Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Arkiv
Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (frå H-06)






Viktige linkar:

>
> fronter

>> Prøveplan
>>Aktivitetskalender


Velkomen til skuleavslutning 2010

Vi håper alle stiller med stort engasjement og godt humør. Deretter vert det helg, og starten på ein velfortent sommarferie, for elevane våre og dei fleste tilsette.

Vi takkar for skuleåret som har gått, og ønskjer alle elevar og tilsette ein god sommar!

Tors.17.06.. - fre.18.06.2010.

Torsdag 17. juni - Aktivitetsdag
0800 - 1100 Volleyballturnering i Brattvåghallen 
1100 - 1130 Lunsj (kantina held ope) 
1130 - 1430 Fotballturnering på kunstgrasbana
Etter lunsj vert det og arrangert aktivitetsløype, med start ved klubbhuset og løype rundt Synnalandsvatnet.
 
 
Fredag 18. juni - Skuleavslutning 09/10
0830 - 0930 Basisgruppemøte, utdeling av karakterar
I dette tidsrommet vert det samling i basisgrupper på respektive klasserom for dei som ikkje er avgangselevar. Kontaktlærar og elevar møter.
0930 - 1130 Felles avslutning i kantina
Eige program og servering - alle er velkomne!
 





VELKOMEN !




Er du ikkje her fredag 18.juni?

Minner om rutina vår;
- dei av elevane som ikkje vert tilstades på HVS fredag 18.juni, og som likavel skal ha karakterutskrifta si, må levere adressert og frankert konvolutt til kontaktlærar i løpet av torsdag. Så får du karakterutskrifta i posten i løpet av neste veke.

Dersom det ikkje vert levert ein slik konvolutt, vil karakterutskrifta ligge lagra på kontoret til avhenting. Elevane henter då sjølve karakterutskrifta i kontortida i løpet av sommaren.

Kontoret.






JENTEBØLGEN i Ålesund - vi var der!

10.06.10.

For første gong stilte ein kvinneleg kollega-gjeng i samla tropp under JENTEBØLGEN i Ålesund.
Det skapte "liv og røre" i denne delen av kollegiet i fleire veker i forvegen, med planlegging og organisering. Det at ein skulle stille i lag med kollegaer frå andre vidaregåande skular (Sykkylven- og Ørskog vgs.), verka positivt inn på engasjementet. I flokken frå HVS var alle interne yrkesgrupper representerte.
Torsdag 10. juni var ein dag mange såg fram til!

Og arrangementet sto til forventingane - dette vert første, og langt frå siste, gong HVS sine kvinnelege tilsette stiller.

- Vi gler oss til neste vår! , stråler damene på HVS, som vart fotograferte - bare sjå her


Kjelde: www.smp.no

Jentebølgjen i Ålesund

- alt for damene -






Takk til alle våre eksamensvakter


Juni 2010

År etter år skjer det. Pliktoppfyllande, punktlige og med eit lunt humør, stiller dei opp og hjelper oss med å få gjennomført eksamen på best mogleg måte for elevane våre. Med si tolmod og ro skapar dei den rette stemninga i eksamensrommet, og elevane er aldri i tvil om at dei vil få velvilleg hjelp om naudsynt.

Mange tenkjer kan hende ikkje over det, men vi gjer - vi set umåteleg stor pris på våre trufaste medhjelparar.
Tusen takk for innsatsen!
 


Vi retter med dette ein stor takk
til alle eksamensvaktene våre,
og ser fram til å sjå dykk igjen under perioden med munnleg eksamen.



Lektor 2 - ordninga fortset ved HVS !


28.05.10.

Vi er stolte av å meddele at Haram vgs. får delta enda eit år i prosjektet Lektor 2 i regi Naturfag-senteret.

I prosjekt knytt til Lektor 2-ordninga, får skulen inn fagpersonar frå arbeidslivet, som blir direkte involvert i undervisninga innan område der skulen/faglærar ser dette som ei moglegheit til å auke elevane sitt læringsutbytte og interessa deira for faget.

Involverte elevar og faglærarar har gitt gode tilbakemeldingar på opplevingane sine i dei to prosjekta som vart gjennomført skuleåret 2009/2010:
- Oppdriftsanalyse i båtbyggjarprosjektet (ToF) (pdf-artikkel)
- Krefter i vinsjar (FY1) - framføringøkt
- Krefter i vinsjar (FY1) - bedriftsbesøk


Vi ser fram til å ta nye grep inn i neste skuleår.

Heading til eksamenspapir!

Publisert 18.05.10.

Alle ark som skal leverast inn under eksamen, skal ha ein fastsett heading. Her kan du hente opp dokument-malen. Kommer ikke malen opp direkte, skal du høgreklikke og bruke "Lagre som". Så henter du malen fra det lagra dokumentet. Lukke til i det vidare arbeidet!

Heading for Microsoft office - MAL i Word

Heading for OpenOffice - MAL


Oversikt over diverse eksamensdatoar finn du her!



Lukke til !

"Bli kjend med Haram kommune" - prosjektet

Publisert 18.05.10.

Å ha god kjenskap til heimkommunen sin, og ha litt kunnskap om kva for yrke som finst der, er viktig for ungdommen vår. Over ei lengre periode har ei elevgruppe ved HVS fordjupa seg i dette emnet.
Elevane har nytta internett for å finne bakgrunns-informasjon, førebudd intervju og vore ute på besøk for å snakke med arbeidstakarar i ulike yrke, og slik fått høyre meir om kva dei gjer på i kvardagen sin.

Litt tid til å nyte Brattvåg sine sosiale arenaer, har det og vore høve til. Det er mykje kjekt å lære i nærmiljøet!

Les meir ....
- HARAM -



Kommunalteknisk drift
- Bygg og Eigedom -

Hugs å ta miljøhensyn - kvar dag!

Publisert mai 2010


Vi har fleire typar avfallsdunkar rundt på skulen, og oppmodar framleis den enkelte til å kaste rett avfall på rett plass. Vi ser framgang - flott!

Men det er viktig at du er miljømedviten elles og.
Så spis sunt, ver blid, gå eller bruk sykkel når avstandane tilseier det - eller, gå ein ekstra tur medan du ryddar glass og anna tilbake til kantina, og pass på å ikkje skrive ut papir du ikkje treng ...
Hjelp oss å halde HVS ryddig og miljøvennleg!

Meir informasjon:
HVS - sertifisert til Miljøfyrtårn H- 2007
Stiftelsen Miljøfyrtårn
Bransjekrav

GRATULERER MED DAGEN !



17. mai

"Noreg sin grunnlovsdag, 17. mai, vert feira til minne om den norske grunnlova som vart vedtatt av Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.

Tradisjonen med feiring av 17. mai som nasjonaldag kan ein trekkje heilt tilbake til 1836, då Stortinget for
fyrste gong feira 17. mai-fest.
Men det er Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnson som i dag vert rekna som grunnleggjarane av den 17. mai-feiringa vi kjenner i dag, med brei folkeleg oppslutning."


(Kjelde: Store norske leksikon)

Vi ynskjer alle ei flott feiring av nasjonaldagen!

















Vil du vite meir
om nasjonaldagen vår,
sjekk ung.no

Mai - månaden med dei store kontrastane ...

Mai 2010

Russetid
- Ta ansvar for kvarandre! La dette bli eit år kor
ingen russ blir skadd
eller anna uheldig inntreff
pga russetida ...
Nyt våren!
Kos deg med vårstemninga,
med 8.mai,17.mai, pinse...
Men bruk likevel dagane
dine fornuftig!
Eksamen
Den høyrer med til våren,
på godt og ...
Korleis handtere denne tida til beste for deg sjølv og resultata dine?!

Gå inn på ungweb.no - der finn du gode råd/linkar i ei nokså samansett tid for deg :-)

Lektor II - prosjekt i fysikk (FY1) ved HVS

21.04.10.

Siste delprosjekt i Lektor II - Krefter i vinsjar - er inne i den avsluttande fasen. Onsdag 21. april framførte elevane i FY1 sine løysningar på oppdraget dei fekk frå Rolls Royce Marine i Brattvåg tidleg i april.
I salen satt bedriftsrepresentantane Roar Engås, Reidar Andre Skarbøvik, Kenneth Ulla frå Haram Innovasjonsstudio, avd.leiar Hilde K. Aasgaarden og faglærar Terje Pettersen.

