Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Arkiv
Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (frå H-06)






Elevorganisasjonen
Utdanning .no
vilbli.no
ANSA
- studie i utlandet

Sommarferien er eit faktum!

Onsdag 24.06.09.


Foto: Solveig Goplen
GOD SOMMAR !

Etter eit arbeidsamt skuleår,
er det godt å kjenne på feriekjensla!
Vi har nokon fine veker foran oss,
forhåpentlegvis med sol, varme og mange gode opplevingar og inntrykk. Nyt det og møt med opplada batteri til skulestart onsdag 19. august.

HVS ynskjer
tilsette og elevar
ein energigjevande og god sommar.


Russ 2009 sto for ei enorm innsalingsglede!

Våren 2009


Mangt kan nok bli sagt om ungdommen i dag, men vi som samarbeidar med dei til dagleg vil gje dei ein stor honnør. Vi har mykje å lære av dei unge ...

Først var det Krafttak mot kreft 2009, der årets russekull hadde Haram som sitt innsamlingsområde. Dei var ikkje mange, men innsatsvilja var stor! Dei endte opp med det fantastiske gåvebeløpet kr 95 083,50 og fekk heider for årets beste resultat i Midt-Noreg for innsatsen sin.

Så avslutta dei skuleåret med sal av russeavis, slik vanleg er, og gjorde det igjen - dei gjekk ut med eit overskot på kr 22 750,- , som dei bestemte å gje som gåve til barneavdelinga ved Ålesund sjukehus.

Representantar frå russestyret
overleverte gåvesjekken
til barneavdelinga
ved Ålesund sjukehus

Vi er stolte av årets russekull, og ynskjer dei alle lukke til vidare i livet!

Verdig skuleavslutning for avgangselevane

23.06.09.

Det vart ei verdig avslutningsforestilling i kantina ved HVS dagen før skuleferien. Den tradisjonelle avslutninga markerer at tida i vidaregåande skule er over for avgangselevane våre, og at sommaren no ligg føre for oss alle.

I kantina var det dekka til 250, og konfransierane Andreas og Mathias (1ST) førte gjestane gjennom det to timar lange programmet. Frå scena fekk vi musikalske innslag av høg kvalitet, inne i mellom premiering av vinnarane frå aktivitetsdagen og rektor/kontaktlærarar sin heider av avgangskullet 2009. Elevane, på sin side, kvitterte og gav lystige og kreative tilbakemeldingar og heider til sine lærarar.
Tida gjekk fort, maten smakte og vi alle hadde ei triveleg stund i festsalen. - Takk for ein fantastisk innsats, det går til alle involverte, smilte rektor Helland når han avslutta sommartalen sin, og ferien var der på rett.

Program for dei to siste skuledagane før ferien

Publisert 17.06.09.

Måndag 22. juni - Aktivitetsdag

Kl 0800 Oppmøte i gymsalen (gjeld alle elevar)

Program med kampoppsett står oppslått nede i gymsalen.
Det vert først gjennomført ei volleyballturnering inne i hallen, deretter vert det køyrd fotballturnering ute på kunstgressbana. Lukke til!

Tysdag 23. juni - Skuleavslutning på HVS
Kl 0900 Oppmøte i basisgruppene (gjeld ikkje Vg3 og 4TAF)
Kl 1000 Avslutningsfest i kantina, markering av avgangselevar
Kl 1200 Sommarferien er eit faktum!

Kl 1200-1300 Høve til samtale med faglærarar
- dersom det er noko du som elev lurer på i høve sluttvurdering/standpunktkarakter, er det viktig å få ting klarlagt med faglærar. Dersom du vurderer å klage, må du vere merksam på følgande...





Les gjennom:

- Klage?

Kven har vore i Barcelona?

01.-06.06.09.


Bilete: http://www.metropowershot.com/se/

EB2-elevane våre har avslutta skuleåret - eit skuleår som har gitt dei mange internasjonale opplevingar og god kunnskap for vegen vidare. Kva dei opplevde i Barcelona første veka i juni, får du vite om ikkje lenge :-)
Så sant ikkje eksamenspress og sommarferie stoppar dei då ...


Vg2 BUA tar ut siste ide før sommarferien ...

Juni 2009


Klasserommet til Vg2 BUA er noko annleis enn andre klasserom ved HVS. Ein litt meir fargerik og barnleg touch (ikkje forveksle med barnsleg) pregar rommet. Siste kreative innspel kom rett etter påske;
- Kva med eit veggmåleri?

Litt tvil var det nok å spore i leiinga, men løyve vart gitt, og resultatet vart rett så flott!!!

Les meir ...

Alladin og venane
møter deg på BUA-rommet på HVS

Ein dyktig kollega takkar for seg i arbeidslivet
  - vi ynskjer ho lukke til som pensjonist!
27.05.09.

Onsdag 27. mai vart ein merkeleg dag for alle oss på HVS. Konsulent Grethe Hellandsvik møtte like strålande opp på kontoret denne morgonen, som alltid elles, men dagen var likevel heilt spesiell.
Dette var Grethe Hellandsvik sin siste ordinære arbeidsdag i lag med kollegaene på HVS.

Etter nærare 33 år som trofast og særs dyktig konsulent ved Haram vidaregåande skule, har ho no valt å bruke tida si i lag med sin kjære mann og familien. Vi kjem til å sakne ho, men gler oss med ho, og ynskjer ho lukke til i det frie pensjonisttilværet.

Med helsing kollegaene ved HVS

Konsulent Grethe Hellandsvik
takkar av etter 33 års teneste
ved Haram vidaregåande skule.

"Tour de Haramsøy" - ein vellukka tur!

11. - 13.05.09.

Måndag 11. mai trilla det inn syklar i alle variantar foran hovudinngangen til HVS. Sportykledd ungdom trippa litt urolege framføre skulen, men småpraten gjekk lystig.
Dagen var kome for årets tverrfaglege ekskursjon i naturfag og kropssøving for 1ST!

Les meir ...

Støane på Flem er ein flott lokalitet
for fjærestudiet til 1ST.

Fantastisk ekskursjon til CERN, 4TAF 2009

04.-08.05.09.


Måndag 4. mai reiste ein glad og humørfylt gjeng frå Vigra til Paris via Gardermoen. Vel framme i Paris vandra dei den lange vegen frå hotellet ned til Seinen, passerte Concorde-plassen og Invalide-domen og var framme ved Eiffeltårnet tidleg på kvelden. Dette var starten på ei minnerik veke for 4TAF!

Les meir ...

4TAI i Paris!

EB2-elevar besøker Ekornes
Publisert 28.05.09.
I mars dro heile EB2-klassen innover til Sykkylven og Ekornes for å lære meir om innovasjon, produkt-utvikling og internasjonalisering. J. E. Ekornes AS i Sykkylven er ei av produksjonsbedriftene i Ekornes-konsernet, og produserer i dag Stressless® stoler og Stressless® sofa, og elevane hadde store forventningar...
Les meir ...


GRATULERER MED DAGEN !

17. mai 2009


"Noreg sin grunnlovsdag, 17. mai, vert feira til minne om den norske grunnlova som vart vedtatt av Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.

Tradisjonen med feiring av 17. mai som nasjonaldag kan ein trekkje heilt tilbake til 1836, då Stortinget for fyrste gong feira 17.mai-fest. Men det er Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnson som i dag vert rekna som grunnleggjarane av den 17. mai-feiringa vi kjenner i dag, med brei folkeleg oppslutning."


Vi ynskjer alle ei flott feiring av nasjonaldagen!


17. mai


(Kjelde: Store norske leksikon)

Kantina minner om russefrukost torsdag 14. mai, kl 0730 - 0800 i kantina på HVS. Alle skulen sine russ er velkomne!


1ST klargjer til "Tour de Haramsøy" ...
11. - 13.05.09.
Vert det eit like stort "krafttak" i år som tidlegare, å gjennomføre den tverrfaglege turen til Haramsøya og Flem?
Faglærarane er dei same, og programmet er relativt uendra ... Men elevflokken er ung og ny!

