettstaden www.skatteetaten.no

Du treng ein PIN-kode, den som du fikk tilsendt av Skatteetaten i desember 2007. Manglar du PIN-koden kan denne bestillast på SMS:
- skriv PINKODER <mellomrom> fødselsnummer og send til 2080.
 

(Foto: Skatt Midt-Norge)

Treng du kopi av tilsendt skattekort (ikkje kopi av frikort), kan du bestille dette også på SMS: - skriv KOPI <mellomrom> fødselsnummer og send til 2080.

Lukke til med sommarjobben!
Hilsen Skatt Midt-Noreg.

Boktips for sommaren ...
Publisert 04.06.08.

Skal du kose deg og slappe av i sommar?
Kanskje med ei eller fleire gode bøker som selskap?
Da kan du få nokre tips av oss her!

Ålesund bibliotek vil jamnleg kome med omtalar av bøker og lesetips på nettstaden sin .
Nye tips kvar månad.


Boktips frå Ålesund bibliotek
GOD


Partnerskapsprisen 2008
i Møre og Romsdal gikk i år til Haram vgs.

Publisert 21.05.08.

Haram vidaregåande skule og Patogen Analyse AS vart tysdag 20.05. tildelt kvar sin store pris av NHO Møre og Romsdal. I begge konkurransekategoriar var det meir enn ti aktuelle kandidatar, så vinnarane vart plukka fram frå eit godt selskap.


Haram vidaregåande skule vann NHO Møre og Romsdal sin årlege partnerskapskonkurranse og sikra seg Partnerskapsprisen 2008, som lød på kr 10.000,- Haram vidaregåande skule fikk prisen for eit langt og godt samarbeid mellom skulen, næringslivet og Haram kommune.
Les grunngjevinga ...

Patogen Analyse AS fikk tildelt Nyskapningsprisen.
Dei er eit bioteknologiselskap som utviklar og sel genteknologiske analyser.

Les meir i Sunnmørsposten sitt oppslag, datert 21.05.08.


Linkar relatert til emnet:
Næringsliv i skulen (NIS)
NHO-direktør Torill Ytreberg og fungerande rektor Jan Magne Helland ved Haram vidaregåande skule under prisutdelinga i Molde.


Koseleg elevkveld i regi 2BU ved HVS
20.05.08.
Elevane ved Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag laga tysdag kveld til sosial taco-aften på HVS. Dei inviterte var ungdommar frå 8. klassetrinn på Brattvåg ungdomsskule. På programmet sto film, servering og sosiale aktivitetar.

2BU-elevane gledde seg, og hadde budd seg godt. Likevel var responsen i overkant av forventa. Mange blide ungdommar møtte opp, og var med på å gjere denne kvelden ekstra koseleg.

GRATULERER MED DAGEN !

"Noreg sin grunnlovsdag, 17. mai, vert feira til minne om den norske grunnlova som vart vedtatt av Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.

Tradisjonen med feiring av 17. mai som nasjonaldag kan ein trekkje heilt tilbake til 1836, då Stortinget for fyrste gong feira 17.mai-fest.
Men det er Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnson som i dag vert rekna som grunnleggjarane av den 17. mai-feiringa vi kjenner i dag, med brei folkeleg oppslutning."


Vi ynskjer alle ei flott feiring av nasjonaldagen!




17. mai

(Kjelde: Store norske leksikon)
Meir fakta finn du bl.a. på ung.no

Haramsøya vil få besøk.
Publisert 15.05.08.
Måndag 19. mai startar den tverrfaglege ekskursjonen (naturfag og kroppsøving) til elevane i 1ST.
I to døger skal dei oppleve friluftsliv og fjørestemning ute på Haramsøy/Flemsøy.
Førebuingane til turen har allereie pågått i lengre tid inne på naturfagsrommet, så både eldre elevar og andre naturfagslærarar som er innom rommet, får ein hug mot noko som ein gong var ... Vi ynskjer lukke til på turen!

8 . mai - ein viktig dag å hugse!

Den 8. mai i 1945 vart Noreg frigjort etter den tyske okkupasjonen, 1940-45. Dagen vert og kalla V-dagen. Kapitulasjonsbestemmingane for tyskerane i Noreg trådde formelt i kraft 8. mai kl. 24:00.

Denne dagen i 1945 gav folket fritt utløp for mykje undertrykt glede og energi! Store folkemasser strøymde ut i gatene landet over. Midt i jubelen og gleda var det mange som bar på uvisse; - kva hadde skjedd med dei ein ikkje hadde sett på lenge, kva ville skje i oppgjeret sin time ... Men størst av alt var gleda!

Heiderleg omtale til 2MK-elevar under DOKFILM-festivalen i Volda!

Volda 29.04.-04.05.08.
Ei gruppe frå 2MK her ved HVS viste kvalitet under DOKFILM-festivalen i Volda.
Under tema Kortfilmar finn ein konkurransane "Eit nummer i rekka" og "Superdok", der 2MK-elevane hadde sikta seg inn på sistnemde kategori.

Vinnaren av Superdok vart filmen "Naturlig Revolusjon" av Julian Vargas, medan heiderleg omtale gjekk til Øystein Skarsbø, Johan Jøsok, Steinar Tharaldsen og Randi Urke frå Haram vidaregåande skule for filmen deira "Paradis på jord". Vi gratulerer!

Les meir, og sjå filmane!

Besøk heimesida
til festivalen:
www.dokfilm.no

2HF på studietur til Åse
28.04.08.
Elevane ved Vg2 Helsearbeidarfag hadde ein flott dag på Åse, med besok både på Vestmo behandlingssenter og på Nevrohjemmet i Ålesund.

Elevane har gjennom skuleåret 07/08 vore utplasserte ein dag per veke i ulike omsorgsinstitusjonar i Haram, og denne ekskursjonen gjekk inn som ein naturleg del av den informasjonen elevane på Vg2 HF skal få i høve yrkesorientering knytt til helsesektoren. Verkeleg ein gjevande dag!

Les meir ...

2HF takkar for god mottaking

Kjelde: Helse Sunnmøre
Ålesund sjukehus ligg i Ålesund kommune, 9 km aust for Ålesund sentrum


1HS på studietur til NAV - Hjelpemiddelsentralen
23.04.08.
Onsdag 23.april var vi ved 1HS på ekskursjon til Ålesund, nærare bestemt NAV - Hjelpemiddelsentral. Der fekk vi informasjon om korleis ein slik formidlingssentral for hjelpemiddel fungerer. Vi fekk også omvising og innblikk i mange ulike hjelpemiddel og korleis dei skal brukast. Asbjørn Enerhaug var fagleg ansvarleg for opplegget.

Vi takkar for ei god mottaking og ein interessant dag!

1HS og kontaktlærar Nupen
NAV Hjelpemiddelsentral i Møre og Romsdal


Besøksadresse:
Åsehaugen 1,
6017 Ålesund
Postadresse:
Postboks 8300 Spjelkavik
6022 Ålesund
Telefon : 70 17 22 00

Fylkesmeisterskapen i basisdugleikar 2008
23.04.08.
Flott resultat for HVS sine utsendte representantar !

På vegne av Møre og Romsdal idrettskrets har idrettslinja ved Ulstein vidaregåande skule på nytt arrangert fylkesmeisterskap i basisdugleik, og tevlinga gjekk av stabelen i Ulsteinhallen onsdag 23. april.

HVS sendte tre gutar til Ulsteinvik, og desse markerte seg på ein framifrå måte!
Les meir ...


Vegard i aksjon
i Ulsteinhallen, våren 2008

Nasjonal TAF-konferanse 2008 i vente
22. - 23.04.08.
I samband med planlegging av ein nasjonal TAF-konferanse hausten 2008, arrangert HVS ei samling på Finnøy Havstuer, der nøkkelpersonar frå Knarvik vidaregåande skule, Haram vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylke, NHO og Haram Innovasjonsstudio, deltok.