Det vart ei interessant økt, der elevane med synleg grad av spenning og stort engasjement, la fram resultata sine og forklarte på framifrå vis korleis dei kom fram til desse. At oppdraget hadde vore krevande, var det ingen tvil om! Men elevane kom i mål, og det med stil.
Flott levert!

Les meir ... (Artikkel av Kenneth Ulla)


Senthuran er ein av elevane
som tar FY1 i år. Han og gruppa
var i full konsentrasjon om oppdraget
då fotografen var innom.


FY1 besøker Rolls Royce Marine i Brattvåg

05.05.10.
Fysikk i praksis inkluderer og bedriftsbesøk.
Som den endelege avslutninga på Lektor II-prosjektet i fysikk gjekk turen ned til Rolls Royce Marine i Brattvåg, der vi fekk ein veldig fin omvisning.

Overraskinga var kransimulatoren!

Les meir ...

Ingrid får prøve seg som kranførar

Informative linkar:
Kunnskapsdepartementet: Nye yrkesgrupper inn i skolen
Naturfagsenteret: Informasjon om Lektor II - ordningen
Lektor 2 si eiga side: www.lektor2.no (informasjon om dei ulike prosjekta som pågår i landet)

Vellukka personaltur til Brüssel

22. - 26.04.10.

Det er ikkje berre elevar som har nytte av godt kjennskap til Brüssel og kva byen/området har å by på. Etter å ha sendt elevar på utplassering til Vest-Noregs Brüsselkontor to år på rad, var tiden nå inne for å vise heile kollegiet meir av staden. Basert på den gode kontakten med Vest-Noregs Brüsselkontor, vart det lagt opp til ein interessant og lærerik tur for alle tilsette ved HVS, der skule, politikk og kultur vart sett i fokus.

Tilbakemeldingane etter turen er gode; - utruleg interessant, melder dei ulike yrkesgruppene blant dei tilsette.


EU-parlamentet
Nokre flotte bilete frå Brüssel

Basketball-turneringa er avslutta!

21 .04.10.

Onsdag 14. april skulle det vore full innsats i gymsalen - men heildagsprøver i framandspråk stoppa finalen.

Men i dag, onsdag 21.april, vart resultatet klart, etter at 2ST slo 1TT-EL 23-21 i finalen. Vi gratulerer vinnarane!

1. plass: 2ST
2. plass: 1TT-EL
3. plass: 2PIN


FINALE 21.04.10.

Er du oppdatert - sjekk opp "Hvor hender det?"

Publisert 15.04.10.

Følg med på det som skjer kring i verda, og foruten å nytte aviser og TV til dette, er nettstaden Hvor hender det? ein fin plass å hente inn impulser frå.
Nettstaden består av ei rekkje tilbod til elevar, lærarar, studentar og folk som er interesserte i internasjonale spørsmål.

Her finn du
- artikkelserien Hvor hender det? med artiklar retta mot allmennheita
- på nettstaden kan du følgje nettmøte med forskere om aktuelle tema
-
og det er laga til UtenriksQuiz, både temaquiz og quiz meir på artikkelnivå. Quiz er nyttig for å teste seg sjølv og sine kunnskaper om internasjonale spørsmål.

Bruk denne sida, og andre gode kunnskapskjelder, aktivt fram mot eksamenstid - og elles sjølvsagt, for din eigen del!


Skulebiblioteket melder om nye bøker!

Publisert 15.04.10.

Våren er ikkje berre finver ... Og er det finver, kan ein jo setje seg i solveggen å lese!
Sånn inne i mellom lekselesinga.

Stikk innom skulebiblioteket og sjå kva for nye go'bitar HVS kan by på på bokfronten, anten du vel sofakroken, senga eller solveggen. Uansett, god bok !

2TAF og 2TP har og vore ute på bedriftsbesøk


13.04.10.


For elevane ved 2TP og 2TAF gjekk turen fyrst til SPILKA i Spjelkavik. På vegen heimover igjen var det Vannskjeresenteret på Stette-industriområde i Haram som sto for tur.

- Målet var å gje elevane eit innblikk i korleis det dei lærer på skulen vert nytta ute i ein faktisk arbeids-situasjon, fortel faglærar Ansgar Hagen, - og eit besøk hos desse to bedriftene var midt i blinken for oss.

Les meir ...

1HS på fagleg ekskursjon til Åse

08.04.10.

Innan utdanningsprogrammet Helse- og sosial lærer elevane blant anna om helsevesenet og dei mangfaldige oppgåvene som ligg knytt til dette i samfunnet. Til no i år har elevane våre vore gjennom mykje teori på skulen, men dei har og vore utplasserte på ulike arbeidsplassar for å observere dagleglivet i ulike helserelaterte yrke.


Torsdag 8.april var det besøk til Luftambulansen og AMK-sentralen på Åse som sto på programmet.
Etter ein lunsj på sjukehuset, bar det vidare til NAV Hjelpemiddelsentral for heile gjengen.

- Alle plassar vart vi tekne særs godt i mot, melder faglærar Edvin Nupen, - og elevane fekk god høve til å setje mykje av teorien i faga sine inn i eit nytt perspektiv i løpet av denne dagen.

1HS takkar Frode Lindseth (ved Luftambulansen) og Asbjørn Enerhaug (ved NAV Hjelpemiddelsentral) for ein interessant og informativ dag!

Ålesund sjukehus
ligg i Ålesund kommune, 9 km aust
for Ålesund sentrum
Kjelde: Helse Sunnmøre



NAV Hjelpemiddelsentral
Besøksadresse:
Åsehaugen 1,
6017 Ålesund

Postadresse:
Postboks 8300 Spjelkavik
6022 Ålesund
Telefon : 70 17 22 00

EB2-elevar i arbeid ved Vest-Noregs Brüsselkontor

15. – 17. mars 2010


Elevane med programfaget EB2 har innlagt ein utplasseringsperiode i programmet sitt for 2. termin. Dei fleste elevane vert utplasserte i bedrifter lokalt i Haram og Ålesund, men nokon får høve til å få meir luft under vingane bokstaveleg tala. Etter søknad vert 4 elevar plukka ut til å representere skulen og får reise til Vest-Noregs Brüsselkontor i Brüssel for å arbeide der i 3 dagar.

Les meir ...

Norway House
Vest-Noregs Brüsselkontor

Basketball-turneringa går inn i siste fase...

Veke 14 - 15, våren 2010


Onsdag 7. april er det tid for semifinalar!
Kl.1130 1TTTIP/EL - 1ST3
Kl.1230 2ST - 2PIN

Onsdag 14. april vert det heile avgjort:
Kl.1130 Bronsefinale
Kl.1205 FINALE

God påske !




Vi takkar våre italienske venar for besøket!

Veke 11 - 12, 2010.


I regi Leonardo-prosjektet Euro Ship III har 12 nye italienske elevar vore utplasserte i to veker ved fleire lokale bedrifter i kommunen. Praktisk arbeid i bedrift er ei ny erfaring for italienarane, for i Italia er fokuset under utdanning sett hovudsakleg på teoridelen. Ikkje rart dei opplever opphaldet i Noreg som spennande!

I dei to vekene opphaldet varer, har våre italienske vener budd i vertsfamiliar kring i Haram kommune. Noko som aukar kjensla av å oppleve det verkelege Noreg. No til påske returnerte den italienske delegasjonen til Italia. Vi ønskjer dei vel heim, og håper dei har hatt to gode veker i lag med oss!


Kjekke gutar utplasserte ved
Nogva Motorfabrikk
Les meir i HN-artikkelen Praksishungrige italienarar ...

Studietur til Trondheim for 3MK og 3PB


Trondheim 17. - 19.03.10.

Avgangsklassane Vg3 Påbygging og Vg3 Medium- og kommunikasjon planla og gjennomførte ein studietur til Trondheim i lag no i mars. Turen var planlagt med buss frå Ålesund til Trondheim, men overraksjande snøfall og uver sette kjepper i hjula for dei, bokstaveleg talt. Kva var då meir naturleg enn å ta sjøvegen ...


- Trondheim -
Les meir om opplevingane deira ...

TUSEN TAKK!