Planarbeidet er no over - vi ønskjer dei god tur!

- Haramsøya -
Arkivfoto frå 2005

Det nærmar seg eksamenstid
- hald deg oppdatert om det som skjer i tida ...

Publisert 06.05.09.

Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) er ansvarleg for nettstaden hvorhenderdet.no. Her finn du temaartiklar, bloggartiklar og nettmøte som kan vere nyttige i eksamensførebuingane.

Viktige eksamensrelevante tema er bl.a.:

- Obama og presidentvalet i USA,
- ny president i Russland,
- krigen i Afghanistan,
- finanskrisa,
- krigen i Gaza,
- konflikten mellom Russland og Georgia,
- sjørøveri og piratverksemd

Nettstaden gir eit nyttig og verdifullt supplement til lærebøkene i samfunnsfag, melder NUPI, og ber alle eksamenskandidatar vere oppmerksame på informasjonen ein kan finne på denne nettstaden.

Vi ynskjer 4TAF god tur til Paris og CERN!
Publisert 04.05.09.

Elevane i 4TAF nærmar seg no slutten på det 4-årige opphaldet på HVS. Dette håper og trur vi har blitt fire særs innhaldsrike år for dei, på mange plan og område. Gjengen har sjølve vore både arbeidssame og initiativrike, og slikt blir det mykje kunnskap, erfaringar og mange opplevingar ut av.

No er dei reiseklare igjen, i lag med kontaktlærar og fysikar Arne Vågnes. Forutan hovudmålet, som er besøk i CERN (Sveits), står ulike opplevingar i Paris på programmet, også dei med utgangpunkt i fysikk. Spennande!

Stemningsbilete frå Paris

Eiffeltårnet
og skyskrapere på Quai de Grenelle

(Kjelde: Wikipedia)

4TAF-elev kåra til "Apprentice Trainee of the Year"

Publisert 04.05.09.

Vi ved HVS er stolte av å kunne melde at avgangselev Sverre Ulstein Fjørtoft har blitt tildelt prisen som beste lærling i Rolls-Royce plc.

Sverre Ulstein Fjørtoft er i dag elev på siste året innan TAF (Tekniske- allmenne fag) og lærling ved Rolls Royce Marine AS, Deck Machinery - Brattvåg.

HVS gratulerer prisvinnaren med fortent heder!

Klikk på diplomen for større storleik!

Våren - dei lokale ekskursjonar si tid!

Publisert 03.05.09.

Med våren følgjer tentamenspress, etterfølgd av eksamensnerver. Livets realitetar vert lista opp, og elevane slitt mellom våryr glede og stadig aukande lesebehov. Ikkje alltid den lettaste kombinasjonen å finne ein fornuftig balanse i!
Men ein ting lettar på det følte presset - ekskursjonar! Det er alltid kjekt å kome seg ut og få sjå og oppleve noko nytt. Det er elevar og lærarar samde om.

1HS besøker NAV og Hjelpemiddelsentralen
Torsdag 23.04.09.

Torsdag 23. april var 1HS på ekskursjon til Ålesund, nærare bestemt Åse og NAV-Hjelpemiddelsentral.

- Her fekk vi informasjon om korleis ein slik formidlings-sentral for hjelpemiddel fungerer. Vi fekk også omvising og innblikk i mange ulike hjelpemiddel og korleis dei skal brukast, fortel elevane etter turen.
- Vi takkar for ei god mottaking og ein interessant dag!

mvh 1HS, Edvin Nupen og Mona Larsen


NAV Hjelpemiddelsentral
Møre og Romsdal


Besøksadresse:
Åsehaugen 1,
6017 Ålesund



3MK til "Den norske dokumentarfilmfestivalen"
23. - 24.04.09
3MK reiste til Volda for å oververe nokre av programinnslaga under festivalen. Elevane hadde også i år inne bidrag til kategori Superdok, og hadde eit sterkt ynskje om å få reise dit samla. Målet var å få innblikk i eit miljø med fokus på media, sjå nærare på Volda som studieplass, og sjølvsagt, vere med på ein spennande festival. De reiste, og fekk ein flott og opplevingsrik tur!

Bidraget deira gjekk ikkje like langt opp som i fjor (linken er verd ein titt!), men dei var godt nøgde likevel.

Sjå meir om festivalen på
www.dokfilm.no

1TP på bedriftsbesøk på Harøya
Tysdag 28.04.09.
Tirsdag 28. april vitja 1TIP fire verksemder på Harøy og Finnøy. I regi av opplæringskontoret i Sandøy fekk oss omvisning i bedriftene Finnøy Gear & Propeller, Nils Hansen Mek Verksted, IP Huse og ved Erling Myklebust Mek Verksted.

Les meir ...

1TP ved Finnøy Gear & Propeller

1HS besøker AMK-sentralen og luftambulansen
Torsdag 30.04.09.
Denne torsdagen vart det ny tur i retning Ålesund,
med stopp på Åse. No var det AMK-sentralen og luftambulanse-tilbodet der Vg1-elevane ved Helse- og sosial skulle gjere seg betre kjend med. Det såg dei fram til!

AMK Sunnmøre er ein del av Anestesiavdelinga ved sjukehuset i Ålesund. Dette er ein alarm-sentral som betjener det viktige nødnummeret 113; samt viktige koordineringsfunksjoner for ambulanse, luftambulanse og flyambulanse.

Meir info. får du på sidene deira i linkane til høgre her.

Basketballturnering i studietida

Oppstart onsdag 22.04.09.

Det blir for tida arrangert turnering i basketball onsdagar i studietida ved HVS.
Kvar basisgruppe/klasse har hatt høve til å melde på lag, og ein gjennomfører no to kampar kvar onsdag, med kampstart kl 11.30 og neste kl. 12:05.
Kampoppsett finn du som oppslag i korridorane på skulen.

Første kampdag var onsdag 22. april, så no begynner det å hardne i turneringa!
Lukke til med ein aktiv skulekvardag!

- Baskettballturnering pågår -

Kultursekken presenterer:

Circle - Colaborations

Kjem til Brattvåg 16.04.08.

Den fleirkulturelle hiphop/streetdancegruppa Circle
har laga prosjektet Colaborations som vil turnere i Kultursekken, Møre og Romsdal.
Spelestaden her lokalt vert Ingebrikt David-huset, torsdag 16. april. Forestillinga varer i 40 minutt.

Link til nettstaden Kultursekken, og Circle-presentasjonen ...

- Circle -

Har du ekstrajobb og trenger skattekort?

Publisert første gong 16.02.09.

Alle lønnsmottakere må levere skattekort.
Mangler arbeidsgiver skattekortet ditt er han pliktig til
å trekke 50 prosent skatt av lønnen din.

Derfor - bestill skattekort nå!

Bruk SMS eller internett, da får du skattekortet raskere tilsendt.

Les korleis du gjer det ...



GOD PÅSKE

Foto: www.helenorge.no

Med dette ynskjer vi alle elevar og tilsette ein riktig fin påskeferie!


Utplassering ved Vest-Norges Brüsselkontor (VNB)

08. - 11. mars 2009
Søndag 8. mars sette fire spente ungdommar frå Haram vidaregåande skule seg på flyet frå Vigra til Gardermoen. Dei fire var 3ST-elevane Kristoffer Engeseth, Jardar Bruun Teigen, Vegard Nerås Krogsæter og Amina Mercic.

Grunnen til at vi var spente, var at vi skulle vere «prøvekaninar» for eit nytt utplasseringsprosjekt i
faget EB2, og målet var Vest-Norge sitt Brüsselkontor.
Eit prosjekt som viste seg å fungere svært godt!

Les meir ...

HVS-elevar blir fort reisevante ...

Ekskursjonar med kortare reiseavstand ...

Trondheim 1

Konkurransefokus ved Marintekn. Senter.
Den endelege testen skjedde under konkurransen ved NTNU, Marinteknisk senter i Trondheim 13. mars 2009.