Vi takkar for samarbeidet desse dagane, og ser fram til det vidare arbeidet.

- Ona fyr -
TAF ved HVS ...
Meir om TAF-tilbodet i Noreg ...


Skidagen 2008 vart ein suksess!


Publisert 04.04.08.

Det er lenge sidan Ørskogfjellet hadde besøk av elevane frå HVS, men i år kom vi, med 4 stappfulle bussar. Det er nok også nokre år sidan vi hadde fullklaff med veret på ein skidag, men i år fant vi fram til rette dagen. Flottare ver- og føreforhold kunne vi ikkje vente å finne nokon stad!

Les meir og sjå bilete frå dagen ...

GOD HELSE - eit fokus område også ved HVS

Publisert 02.04.08.

Fysisk aktivitet

Psykisk helse

Sunnare kosthald

"GOD HELSE" er namnet på Møre og Romsdal fylke si satsing for å betre helsa til innbyggjarane i fylket. Målet er at flest mogleg lever eit godt liv, og meistrar sin eigen livssituasjon. Gjennom eit positivt, langsiktig og heilskapeleg førebyggingsarbeid er målet å skape gode lokalsamfunn og god livskvalitet for menneska som er busett i fylket. I arbeidet set ein i hovudsak fokus på fem område:
- Auka fysisk aktivitet
- Betre psykisk helse
- Sunnare kosthald
- Redusert bruk av tobakk
- Ein ansvarleg rusmiddelkultur

Haram vidaregåande skule er medviten kor viktig det er at elevane har ei trygg tilvere og ein sunn kvardag for å få best mogleg læringsutbytte. Difor er det heile tida eit viktig mål for skulen å prøve å ta vare på ungdommane våre i skulekvardagen.

Haram vgs gjennomfører VIP-prosjektet i veke 14.

Publisert 25.03.08.
VIP = Veiledning og informasjon om psykiske problem hos ungdom

"Elevane har ulike haldningar til psykiske lidingar,
men ofte blir dette sett på som noko mystisk og skremmande.
Dei veit ikkje alltid kor alminneleg det er å slite med psykiske problem,
dei kan feiltolke situasjonar og dei kjenner ikkje igjen symptom verken hos
seg sjølv eller hos medelevar.

Det er denne "uvitenheten" vi ynskjer å gjere noko med.”

I Haram var det helsesøster og PPT som tok initiativet til å gjennomføre prosjektet ved HVS allereie skuleåret 04/05. Tilbakemeldingane frå elevane gjorde sitt til at vi bestemte oss for å fortsette med VIP som eit årleg prosjekt for alle Vg1-elevane våre.
- Flott at nokon snakkar seriøst med oss om dette! meldte elevane i etterkant av prosjektet både i fjor og året før.
 

Illustrasjon: Ragnar Aalbu.
Les meir:
- Program for veke 14
- Informasjon til føresette
- Informasjon til kontaktlærtarane
- Nyttige linkar for deg som lurar på noko ...

Les elles meir om VIP på VIP-WEB - heimesida til prosjektet.

Positiv overrasking på HVS tysdag 1. april
01.04.08.
Sunt kosthald høyrer med når ein set fokus på god helse. Frå før tilbyr kantina ved skulen elevane eit godt utval til ein sunn lunsj. Noko alle ved skulen set stor pris på.
Men i høve våren, VIP-prosjektet, og kanskje det faktum at vi allereie er komne til 1. april, ville HVS overraske med velfylte fruktfat på alle bord når elevane strøymde til kantina i matfri. Ver så god, spis!


"5 om dagen" - kva betyr det?

Glade fjes, og etterkvart tomme fat, viste at dette var noko ungdommen verkeleg vart glade for. Så då vert det sikkert ikkje siste gong vi frister med frukt til alle.

SKIDAG - torsdag 27. mars!
Publisert 25.03.08.
Vi tek sikte på SKIDAG torsdag 27. mars i veke 13. Ørskogfjellet er valt til utfartsplass, og skulen betaler transporten. Skidagen er obligatorisk for alle.

Oppmøte på skulen seinast kl. 08:30, med bussavgang frå haldeplassen kl. 08:45. Retur Ørskogfjellet ca. kl 13:30, slik at vi er tilbake på HVS til kl.14:30.

Varmestova er open. Det same er kiosken, dersom nokon vil kjøpe seg noko i løpet av dagen. Dei som ynskjer å gå skitur kan nytte dei oppkøyrde spora frå skitrekket og inn til Jutevatnet. Innertiaren er aking - men akebrett må du ta med sjølv! Vil du vere i skitrekket, men manglar utstyr, er det mogleg å leige dette. Sjå meir informasjon oppslått på skulen.

Sjå bilete frå den flotte dagen ...
God tur!





Takk for støtta til kreftsaka!
14.03.08.

Russen ved HVS takkar alle for den gode mottakinga dei fikk under innsamlinga i høve kreftaksjonen i førre veke.
Det er med stor glede avgangselevane kan melde at dei fikk inn over kr 66 000,- i løpet av veka aksjonen varte.

Fikk du ikkje besøk av ein bøsseberar i løpet av aksjonsveka, kan du likevel støtte Krafttak mot kreft ved å:
- Ringe 820 43 743 og gje kr 100,-
- Sende KRAFT til 1960 og støtte aksjonen med kr 30,-
- Betale direkte inn til kontonummer 5010 05 49791


Med dette ynskjer vi ved
Haram vidaregåande skule
alle elevar og tilsette
ei riktig god påske!

Til dei flotte ungdommane i UB Treff ved HVS:
03.03.08.
GRATULERER så mykje med kåringa som fylkets beste kulturbedrift under fylkesmessa for ungdomsbedrifter!
Eg les om dykk i ein flott artikkel i Bygdebladet og er imponert! Forretningsideen er veldig god synest eg  - stå på !

Med vennleg helsing
Bjørn Sandnes
- ordførar
-


(Foto: NRK)
UB Treff
Sjå resultata frå Fylkesmessa 2008 på Molde 27.02.08. ...


X-fag = nye, spennande utfordringar
Publisert 13.03.08.


Med Kunnskapsløftet 2006 dukka omgrepet X-fag opp i den vidaregåande skulen.
Her ved Haram vgs valde vi å tilby faget Teknologi og forskningslære X (3t/v) til TAF- og ST-elevane våre på Vg2. Det har vist seg å vere eit spennande tilbod!
Ei utfordring, fagleg som teknisk, for både faglærar og elevar.

Inkludert i undervisningsopplegget ligg det i år ein konkurranse innan skipsdesign. I lag med meir enn 300 elevar frå heile landet konkurrerte HVS-elevane om beste designet skipsmodell. Konkurransen er ein del av eit nytt opplegg i teknologi og forskningslære for elevar både i vidaregåande skule elev samt grunnskule, og prosjektet koblar teori og praksis på ein artig og lærerik måte.
Les meir om HVS-prosjektet ...
Sjå heimesida til prosjekt "Den unge skipsdesignaren"

Marinteknisk senter, NTNU.


NRK annonserer konkurransen (film)

Strålende avslutning på Motivasjonskurs 2008
Publisert 22.02.08.
Revidert 18.03.08. - Ny artikkel og bilete er lagt ut!


Det er fantastiske tilbakemeldingar etter at siste del av motivasjonskurset er gjennomført.
På evalueringen Smallpeice Trust gjennomførte siste dagen, svarte 100% av kursdeltakarane "Excellent" på totalinntrykket av kurset!
Dette set bedriftene bak prosjektet pris på.

Les HVS-elevane sin rapport heim ...

Les Ulstein-elevane sin rapport heim i vinterferien ...