Vi takkar med dette for støtta vi fekk
i høve innsamlingsaksjonen
Krafttak mot kreft

Vi fekk inn kr 60 752,- til Kreftforeningen i år!

Med helsing
Haramsrussen

Basketball-turnering pågår ...

Veke 9 - 15, våren 2010

Sidan oppstarten 3. mars har åtte lag vore i aktivitet i basketball-turneringa til HVS i Brattvåghallen. Kvar onsdag i 5.-6. time har nye lag kasta seg ut i det, i håp om å vinne heidar og ære.

Og nokon ligg framleis godt an - onsdag 7. april går semifinalane, og så vert det klart kven som kjempar i finalen onsdagen etter.
14. april vert det altså avgjort ... Følg med!

Tidlegare MK-elev ved HVS, Birgitte Ringstad, oppmodar oss;

Publisert 22.03.10.

- Støtt ein skule i Guatemala !

"For tida arbeider eg som frivillig ved ein barneskule i småbyen Santa Maria de Jesus i Guatemala. Dette er ein skule for barn som kjem frå svært fattige kår, og som heile tida er avhengig av donasjonar for å kunne fortsetje sitt virke. Derfor har ein voluntor frå Danmark og eg, ein innsamlingsaksjon pågåande for å samle inn pengar til skulen. Hittil har vi kontakta vener og familie gjennom facebook, oppretta ein blogg, og i tillegg hatt ei sak i Haramsnytt.

Håpet er å nå ut til enda fleire!
Er du interessert - les brevet vårt, der finn du all informasjon du treng.

Med venleg helsing, og takk for hjelpa,
Birgitte Ringstad og Kristina Elisabeth Harris "



Vil du hjelpe oss - les meir om oss:
- innsamlingsaksjonen (inkl. fakta om skulen og prosjektet, samt innbetalingsmåter etc)
- aktivitetane på skulen vår på http://jardindeamorguatemala.blogspot.com/


HVS melder om skidag tysdag 16.mars!

Avlyst pga vertilhøva og stengde vegar ...


Publisert 10.03.10.

Vi tek sikte på å gjennomføre skidag tysdag 16. mars. Ørskogfjellet er valt til utfartsplass i år. Skulen betaler transporten. Elevane vel sjølv kva for aktivitet dei vil halde på med denne dagen. Skidagen høyrer til emnet friluftsliv innan faget kroppsøvingog, og er obligatorisk for alle.

Avreise frå HVS ca. kl 0900
- møt opp minst ein halv time før! Det er mykje utstyr som skal leggast på plass før vi kan køyre.

Vi planlegg retur frå Ørskogfjellet kl 1330. Alle vil dermed nå skulebussane heim frå Brattvåg. God tur!


Kos deg i snøen!
Les informasjonskrivet ...

Lektor II - prosjekt i full drift
- Vi ønskjer båtdesignarane frå HVS lukke til!

Publisert 10.03.10.

Fredag 12. mars er elevane våre med faget Teknologi og forskningslære deltakarar i konkurransen Unge skipsdesignarar ved Marinteknisk Senter ved NTNU i Trondheim. Før denne tar til skal elevane få med seg både NTNU-besøk og anna fagleg påfyll. Vi håper dei får ein flott tur til Trondheim!

Faglærar Torleiv Austnes har gjennomført prosjektet fleire gongar før, men har i år utvida prosjektet for elevgruppa si. Båtbyggjar-prosjektet er no kopla opp mot LEKTOR II i regi Naturfagsenteret

Dette har ført til eit nærare samarbeid med lokalt næringsliv også i dette prosjektet ved HVS. Torleiv Austnes og elevane har samarbeid med Geir Seth, STX Europe, frå planarbeid fram til praktisering. Eit svært fagleg og gjevande samarbeid har med andre ord pågått i lengre tid.

Tysdag 2. mars var det utprøving av båtane i bassenget i Brattvåghallen, og Haramsnytt sin utsendte fulgte opplegget.

Les artikkelen ...


Faglærar Torleiv Austnes og TAF-elev Mattias i konsentrert monteringsarbeid.


LABORATORIEVEKA 2010

09.03.10.

Høgskolen i Ålesund inviterte også i år elevar frå den vidaregåande skulen til spennande laboratoriedagar
ved Institutt for biologiske fag. Totalt kom det 350 elevar frå heile fylket til høgskulen for å gjennomføre avanserte laboratorieøvingar i veke 10. Blant dei var HVS sine biologielevar.


Sjå nokre bilete frå lab'-dagen!


Les invitasjonen frå HiAls
Sjå bilete frå Campus og Ålesund


- Flott opplegg også i år
,
melder biologi-gjengen.

Nok eit vellykka opphald i Udine, Italia.

Veke 7-8, våren 2010

Leonardo-prosjektet vårt, og samarbeidet Haram vidaregåande skule har med Istituto Tecnico Industriale "Arturo Malignani" om utveksling av lærlingar, fortset.

I to veker har 8 elevar frå 3TAF vore i Italia.
Alle dei reisande, elevar og lærarar, er no trygt tilbake. Elevane har vore utplasserte i italienske bedrifter, og har der hatt høve til å arbeide, observere italiensk bedriftskultur, og i tillegg opplevd korleis ein italiensk familie har det i Nord-Italia.

Les meir frå turen...

3TAF og H. Garshol fotograferte i Venezia.

Foto: Ivar Roald

- og nok ei vellukka gjennomføring i England,
der Motivasjonskurset 2009-2010 vart avslutta.


15. - 20.03.10.

Igjen fekk vi tilbakemelding om at dette tilbodet er eit strålande tilbod til realfagsinteresserte elevar, og kvaliteten på opplegget held seg, år etter år.
Kva gjorde dei eigentleg på i denne andre delen av Motivasjonskurset 2009-2010, som vart gjennomført veka før vinterferien?

Marte frå Vg2TT1 ved Ulstein vgs. har skrive følgjande etter opphaldet:
- Les artikkelen ...


Motivasjonskursdeltakarane 2009-2010
Elevar frå Ulstein vgs. ogHaram vgs.
og reiseleiarane deira.

Støtt Krafttak mot kreft, du og!

Det gjer Russ 2010 ved HVS, og russ ved mange andre skular i heile Noreg. Dei stiller som frivillige bøsseberarar for kreftsaken. Ta godt i mot dei når dei kjem på besøk i veke 10.

Publisert 25.02.10.


Håp er heilt avgjerande for å bekjempe kreft.

Og det er godt grunnlag for håpet - i dag overlever to av tre som får kreft. Men nokon pasientar får den tunge beskjeden:
- det er ikkje meir som kan bli gjort for dei ...
For denne gruppa kan det einaste håpet vere nye behandlingsformer som fortsatt er under utvikling. Då er det viktig å setje opp trykket på forskning.

Årets Krafttak mot kreft handler nettopp om dette - om å gje desse menneska ei ny moglegheit i Noreg. Meir penger til utprøvande behandling vil og føre til at nye kreftmedisiner og behandlingsmetodar vert tekne raskare i bruk. Dette vil på sikt kome alle kreft-pasientar til gode. Utprøvande behandling betyr ein ny sjanse for den enkelte - og betre kreftbehandling for oss alle.

Les meir - og støtt aksjonen!


Sjå filmen

"Et nytt håp"

Då forstår du kva aksjonen
i år dreier seg om ...


Kultursekken
Første forestilling i år: Kjærlighetens valg


Fredag 05. og måndag 08.mars 2010


Vi ønskjer Kultursekken og filmen "Kjærlighetens valg" av Eirik Andreas Sandaker velkomen til HVS både den 5. og den 8. mars. Heile opplegget vil gå føre seg i det store auditoriet på HVS.

- Korleis skal vi klare å formidle kjærleik? spør Eirik Andreas Sandaker (f.1982) og Tor Fretheim (f.1946) kvarandre etter visninga av Sandakers dokumentarfilm Kjærlighetens valg. Det blir og tid til ettertanke, refleksjon og spørsmål til formidlarane.
- Fins det framleis sensur, eller sensurerer vi oss sjølve? (...) Kan hende handler det og litt om sjenanse? Og kor ærlege får vi eigentleg lov til å vere?

Det vert det opp til deg å tenke over ...