Trondheim 2

Trondheim, med NTNU i forgrunnen,
og Nidarosdomen og bispegården midt
i bilete. Her finn ein kultur, historie,
utdanning og storbyliv side om side.

Gøteborg

Götaplatsen, med statuen Poseidon og utsyn over Göteborg si paradegate Kungsportsavenyn, truleg Göteborg
sitt mest kjende skue.
12.-13.03.09.
Elevane i ToF-gruppa hadde ein flott tur til Trondheim. Hurtigruteturen opp var ei oppleving i seg sjølv, NTNU hadde mykje å by på og alle treivst godt under konkurransen ved Marinteknisk Senter. Det vart ingen seier, men læringsutbyttet vart stort.

Gode lenker:
- Havromsteknologi
- Biletkavalkade, konkurransen

Informativ brosjyre:

- Den unge skipsdesignaren
25.-27.03.09.
Trondheim viste seg å vere det ideelle reisemålet for Vg3 Påbygging. Først pga økonomi (...), men etter-
kvart som elevane fekk tak
i opplysningar om kva byen har å by på, vart programmet for dei tre ekskursjonsdagane deira meir enn stappfullt!

I løpet av tre dagar har gjengen besøkt tre ulike studietilbod, vore på omvisning på Vitenskaps-museet og i Nidarosdomen, gått byen på kryss og tvers (med kart!) og vore på kino... Inne i mellom var det sett av tid til mat og litt prat. "Strålende!" i følge elevar og kontaktlærar Ski.
23.-26.03.09.
Gøteborg var reisemålet til elevane ved Vg2 PIN siste veka i mars. Målet var hovudkontoret til bilprodusenten Volvo, samt storbylivet ...
Og så fekk dei unge sunnmøringane verkeleg nytte tog ...
For første gong?

Det vil dei ikkje røpe, men elevane ved Vg2 PIN seier seg godt nøgd med turen sin. - Ein vellukka tur, fagleg og sosialt!

Arbeidsutveksling Haram - Udine


Euro Ship, eit prosjekt i Leonardo Da Vinci-programmet,
som omfattar eit samarbeid mellom Haram vidaregåande skule og Istituto Tecnico Industriale "Arturo Malignani" om utveksling av lærlingar.


Veke 9-10, 2009

Reisefeber på HVS
Heile 3TAF skal av garde til Nord-Italia, på arbeidsutvekling i høve Prosjektet EuroShip, der lærlingar frå Noreg og Italia vert utveksla. I heile to veker skal TAF-elevane få oppleve korleis det italienske utdanningssystemet er for utdanning knytt til ulike typar arbeid innan italiensk industriverksemder.

Les meir ...

Rike på opplevingar

Veke 12-13, 2009

Italienske elevar på arbeid i Haram
Etter ei lita veke er det italienarane sin tur til å prøve ut korleis deter å vere lærling i Noreg.

- Noreg er veldig annleis enn Italia, men vi likar landet, fortel to fornøgde utvekslingselevar til Haramsnytt. Begge er busett hos ein vertsfamilie på Hildre, og arbeidar ved Nogva Motorfabrikk, dei to vekene opphaldet varer. Dei andre ti italienske lærlingane er spredt på ulike bedrifter i Haram og omegn.

Les meir frå artikkelen i Haramsnytt...

Velkomen til skidag for alle ved HVS!
17.03.09.
Tysdag 17. mars står bussane klare til avreise kl.0830. Sjekk info-oppslaga, og møt opp i god tid før!

Reisemålet er Arena Overøye i Stordalen, og vi håper alle som er med, både elevar og lærarar, kler seg godt og nyter norsk natur og snøen sine mange moglegheiter.

- Kos deg, anten du vel langrennskia, slalombakken sine utfordringer, akebakkens overraskingar eller berre slapper av i frisk luft i sol(?)veggen.
Det er oppmodinga frå kroppsøvings-seksjonen.


Ha ein god
og aktiv skidag!


Fagdag på Høgskulen i Ålesund for Bi-1 og Kj-2


Veke 10, 2009.


Tysdag 3. mars reiste biologiklassen til Høgskulen i Ålesund for å delta på deira årlege laboratorieveke. Her besøkte elevane institutt for biologiske fag, som bl.a. tilbyr studium for bioingeniørfag, marinbiologi og mat-teknologi.

Studentane ville gjerne vise fram noko av det dei driv med (diverse foredrag), og elevane våre fikk delta gjennom ulike øvingar, som identifisering av bakterier, studere ulike celletyper og teste Rhesustypen i blod. Her fikk biologiklassen verkeleg sette kunnskap og teori over i praksis!
Sjå bilete frå dagen ...
Les artikkelen som sto i Haramsnytt ...

Fredag 6. mars var det kjemi-elevane sin tur.
Også dei fikk ein spennande dag på lab'en. Eit vellukka opplegg, meldte både faglærarar og elevar tilbake.

Biologielev frå HVS
i djup konsentrasjon på laboratoriet
på høgskulen.


Les meir om:
Laboratorieveka 2009

FANTASTISK - TAKK FOR HJELPA!

Publisert 10.03.09.


Russ-2009 ved HVS har tatt aksjon Krafttak mot kreft
på alvor og gjort ein storinnsats for å klare å dekke heile Haram under innsamlinga i veke 10, og gjevargleda i Haram har vore stor.

Det var med stor forundring, og ikkje minst glede (!) vi såg talet i opptellinga steig til over kr 95 000,-

Vi er stolte av resultatet, og av den fantastiske russe-gjengen som står bak dette beløpet. Gratulerer!

Adm. HVS

Diplom for flott innsats!


Tusen takk
for alle pengegåver!


Med helsing
Russ-2009 og
Kreftforeningen

Konkurranse om beste design av ein skipsmodell
Publisert 13.02.09.

Det nærmar seg! 13. mars 2009 vert det igjen arrangert konkurranse ved Marinteknisk Senter i Trondheim om beste designa skipsmodell.
Prosjektet er knytt til det spennande faget Teknologi og forskningslære, og elevar frå HVS er med!

Det vert konkurrert i to klassar:
- Ungdomsskular, med undervisning i teknologi lagt inn i naturfaget
- Vidaregåande skular, som gir undervisning i faget "Teknologi og forskningslære", og som gjennomfører elevprosjektet "Den unge skipsdesignaren"

Elevgruppa med faget "Teknologi og forskningslære" har budd seg bra til årets konkurranse, fortel faglærar Torleiv Austnes. Med god støtte frå STX Europe og NHO har han lagt til rette for ein fin gjennomføring av årets prosjekt, og gjort klart for ein studietur til Trondheim i kombinasjon med konkurransen.

Vellykka vinterferie for engasjerte elevar og lærarar!
Publisert 05.03.09.

Realistane hadde interessante dagar i England ...
Veke 9, 2009.
Denne veka er det vinterferie for skuleelevane i Møre og Romsdal.
For dei fleste betyr dette skigåing eller lange rolege dagar i regnveret, men for nokre av elevane ved Haram vidaregåande skule vert vinterferien brukt til noko heilt anna – dei er på tur til England for å lære meir om ingeniørfaget.
Les meir ...

Motivasjonskursdeltakarane
samla utanfor Warwick Castle

- og i Bergen, Paris og CERN!
Veke 9, 2009.
Realistane våre på Vg3ST hadde ei oppleving av dei sjeldnare knytt til vinterferien sin.
- Vi har fått med oss alt!, sprudla slitne realister etter heimkomsten, og fortalde om studiestaden Bergen, om fantastiske Paris, om lyntog (hugs sunnmøringar har ikkje tog ...) og størst av alt - omvisninga på forskningsstaden CERN. Dette tar det tid å fordøye!


CERN

Fleire er framleis på reise ...

Veke 9 og 10, 2009.


Korleis det går med alle involverte elevar og lærarar som er i Italia, får du og vite ganske snart.
Følg med på nettsida vår!


No ligg artikkelen frå Italia ute:
Arbeidsutveksling Haram Udine, våren 2009

Udine, Italia

VIP ved HVS i veke 10
Publisert 05.03.09.