Badminton-turnering i studietida - kjekt tiltak!
Publisert 06.03.08.

Ny turnering pågår i studietida ved HVS.
Badminton eller "fluepisking", kall det kva du vil, men kjekt er det, og spennande vert det når ein stiller til turnering.

Kroppsøvingslærar Stein Ravnestad organiserer det heile og kampane går tett kvar onsdag mellom 11:30 og 13:00. Mange vil vere med og innsatsen er stor. Etterkvart har det vist seg det tar tid å gjennomføre kvar kamp - her er det ingen som gir seg frivillig! Sånn skal det vere.

Finalane går første veka etter påske - lukke til!

Samarbeidet med Universitetet i York held fram

Publisert 29.02.08.

Haram vidaregåande skule har dei siste tre åra hatt eit samarbeid med Det norske studiesenteret ved Universitetet i York, England. Dette samarbeidet held fram dei neste tre åra. Dette vil bety at elevar som vel programområdet for språk, samfunnsfag og økonomi vil få vere med på studietur til York og London hausten 3. året. Elevane vil få dekt reise og mesteparten av opphaldet. Dette er mogleg fordi fleire sentrale bedrifter i Haram ønskjer å stimulere elevane ved skulen til å utvide kulturkunnskapane sine, og i tillegg vere med på å auke motivasjonen for å velje dette programområdet.


- London -

Weekend i London har vore fast innslag på turane til York

Les meir om utanlandsturar ved HVS

For nærare informasjon, kontakt rådgjevar ved Haram vidaregåande skule.

Bibliotekaren melder:
Publisert 04.03.08.

Stadig nye bøker å finne på biblioteket!
Sjekk lista over nye bøker på heimesida vår - Nye bøker

I tillegg vil no alle elevar få nye lånekort, som etterkvart skal kunne nyttast på alle (i alle fall dei fleste) bibliotek i fylket/landet.

Smakebitar frå kjende og ukjende forfattarar
Fylkesbiblioteket har i samarbeid med Kulturnett Møre og Romsdal laga ei nettutstilling frå arrangementet Bokgilde 2007 i Ålesund 6. februar. Her har dei m.a. plukka ut smakebitar blant bøkene, presentert med sitat frå omtalane.

Nettutstillinga, eller presentasjonen, kan de sjå her: Bokgilde 2007

Krafttak mot kreft - hjelp russen vår når dei tar tak
Publisert fyrste gong 12.02.08.
Kvart år i veke 10 gjennomfører Kreftforeningen ein landsomfattande innsamlingsaksjon, og i år er temaet dei særskilde utfordringane som ungdom med kreft møter. Innsamlede midlar skal gå til å betre forholda til ungdom på sjukehus, og til forskning på langtidsfølgjer.
Russen ved HVS vil støtte opp om aksjonen og er bøssebærarar i år. Ta godt i mot dei når dei kjem rundt til husstandane i Haram onsdag 5. mars i veke 10!

Vil du vite meir om aksjonen, les Krafttak mot kreft

HVS inviterer til kontaktmøte i veke 10 - 11.
Publisert 12.02.08.

Velkomen til kontaktmøte på HVS!
Haram vidaregåande skule ynskjer ein god kontakt med foreldre/føresette til alle elevane ved skulen, og gjennomfører difor to kontaktmøteperioder per skuleår.
Vi arrangerer no det andre kontaktmøtet dette skuleåret. Møtet mellom heim og kontaktlærar vil bli gjennomført i løpet av vekene 10 og 11.
Her vil kontaktlærar samtale med dykk om den faglege utviklinga til eleven, og andre ting som ein finn naturleg å ta opp. Elevane vil få med seg heim ein invitasjon, og vi ber dykk levere svarslippen til kontaktlærar innan den gitte fristen.

Søk vidaregåande skule no!

Er du blant dei som vil søkje deg inn på Tekniske allmennefag (TAF) ?

Publisert 27.02.08.
Da må du leggje ved eit vedleggskjema i søknaden.
Det finn du i pdf-format her eller klikk på russelua.
Skriv ut skjemaet, fyll inn naudsynt informasjon og signer. Vedlegget må du sende skulen innan fristen 1. mars 2008.

Publisert 31.01.08.

Bruk elles nettsida www.vigo.no når du skal søkje deg inn i vidaregåande skule hausten 2008. Brukarid og passord får du på skolen.

Meir informasjon om tilbodet i dei vidaregåande skulane 2008-2009 finn du på nettstaden www.vilbli.no. Her har du og høve til å ta ein interessetest - ein test for deg som skal søkje vidaregåande opplæring og har behov for å få systematisert interessene dine (Klikk på jenta til høgre ... )
Meir informasjon generelt kan du få ved å kontakte rådgjevar ivar Roald.

Merk!
Frist 1. februar (særskilt) og 1. mars (ordinært inntak).

(Illustrasjon frå www.vilbli.no)

Gratis IT-hjelp til alle elevar - MyNerd er lansert!
Publisert 21.02.08.

Velkomen til MyNerd, ein gratis-teneste for elevar som treng hjelp til Microsoft Office og OpenOffice. Vi svarer på nesten alle spørsmål, anten du lurer på dokument, presentasjonar, reknerark eller til og med spørsmål om MSN Messenger. Klikk deg inn og få meir informasjon!

MyNerd består av åtte dyktige NTNU-studenter, og vi har åpent
alle hverdager fra 08:00 til 16:00.


CSI-case for 3BI ved Høgskulen i Ålesund
19.02.08. (Publisert 17.03.08.)

"Tysdag 02.01.08 kl 08:47 blei overingeniør Gro Audveig Hagen, født 11.10.1985, funnet bevisstlaus på rom C313 på Høgskulen i Ålesund. Ved siden av den skadede Hagen, blei det funnet ein knust 5000 ml målekolbe. Det blei funnet fleire DNA-spor på åstaden."

 

(Prosjektfoto til CSI-case,HiAls)
Tysdag 19.02.08 var det på tide med ny høgskuletur for biologi-klassa frå Haram vidaregåande skule, og slik vart vi møtt på Høgskulen. Ei kriminalsak var dukka opp, og vi skulle få undersøke saka!
Les meir ...

Flott tur til CERN for 4TAF
11.- 16.02.08.
Publisert 17.03.08.
- Ein fantastisk tur, smilte 4TAF-elevane og Terje Engeset Pettersen etter endt "vinterferie".

Du kan lese meir om denne spennande ekskursjonen på heimesida til lektor Pettersen. Tilrådd på det sterkaste for alle med eit snev av fysikkinteresse!!!

Les meir ...

(Foto: CERN)

Er du genuint interessert i realfag?
Publisert 13.02.08.

Klasserom på drivisen i Polhavet - noko for deg ?!
Som ein del av den norske innsatsen i Polaråret skal
elevar og lærarar i vidaregåande skule og ungdoms-skule få høve til å vere med på forskning frå drivisen i Polhavet, på same måte som Nansen, men med dagens teknologi.
Målgruppa er elevar på 10. trinn i grunn-skulen, VG1 og VG2 i vidaregåande skule, samt lærarar i naturfag, melder Naturfagsenteret.


Er du blant dei som er verkeleg interessert i naturfag, og kanskje har eit ynskje om eit yrke innan realfagsområdet seinare? Då bør du ta ein titt på dette tilbodet. Ein kjempesjanse rett og slett!
Søknadsfrist: 1. mars 2008

Les meir ... (Her finn du all informasjon om prosjektet, og korleis du skal søkje).



Utsikt frå HVS ein februardag 2008
(Foto: Torleiv Austnes)


Med dette ynskjer vi alle ein flott vinterferie!
Nyt dagane - anten du er heime, på jobb eller ute og reiser!

Velkomen tilbake måndag 18.02.08.