Sjå her for program, puljeinndeling og film-informasjon 


- Eirik Andreas Sandaker -

Kultursekken
Andre forestilling i år: Queendom - det nye Noreg


Ons.10.03.10.

- Kva vil det seie å vere norsk? spør Kultursekken denne gongen, og påstår deretter, i sterk kontrast til tidlegare i veka; - I dagens Noreg er alt mogleg. Ein kan vere både norsk muslim, indisk trønderrockar eller svart nordmann.

Queendom er ei Oslo-basert humorgruppe som består av norsk-afrikanske kvinner. Gjennom morosame sketsjar, tankevekkande dikt og fengjande
musikk får dei oss til å le, danse - og tenkje.

Dei og ...

Alle møter opp på ID-huset kl.11:00 onsdag 10.mars!



- Queendom -


- To flotte forestillingar, melder elevar og lærarar ved HVS! - Kan du få med deg dette, så gjer det. Vi treng alle å tenkje litt over ting ...
VIP - prosjektet / Alle har ei psykisk helse

Veke 10, 2010.

Prosjektet er retta mot alle Vg1-elevane våre, og vil pågå parallellt med kulturtilboda frå Kultursekken i veke 10. Denne kombinasjonen håper vi kan vere god for temaet.

VIP står i denne samanhengene for veiledning og informasjon om psykiske problem og lidingar hos ungdom.
Dette er eit landsomfattande prosjekt, som HVS gjennomfører årleg etter oppmoding frå elevane som har vore med tidlegare.

I korte trekk går VIP-prosjektet ut på å rettleie og informere lærarar og elevar om psykisk helse og psykiske problem hos ungdom. Føremålet er å gjere elevar betre rusta til å ta vare på eiga psykisk helse, og bli merksame på kva hjelpetiltak ein kan søkje dersom dei føler dei strir i kvardagen. Prosjektet ønskjer å sette søkjelys på vanlege ungdomsproblem.

Les meir om VIP ...

God vinterferie!


Utsikt frå HVS ein tidleg vintermorgon.

Foto: Torleiv Austnes


HVS ønskjer alle elevar, tilsette, samarbeidspartnarar
og lesarar av heimesida
ein god og oppfriskande vinterferie i veke 8!

Alle treng å lade batteria, kanskje på heilt ulike måtar, så vel din måte! Hugs det er nyttig for å halde god fokus i perioden fram mot hardare (eksamens) tider.
Nyt ferien - og velkomen tilbake til nye, spennande dagar ved HVS måndag 1. mars.

Vi minner om fristane - søk opplæring til hausten!

Publisert fyrste gong 11.02.10. Endra frist 01.03.10.

 

Vidaregåande opplæring eller lærling,
eller er du klar for høgskole, universitet eller kanskje fagskole?


Søk informasjon tidleg, og bruk litt tid til å finne ut kva du vil. Deretter er det viktig å halde søknadsfristane. Og dei nærmar seg. Fristen er utsett til 3.mars, allereie onsdag første veka etter vinterferien - nå haster det!!!
Sjekk ungweb.no og vilbli.no for meir informasjon!


Beskjed til elevar på TAF (vg1, vg2 og vg3) ved HVS
Dersom du går inn på www.vigo.no og opplever at du IKKJE får opp nokon val-alternativ for neste skuleår, er det ingen grunn til panikk. Då vil oppflyttingen skje automatisk. Men det er greit at også du går inn og kontrollerer kva som er registrert på deg i vigo-systemet. Er det snakk om omval, følgjer du vanlege søkjerutiner.


VG1TIP og VG2PIT var på besøk hos I. P. Huse AS
og hos Nils S. Hansen AS

Publisert 25.02.10.

- Ein svært interessant og kjekk dag!
Vinsjar av imponerande storleik, med fantastisk kraft og flotte system, sveiseteknikk og kvalitetsikring - dette var noko det elevane fikk sjå og høyre om. Bedriftene i havgapet på Harøya fekk tydelge fram at det dei held på med er svært spennande, og viktig arbeid.

Les meir ...

Mob-båt hos Nils S. Hansen AS,
Harøya

Flott innsats under årets ABEL-konkurranse

Publisert 19.02.10.

To elevar frå HVS kom vidare til 2. runde i Abel-konkurransen, og resultata er no komne;

- Vi gratulerer Emil Bjørlykhaug, elev ved Vg3 TAF, med flott resultat i 2. runde i Niels Henrik Abels matematikk-konkurranse 2009-2010.

Han endte på 36. plass, berre 10 poeng bak en finaleplass. Det veit vi er eit heiderleg resultat!

Heiderleg innsats viste og medelev Erik Hildre Bjørkhaug, som også kom til 2. runde. I år deltok totalt 3597 ungdommar i Abelkonkurransen, der 360 av desse gjekk vidare til 2. runde. Det er dei 22 beste samanlagt etter 1. og 2. runde som går vidare til finalen i Trondheim 11. mars.

Fridom under ansvar gir fri nettilgang

16.02.10.

PC-ane har for lenge sidan gjort sitt inntog i den vidaregåande skulen, men med desse inne i klasserommet, kjem det stadige friske diskusjonar om nytte, utfordringar og rett bruk.

- Elevane i dagens skule har tilgang til ulike typar kommunikasjonsverkty . Spørsmålet om å stenge enkelte av desse, har vore vurdert, fortel rektor Jan Magne Helland. Men ved HVS har elevane hatt fri nettilgang heile tida.

- Når det gjeld bruk av IKT, har skulen ein grunnleggjande undervisningsfilosofi som bygger på tillit mellom lærarar og elevar. Skulen ser det ikkje formålsteneleg å drive utstrakt kontroll-verksemd av elevane sin bruk av IKT, seier han.
- Og vi merker at elevane set pris på å bli vist tillit.

Les artikkel i Haramsnytt om saken...


- Rektor Jan Magne Helland -

Ny runde med utanlandsreiser for elevar ved HVS

Publisert 12.02.10.

På ny har det vore merkbar reisefebertendensar på HVS. Søndag 14. februar reiser to grupper frå Vigra for å nyte opplevingsrike dagar ute i verda.

3TAF, ass.rektor Håvard Garshol og rådgjevar Ivar Roald reiser til Udine i Italia for 2 veker. Elevane skal i arbeidsutveksling denne perioden, og kan sjå fram til ein spennande, annleis kvardag for ei stund.

Deltakarane på Motivasjonskurs for ingeniørutdanning reiser samtidig avgårde for å tilbringe ei veke i Lemington Spa i England, lokalisert litt sør for Birmingham.

HVS
ut i verda



Les om tidlegare opphald i Udine og i Lemington Spa for HVS-elevar ...


”Straumsterk og krutsterk yrkesmesse på HVS”

Torsdag 04.02.10.

Slik presenterte Haramsnytt Yrkesmesse 2010 dagen etter gjennomføringa, og det var rett - her var det ingen mangel på energi!

Både HVS-elevane og dei 165 besøkande 10.klassingane gjennomførte den innhaldsrike dagen på ein framifrå måte. HVS-elevane som seriøse aktivitørar og ungdomskuleelevane som svært engasjerte og motiverte gjestar.

Les meir ...

Ny blogg frå HVS si medielinje

01.02.10

Dette er ein blogg som blir drive, og jamnt oppdatert, av medieelevane ved HVS og lærarane deira. Bloggen blei starta no i februar 2010, for å skape ein arena kor elevane kan få vise fram og fortelje om korleis det er å vere elev ved dette utdanningsprogrammet her på HVS. Målet er at bloggen og skal nyttast slik at nye elevar kan få vite meir om oss, og få meir kunnskap om kva medieprogramfaga går ut på.

Velkomen innom bloggen vår på www.hvsmedia.blogspot.com


Med helsing


Opplæringskontoret i Haram orienterer;

Orientering om fagopplæring.

20.01.09.

Paul Farstad ved Opplæringskontoret i Haram vart møtt av lydhøre VG2 elevar då han orienterte om fagopplæring i auditoriet ved Haram vidaregåande skule 20.januar 2010

Han orienterte om lærlingesystemet ,om lærebedriftene knytt til opplæringskontoret og verdien av eit fag eller svennebrev.

Lærlingar er viktige for samfunnet (HN-artikkel)



Opplæringskontoret
informerer HVS-elevar

Helsearbeidarfaget - eit satsingsområde

15.01.09.