VIP = Veiledning og informasjon om psykiske problem hos ungdom


"Elevane har ulike haldningar til psykiske lidingar,
men ofte blir dette sett på som noko mystisk og skremmande.
Dei veit ikkje alltid kor alminneleg det er å slite med psykiske problem,
dei kan feiltolke situasjonar og dei kjenner ikkje igjen symptom verken hos
seg sjølv eller hos medelevar.

Det er denne "uvitenheten" vi ynskjer å gjere noko med.”


Det årlege VIP-prosjektet vert gjennomført i veke 10 ved HVS. Skulen har sett av måndag 2. mars, kl. 08:05 – 12:10, til prosjektet. I tillegg blir det utlagt ein dobbelttime per klasse, der klassen får møte fagpersonar og samtale om ulike tema som klassen har valgt å ta opp.

Les meir om VIP-prosjektet på fjorårslinken.
Opplegget er det same i år, men med andre datoar og tidspunkt.


Ta vel i mot russen - støtt "Krafttak mot kreft"

Nypublisert 03.03.09.


"Krafttak mot kreft" er ein landsomfattande bøsseaksjon for kreftsaken.
Aksjonen vert gjennomført kvart år i veke 10 - også her i Haram. Det vil russen ved HVS sørge for. Frå onsdag 4. mars og ut veka vil russen vere rundt på dørene til dei fleste husstandane i Haram. Ta vel i mot dei, og støtt kreftsaka du og!

KRAFTTAK MOT KREFT

Tema 2009:
Forskning med fokus på eldre med kreft

I dag er seks av ti kreftpasienter over 65 år. Likevel er kreftbehandlingen utviklet for yngre mennesker. Pengene som samles inn til Krafttak mot kreft 2009, skal gå til forskning med fokus på eldre med kreft.

Les meir om: Aksjon Krafttak mot kreft

Vg1 Elektro på nytt bedriftsbesøk!
Publisert 18.02.09.

Elevane ved Vg1 Elektrofag har vore ute på nytt bedriftsbesøk. Denne gongen var det Brattvåg Elektro AS i Brattvåg som sto for tur.
Brattvåg Elektro AS er ein totalleverandør innan elektro- og svakstraumstenester, og har mykje kunnskap å by på. Det vart dermed enda ein fagsterk dag for gutane på Vg1 EL.

Les meir ...


Skal du søkje plass i vidaregåande skule 2009/2010?
Publiser 09.01.09.


- Haram vidaregåande skule -

Viktig melding om søknadsfristar
til alle som skal søkje om plass i den vidaregåande skulen for skuleåret 2009/2010.

Det er lagt til rette for søking via internett, med søknadsfrist:
1. februar - Søknad om spesialundervisning
- ved behov for særskilt tilrettelegging, for avvikande lærekontrakt og opplæringskontrakt.

1. mars - Søknad om skole- og læreplass
- ordinært inntak til vidaregåande skule og læreplass i bedrift.

Registrer søknad på www.vigo.no . Her finn du søknadsskjemaet som skal brukast til søking både til vidaregåande opplæring i skule og i bedrift (lærefag).


Velkomen til VIGO – sida for deg
som søkjer
vidaregåande
opplæring i skule eller bedrift,
fagskuleutdanning
eller vaksenopplæring.

HVS gir deg tilbod innan utdanningsprogramma:
Publisert 20.01.09.

Elektrofag
Vg1 Elektrofag
Vg2 Elenergi

Helse- og sosialfag
Vg1 Helse- og sosialfag
Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
Vg2 Helsearbeidarfag

Teknikk og industriell produksjon
Vg1 Teknikk og industriell produksjon
Vg2 Produksjons- og industriteknikk

Studieførebuande utd.program:
Studiespesialisering
Påbygging for generell studiekompetanse
Medium og kommunikasjon
Tekniske og allmenne fag (TAF-TIP og TAF-EL)


Bruk nettet før du søkjer!
På internett finn du god hjelp både når du skal søkje deg inn i vidaregåande skule, eller skal starte ei utdanning på høgskule eller universitet.

Bruk www.vilbli.no når du skal finne informasjon om dei vidaregåande opplæringstilboda,
eller www.samordnaopptak.no for søknad til høgskule/universitet.

Skuletilbodet i Møre og Romsdal fylke
Publisert 09.01.09.

Hald deg informert!
Hefte med alle skoletilboda i Møre og Romsdal fylke er levert ut til elevar, og ligg tilgjengeleg på nettet:
- Snart tid for å søkje ...
- Heftet "Vidaregåande opplæring ... 2009-2010" (pdf/just. utg.)


Meir informasjon om vidaregåande opplæring og søking finn du på nettstaden www.vilbli.no

Lukke til med ditt val!

Fredag 13. januar:
Teateret Vårt inviterer til ny, interessant forestilling!
Publisert 18.01.09.
"- Hva gjør Abulkasem i et svensk teaterstykke fra 1700-tallet, hvorfor blir han et språkikon i blant ungdom i Norge i 2008, og hva har det å gjøre med en siklende pakistaner på sjekker’n?
- Kan det ha en sammenheng med at Arvind er lei av navnet sitt, eller skyldes det rett og slett at Yosef er en liten, kristen libaneso med skogsbart?"

Spørsmåla i Jonas Hassen Khemiris stykke, Invasjon, er mange og viktige, med jakten på Abulkasem som eit sentralt tema. Kva er han? Kvar er han? Kven er han? Og ikkje minst – kvifor er vi så redde for han?



Ingebrigt Davik-huset,
fredag 13. januar,
kl. 19:30.
Velkomen!
Kanskje veit du svaret etter å ha sett stykket - ha ein fin teaterkveld!

Les meir om teaterstykket ...
STX Europe i Søvik får besøk

Publisert 04.02.09.

Alle Vg1-elevane i gruppene 1EL1 og 1EL2 er i dag, onsdag 4. februar, på bedriftbesøk i Søvika, hos STX Europe, avd. Søviknes.
Der ligg eit nytt, fantastisk skip klart for prøvetur, og både elevane og lærargruppa såg fram til å få innblikk i den elektroniske verda som er gøymd i skroget.
Les meir ...

Flott innsats i NM i volleyball - MVGS 2009
Publisert 26.01.09.

Landsfinale i volleyball for vidaregåande skular vart arrangert i Steinkjer 23-25. januar.
Stod Volley var teknisk arrangør. Dei siste seks åra har det vore Førde som har arrangert denne mesterskapen, men i år hadde stafettpinnen altså gått vidare til Stod Volley.

Heile 58 lag var klare for NM denne helga, og HVS var representert ved gutelaget sitt. Dei gjorde ein heiderleg innsats, og kjempa seg vegen fram til kvartfinalane på søndag. Vi er verkeleg stolte av 6. plassen deira!
Meir kjem - inntil da kan du sjekke linkane under :-)

Linkar:
Videosnuttar frå meiserskapen - Haram er med!
Resultatlister


Klasse G - Gutter

Resultatliste

1. WANG Toppidrett
2. Sunnfjord FHS
3. Øystese gymnas
4. Grenland FHS
5. Indre Troms VGS avd Sjøvegan
6. Haram vgs
7. Volda VGS
8. Sortland vgs
9. Åmli VGS
10. St Svithun vgs
11. Skedsmo vgs
12. Grong VGS
13. Rælingen vgs
14. Drammen vgs
15. Inderøy VGS
16. Rjukan vgs
17. Byåsen vgs


Kantina ved HVS set god standard!
Publisert 09.01.09.

Kantina er skulen sitt sosiale senter.

Den er open i skuletida, og her får elevane føde for både kropp og sjel! I stor grad er det elevane som påverkar menyen. Varm mat blir servert 3 - 4 gonger pr veke, god heimelaga kost, tilpassa elevane sin smak. Ekstratilbod som pizzahorn, bollar, heimebaka skuleboller eller skuffekake er heller ikkje å forakte, meiner elevane. Det går unna når Gunn overraskar med noko ekstra i disken. Og micro’n kan gjøre mykje med ei elles standard nistepakke... Her er det med andre ord plass til alle - og alle sine matbehov.
Les meir ...