Yrkesmessa 2008 er historie - sjå bilete frå dagen!
Oppdatert 11.02.08.
Vi takkar alle som har vore innom HVS i løpet av januar/ februar for besøket. Håper kvar av dykk har hatt nytte av det vi hadde å by på, og så ynskjer vi dykk alle lukke til i prosessen med å velje utdannings-program.

Bilete frå Yrkesmessa 2008 ...
 

Foto:2MK

Les meir om Yrkesmessa 2008 ... (Frå heimesida til Haram kommune, ved Gunnar Standal)

Medium og kommunikasjon - er det noko for deg?
Publisert 11.01.08.

Det er ikkje lett å velje utdanningsprogram når ein er ungdomsskuleelev, det er elevane ved Medium og kommunikasjon her på HVS inneforstått med. Dei har vore der ...

Difor ønskjer dei å presentere linja si; - kva dei gjer på i løpet av ein vanleg skulekvardag, kva for kvalifikasjonar ein bør ha, eller kanskje viktigast, vil prøve å få i løpet av dei åra ein går på MK. Etter at ein har gjennomført 3 år på MK, går du som elev ut med generell studie-kompetanse i tillegg til fordjupinga i mediefaga.


Snurr film:
"Er MK noko for deg?"


Går du i 10. klasse? Kva skal du gjere til neste skuleår?
Eidet Film gir deg eit tips!
Klikk på logoen vår og sjå meir av det vi held på med ved Medium og Kommunikasjon (MK) på Haram vgs.

Visste du at det er planeten vår sitt år i år?
Publisert 05.02.08.

"Planetet Jordens År" er eit felles initiativ frå den internasjonale geologiforeningen og UNESCO’s Earth Science Division. "Planeten Jordens År 2007-2008" markerer og 50-årsjubiléet for det forrige internasjonale geofysiske året (IGY), som også vert omtalt som det tredje polaråret.

Interessert i å vite meir om:
Polaråret 2007 - 2008 eller Planetane Les ulike artiklar på desse linkane!


Skrivekonkurranse for elevar i vidaregåande skule
I høve "Planeten Jorden sitt år", inviterer Norsk Geologisk Forening og GeoPublishing til ein skrivekonkurranse der du som elev får i oppgåve å forfatte eit essay med tema
"Verdien av geologisk kunnskap for ei bærekraftig utvikling av samfunnet".
Invitasjonen gjeld alle elevar i den vidaregåande skulen. Vinnaren av konkurransen med ledsager, får reise og opphald til Longyearbyen på Svalbard, med omvisning og gruvebesøk i regi av Store Norske Spitsbergen Kulkompani, i premie.
Les meir ...

Frist for innsending er sett til 1. juni 2008.



Haram vgs inviterer til Yrkesmesse 2008.
Publisert 18.01.08.
Fredag 25. januar er alle 10. klassingane i ungdomskulane i nærmiljøet vårt velkomne til Haram vidaregåande skule for å få eit innblikk i kva skulen og lokalt næringsliv har å by på.
Messa er open i tidsrommet kl 09:00 - 14:30 denne dagen, og i tillegg til vår eigen aktivitet vil både bedrifter og kommunane vere representerte med informative stand.

Velkomen til Yrkesmesse 2008!

Kompetanseløftet - Aksjon Helsefagarbeidar
10.01.08
Møre og Romsdal fylke ved Helse-og sosialavdelinga og Utdanningsavdelinga, inviterte til konferanse på Aker Stadion, Molde, torsdag 10. januar. Konferansen er eit viktig ledd i Aksjon helsefagarbeidar.
Målgruppa var Vg2-elevar innan Helsefag i Møre og Romsdal, samt rekruttane i kommunane i Møre og Romsdal, og håpet er å rekruttere lærlingar til helsefaget.

Vg2 HF, dvs.elevane og kontaktlærar Ingegjerd Osvik, reiste til Molde med ope sinn, og returnerte med full entusiasme. Ein veldig flott dag, med eit godt innhald frå start til slutt. Verkeleg bra, strålte dei, og var enda sikrare på at dette var vegen å gå.

Les meir om Aksjon Helsefagarbeidar ...

De første fylkesmestrene i helsefag blir kåret i Møre og Romsdal!

Veke 4, 2008.
Utdanningsmessa ”Utdanning og yrke” vert arrangert i Fagerlihallen i Ålesund 21. og 22. januar. På denne messa skal lag fra 6 vidaregåande skular i fylket konkurrere om å bli fylkesmeistarar i helsefag og få representere Møre og Romsdal i NM i Stavanger 14.-16. oktober.
Våre elevar får diverre ikkje delta pga aldersgrensa, men reiser til Fagerlihallen for å oververe siste dagen av fylkesmeistarskapen. Det håper dei kan verte lærerikt.

Skulebiblioteket disponerer no lydbøker!
Publisert 10.01.08.
- Nye lydbøker er kome inn. Ta kontakt med bibliotekaren dersom du har lyst til å låne ei lydbok. Dette er ein fin måte å få med seg flotte bøker på, sjølv når du ikkje heilt har tid til å sitje i ro og lese. Prøv du og!
Meir om Skulebiblioteket ...

HVS ser fram mot ein spennande vår!
Haram vidaregåande skule prøver å halde ein internasjonal fokus trass i tradisjonelle utdanningsprogram, og har gjennom fleire år nytta alternative læringsarenaer i inn- og utland i sine undervisningsopplegg. Denne våren blir ikkje noko unnatak ...

Leonardo da Vinci, fag- og yrkesopplæring i Europa
Publisert 03.01.08.
- Kva som var aller mest spennande med praksisopphaldet i Udine? Å vere ein heilt annan stad, klare oss åleine, bu hos ein hyggeleg italiensk familie, besøke Venezia. Alt!

Uttalen er å lese i Europavegen/08, utgitt av Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU), der det vellukka Leonardo da Vinci-prosjektet til HVS er sett i fokus. Om ikkje lenge reiser ein ny gjeng med elevar frå HVS til Udine i Italia, og etter det er det Haram som får italiensk besøk. Avreisen er sett til veke 5.
Les artikkelen, og få vite meir om både elevopplevingane og sjølve prosjektet... (pdf)
Les meir om prosjektet "Euro Ship"


Stø kollisjonskurs mot CERN
...
Publisert 23.11.07.
- Snart skal milliardar av ørsmå partiklar kollidere på CERN, i verdas største eksperiment, les vi i ein artikkel på Forskning.no. Dette er særs spennande i seg sjølv, så du bør gå inn å lese artikkelen!
Les meir på Forskning.no...

Men for nokre av fysikk-elevane våre er dette meir enn spennande... Det er spennande realitet, for dei planlegg ein ekskursjon til CERN i vinterferien for å sjå på anlegget, og høyre meir om prosjektet som er forventa å ha oppstart i perioden mai til juli neste år.
Les meir ...
Stø kollisjonskurs
på CERN


Bilete viser holet som er laga til ATLAS-detektoren,
100 m under bakkenivå.
(Foto: CERN)

Forskning.no

Les om den spennande turen på heimesida til lektor Pettersen!
Tilrådd for alle som har eit snev av fysikkinteresse!!!

Framtida sine ingeniørar tar turen ut i verda ...
Publisert 03.01.08.
Andre del av Motivasjonskurset sender ein annan elevflokk i veg til England i same periode. Dei 16 elevane frå Haram vgs. og Ulstein vgs. vil tilbringe vinterferien i Stratford og omegn, der nye utfordrande prosjekt ventar dei. I tillegg vil dei få oppleve sosiale og kulturelle sider av den engelske kvardagen.
Les meir om tidlegare kursopphald ...

Privatist våren 2008?
Publisert 10.12.07.