Dette var noko av bodskapen i orienteringa til elevane på Vg1 HS og Vg2 Barne-og ungdomsarbeidarfaget ved Haram vidaregåande skule sist veke.Opplæringskontoret orienterte elevane om fagopplæring generelt , korleis ein søkjer læreplass og kva bedriftene legg vekt på ved inntak av lærlingar. Det vart også sett fokus på kva fordelar det gir å ha eit fagbrev.

Haram kommune har læreplassar i både Barne-og ungdomsarbeidarfaget og Helsearbeidarfaget.
Søknad skal sendast direkte til Haram kommune.

Les meir under nyheiter hos Opplæringskontoret i Haram

 
Opplæringskontoret
i Haram


Haram kompetansepark
Skjelt-Olebakken 9
6270 Brattvåg

Tlf 70217170
Fax 70217171


Paul Farstad
90508448

Marit Håhjem Volstad
90797267


email:
okharam@okharam.no


Snart tid for å søkje vidaregåande opplæring ...

Publisert 06.01.10.

Skuletilboda for 2010/11 ligg no ute på vigo.no, og heftet med tilboda kom ut til skulane ved nyttår. Dette får du hos rådgjevar, eller du kan hente heftet via nettet (i pdf-format) på nettsida til Møre og Romdal fylke.


vigo.no (der de skal søkje), og på Vilbli.no (klikk på Møre og Romsdal på kartet) - vil tilboda vere oppdaterte, uavhengig av kva som står i tilbodsheftet.

Vilbli.no finn de oppdatert informasjon om søkinga og tilboda. Hugs å ta vare på MinId-informasjonen som vert sendt ut frå Skatteetaten i januar - det er den som nyttast ved innsøking.
SØK NO:

Her legg du inn søknaden din for neste skuleår i vidaregåande opplæring!



Her finn du all informasjon du treng om tilbodet innan vidaregåande opplæring i Noreg.

Besøk hos NRK Møre og Romsdal

Publisert 06.01.10.

18. desember var elevane og lærarar ved 1MK på besøk hos NRK i Ålesund. Besøket var ein del av eit nyheitsprosjekt som gjekk ut på å lage ei nyheitsending frå HVS. Til å hjelpe oss med dette hadde vi fått med oss Heidi Klokk, som gjorde heile prosjektet til ein flott oppleving for elevgruppa.

Les meir ...

1MK i NRK-studio

Privatist våren 2010 ?
Publisert 06.01.10.
PrivatistWeb.no er opna for oppmelding f.o.m. 01.01.2010, og vil vere open t.o.m. 31.01.2010. Fristane er absolutte!

PrivatistWeb.no er nettstaden for deg som vil melde deg opp som privatist. Her finn du informasjon om det meste du måtte lure på; - generell informasjon, rettleiing, diverse lenker og sjølvsagt den nettbaserte søknad til eksamen. Lukke til!



STENGT !

Varsling - ny timeplan frå 18. januar!

Publisert 04.01.10.

Etter at HVS gjekk over til ny timeplan ved oppstarten av skuleåret 2009/2010, har det kome inn signal både frå elevar og lærarar om at denne endringa ikkje berre har vore positiv for elevane. I løpet av hausten har ein difor hatt timeplan oppe til diskusjon i ulike fora, og det vart gjennomført ei avstemming om kva for timeplanløysing som var å foretrekke.

Elevane har i denne prosessen vore svært klare på at dei ønskjer ei endring, og i Skuleutvalet tysdag 15. desember 2009, gjekk eit samla Skuleutval inn for å følgje elevane sitt ønskje. Argumentet er at ein trur den alternative modellen vil gje meir læring.

Det vert difor lagt ut ny timeplan frå og med måndag 18. januar 2010 (2.termin).
Denne vil bli vurdert på nytt i april for å finne ut om omlegginga har fungert som ønska, og for å gje eit vurderingsgrunnlag for neste skuleår. Dette til orientering.



Godt nytt år!

Da er vi alle i gong igjen, etter ein vel fortent juleferie. Skulen starta opp med ordinær timeplan måndag 4. januar.

Fredag 15. januar avsluttar vi 1.termin, og utskrift med karakterar i alle fag per elev vert utlevert i veke 4.

Informasjon om siste skuleveka før jul


Publisert 02.12.09.

Fram til og med fredag 18.desember følgjer vi ordinær timeplan, berre avbrote at diverse heildagsprøver etter eigen plan.

Måndag 21. desember - Aktivitetsdag
Kl.0805 Oppmøte i basisgruppene med kontaktlærar
Kl.0815 Frisbee-turneringa startar (sjå kampoppsett)
Kl.1300 Vi avsluttar dagen etter finalekampen ...

Tysdag 22.desember - Juleavslutning
Kl.0900 Skulegudsteneste i Brattvåg kyrkje
Kl.1030 Juleavslutningsfest i kantina, HVS

Snøen har kome, og avslører kanskje små fotefar ...

1. desember 2009

No er det i alle fall 1. desember!
Og då er det tid for NISSEFEST i løa ha's Peder, her i Brattvåg. Elevane på Vg2 HSBUA og Vg1 HS er klare, og vi veit at det er mange små barnehageborn som har begynt å glede seg...

Stopp opp litt no i adventstida medan du er ute, lytt litt og kik deg godt om. Kanskje høyrer du tasling i snø - eit lite dump når snøen fell ned frå ei tynn, lita grein. For det var det det var?

Kven veit ...



Velkomen
til Nissefest !

Adventstid - ei tid for førebuing, hygge og ro ...


God Advent!

Sjølve ordet advent kjem av latinsk adventus, som betyr 'kome', og perioden markerer kirkeåret sin oppstart. Advent omfattar dei fire vekene før jul i både i den lutherske og den romersk-katolske kyrkje, og er sett på som ei førebuingstid.

I mange land, inkl. Noreg, markerer befolkninga adventstida med adventskalendarar, og kalla julekalendarar, og advent-staker med fire adventslys. Dette er ein skikk som utviklet seg på 1800- og 1900-tallet, og som vi set stor pris på.

(Kjelde: Store norske leksikon)



Realfagselevar på motivasjonskurs!

Publisert 30.11.09.


Inspirasjon:
Maria Ringstad og Eirik Æsøy var deltakarar på det maritime inspirasjonskurset som
hadde ein dag ved Høgskulen i Ålesund innbakt. Dei som freista dei unge med eit sikkert yrke
innan ingeniørfaget i maritim næring var Trond Berg (th) frå Ulstein Group
og 1. amanuensis Karl Henning Halse frå HiÅ.
(Tekst og foto: Lars Olausen)

Mån.16. - tors.19.11.2009.


Motivasjonskurset er i gong igjen, med nye ivrige deltakarar.
"Med ei næring på Sunnmøre som involverer heile 20 000 tilsette i maritim sektor, er jakten på dei beste realfagshodene intens. Difor var 16 elevar frå realfagslinja ved Haram vgs. og Ulstein vgs. inviterte til inspirasjonskurs ved Høgskulen i Ålesund.", skriv journalist Lars Olausen i "Nytt i Uka". Og det var fire spennande dagar dei 16 elevane vart loste gjennom!

Les heile artikkelen ...
Les meir om Motivasjonskurs for ingeniørutdanning ...



MVGS 2009
19.11.09.

Meisterskapen i volleyball for VGS vart arrangert i Fagerli-hallen torsdag 19. november. Haram vgs. stilte med eit gutelag i år. - Innsatsen var god, men i år hadde vi ikkje marginane på vår side, smilte kroppsøvingslærar Ravnestad. - Men det er artig å vere med.

9. klassingar i Haram og Sandøy
- velkomen til Haram vidaregåande skule!

Veke 45-46, november 2009.


No i veke 45 og 46 kjem ungdomsskuleelevar frå Haram og Sandøy på besøk til HVS i høve det nye faget i ungdomsskulen, kalla Utdanningsval.

I to skuledagar skal ungdomsskuleelevane få følgje eit opplegg fullt av ulike aktivitetar innan det utdannings-programmet dei sjølve har valt. Våre elevar på vg2-nivå står for gjennomføringa. Her er det lagt opp til full aktivitet. Vi ynskjer alle 9.klassingane velkomne, og håper dei får nokre inspirerande og lærerike dagar!