- Gunn Furnes -

Haram vgs ynskjer velkomen til Yrkesmessa 2009!

Publisert 04.01.09.



Torsdag 22. januar
er alle 10. klassingane ved dei ulike ungdomskulane i nærmiljøet vårt velkomne til HVS for å få eit innblikk i kva skulen og lokalt næringsliv har å by på, i tidsrommet kl 09:30 - 14:30.

Alle interesserte er velkomne!
Messa er open for alle i tidsrommet kl 16:30 - 20:00 denne dagen, og i tillegg til vår eigen aktivitet vil både ulike bedrifter og kommunane vere representerte med informative stand.

Til Italia for språk- og kulturforståing
Publisert 09.01.09.


- Spanande! Vi kjem nok til å søkje om å få bli med på utveksling til Italia,
smiler Rolf Espen Furnes, Thomas Farstad (begge 2MK),
Andreas Holsvik, Guro Ekroll Nyland og Steven Kjøllesdal (tre siste frå 1ST)
.

"Ved Haram vidaregåande skule er det stadig nye spanande prosjekt på gang. Denne gangen er blikket retta mot Italia, språket og kulturen.
Ei elevgruppe på 12, frå studiespesialisering- og media og kommunikasjons-linja, er så heldig å få lov til å reise på eit 14-dagars opphald til Udine, ein by nordaust i Italia, mellom Adriaterhavet og Alpane
", skriv Haramsnytt i ein informativ artikkel om prosjektet.

Les artikkelen ... ( Haramsnytt 09.01.09. Tekst og foto: Evy Skarvøy Lien)


Bedriftsbesøk for Vg1 Elektro
Publisert 18.01.09.
Elevane ved Vg1 Elektro besøkte før jul bedriftene Spilka Industrier og Laader Berg på Emblem. Føremålet med besøket var å få sjå automatiserte styringssystemer for industrimaskiner og roboter som vart brukt i reell produksjonen, samstundes som ein ville gje elevane betre kunnskap om desse bedriftene.

Les meir ...

- Vg1 Elektro -

Privatist våren 2009 ?
Publisert 15.12.08.

PrivatistWeb er nettstaden for deg som vil melde deg opp som privatist. Der finn du informasjon om det meste du måtte lure på; - generell informasjon, rettleiing, diverse lenker og sjølvsagt den nettbaserte søknad til eksamen. Lukke til!

Hugs søknadsfristen 15. januar 2009 !

Hospitering i høve Utdanningsval
Oppdatert 02.01.09.

I veke 45 og 46 var ungdomsskuleelevar frå Haram og Sandøy innom HVS i høve det nye faget deira, Utdanningsval.


Dei av elevane som besøkte utdannings-programmet Medium og kommunikasjon, fikk to fulle dagar i lag med MK-elevane våre, og var produktive. På denne linken ser du noko av arbeidet som vart gjort desse dagane. Blant anna mykje fin informasjon om HVS og tilbodet vårt, så ta deg tid til å kike innom dei enkelte artiklane. God lesing!
Les meir ...


Haram vidaregåande skule
ynskjer elevar, tilsette og samarbeidspartnarar
ei riktig God Jul og eit godt Nytt år!


Skulestart etter nyttår er måndag 5. januar, ordinær timeplan.

Vellukka juleavslutning på HVS.
Fredag 19.12.08.
Tradisjonen tro inviterte Haram vidaregåande skule elevar og tilsette til:

- Julegudsteneste i Brattvåg kyrkje, kl. 0900.
- Juleavslutning i kantina på HVS, kl. 1030.

I kantina var det pynta til jul og dekka til sosialt samvære, med program ved elevar og lærarar, og servering av julegraut (mandlar dukka det og opp undervegs).
Elevane i 2ST hadde stått på og sett saman eit hyggeleg og fint balansert juleprogram, til glede for ein stappfull sal. Vi takkar programleiarane, dei dyktige aktørane på scena - og på kjøkenet, og ønskjer både dei og publikum ein fin juleferie.


Elevane likte «Et rom for kjærlighet»
08.12.08.

Teateranmeldar Judit Toth Sylthe har uttalt;
- Når jeg går i teater, konsert, kunstutstilling, kino eller hvilket som helst form for kunstopplevelse, ønsker jeg å bli forført. Med forførelse mener jeg ikke den negativt ladete, hodeløse tilstanden som assosieres med kjærlighet, men en fascinasjon, en henført innlevelse og et engasjement som inspirerer til videre refleksjon og ettertanke.

"Et rom for kjærlighet"
av Malin Lagerlöf

Regi Carl Morten Amundsen
Scenografi Martin Linde

Teaterforestillinga «Et rom for kjærlighet» var ei slik forføring, meinte ho. Etter å ha vore på ID-huset 8. desember og sett stykket, er det nok fleire ved HVS som støttar ho i det.

Les om forestillinga ...


Nissefest og julestemning i regi Vg2 BUA!
Publisert 05.12.08.

Fredag 28. november var det ikkje lenger tvil - det vert jul i år og! For langs vegen på Leite såg ein stadig flokkar av små, raude nissehuer som nikka og svirra seg framover i sakte fart. Det var smånissar på veg til Nissefest i løa på Kvithaugen.

Og der var alt gjort klart, grauten sto dampande og venta i lag med julemenn og mandariner. I mjølkespanna glitra ekte, raud nissesaft ... Kringom i løa kika spente nissefjes fram bakom vedstablar og reiskap.

Les meir og sjå bilete ...


- Velkomen til oss, strålte nissemor
og alle dei andre nissane på
Vg1 og Vg2 HS.
- Vi har venta og gledd oss sånn ...

Engelskundervisning utanom det vanlege
Publisert 04.12.08.

Torsdag 20.11. tok to sprudlande damer over engelskundervisninga i programfaget Internasjonal engelsk ved HVS. Damene var ikkje "kven som helst", men to professorar fra Universitet i York, Dr. Beck Sinar og Dr. Lalita Murty. Dei fengja sitt publikum!

Haram vgs. har samarbeidd med Dr. Beck Sinar og Dr. Lalita Murty under ekskursjonen EB-elevane hadde til York tidlegare i haust, så vi sette stor pris på å ta i mot dei i Brattvåg!
Under besøket fekk dei og besøke STX Europe sitt verft i Søvik, og vart vist rundt på Rolls Royce Marine i Brattvåg. I tillegg fekk dei med seg norsk vinterver og elles litt av kva Ålesund kunne by på.

Engasjerte elevar!

Haramsnytt var med i timane:

Fargerike professorar
frå York på besøk

Haramsnytt 02.12.08.
Tekst og foto: Evy Skarvøy Lien

Motivasjonskurs 2008/09 - til inspirasjon!
Publisert 04.12.08.

Veke 47, 2008.

- Vellukka gjennomføring av fyrste del av "Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2008/09".
Ja, annaleis kan ein ikkje tolke deg nøgde smila til dei 8 utvalde elevane våre, når dei dukka opp igjen på skulen etter 4 dagar på kurs.

Motivasjonskurset er eit klyngesamarbeid mellom STX Europe, Rolls Royce Marine og Ulsteinkonsernet. Denne maritime klynga håper kurset skal motivere dei unge til å velje ei teknisk utdanning. Og sjølvsagt håper ein også at elevane skal ta utdanninga si og seinare kome attende til regionen her.
Les meir om Motivasjonskurset ...

Ut på vinteren i dette skuleåret skal dei 16 elevane frå Ulstein vgs. og Haram vgs. til utlandet og gjennomføre andre del av kurset. Der får dei samstundes besøke bedrifter i Stratford-distriktet og oppleve noko av engelsk kultur. Noko dei verkeleg ser fram til!


Motivasjonskurs i den maritime næringa
Foto: Jan Ove Hurlen


Les artikkelen!