Frå og med våren 2008 blir det innført oppmelding til privatisteksamen via internett i Møre og Romsdal. Vi vil med dette presisere at oppmeldingsfristen er 15. januar. Dei som melder seg etter denne datoen vert ikkje med på eksamen våren 2008.

Nettsida vert opna for påmelding frå 1. januar 2008.

Les meir om dette, og anna informasjon knytt til eksamen i vidaregåande skule ...


Skal du søkje plass i vgs 2008/2009?
Korrigert 07.01.08.
Frå fylket har vi fått denne meldinga:
Viktig melding til alle som skal søkje om plass i den vidaregåande skolen 2008/2009:

www.vigo.no vil vere klar for søking frå og med onsdag 9. januar 2008. Då vil og landslinjer og landsdekkjande linjer vere klare for søking, melder Utdanningsavdelinga.
Lukke til med ditt val!



Velkomen til VIGO – sida for deg
som søkjer vidaregåande
opplæring i skule eller bedrift, fagskuleutdanning eller vaksenopplæring.


Julen 2007

Vi ynskjer dykk alle ei riktig
God Jul og eit God Nyttår!


Haram vidaregåande skule

Velkomen til juleavslutning på HVS!
Torsdag 20.12.07.
På HVS var det dekka til 250 i kantina, fleire enn på lenge - og fullt vart det. Medan husbandet stemningsfullt spela "Jul i skomakergata", fann alle seg plassar, og programleiarane Mariann Otterlei og Jardar Brun Teigen frå 2ST ønska alle hjarteleg velkomne.

Les meir ...

Frisbee-turnering før jul
Måndag 17.12.07.
Frisbeear suste kring i gymsalen i fleire veker før jul - for foran ei turnering må ein trene! Og det fine med frisbee-spel, er at dette er noko som får dei aller fleste ut på banen. Så vart det nok også venta litt fart og moro under denne turneringa ...
- Still lag, ver heiagjeng og gje alt før vi tar juleferie!, var oppmodinga til alle basisgruppene ved skulen.

Les meir og sjå bilete frå turneringa...

HVS Frisbee-vinnaranen 2007


Adventstid - ei tid for førebuing, hygge og ro ...


Advent (av lat. adventus, 'kome'), og er kirkeåret sin oppstart. Advent omfattar i den lutherske og den romersk-katolske kyrkje dei fire vekene før jul, og er ei førebuingstid.

I mange land markerer befolkninga adventstida med adventskalendarar, og kalla julekalendarar, og adventsstaker med fire adventslys. Dette er ein skikk som utviklet seg på 1800- og 1900-tallet, og som vi set stor pris på.
(Kjelde: Store norske leksikon)

Kva skjer ved HVS i adventstida?

Veke 48 - 50 Tentamensrushet er i gong.
Følg med på oppslaga i korridorane. Der finn du oppsett over fag, rom og vaktordningar.

Elles;
- Nissefest for inviterte barnehageborn, både 30.11 og 14.12.,
alt i regi 2BU og 1HS.
- Finale i innebandy-turneringa, onsdag 05.12.07.
- Teaterforestilling, torsdag 06.12.07.
Veke 51
Måndag 17.12.
Tysdag 18.12.
Onsdag 19.12.


Torsdag 20.12.

Juleturnering i Frisbee, i Brattvåghallen (sjå eige oppslag)
Ordinær timeplan
Diverse øvingar etter avtale med arrangementskomiteen, og med faglærar for dei aktuelle timane.

Julegudsteneste i Brattvåg kyrkje, kl. 0900
Juleavslutning i kantina ved HVS, kl 1030
Bussavgong etter kl 1200, for meir presise klokkeslett, sjå eigne oppslag etterkvart som dei kjem opp.
Juleavslutning for personalet, kl 13:00


Nissane i 1HS og 2BU takkar for besøket
Desember 2007

Løa til Peder Sønderland har igjen vore full av nissar og glade barn no i desember. Elevane ved 1HS og 2BU inviterte barn i Brattvåg barnehage BA til nissefest, og i år endte det opp med to koselege nissefestar på løa. Graut vart servert, eventyr fortald og alle følte verkeleg at no sto jula for dør. - Ha ei triveleg førjulstid!, hilser nissefolket på Vg1 og Vg2 Helse- og sosialfag til dykk alle saman.

Sjå bilete frå tidlegare Nissefestar ...
OD-komiteen takkar for innsatsen!
Publisert 17.12.07.
Haram vidaregåande skule er stolte over i år å kunne sende inn det største innsamla beløpet i skulen si historie. Oppslutninga kring OD var stor, melder OD-komiteen, og når rekneskapen vart avslutta, hadde beløpet runda kr 70 000. OD-komiteen takkar alle elevane for den gode støtta gjennom heile prosjektperioden..
Les om Internasjonal Dag ...
Les meir om OD ...

Teaterforestilling for elevar og tilsette ved HVS

06.12.07.

Torsdag 6. desember vil alle elevar og tilsette få gleden av å sjå teaterstykket Lampedusa i Ingebrigt Davik-huset frå kl 13:00. Obligatorisk - møt i god tid!
Undervisninga blir avslutta kl 12:40.
Skulebussane vil stanse på Brattvåg bedehus, kl 14:35, og ta opp elevar der.

Lampedusa
- eit stykke som set fokus på korleis møter vi kvarandre.

Ei sensasjonshungrig talkshow-vertinne møter ei ung, intellektuell muslimsk kvinne som risikerer livet ved å stå fram som lesbisk. Greier dei å snakke med kvarandre? Er ei samtale i det heile mogleg?


Teateret vårt og Riksteateret har i samarbeid sett opp stykket Lampedusa, ei teaterforestilling skrive av Henning Mankell.



Les meir om stykket ...

Årets innebandy-turnering er avslutta!
05.12.07.
Gjennom heile hausten har basisgruppene kjempet mot kvarandre i innebandy-turneringa som har vore arrangert i studietida. For kvar veke har basisgruppe etter basisgruppe blitt slått ut. Finalen gikk onsdag 5. desember mellom elektrikarane i 1EL1 mot dei i 1EL2, altså ein rein elektrikar finale som det gneistra av!
Det seirande laget, og skulemeistarar vart basisgruppe 1EL1. Vi gratulerer!

Markering av to flotte lag måndag 10. desember.
For å markere skulemeistarane i innebandy og samstundes heidre gutelaget til HVS i volleyball, blir alle spelarane på desse to laga inviterte til kake-kalas i kantina måndag 10.12, kl 11:45. Kroppsøvingslærar Stein Ravnestad og volleyballcoatch Arvid Jenssen er og inviterte.
For dei som ikkje har fått det med seg, kom gutelaget i volleyball på ein hederleg 3. plass i KM for vidaregåande skular tidlegare i haust. Det meiner vi er ein flott prestasjon!

Hospitering i høve Programfag til val ved HVS
Publisert 28.11.07.
Oppdatert med nye bilete 06.12.07.
I veke 45 og 47 har to puljer med ungdomsskuleelevar frå Haram og Sandøy vore innom HVS i høve det nye faget deira, programfag til val. Stort sett var det elevar på vg2-nivå her ved HVS som tok i mot gjestane, presenterte fag ved skulen og var "læremeistarar" i dette opplegget.
Full aktivitet to dagar til ende - vi takkar for innsatsen!


Verkstadarbeid H-2007
Les meir på nettsida til Haram kommune ...
Les kva elevane ved Brattvåg ungdomsskule skriv på heimesida til skulen sin ...


Elevane ved Medium og kommunikasjon her på HVS presenterer:
- Ein smakebit av livet ved HVS
Publisert 28.11.07.
På førehand hadde elevar frå dei ulike 9.klassane sett seg nærare inn i faga som den videregåande skulen har å by på, deretter bestente den enkelte seg for kva han eller ho ville sjå nærmare på. Elevane fordelte seg mellom dei studiespesialiserande faga og yrkesfaga.
Les meir om livet på studiespesialisering ...