Foto: 3MK,07/08

Glimt frå skulebesøka

Oppdatert 27.11.09.
Så er det unnagjort, Utdanningsval 2009.
Vi håper alle hadde nokon trivelege dagar hos oss, uansett kva for utdanningsprogram som vart prøvd ut.
Tilbakemeldingane frå våre elevar, var at dei besøkande var kjekke å ha innom klasserommet, dei var både interesserte, arbeidssame og flinke! Ingen dårleg tilbakemelding å få med seg, det.

Det vart knipsa eit og anna bilete dei dagane ungdomsskuleelevane var hos oss. I denne biletkavalkaden vert det høve til å få eit innblikk i kva som vart presentert på dei ulike fagromma, og kanskje sjå seg sjølv i aksjon?

Sjå, og les meir ...


Velkomen igjen,
som elev ved HVS!

Underhaldning i pausa under utdanningsval 2009!

Ons.04.11.09.

Tilfeldigvis i dag - men veldig passande, dette var dagen då kristenrock-gruppa Compass besøkte HVS med ein lyd-stilig konsert ved lunsjtider.
Kva passa vel betre enn at vi også hadde besøk av ungdom frå 9. klasse?! Ein vellukka konsert, som passa svært godt for både målgruppa og settingen denne dagen. HVS takkar for besøket!

Les om gruppa og høyr musikken deira ...

Compass - verd å høyre på

Klikk her og lytt !

"Hvor hender det?" - følgjer og opp OD 2009

Publisert 29.10.09.

I dag vert Internasjonal dag gjennomført på HVS.
Elevane i OD-komiteen på skulen har lagt opp eit innhaldsrikt program for dagen, med foredrag, film og illustrerande opplevingsleikar for elevane. På den måten ynskjer dei å skape engasjement og innsikt i problematikken knytt til årets OD-prosjekt. I morgen, fre.30.10., skal elevgruppa ut og gjere sitt dagsverk i solidaritet med ungdom som ikkje har same gode utgangspunkt som dei sjølve. Vi ynskjer dei to gode og lærerike dagar!


Sjå bilete og les meir om ID ved HVS ...

Vil du vite meir om OD, så har nettstaden "Hvor hender det?" artiklar om OD. I tillegg informerer OD sentralt om prosjektet på nettstaden sin www.od.no

Funksjonshemmet, men ikke ubrukelig

- Marthe Nøklebye Dehli -

I det sørlige Afrika får ni av ti funksjonshemmete aldri gå på skole. Operasjon Dagsverk 2009 har som mål å hjelpe unge funksjonshemmete til å få utdanning - og dermed kunne ta kontroll over eget liv og framtid.

Det finnes internasjonale konvensjoner (avtaler) som slår fast at funksjonshemmete har samme rettigheter som alle andre. Hver dag skjer det likevel alvorlige overgrep mot denne gruppen mennesker. De blir tråkket på, tiet i hjel, gjemt bort og skjult fra omverdenen. Verken skoler,studiesteder, arbeidsplasser eller det offentlige rom er godt nok tilrettelagt for mennesker med nedsatt funksjonsevne. Av alle verdens barn og unge regner FN med at 77 millioner ikke går på skole; mange av dem får aldri muligheten fordi de er funksjonshemmet.

Les meir ...



Ubrukeleg?




Foto: OD

1TP får nye utfordringar i klasserommet

Publisert 15.10.09.


Livet som Vg1 TIP-elev er spanande og utfordrande, for i skulekvardagen skal elevane lærast opp til å kunne forholde seg til ulike typer materiale, kjenne til eigenskapar og bruksområde for desse, og dermed vere i stand til å velje rette arbeidsmetodar og verkty for å nå fram til eit godkjent produkt. Oftast gjer dei jobben på verkstaden, men ikkje alltid er utgangs-materialet eit metall ...

Kajakk-prosjektet er nytt av året. Eit prosjekt som alle elevar i Vg1 TIP skal vere innom i løpet av skuleåret. Dette prosjektet utvidar elevane sine evner til problemløysing, og gir verdifull erfaring med ulike materiale.

Les meir og sjå fleire bilete ...



Trearbeid for 1TIP

- kreativt og utfordrande -

Det nærmar seg OD 2009 - Vi støtter opp!

Publisert 15.10.09.

OD 2009 går til utdanning til ungdom med nedsett funksjonsevne i Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Uganda. Årets samarbeidsorganisasjon er Atlas-Alliansen.

Ubrukeleg?
- Når du er funksjonshemma ser folk på deg som ei tom bøtte. Ein ubrukeleg ting. Dei venter at du tigger, seier Dickson fra Malawi som mista foten i ei bilulykke.



Torsdag 29. oktober vert det gjennomført informasjonsdag for årets OD-prosjekt på HVS,
og fredag 30. oktober er elevane i arbeid til inntekt for prosjektet. Ta godt i mot dei!

Klart for "Motivasjonskurs 2009 - 2010"


Publisert 24.09.09.


Lokalt næringsliv ynskjer å satse på ungdom. Vi håper at fleire unge skal velje ei utdanning som kvalifiserer til ein jobb i det lokale næringsliv.

Kan du tenkje deg å vurder ei teknisk utdanning?

Dei tre internasjonale selskapa Rolls-Royce, STX Europe, Ulstein Group og Norwegian Centre of Expertise-Maritime står no saman om å tilby eit utval vg2-elevar frå Ulstein og Haram eit motivasjonskurs, der ungdommane får innsyn i lokalt næringsliv og i kva utfordringar dei kan få dersom dei vel å verte ingeniør.

Vil du vite meir, finn du informasjonsfoldaren på skulebiblioteket og på hovudkontoret. Utfyllande søknad må vere sendt skulen innan 16. oktober 2009!

Kva har elevar opplevd tidlegare under dette spennande kurset? Sjå her!

Dramatisk start på York-tur ...

Publisert 29.09.09.


Litt meir spanande start enn venta, og ønska, men no veit "heile" Noreg at vi har hatt elevar på ekskursjon til England etter at VG NETT hadde saka:

Skoleelever på busstur angrepet av steinkastere:

Camilla (18): - Det hørtes ut som skudd
Buss med norske ungdommer pepret med stein i England.

(VG Nett) Under turen gjennom engelske Nottingham smalt det plutselig stein gjennom rutene i minibussen Camilla Løken (18) og klassekameratene satt i.
- Det hørtes ut som skudd. Jeg ble kjemperedd, sier Løken.

Les artikkel på VG NETT ...

Kjelde: VG NETT
Av Ingrid Hvidsten og Dennis Ravndal

Men vi kan forsikre at det gikk bra. Fram til York kom dei ut på kvelden, om enn nokre timar forseinka... Resten av opphaldet gjekk roleg for seg - om roleg er rette ordet for eit relativt tett undervisningsprogram gjennom ei heil veke.

"Hvor hender det?" - viktig nettstad for alle

Publisert 24.09.09.

Nettstaden "Hvor hender det?" er ei gratis teneste som blir drive av Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI). Denne nettstaden inneheld interessante artikkelseriar, nettmøte, bloggar og diverse quiz, og tilbyr dermed ei rekke tilbod til elevar, lærarar, studentar og andre som er interesserte i internasjonale spørsmål. Til høgre ser du døme på eit av spørsmåla som blir sett i fokus på denne nettstaden.

- Bruk denne nettstaden flittig, og hald deg informert! Dette er den samstemde meldinga frå faglærarar i mange fag. Nettstaden er og til fagleg hjelp når det nærmar seg eksamenstid ...

Sjekk nettsiden: http://hvorhenderdet.nupi.no/

Foto: FN

Har kvinnelege soldatar ein annan tilnærming til bruk av våpen enn mannlege?

Les meir ...

HVS gjer klar til årets første studieturar

Til York med språk og kultur i fokus!


Veke 40, 2009.


Det nærmar seg den årlege York-turen for elevar med programfaget EB2 på Vg2 Studieførebuande utdanningsprogram. Studieturen er gjennomført i samarbeidet med universitetet i York, og vart gjennomført første gong hausten 2005. Opplegget har fungert godt for elevane våre, og vi er stolte av å kunne tilby eit så spenstig undervisningsopplegg også i år.