Haram vidaregåande skule ynskjer velkomen!
Nasjonal TAF-konferanse torsdag 27. november 2008:


Tekniske og allmenne fag – mot nyare mål
Oppdatert 04.12.08.

Invitasjon
HVS arrangerer torsdag 27. november den nasjonale dagskonferansen for tekniske og allmenne fag (TAF).
Vi ynskjer gjestar frå heile landet velkomne til Ingebrikt Davik-huset i Brattvåg.
Registrering i tidsrommet kl 0900 - 1000.
Les meir ...

Ingebrikt Davik-huset, Brattvåg

TAF ved HVS

Relaterte dokument:
Elektronisk påmelding ...
Program for 27. november 2008
(PDF/Adobe Reader-fil - 19,8 kB)

Informasjon om TAF-konferanse nov 2008 nr 1 (PDF/Adobe Reader-fil - 13,6 kB)


Vi takkar alle våre aktørar og gjestar
Publisert 04.12.08.
Mange aktørar har vore i sving for å skape ein informativ og inspirerande TAF-konferanse her i Brattvåg.
Under konferansen vart det sett fokus på kor viktig det er å utdanne dei unge med breidde i innhaldet, slik at dei står igjen med innsikt og god forståing for det kommande arbeidet innan dagens næringsliv. Det vart og sett på dei utfordringane som er knytt til ei slik utdanning, både innan utdanningssystemet og for næringslivet. Trass ulike utfordringar, TAF har ei så viktig vinkling at alle partar vil arbeide intenst for å oppretthalde både tilbod og kvalitet!

Klipp frå lokalavisene:
Industrien trenger problemløsere (Smp.28.11.08.)
Ettertraktet arbeidskraft (Haramsnytt 02.12.08.)
Verdifull TAF-utdanning (Haramsnytt 02.12.08.)


Semje om kor viktig
TAF verkeleg er!

(Foto: johan.behrentz@smp.no)

Det nærmer seg 1. søndag i advent ...
Publisert 25.11.08.

Elevane ved Vg2BU og Vg1HS har igjen invitert barna i Brattvåg barnehage BA til nissefest i løa han's Peder.

Kan hende har nissemor allereie begynt å kike ut for å sjå om det kjem besøk i år og ...
- Ha ei triveleg førjulstid!, hilser nissefolket på Vg1 og Vg2 Helse- og sosialfag til dykk alle saman.

Sjå glimt frå tidlegare nissefestar og kom i julestemning!

KM i volleyball for vidaregåande skular

Publisert 20.11.08

Torsdag 20. november vart den årlege Fylkesmeistar-skapen i volleyball for vidaregåande skuler i Møre og Romsdal arrangert i Fagerlihallen.

Haram vidaregåande skule stilte med eit gutelag og eit jentelag. Med seg hadde dei lærarane Stein Ravnestad og Arvid Jenssen.

Vi ønska dei lukke til, og heim kom dei med ein 2. plass til gutelaget og ein 3. plass til jentelaget. Vi gratulerer!!!

Illustrasjonsfoto


" Hvor hender det? "


Foto: FN


- Har kvinnelege soldatar ein annan tilnærming til bruk av våpen enn mannlege?
- Kva betyr dei store elvesystema
Ganges og Brahmaputra
for Bangladesh?

Publisert 21.11.08.

Nettstaden "Hvor hender det?" består av ei rekkje tilbod til elevar, lærarar, studentar og folk som er interesserte i internasjonale spørsmål. Over ser du døme på to spørsmål som blir belyst på denne nettstaden.
- Bruk sida flittig, og hald deg informert! Det er den samstemde meldinga frå lærarar i ulike fag.

Hospitering i høve Utdanningsval er gjennomført!
Publisert 14.11.08.

I veke 45 og 46 har ungdomsskuleelevar frå Haram og Sandøy vore innom HVS i høve det nye faget deira, Utdanningsval (tidlegare "Programfag til val").

I to skuledagar har ungdomsskuleelevane fått følgje eit opplegg fullt av ulike aktivitetar innan det utdannings-programmet dei sjølve har valt. Elevane våre på vg2-nivå har stått for gjennomføringa; - tatt i mot gjestane, presentert faga sine ved HVS og inkludert dei i opplæringsprosessen. Med andre ord, her har det vore full aktivitet fire dagar til endes fordelt på to veker - Vi takkar alle for innsatsen, og håper ungdomsskuleelevane hadde nokon inspirerande og lærerike dagar, og at vi ser dei igjen hos oss om eit par år!
Les heile artikkelen ...

Målretta arbeid ved Medium og kommunikasjon
Elevane som besøkte utdanningsprogrammet Medium og kommunikasjon, fikk to fulle dagar i lag med MK-elevane våre, og var produktive. Her ser du noko av arbeidet som vart gjort desse dagane. Det kan forresten ta litt tid å laste opp filene, men dei er artige, så ta deg tid til å vente på dei!

1. Informasjon - artiklar (pdf-filer)
Elektro Gneistrande entusiasme

Klare mål Ein smak av fysikk
Helse og sosial TIP er topp! Tekniske prøvelser Kjemi

2. Tema reklame (pdf-filer)

Biltema

Bryllusplaner ?
INMA

Hausten - ei stormfull tid ...
- og allereie eit tilbakelagt stadium - ja, faktisk. Fart har det og vore i skule-kvardagen elles, frå oppstarten i august og fram til no i november!
Fleire elevgrupper har vore ute og reist, både i innland og utland. Andre er i full gong med planlegginga av sine kommande ekskursjonar, t.d. fysikk-elevane som skal til Cern seinare i skuleåret.


Publisert 14.11.08.

Flott ekskursjon i fjellet for 2BI i haust
16. - 18.09.08.

2BI gjennomførte ein gnistrande flott hausttur til Tafjordfjella i september. Med base på Kaldhussetra, og med gymlærar Ravnestad som aktiv kjendmann i området, vart det tre uforglemmelege dagar for 2BI-gjengen.

Les meir ... (Oppdatert 02.01.09.)

Ekte grillkveld i fjellet!

York vart ein suksess i år og!
Veke 40, 2008.

Medan biologielevane nyt godene i heimlege trakter, har EB2-elevane våre vore i utlandet, nærare bestemt York i England. Med seg hadde dei to lærarar, ein røynd i opplegget og ein nykommar.

Turen er finansiert av det lokale næringslivet, og det faglege opplegget er utarbeidd i samarbeid med Universitetet i York. Dette er ein særs flott tur, fagleg som sosialt, som vi er stolt av å kunne tilby elevane våre.

Meir om turen kjem ...

Universitetet i York

Les om tidlegare turar:
York 2005
York 2006
York 2007


Ikkje alle treng å reise for å få variasjon ...

Alle elevar på våre yrkesfaglegelinjer, har ulike avbrekk frå vanleg klasseromsundervisning. For elevane ved Vg3 MK, Vg2 EL, Vg2 HEA og Vg2 BUA gjev utplasseringsdagen i prosjekt til fordjuping (PTF) ein spennande og lærerik vri på skuleveka. Men det stoppar ikkje kreativiteten i det daglege:


Leirplass for framtidige uteaktivitetar
16.10.08.

Elevane på Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag har tatt spaden(e) i eiga hand ... Dei førebur resten av skuleåret sine ulike uteaktivitetar, og er i gong med å bygge sin eigen gapahuk.

I fjor laga elevane på Vg2 PIN ei hengjande bålpanne på bestilling frå desse, og no skal leirplassen kome i orden.
Vi ynskjer jentene lukke til i arbeidsprosessen!
Les meir ... (Oppdatert 02.01.09.)

Jentene på Vg2 BUA er klare, og fulle av arbeidslyst!

1TAF i full sving i verkstadene på HVS
Veke 41, 2008

Dette er like fast som jul og påske. I haustferien er elevane på Vg1 Tekniske Allmenne fag (TAF) samla for å gjennomføre eit 5-dagars grunnopplæringskurs i sveising og maskinering.

Heile veka er lagt til HVS, med 3 dagar på sveis, resten i maskinverkstaden. Det er med andre ord ikkje alle som er ute i haustferie denne veka. Det legg inga dempar på innsatsen!