Å lære er å tøye grenser ...

- Lovande mediespirer på besøk
Publisert 28.11.07.
Det kom to forskjellige grupper til ST/MK i veke 47, der den eine gruppa hadde valt mediefag som fordjupning i programfag til val på ungdomskulen. Desse elevane fikk meir tid saman med oss på mediefag, og fikk eit innblikk i det vi held på med i mediefaga over 4 skuletimar.

Film fengjar ungdom
Les meir om dette ...

Følg med - fleire artiklar og bilete kjem!

HVS-genserar er in!

Elevane i MK er ikkje i tvil - HVS-genser må dei ha!
(Foto: Kontaklærar Marit Anne Harstad, 1MK)

Ungdomsbedrifta UB Nanaimo har klart det - dei har funne eit produkt som slår an i målgruppa. For fyrste gong på mange, mange år kan HVS-elevane vandre rundt i skulegenserar i diverse knalle fargar. Prosjektet starta opp i fjor, og vart raskt ein suksess. I år er sortementet utvida frå berre hettegenser til joggebukse og ev. genser med rund hals, for dei som vil ha det. Bestillingane har hagla inn, melder bedriftsleiarane, og no er det "HVS-arar" overalt. Kjempetøft!

Datamaskinen, ein viktig reiskap i undervisninga ...
26.11.07.
- På alle skular er det blitt obligatorisk med ein datamaskin i undervisninga. Datamaskinen er eit godt hjelpemiddel, men kan og vere eit forstyrrande element i undervisninga, skriv Adrian C. Solevåg, HVS-elev på Vg2 MK, i sin artikkel i Haramsnytt 20. november i år. Der set han eit lite skråblikk på PC-bruken ved HVS.

- Kan hende er det ikkje alle som gjer det dei skal i timane?,
spør A.C.Solevåg
Innføringa av obligatorisk berbar PC på Vg1-nivå i vidaregåande skule er eit særs omdiskutert tema både i og utanfor skulemiljøet i Noreg. Kva meiner du?
Les artikkelen ... (pdf-fil)

Fyrste del av Motivasjonskurset er no gjennomført.
Veke 46, 2007.
Frir til framtida sine ingeniørar
Sunnmørsposten 16.11.07.
Slik sto det å lese i Sunnmørsposten 16. november, etter at Sunnmørsposten sin utsendte journalist Synnøve Åsebø hadde tatt pulsen på Motivasjonskurset.

Les artikkelen som sto i avisa... (pdf-fil)
 

Foto:Nils Harald Ånstad

Realfags-jenter vil ta innersvingen på gutane
Haramsnytt 16.11.07.
Haramsnytt hadde ein annan vri på sitt oppslag når dei skreiv om kurset.
Tekst og foto ved journalist Willy Haram, Haramsnytt.
Les artikkelen deira... (pdf-fil)

Motivasjonskurs for ingeniørutdanning - kva er det? (Info-side)

Hugs å få avfallet på rett plass!
Som mange har observert, er det fleire typar avfallsdunkar rundt på skulen, og det ikkje utan grunn.
Ikkje fusk når du kastar ditt avfall, anten det er papir, plast, matrestar, metall eller anna du skal kvitte deg med - det er ein plass for alt!
Hjelp oss å halde HVS ryddig og miljøvennleg.


Volleyball er tøft!
KM i volleyball for vidaregåande skular i Møre og Romsdal.
Torsdag 9. november vart Fylkesmeistarskapen for vidaregåande skular gjennomført i Fagerliahallen. HVS stilte også i år med både eit jente- og eit gutelag, og begge laga gjorde det godt. Best ut kom gutelaget, som endte på ein 3. plass. Vi gratulerer!

UNGweb.no
- ein nettportal for ungdom i Møre og Romsdal


Publisert 19.11.07.

Ny ungdomsportal
Den nye ungdomsportalen for Møre og Romsdal fylke, www.ungweb.no, blei lansert på ungdommen sitt fylkesting onsdag 14. november 2007.
Les referat frå møtet ...

www.ungweb.no
erstattar nettstaden elevportal.mrvgs.no og all informasjon er flytta over til denne nye portalen. Brukarnamn og passord til www.ungweb.no er det samme som det du som elev hadde på elevportal.mrvgs.no.
Bli ein aktiv brukar!
Meir informasjon om innhald, pålogging m.m. ...

Ordnett Pluss
- ordbøker på nett for elevar i Møre og Romsdal

Publisert 19.11.07.

"Ordnett Pluss"
frå kunnskapsforlaget ligg nå ute til nedlasting på www.ungweb.no.
Du finn det under "Min skule"-Programvare.
Brukarnamn og passord er felles for elevane i Møre og Romsdal fylke.
Ny, viktig lenke
Det ligg og ein ny lenke til "Prosjektweb for Nasjonal digital læringsarena" ute. Sjekk opp nettstaden www.ndla.no under "Min skule" - Læringsressurser.

"Ordnett Pluss" skal bli installert på ein klientmaskin (Windows) og ordbøkene skal så lagrast lokalt på kvar enkelt maskin fyrste gongen ein loggar seg på. Ein kan gjere oppslag direkte i tekstbehandlar, nettlesar m.m ved å halde muspeikaren over ordet. Kunnskapsforlaget jobbar og med ein versjon for Linux og Mac.
Meir informasjon vil kome.

Er du 9. klassing i Haram - velkomen til HVS!
Utlagt 05.11.07.

I veke 45 og 47 ønskjer vi elevar frå 9. klasse i Haram kommun velkomne til to hospiteringsdagar ved HVS. Som ein del av "Programfag til val" får ungdomsskule-elevane høve til å prøve ut korleis skulekvardagen på vidaregåande skule kan arte seg. På førehand har ungdommane valdt seg utdanningsprogram, og sett seg inn i kva for retningar ein då kan utdanne seg vidare i. Under besøket på HVS vil dei få meir kjennskap til kva for moglegheiter som finst.


1TP - eit godt val!

Sjå TP-presentasjon frå i fjor.
Produsent: 1MK - 06/07

Elektro er tingen!

Sjå TP-presentasjon frå i fjor.
Produsent: 1MK - 06/07

Fysikk er stilig!

Og du som vel ST eller MK får
mange andre faglege smakebitar...

Vi ønskjer alle saman velkomen til to spennande dagar!

Motivasjonskurs - Utdanning ingeniør?
Utlagt 05.11.07.

"Lokalt næringsliv ynskjer å satse på ungdom. Vi håper at fleire unge skal velje ei utdanning som kvalifiserer til ein jobb i det lokale næringsliv.
- Kan du tenkje deg å vurdere ei teknisk utdanning?"


For niande gong får realfagselevar ved HVS dette spørsmålet, og interessa i år var stor. Dermed vart det større kamp enn vanleg om dei 8 plassane, og elevane skjerpa seg i søknadsprosessen når dei skulle få fram kvifor akkurat dei skulle få vere ein av dei heldige utvalde. Det sette bedriftsrepresentantane stor pris på, og roste dei 8 heldige for særs gode søknader.

I veke 46 startar første del av kurset, med frisk start i gry-otta måndag morgon. Innan dei fire dagane er over, har elevane vore på bedriftsbesøk i Ulsteinvik og i Haram, gjennomført ulike typer prosjekt, vore ein full dag på Høgskulen i Ålesund og nytt livet i skjærgarden på Finnøya. Vi håper dei får eit lærerikt kurs!

Meir om Motivasjonskurs for ingeniørutdanning...
Les "Intense dagar for motiverte elevar" laga av fjorårets deltakarar (-06/07) ...