Føremålet med turen er å lære elevane meir om engelsk språk, kultur og historie. Få stader er det meir naturleg for nordmenn å starte i enn i York, sidan denne byen var eit viktig senter for skandinavar i vikingetid.
Vi ynskjer dei reiseklare god tur!

- University of York -


Les om tidlegare turar:
York 2005
York 2006
York 2007

Turen var og gjennomført i 2008.


Udine (Italia) - eit nytt Comenius-prosjekt ved HVS

Veke 40 - 41, 2009.

Kommande helg reiser 20 elevar og 3 lærarar frå HVS til Italia for å lære meir om italiensk språk og kultur, og samstundes få eit innblikk i det italienske skulesystemet.

I sju år har HVS og ITI Malignani i Udine hatt utveksling av elevar/lærlingar, og samarbeidet er no utvida med dette nye Comenius-prosjektet der Vg2-elevar frå både studiespesialisering, påbygging og medium- og kommunikasjon får høve til å delta.
Vi gler oss til fortsettinga!

Les meir i artikkel frå Haramsnytt 22.09.09.


- Italia -

HVS-elevar får opplæring i italiensk språk og kultur


Hausten 2009

I høve utvekslingsprogramma HVS har med vår italienske samabeidspartnar ITI Malignani i Udine, gjennomfører skulen innførande kurs om italiensk språk og kultur. Elevane som skal ut å reise, treng å vite litt om kva som møter dei under opphaldet i Italia, og vere budd når dei kjem dit. Å kunne helse høfleg, og forstå enkle ord og uttrykk i dagleglivet, er viktig for å få eit vellukka opphald.

I år har vi vore så heldige å få nytte italienske Marco Cristoforo Camporeale, som arbeider ved Rolls Royce i Brattvåg, som kyndig rettleiar og opplæringsansvarleg. Han gjennomfører eit større opplegg (sept.- des.) for 3TAF-elevane, som skal vere i arbeid i Italia 14 dager seinare i vinter. I oppstartsdelen har og elevane som skal delta på det nye Comenius-prosjektet vårt, vore med.

Marco Cristoforo Camporeale
- Lærerikt, krevjande og kjempespennande! smiler dei som har vore så heldige å få delta. 3TAF-elevane skal fortsetje med nye språklege utfordringar på italiensk, medan dei andre no ser fram til å oppleve det italienske liv på rett i veke 40.


Utfordringar i Prosjekt til fordjuping for 3MK

Publisert 22.09.09.


Utdanningsprogrammet Medium og kommunikasjon byr på spanande utfordringar for elevane som går der. Meir enn kanskje dei fleste veit. Eit av faga som gjev elevane stort spillerom og fine utfordringar, er faget Prosjekt til fordjuping, der elevane skal få oppleve faga sine i praksis, dvs. vere ute i arbeidslivet. Elevane på Vg3 MK er no utplasserte fast, ein dag i veka, på ein arbeidsplass med reelle oppgåver og oppdrag i tråd med utdanninga. Ein av fleire høvelege arbeidsplassar, er lokalavisa Haramsnytt. I år, som i fjor, har Haramsnytt tatt i mot ein elev, og gitt denne både journalistisk opplæring og fridom i utføringa av arbeidet. Veldig positivt!
Her er ein smakebit:

Trivast med hybellivet!
Haramsnytt 22.09.09.
Tekst/Foto: Rolf Espen Furnes, 3MK.


"18-åringane Morten og Aleksander bur på hybel under utdaninga si. Begge går tredje året på Tekniske Allmenne Fag (TAF) på Haram vidaregåande skule og stortrivst".

Vil du vite meir om livet på hybel - les heile artikkelen!

Skulelevane Aleksander og Morten ...


(Meir om arbeidslivspraksis for elevar med Prosjekt til fordjuping (PTF) kjem).


Elevrådet kaller inn til møte 16. september

Publisert 14.09.09.

Nytt elevrådsmøte!
Fyrste elevråd dette skuleåret gjekk av stabelen torsdag 03.09., og no er det klart for eit nytt! Onsdag 16.09. skal alle tillitselevar møte opp kl.1130.

På dette møtet blir bl.a. elevrådstyret endeleg valt.
I tillegg kjem Kjersti Bjørnevik frå Elevorganisasjonen (EO). Ho vil orientere om arbeidet til Elevorganisasjonen, og kva hjelp og nytte elevane kan få av EO.
Følg opp, følg med - ver ein aktiv elev!

Les meir om elevrådet ved HVS ...



Hugs å få avfallet på rett plass!
Som mange har observert, er det fleire typar avfallsdunkar rundt på skulen, og det ikkje utan grunn.
Ikkje fusk når du kastar avfallet ditt, anten det er papir, plast, matrestar, metall eller anna du skal kvitte deg med. Orienter deg på bygget - det er ein plass for alt!

Hjelp oss å halde HVS ryddig og miljøvennleg.

Skulefotografering i veke 37
09. - 10.09.09.
Onsdag 9. og torsdag 10 september er det sett opp program for skulefotografering.
Oversiktlege oppslag med tidspunkt for gruppe-bilete og individuelle foto per klasse får du hos kontaktlærar ,samt at du finn oppslaga i korridorane på skulen. Møt opp til rett tid, slik at vi får minst mogleg venting, melder fotografen.

Skuleval 2009 er elevane sitt bidrag - gjer ditt val!


Publisert 31.08.09.

Måndag 31. august var alle elevane ved HVS samla til valdebatt nede på ID-huset, og no tysdag 8. september vert skulevalet gjennomført her på skulen. Dei fyrste valresultata er allereie blitt rapporterte inn frå dei skulane som starta fyrst.

I høve skulevalet, vert det og gjennomført ei digital spørjeundersøking. Mange elevar har vurdert alternativa på valundersøkinga sine spørsmål, så tilbakemeldingane der og strøymer inn. Resultata kan ein etterkvart sjå på www.samfunnsveven.no . Skulevalresultatet for 2009, vil bli publisert på same nettside kl 20:00 tysdag 8. september. Så følg med!!!

Førehandsrøsting til stortingsvalet 2009.
Det vert høve til førehandsstemming til det ordinære valet her på HVS i tidsrommet
kl 11:00 - 12:30.

Elevrådet - din organisasjon


Publisert 07.09.09.


Gjennom elevane sin eigen organisasjon, elevrådet, kan du få formidla ditt syn på aktuelle saker. Elevrådet vil, i den grad det er mogeleg, legge tilhøva best mogeleg til rette for elevane.

Fyrste elevråd dette skuleåret
går av stabelen torsdag 03.09.09. Rektor Jan Magne Helland og elevrådskontakt ved HVS, avd.leiar Magnhild Fjørtoft, vil delta og informere om både pågåande saker,samt kva råd og utval elevane skal få høve til å delta i. I tillegg kjem elev- og lærlingombud Monica Molvær for i informere elevrepresentantane om sin jobb i regi fylket.

Neste elevrådsmøte vert onsdag 16.09. Da blir bl.a. elevråd-styret endeleg valt. Følg med - ver ein aktiv elev!

Les meir om elevrådet ved HVS ...

Foreldremøte for foreldre til elevar på VG1

Publisert 28.08.09.

Foreldre/føresette som har elev på Vg1-nivå her på Haram vidaregåande skule, er hjarteleg velkomne til foreldremøte torsdag 3. september, kl. 18:30.

Alle elevar vil få invitasjon med seg heim.
Det vert først ei samling i auditoriet med felles-informasjon, etterfølgd av parallelle kontaktmøte på eigne rom for dei ulike utdanningsprogramma.
Vel møtt!

Vinnar av REBUSLØP - 2009

Publisert 25.08.09.


Vinnar av REBUSLØPET i år
vart elevgruppa 1TAF-TIP2. Dei drar dermed i hus premien, ei smakfull REBUS-kake, til basisgruppa si.
Vi gratulerer, og håper kaka smaker!

Rangering av dei beste gruppene elles:
1. plass: 1TAF-TIP2
2. plass: 1ST5
3. plassen vart delt: 1ST4, 1TAF-TIP1, 1TAF-EL1 og 1TIP3-A

Det var med andre ord mange gode resultat i bunken i år, så nå reknar vi med dei fleste er godt kjende på huset. Vi takkar alle Vg1-elevane for innsatsen!

Skuleåret 2009/2010 er i gong!


Publisert 19.08.09.