Nokon har haustferien
sin på HVS ...

ABEL konkurranse 6. november 2008
Publisert 28.10.08.
Niels Henrik Abels matematikkonkurranse er en konkurranse i matematisk problemløsning for elever i den videregående skolen.

I dag består konkurransen av to uttagningsrunder og en finale, og første runde går landet over torsdag 6. november.
Ta utfordringen og bli med. Informasjon får du av matematikk-læraren din.

Les meir på nettstaden deira ...
(Du finn og informasjon og øvingsoppgåver på matematikksidene i www.lokus.no)

Internasjonal dag og Operasjon Dagsverk
30. - 31.10.08.
Elevrådet, med OD-komiteen i spissen, arrangerer Internasjonal dag torsdag 31.10., med eit innhaldsrikt program for dagen med foredrag, film og elevaktivitetar.

Startskotet går allereie onsdag, då HVS får besøk av Shilpi Khatun frå Bangladesh. Ho vil fortelje om livet sitt, korleis tilhøva er i landet ho kjem frå, og kvifor årets OD-kampanje vil hjelpe mange. Dette besøket ser vi fram til!

Fredag er alle elevane våre ute i arbeid for OD. Vi ber alle ta godt i mot dei på dei ulike arbeidsplassane.

Takk for hjelpa!


Årets kampanje !
Årets Operasjon Dagsverk vil hovedsakelig gå til Strømmestiftelsens prosjekt Shonglap.

Vi minner om skulefotograferinga!
Oppdatert 14.10.08.

Skulefotograferinga, som skulle gjennomførast i veke 39, er nå rett om hjørnet; - onsdag 15. og torsdag 16.oktober skjer det!

Møt opp som deg sjølv, og følg tidspunkta for fotografering som er gitt for klassane. Du finn dette på eigne oppslag i korridorane på skulen.


Hugs fristen for Motivasjonskurs 08/09 !
Publisert 13.10.08.
Motivasjonskurs for ingeniørutdanning
- eit samarbeidsprosjekt mellom det lokale næringslivet i Ulstein og Haram, retta mot VKI-elevar med realfag.

Så går du i 2ST eller i 2TAF og har valt realfag med FY1 i fagkrinsen din, har du høve til å vere med! Dette er eit unikt tilbod vi er stolte av å kunne tilby realfagselevane våre - hugs fristen fredag 17.oktober!

Les meir om Motivasjonskurset!
Operasjon Dagsverk vert avvikla 31.oktober 2008

Publisert 29.09.08.
Haram vidaregåande skule er påmeldt årets Operasjon Dagsverk, og OD-dagen vert avvikla fredag 31.10 ved vår skule.
Torsdag 30.10. vert det elevstyrt Internasjonal Dag.

Komité er valt:
Steffen Rogne Johansen (2ST), Thomas Helland (3TAF), Annette Gribbestad (1HS), Håvard Sundnes (2ST) og Erik Bjørkhaug (2TAF).
Einar Nes og Magnhild Fjørtoft vert med frå lærarane.

Årets kampanje !
Årets Operasjon Dagsverk vil hovedsakelig gå til Strømmestiftelsens prosjekt Shonglap.

Relaterte linkar:
http://www.nordsor-biblioteket.no


Nytt elevrådsmøte, onsdag 17. september - møt opp!


Publisert 15.09.08.

Onsdag 17. september er det igjen elevrådsmøte, denne gong med hovudfokus på val av elevrådsstyre for 08/09. Alle tillitselevar med vara møter.

Stad : Auditoriet
Tid : I studietida, kl 11:25 - 13:00

Vel møtt!

- Referat frå møtet 17.09.08.

Utdanningsplanlegging - kva for krav finst der ute?

09.09.08.

Å planleggje framtida si er ikkje enkelt. Det gjer det ikkje betre, at det heller ikkje er enkelt å orientere seg om kva for reglar og ordningar som finst i høve høgare utdanning. I løpet av eit skuleår får vi alltid spørsmål frå elevar og foreldre om kva som krevst for å starte på ulike studium, kva som ev. gjev ekstra poeng o.s.b. Dette er opplysningar som endrar seg noko frå år til år, så det er ikkje alltid like enkelt å svare korrekt på ståande fot.


Her er nokre linkar til hjelp i orienteringsarbeidet:
I)
Forskrift om opptak til høyere utdanning fra opptak til studieåret 2009-2010 (Rundskriv F-08-07)

Med hjemmel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler §§ 3-6, 3-7 og 4-9, har Kunnskaps-departementet 31. januar 2007 fastsatt ny forskrift om opptak til høyere utdanning (opptaksforskriften). Opptaksforskriften skal gjelde fra og med opptak til studieåret 2009-2010.

Les Rundskriv F-08-07, og tilhøyrande vedlegg

Tips:
Klikk på "Lenke til vedlegg 1" !

- Spesielle opptakskrav
finn du under kap.4

- Tilleggspoeng
finn du under kap.7.8 og utover

II)
www.vilbli.no er nettstaden for deg som søkjer vidaregåande opplæring i Noreg. Her får du vite kva vidaregåande opplæring er, og kva alternativ du har når du skal velje vidaregåande opplæring, samt nyttig informasjon om høgare utdanning og yrke.


Hald deg oppdatert
vilbli.no !

Elevrådsmøte, onsdag 10. september - møt opp!
Publisert 09.09.08.
Onsdag 10. september blir det fyrste elevrådet dette skuleåret avholdt. Alle tillitselevar og vara- møter.

Stad : Auditoriet
Tid : I studietida, kl 11:25 - 13:00

Vi får besøk av elevombod i fylket, Monica Molvær. Diverse orientering vil bli gitt, samt førebuing til valg av styre. Vel møtt!

(Elevombodet kan du lese meir om på ungweb.no. Men du må logge deg på ... )

Teaterkveld for utvalde klasser på ID-huset
09.09.08.

Alle elevar med invitasjon og billett møter på Ingebrikt Davik-huset til teater-framsyninga av Sigurd Slembe, som startar kl 19:30. Møt i god tid.

Eigen buss er oppsett frå Skodje sentrum, ved Prix kl 1830.
Den køyrer om Vatneeidet (kl 1840), Grytestranda, Søvik (ved Hydro kl 1850) og Skjelten (kl 1910) til Brattvåg, og plukker opp elevar. Retur etter same rute seinare på kvelden når teaterstykket er ferdig, avgang ca. kl 2200. Ha en fin kulturkveld!

Sigurd Slembe
"Teatret Vårt presenterer Bjørnsons gjennombrudd-stykke for første gang i Norge siden 1960. Trilogien Sigurd Slembe kom ut et par uker etter at Bjørnstjerne Bjørnson fylte tredve år i 1862. Med ett var han Norges største dikter. Ingen hadde før ham maktet å skrive et så rikt og gjennomarbeidet skuespill på norsk. Hans fire år eldre kollega, Henrik Ibsen, hyllet ham i sin anmeldelse, og skrev året etter Kongsemnerne tydelig påvirket av Sigurd Slembe."

Les meir på heimesida til Teateret vårt ...


Valborg Frøysnes og Svein Solenes
i teaterstykket Sigurd Slembe
(Foto: Arild Moen)

Fjelldag på sparket!
09.09.08.
Erfaring gjer klok - og vår erfaring er at veret kan ingen råde med ... Så i år kom beskjeden kjapt, og tildels overraskande på dei fleste. - Fjelldagen er rett om hjørnet, allereie i morgon tysdag 9. september skal alle få seg ein god tur i dei flotte nærområda våre! meldte kroppsøvingsseksjonen måndag.


Hildrehesten
med Hestevatnet i forgrunn
Og tysdag var skulen stille og oppe i fjellskrenten kunne ein skimte ein straum av menneske i sig mot Hestevatnet og etterkvart mot toppmålet Hildrehesten.