Besøk på bokbåten Epos
Utlagt 05.11.07.
Bokbåten er Vestlandet sit flytande bibliotek, som dekker kysten frå Hordaland i sør til og med Møre og Romsdal i nord. To gongar i året får kystbarna høve til å besøke Epos. Vi har vore om bord for å sjå kva bokbåten hadde å tilby i år.

Les meir ...

Malingslukt i korridorane?
31.10 - 01.11.07.
Elevane ved Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag og Vg2 Helsearbeidarfag har hatt to travle dagar. Det meiner dei i alle fall sjølve! Og dei har kan hende rett i det, for i løpet av onsdag og torsdag har klasseromma deira fått ei velfortent ansiktsløfting. Medan faglærarane deira har vore på kurs, har elevane arbeidd iherdig for å fornye klasseromma sine. Etterkvart vil nok skulen få to flotte fagrom til. Det ser vi fram til, og roser elevane for innsats og effektivitet.

Illustrasjonsfoto

Leidningskrøll og mannebein ...

Veke 44-45
Som dei fleste på skulen har erfart, har nett-tilgangen på HVS sidan skulestart ikkje vore slik den bør vere. No er arbeidet i gong for å gjere PC-kvardagen mindre frustrerande ...
Fram mot målet, må alle elevar og tilsette tole ein viss grad av hindring i korridorane, enkelte periodar med støy i både tak og veggar, samt ustabil nett-tilgang.
Vi håpar på forståing i prosessen, og at tiltaka skal føre til at det vert enklare å bruke IKT i undervisninga framover.


For tiden eit vanleg syn i korridorane våre.

Operasjon Dagsverk kallar!
Torsdag 25.10.07.

Illustrasjonsfoto for OD 2007
OD 2007 set hovudfokus på kunnskap og utdanning for ei betre framtid for ungdom i Honduras, Nicaragua og Guatemala. Prosjektet jobbar med å skape utdanning gjennom stipend- og låneordningar, og gjennom ungdomsrettar og organisering.
- Meir enn 20 000 ungdommar skal få ei betre framtid som følgje av prosjektet, melder OD sentralt.

Les meir om OD 2007 ...

Kva skjer ved HVS i høve OD 2007? Les meir om program, mm ...
Referat frå Internasjonal dag ...

Miljøfyrtårnsertifikat til Haram Vidaregåande skule
Dato: 04.10.07. Nyhende - publisert 20.11.07.
Torsdag 4. oktober var det høgtideleg markering med overrekking av miljøfyrtårnsertifikat på HVS. Varaordførar Torleiv Rogne hadde i oppgåve å overrekkje sertifikatet til rektor Jøstein Taftø og skulen, som er stolte over å kunne tilfredsstille dei krav som ligg til grunn for sertifiseringa
Les meir ...

Høgtideleg markering
i kantina på HVS
Les artikkel på nettsida til Haram kommune ...

Nyhende på Skulebiblioteket
Oktober 2007
Biblioteket har no fått inn mange nye bøker. Dette er ungdomsbøker som vi håper mange av elevane vil like.
Ta ein titt i vinduskarmen når du går forbi - eller stikk innom. Velkomen skal du vere!
Les meir om Skulebiblioteket ...


Helsesøster er tilbake på HVS.
Oppdatert 01.11.07.
Haram vidaregåande skule er glad for å kunne melde at helsesøstertilbodet er tilbake på plass ved skulen.
Treffetida er som tidlegare torsdagar, kl 11 - 13.
Til no har helsesøster delt kontor med rådgjevar, men skulen har etter ønske lage til ny treffstad på rom 141.
Helsesøster helsar velkomen!

Vi er lei for det ...
Heimesida vår har vore ute av drift sidan starten av september grunna tekniske tilhøve. Vi er no omsider på nett igjen, og oppdateringar vil sakte, men sikkert kome på plass. (01.11.07 - Vevstyrar)

Studietur til York og London for 3IBD.
Publisert 09.01.08.

Veke 39, 2007
3IBD har igjen fått høve til å ta turen over til England, nærare bestemt York. Med seg hadde dei eit par lærarar, som begge no etterkvart kan reknast som kjende i området. Sjølve turen er finansiert av det lokale næringslivet, og det faglege opplegget er utarbeidd mykje i samarbeid med Universitetet i York.
Ein særs flott tur, fagleg som sosialt, meiner både elevar og lærarar.

Les meir ...


Informasjonsmøte for føresette til Vg1-elevar
Publisert 05.09.07.
Haram vidaregåande skule inviterer til informasjonsmøte torsdag 6. september for alle foreldre/føresette til elevar på Vg1-nivå. Møtet startar opp i skulen sitt auditorium kl 18:30.

Etter plenumsmøtet vert det lagt opp til klassemøte innan kvart utdanningsprogram, der ein får meir spesifikk informasjon om utdanningstilbod og undervisningsopplegg frå kontaktlærarane. Invitasjon blir sendt ut via elevane.
 

Informasjonsmøte
for Vg1 på HVS
tors.06.09.07,
kl 18:30.

Vel møtt!

Skulevalresultatet 2007
30.08.07.
Høgresiger ved Haram vidaregåande skule
Av dei 253 elevane våre var det 235 som gikk til urnene under skulevalet torsdag 30. august, og Høgre vart den klare valvinnaren i år. På andre plass kom Senterpartiet tett etterfølgd av Sosialistisk Venstreparti.

Sjå resultatet av Skuleval 2007 ved HVS ...

Godt å vite - diverse informasjon
Publisert 28.08.07.
Brukarmedverknad og medråderett 2007/2008
Gjennom lover, regelverk, avtaleverk etc. er elevar og tilsette sikra høg grad av brukarmedverknad og medråderett i skulen.
Ved aktiv bruk av Skuleutvalet, Elevrådet, Tilsettingsutvalet og dei ulike miljøutvala får alle partar i skulesamfunnet høve til å vere med på å skape ein god skule. Noko vi oppmoder alle til
å gjere! Utdrag frå lover, føresegner og reglement er sett opp i dette skrivet (pdf-fil).
Les meir ...

Val og oppneningar hausten 2007
Det er mange verv som skal fyllast i skulesamfunnet. Her finn du eit oversyn over kva for verv det er snakk om og fristar for gjennomføring av dei ulike vala.
Oversyn over val og oppnemningar H-07 ... (pdf-fil)
Utfyllande informasjon utover dette, finn du på desse lenkene:
Lovdata.no
Arbeidstilsynet.no


Skulefotografering
Veke 36 og 40


I veke 36 er det sett opp skulefotografering, med fokus på enkeltbilete. Fellesbilete vert tatt i veke 40. Meir informasjon får du av kontaktlærar!

Rebusløp 2007
28.08.07.
Bli kjend med HVS !
Tysdag 28. august vart det årlege rebusløpet for alle elevar på Vg1 gjennomført. Målet er å gjere dei nye elevane våre kjende med alle spesialrom og funksjonar elles på skulen.
Rebusen pågikk i 5.-6. time denne tysdagen, og vi trur nok at alle Vg1-elevane fikk seg ein utfordrande, men triveleg runde i bygget. Flott innsats av elevane i år og!

Vinnarane vart 1HS - Vi gratulerer!

Offentleggjort 03.09.07.
Ikkje alt var like lett å finne ut av i denne rebusen. Det sto fleire flokker å "klødde seg i håret", spesielt opp i administrasjonskorridoren. Sjølv lærarar var observerte med funderande uttrykk ...
Men nokon løyste rebusen perfekt, og desse fann vi i 1HS, tett etterfulgt av 1TAF. Sjokoladekake er bestilt.

Skuleval 2007
Veke 35 - 2007
Denne veka vil timeplanen til dei fleste bli noko endra grunna førebuing til og gjennomføring av Skuleval 2007. Allereie måndag er vi i gong med paneldebatt før lunsj. Møt opp, skaff deg innblikk i dei ulike partia sine program og gi din stemme under skolevalet torsdag 30.08.