Endeleg vart det liv i korridorane igjen!
Det er alltid kjekt å sjå blide ungdommar strøyme inn mot skulen fyrste skuledag. Ungdomsflokken vart delt inn i klasser/grupper for året, informasjon gitt i "lange baner" i alle klasserom, og på skule-biblioteket syda av lånelystige elevgrupper. Utlåns-ordningen av lærebøker var dei godt nøgde med!

HVS hadde og henta fram ein gamal tradisjon, og til lunsjpausa sto varme grillar og frista med pølser og hamburgarar.

Vi håper alle får nokre fine månader framover, med kunnskap og utvikling i fokus.


Nye og gamle elevar,
samla utanfor skulen
til sosialt samvære i sola.


Sjå fleire bilete!

Velkommen til HVS.

Publisert 06.07.09.



- Haram vidaregåande skule -

Onsdag 19. august - elevane møter slik:

Kl 09:00 Oppmøte i auditoriet for alle elevar på Vg1
Kl 10:30 Oppmøte i auditoriet for elevar på Vg2 og Vg3
Skuledagen varer til kl 14:25. Skulebussane går som ordinært kl 14:35.

NB!
4TAF møter torsdag 20. august, kl 08:00, ordinær timeplan.

Lærarar/assistentar:
Alle lærarar møter til planleggingsdagar måndag 17.august og tysdag 18. august.
Assistentane møter opp til planlegging tysdag 18. august.
Program kl 08:00 - 14:30 begge dagar.

HVS ynskjer tilsette og elevar velkomen til eit nytt gjevande skuleår!


Velkomstord
frå rektor


- Rektor Jan Magne Helland -

Biblioteket
er for alle



- Glimt frå bokutvalet -

Kantina,
verd eit besøk


- Gunn Furnes -

HVS 09.07.09.
HVS
- i tida for framtida

Skulen ynskjer å vere til stades i tida og førebu for framtida.
Slik kan skulen vere ein dynamisk og framtidsretta arbeidsplass for elevar og tilsette. Tilbodet ved skulen må samsvare med dei unge sine ønske og med behovet i samfunn og næringsliv.

Den samla kompetansen opplæringa gir deg, skal vere eit godt grunnlag for framtidig yrke eller vidare studium. Kunnskap kjem deg til nytte, både som yrkesaktiv og som samfunnsmenneske.

HVS ynskjer deg lukke til
i det komande skuleåret!

Les heile velkomstordet frå rektor

HVS 12.08.09.
Biblioteket
- sentralt i kvardagen
Skulebiblioteket er til for deg, og ope for alle som ynskjer å arbeide med skulearbeid utover vanleg undervisningstid. Døra er ope frå måndag til fredag, kl. 07:30 - 17:00, alle skuledagar.

Biblioteket vil kunne gi deg som elev mykje hjelp gjennom skuleåret, så det håper vi du nyttar ut best mogleg. Og så er det ein særs god arbeidsplass...

Biblioteket tilbyr lydbøker!
Spør bibliotekaren om du får låne ei. Vi lover deg ei fin oppleving - berre prøv! I tillegg finn du mange spanande titlar i hyllene.

Ikkje så glad i bøker?! Å, ein veit aldri... Berre sjå her!

HVS 12.08.09.
Kantina
- skulens sosiale senter

Her får elevane føde for både kropp og sjel!
Varm mat blir servert 3-4 gongar i veka, med god heimelaga kost, tilpassa elevane sin smak.

Pizzahorn, bollar, heime-baka skuleboller eller skuffekake er heller ikkje å forakte, meiner elevane, så det går unna når Gunn overraskar med noko ekstra i disken.

Alle er velkomne, hugs micro’n kan gjøre mykje med ei elles standard nistepakke...

Velkomen innom!


Les meir ...

Lån og stipend frå Lånekassen


Publisert 07.07.09.


Informasjon om stipend og lån frå Lånekassen finn du både på nettsida til Lånekassen, og i eigne brosjyrer.

Vi vil informere om at hausten 2009 får alle elevar med ungdomsrett i vidaregående skule utstyrsstipend frå Lånekassen. Stipendet er ikkje avhengig av kva foreldra tener. Alle som skal ha utstyrsstipend må aktivt søke Lånekassen.

Hald deg oppdatert - bruk linkane under:
- Stipendordninger hos Lånekassen (www.lanekassen.no)
- 2009-2010 Lån og stipend (informativ brosjyre!)
- Utstyrsstipend 2009-2010



Lærebøker og PC-ordning 2009/2010

1. Gratis lærebøker i vidaregåande skule
Publisert fyrste gong 15.06.09.

Fylkestinget har vedtatt å innføre gratis skulebøker til elevar på Vg1, Vg2 og Vg3 frå hausten 2009, uansett utdanningsprogram. Dette er ei vidareføring av den gratis utlånsordninga som vart delvis innført hausten 2008.

HVS har difor frå denne hausten innført ei utlånsordning av lærebøker til alle elevar. Bøkene blir lånt ut klassevis frå skulebiblioteket ved skulestart. Vi gjer merksam på at skulebiblioteket sine regler gjeld for alt lån av bøker, også desse skulebøkene.



Skulen stiller med lærebøker
til alle elevar, uansett utdanningsprogram og årstrinn

2. PC-ordning for Vg1-elevar skuleåret 2009/2010

Publisert 26.06.09. *Oppdatert 03.08.09.

Utdanningsavdelinga melder at komande skoleår vil du som Vg1-elev kunne velje om du vil ha ein berbar PC som fylket kjøper inn til deg eller få eit "PC-stipend" frå fylket for å kjøpe/bruke eigen PC.

Dei to ulike løysingane, kostnadane og stipend-ordninga, er nøye forklart på informasjonsida i UngWeb.no.



Merk fristen!
Dersom du vel å kjøpe PC via fylket, må du registrere deg på UngWeb.no innan 20.07.09.


Meir informasjon
om ordninga finn du på nettstaden UngWeb.no
Dette er fylket sin viktigste formidlingskanal til elevar. Er du elev i vidaregåande skule i Møre og Romsdal, bør du legge denne sida lett tilgjengeleg under favorittar - eller helst nytte ho som inngangsside på PC-en din!

Hald deg oppdatert på det som skjer med andre ord!


Helsetasjon for ungdom - sommaråpen
Sommaren 2009

På helsestasjonen for ungdom kan du snakke om ting du lurer på, og få hjelp og råd frå helsesyster, jordmor eller lege. Både lege, jordmor og helsesyster har taushetsplikt.

Sjølv om det no er sommarferie, er det mogleg å kome på Helsestasjon for ungdom til gitte tider.
Sjekk heimesida deira: - Åpningstider i sommarmånadene




Haram vidaregåande skule

gir deg tilbod innan følgjande utdanningsprogram:

Elektrofag
Helse- og sosialfag
Medium og kommunikasjon
Teknikk og industriell produksjon
Tekniske- og allmenne fag
(TAF-TP/TAF-EL)

Studiespesialisering
og
Påbygging til generell studiekompetanse (Vg3 PB)

A presentation of our school
(English version)



Glimt frå tidlegare skuleår:
Det er mykje som skjer gjennom eit skuleår, og noko av det klarer vi å setje litt i fokus via nettsida vår. Har du lyst, og tid, kan du sjå korleis tidlegare skuleår har arta seg på HVS via desse lenkene. God tur inn i ei minnerik tid.

Oppslag i skuleåret 2008/2009
Oppslag i skuleåret 2007/2008
Oppslag i skuleåret 2006/2007
Oppslag i skuleåret 2005/2006
Oppslag i skuleåret 2004/2005

Oppslag i perioden 2002 - 2004

Ta og ein titt på oppslag under AKTIVITETSDAGAR eller FAGLEGE TUR der utflukter, ekskursjonar etc. er omtala.

Palacio Real, Madrid.
Austnes, Haramsøy.


Postadresse: Skuleråsa 10, 6270 Brattvåg, Norway.
Telefon: +47-70209600 Telefax: +47-70209601 - E-post: haram.vgs@mrfylke.no
Biletmaterialet er Haram vidaregåande skule og fotografane sin eigedom.
Vevstyrar og ansvarleg for sidene: Hilde Kristin Aasgaarden. Vevrådgjevar: Torleiv Austnes