Flott innsats
Kroppsøvingsseksjonen melder om godt oppmøte på toppen av Hildrehesten.
- Ein stor del av elevflokken tok turen heilt opp, etter grillpausa nede ved Hestevatnet. Blide og positive ungdommar. Blir dei og litt betre til å rydde opp etter seg, kan vi ikkje klage på ungdommen vår.

HVS inviterer til foreldremøte for Vg1


Publisert 01.09.08.

Foreldre/føresette som har elev ved eit av utdannings-programma på Vg1 er hjarteleg velkomne til foreldremøte torsdag 4. september, kl. 18:30.
Program:
1) Fellesinformasjon i auditoriet
2) Kvart utdanningsprogram informerer til sine grupper på tilvist klasserom

Eigen invitasjon er sendt ut med elevane før helga.


Velkomen til informasjonsmøte
på HVS!

Meir informasjon om elevkvardagen finn du under "Kva skjer" i venstre navigasjon. Meir generell informasjon finn du under "Diverse informasjon" litt høgare opp i venstrenavigasjonen.
Informasjon til heimane
om skulehelsetenesta ved Haram vgs.

Publisert 01.09.08.

Skulehelsetneste er eit frivillig tilbod til alle elevane ved skulen.
Kvar mandag frå kl. 9:30 – 13:00 er helsesøster å treffe på rom 142 på skulen. Då kan elevar ta kontakt om dei har spørsmål, eller det er noko dei ønskjer å snakke om.
Dei treng ikkje bestille time på førehand.
Vi minner om at helsesøster har teieplikt. Helsesøster kan og formidle kontakt/henvise til andre instansar.

I løpet av hausten vil alle elevar som går første året (Vg1) få eit skjema som dei kan fylle ut, med spørsmål omkring eiga helse. Om foreldre har spørsmål til dette kan dei ta kontakt på
tlf. 70 20 75 00 eller mob 48 13 19 64.

Skulehelsetenesta består av helsesøster Ellen Åslid Gaustad og skulelege Ole Johan Høyberg

Velkommen til HVS!
Publisert 13.08.08.

Haram vidaregåande skule skal vere ein skule som er til stades i tida og som førebur for framtida. Slik kan skulen vere ein dynamisk og framtidsretta arbeidsplass for elevar og tilsette.

HVS ønskjer å gje eit godt tilbod til alle i vårt nærområde, og tilbyr i dag eit breitt utdanningstilbod. Vi veit at tilbodet ved skulen må samsvare med ungdommane sine ønske og med behovet i samfunn og næringsliv. Dette tilseier utvikling og endring, små som store, noko som skulen skal kunne både møte og påverke, med fleksibilitet og tilpassingsevne.
Derfor er endring ein naturleg, kontinuerleg prosses både i forhold til tilbodsstruktur og i fornyingar i forhold til eksisterande tilbod, seier konst.rektor Helland. Det overordna målet for skulen er å gi deg som elev størst mogleg læringsutbytte.

Les heile velkomsthelsinga frå konst.rektor Helland ...

Konstituert rektor
Jan Magne Helland

Onsdag 20. august - elevane møter slik:

kl 09:00 Oppmøte i auditoriet for alle elevar på Vg1
kl 10:30 Oppmøte i auditoriet for elevar på Vg2 og Vg3

Unnatak:
Torsdag 21. august møter 4TAF på rom 128 kl 08:05.

Lærarar/assistentar:
Alle lærarar møter til studiedagar f.o.m. fre.15.08., og følgjer utsendt program dei neste verkedagane. Assistentane møter direkte på kurs mån.18.08. og følgjer programmet på HVS tys.19.08.

Velkommen til eit nytt skuleår!

Utlånsordning - nytt for skuleåret 2008/2009
Publisert 26.06.08.

Vi gjer no klart for neste skuleår, og ser fram til at elevane våre igjen skal skape liv og energi på Haram vidaregåande skule.

Boklistene 2008/2009 er klare og kan lastast ned, men les dette før du går til innkjøp!

VG1-elevar må også i år kjøpe lærebøkene og det utstyret dei treng til å gjennomføre skuleåret, men den utvida stipendordninga frå fylket vil dekke mykje av utgiftene.

Elevar på Vg2 og Vg3 får no låne bøker av skulen, og treng ikkje å kjøpe dei, med mindre dei sjølve ynskjer det.
Alt skrivemateriell ellers må elevane skaffe seg sjølve.
BOKLISTER
for skuleåret
2008/2009




Velkomen til boklån på skulebiblioteket


Stipendordningar for elevar i den vidaregåande skulen

Publisert 26.06.08.
Oppdatert 26.08.08.


Her finn du informasjone om:
Stipendordninga i Møre og Romsdal fylke ...

Utover det, er det Lånekassen som står for ulike tildelingar:
Elevar som
- har fått opptak og takka ja til skuleplass via VIGO
- går på offentleg vidaregåande skule
- har ungdomsrett
kan søkje om stipend og lån på Lånekassen sin nye nettsøknad. Denne finn du på www.vigo.no .

Nettsøknaden gjelder også for Vg1.

Les meir om dette ...

Utstyrsstipend - søk for å få det!
Alle elevar i Vg2 og Vg3 som har ungdomsrett, har rett til utstyrsstipend. Men dei må sende søknad for å få det!
Elevane får 820, 1 850 eller 2 670 kroner – avhengig av utdanningsprogram. Kategoriane er dei same som i 2007/2008.

Elevane i Vg1 får ikkje utstyrsstipend - ikkje før hausten 2009. Men dei kan søkje om læremiddelstipend og andre behovsprøvde stipend og lån som før.
Les meir om Utstyrsstipend hos Lånekassen ...

Generelt om lån og stipend
Frå hausten 2008 kan dei fleste elevar i vanleg vidaregåande opplæring søkje om stipend og lån på nett.
Slik søkjer du om pengar til vidaregåande opplæring ...


Foto: Lånekassen

Eit yrkesbrev - gull verd i yrkeslivet for ingeniørar


NRK-oppslag 08.07.08.


- Fredag 04.07.08. vart det lagt fram tal på nasjonalt plan som viste at heile 60 prosent av leiarane i private og offentlege føretak meiner nyutadanna arbeidskraft er for dårleg budd på arbeidslivet, melder NRK Møre og Romsdal. - I Haram kommune har dei forsøkt å gjere noko med dette, fortel dei vidare.


Haram vidaregåande skule
Les heile oppslaget : Klar for yrkeslivet! (Av ragnhild.osnes.olsen@nrk.no )


Ha ein energigjevande
og god sommar !


Så treffast vi fyrste skuledag,
onsdag 20. august 2008.

Foto: Solveig Goplen




Haram vidaregåande skule

gir deg tilbod innan følgjande utdanningsprogram:
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Media og kommunikasjon
Teknikk og industriell produksjon (mekaniske fag) og
Studiespesialisering (allmenne fag).
A presentation of our school
(English version)


Glimt frå tidlegare skuleår:
Det er mykje som skjer gjennom eit skuleår, og noko av det klarer vi å setje litt i fokus via nettsida vår. Har du lyst, og tid, kan du sjå korleis tidlegare skuleår har arta seg på HVS via desse lenkene. God tur inn i ei minnerik tid.

Oppslag i skuleåret 2008/2009
Oppslag i skuleåret 2007/2008
Oppslag i skuleåret 2006/2007
Oppslag i skuleåret 2005/2006
Oppslag i skuleåret 2004/2005
Oppslag i perioden 2002 - 2004

Ta og ein titt på oppslag under AKTIVITETSDAGAR eller FAGLEGE TUR der utflukter, ekskursjonar etc. er omtala.

Palacio Real, Madrid.
Austnes, Haramsøy.


Postadresse: Skuleråsa 10, 6270 Brattvåg, Norway.
Telefon: +47-70209600 Telefax: +47-70209601 - E-post: haram.vgs@mrfylke.no
Biletmaterialet er Haram vidaregåande skule og fotografane sin eigedom.
Vevstyrar og ansvarleg for sidene: Hilde Kristin Aasgaarden. Vevrådgjevar: Torleiv Austnes