Paneldebatt måndag 27. august!
kl 0815 Oppmøte ID-huset
- Alle elevar frå HVS møter på Ingebrikt Davik-huset direkte
kl 0900 Paneldebatten startar opp
kl 1100 Slutt i ID-huset
- Alle elevar møter opp til basismøte med kontaktlærar kl 1125

Vite meir om Val 2007 i Møre og Romsdal?
Mykje valstoff er samla på: http://www.nrk.no/more_og_romsdal/val_2007/

Skulevalet vert gjennomført torsdag 30. august!
Alle elevane ved skulen får høve til å delta på Skuleval 2007.
Onsdag 29.08., kl 1130:
Elevar i 1TAI og 2TAI får høve til å førehandsstemme.
Torsdag 30.08., kl 1130:
Skulevalet vert gjennomført i formell form. Kontaktlærarane vil informerer nærare om korleis valet vil bli gjennomført. Lukke til!

Web-ansvarleg er lei for at denne informasjonen ikkje kom ut raskt nok på heimesida, men vil prøve å ligge forkant av hendingane på skulen, så godt det lar seg gjere.
Informasjon frå Møre og Romsdal fylke
Skulestart 07/08







Tips og tilrådingar rundt bærbare PC'er for elevar i vidaregåande skule
20.08.07.
"Vi har merket oss et visst informasjonsbehov rundt ordningen med bærbare PC'er i den videregående skolen, og vil her komme med noen råd rundt service- og supportavtaler på disse pc'ene. Det er svært viktig at elevene har en god serviceavtale på sin pc, siden fylket og skolen ikke tilbyr en slik ordning for private pc'er.", melder Utdanningsavdeling, Møre og Romsdal fylke.

Les meir av denne informasjonen !


PC-stipend og læremiddelstipend skoleåret 2007/2008.
Oppdatert 20.08.07.
Elevar på Vg1 vil få utbetalt eit PC-stipend skoleåret 2007/2008. Elevar på Vg2 vil få eit stipend til å kjøpe nødvendige lærebøker. I tillegg får alle Vg2-elevane eit utvida utstyrstipend frå Lånekassen (sjå info lenger ned på sida).

Les meir om PC-stipendet på Møre og Romsdal fylke si heimeside...

Vi gjer merksam på at skulen ikkje har lærebøker til utlån (slik det kan oppfattast ut frå informasjonen på nokre av sidene til Lånekassen). Den enkelte elev kjøper sjølv inn sine lærebøker. Stipendet frå fylket vil bli utbetalt litt ut i skuleåret, truleg i månadskiftet
september-oktober. Nærare informasjon om dette vert gitt på skulen til elevane.

Adm.

PC-råd til elevar som skal ta til på vidaregåande.
Publisert 04.05.07/Oppdatert 26.05.08.
Møre og Romsdal fylke har utarbeidd ei brosjyre som gir konkrete PC-råd til elevar som skal begynne på vidaregåande skule til hausten.
Les meir ...


Velkomen til skulestart måndag 20. august!


- Haram vidaregåande skule -

Elevane møter slik:
kl 09:00 Oppmøte i auditoriet for alle elevar på Vg1 (grunnkurs)
kl 10:30 Oppmøte i auditoriet for elevar på Vg2 og VKII

(3TAF og 4TAF møter kl 08:05 på sine ordinære skuledagar, dvs. på onsdag 22.08. for 3TAF og torsdag 23.08. for 4TAF).


Skulen er elles open, kl 08:00 - 15:30, dersom ein ønskjer meir informasjon.

Høve til å leggje inn førehandssvar ...
29.05.07.
Svar på tilbod om vidaregåande opplæring via Internett.

Fyrst frå 9. juli kan du svare på tilbod om vidaregåande opplæring, men du kan legge inn FØREHANDSSVAR allereie no.
Dette kan du gjere fram til 1. juli.

Meir informasjon ...
Viktige datoar:
09.07 Utsending av svar på 1. gongs inntak.
16.07 Svarfrist for 1. gongs inntak.
06.08 Utsending av svar på 2. gongs inntak.
09.08 Svarfrist for 2. gongs inntak.
20.08. Skolestart

Lånekassen informerer
02.07.07.

På heimesida til Lånekassen finn du informasjon om kva for rettar, stipendtilbod og låneordningar du som elev har tilgang til når du går på ein vidaregåande skule. Jo tidlegare du søkjer, jo raskare får du stipendet/lånet dit, så hold deg informert!

Søkje for fyrste gong?
Her er nokre tips til deg som skal søkje stipend og lån for fyrste gong til vidaregåande opplæring.

Nyttige tips ...


Du finn og ein "støttekalkulator", som hjelper deg med å finne ut kva du kan få i støtte (stipend og lån).



Informasjonen er gitt av Lånekassen.
  Utstyrsstipend
Frå hausten 2007 kan alle elevar i Vg2 få stipend til nødvendig utstyr i opplæringa. Dette stipendet er ikkje behovsprøvd.
Les meir ...

Konkurranse - vinn iPod eller mobil

Søkjer du før 15.september, kan du vere med i trekninga av ein iPod eller mobil-telefon.

Meir om konkurransen finn du på www.lanekassen.no/utstyrsstipend.

Glimt frå siste skuledagane i skuleåret 2006/2007
18.-19.06.07.

Lukke til med neste skuleår!, smiler avgangselevane.
Nest siste skuledag stilte elevane opp klassevis, til tevling i volleyball og fotball, slik tradisjonen er blitt ved HVS.
Dagen etter var det avslutningsfest for elevar og tilsette. Festen.vart ei fin avrunding på eit elles innhaldsrikt og hektisk skuleår.

Les meir om turneringa ...
Bilete frå avslutningsfesten ...

3IBD sitt reisebrev frå Madrid
05.-07.06.07.

- Palacio Real -
Kongepalasset i Madrid
Tysdag morgon 5. mai var det reisespent stemning utanfor skulen. Insp. I Jan Magne Helland og dei 12 elevane ved 3IBD lempa bagasje i bilane og virret lystig omkring nokre minutt. Så var alt på plass og gjengen køyrde frå skulen utan å sjå seg tilbake.
Vigra var neste stopp, og målet var storbyen Madrid!

Les om den flotte turen til Madrid ...




Haram vidaregåande skule

gir deg tilbod innan følgjande utdanningsprogram:
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Media og kommunikasjon
Teknikk og industriell produksjon (mekaniske fag) og
Studiespesialisering (allmenne fag).
A presentation of our school
(English version)


Glimt frå tidlegare skuleår:
Det er mykje som skjer gjennom eit skuleår, og noko av det klarer vi å setje litt i fokus på via nettsida vår. Har du lyst, og tid, kan du sjå korleis tidlegare skuleår har arta seg på HVS via desse lenkene. God tur inn i ei minnerik tid.

Oppslag i skuleåret 2008/2009
Oppslag i skuleåret 2007/2008
Oppslag i skuleåret 2006/2007
Oppslag i skuleåret 2005/2006
Oppslag i skuleåret 2004/2005
Oppslag i perioden 2002 - 2004

Ta og ein titt på oppslag under AKTIVITETSDAGAR eller FAGLEGE TUR der utflukter, ekskursjonar etc. er omtala.



Palacio Real, Madrid.
Ekskursjon til Haramsøy.
Sakariasdammen, Tafjord.


Postadresse: Skuleråsa 10, 6270 Brattvåg, Norway.
Telefon: +47-70209600 Telefax: +47-70209601 - E-post: haram.vgs@mrfylke.no
Biletmaterialet er Haram vidaregåande skule og fotografane sin eigedom.
Vevstyrar og ansvarleg for sidene: Hilde Kristin Aasgaarden. Vevrådgjevar: Torleiv Austnes