Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Arkiv
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(frå H-06)
|

Siste skuledagar før
sommarferien ...
Måndag 20.06. og tysdag 22.06.11.

Velkomen
|
|
Tysdag 21. juni
- Avslutningsmarkering på klasserom / i kantina
Kl 09:00 Klassevise møte m/kontaktlærar
- utdeling av karakterutskrifter m.m.
NB! Avgangselevar møter direkte i kantina kl 10:00 !
Kl 10:00 Felles avslutning i kantina
- enkel servering, underhaldning og premiering,
samt markering av avgangselevane våre.
Alle er hjarteleg velkomne! |

kunnskap
og kvalitet
respekt
samarbeid
tryggleik og trivsel
nærleik
mangfald og moglegheiter
positiv
haldning og lojalitet
- våre
verdiar - |

Takk for eit flott skuleår
Tysdag 21.06.11.
Kvart år til jul og sommar
har HVS stor avslutningsfest med alle elevane og dei tilsette.
Elevgruppa står for musikkinnslag, program og mat.
I år var det ein elev som fekk spesiell merksemd.
Tre Williams har vore utvekslingsstudent på Haram
vidaregåande skule sidan i haust, og det var vemodig å
ta farvel ... Les
meir,
og sjå bileta frå festen den 21.06.11. |
Tre (t.v)
mottar det norskaste av
det norske frå medelevane i 2ST.
Her representert ved Sveinung. |

Aktivitetsdagen er unnagjort - kven
vann?
Måndag 20.06.11.
Aktivitetsdag med volleyball i Brattvåghallen
og fotballturnering ute høyrer med;
kl 08:05 Volleyballturnering - sjå turneringsplan
her
kl 11:30 Fotballturnering - sjå speleplan
her
Kantina var ope mellom kl 10:30 - 13:00, men det var lite siteplassar
tilgjengeleg ... for her var det pynta til fest. Det spilte inga rolla
- pizza og påsmurte rundstykker gjekk unna, nærast på
høgkant, før neste aktivitetsøkt krevde sitt.
Og vinnarane vart;

Elevar frå Møre og Romsdal flyg mot Skottland
Juni 2011
Då er uttaket til Vg2
Studiespesialiserande utdanningsprogram i Skottland ferdig,
og for 16 elevar kring i heile Møre og Romsdal betyr
det kriblande glede. Og
lokalavisene følgjer opp ungdommen, og formidlar forventninga
deira.
Sunnmøre - Haram
Tre elevar frå HVS flyg til Skottland den 10. august for
å ta til på den nye utdanningslinja. Dei gleder
seg noko utruleg, skal vi tolke kroppsspråk og glimta
i augo deira når dei starter å snakke om neste skuleår.
Vi ønskjer dei, og dei 13 andre elevane som er tekne
ut, eit flott og lærerikt skuleår. No er det berre
å få unna sommaren, så er det heile i gong!
|
|
Romsdal - Molde
Haram vidaregåande skule fekk inn 26 søknader til
den nye utvekslingslinja. Av desse fekk 16 plass, ein av dei
var moldensaren Solvor Moltubakk.
- Eg har alltid hatt lyst til å reise på utveksling
eit år, eg bestemte meg vel allereie på barneskulen,
fortel ho til Romsdals Budstikke. No gler ho seg, og ser fram
til eit lærerikt år!
|
|
Les
meir om tilbodet i Skottland

Korleis hadde 2ST det i Barcelona?
Annonsert 10.06.11. - Publisert 17.06.11.
Elevane i 2ST
har hatt ein litt anna skuletur enn vanleg dette skuleåret.
Med utgangspunkt i språkfaget spansk og ein lærar
med studieopphald bl.a. i Barcelona i bagasjen, kom ideen
og programmet relativt kjapt på plass.
Turen vart gjennomført i starten av desember 2010,
og her kjem ein mimrande bilet-kavalkade med glimt av opplevingane
deira. Heile klassen var med, og spansklærar og kontaktlærarar.
Det vart som du ser ein flott tur.
Sjå
biletkavalkaden deira!
Neste skuleår skal ein ny 2ST-gjeng i veg. Meldinga
frå årets gjeng er klar; - Gled dykk! |
|

Bergen - Paris - Geneve, ei oppleving!
Publisert 10.06.11.
I vinterferien fekk vi ønskje
vårt innfridd - tur til CERN. Vi starta tidleg å
spørre om ikkje det var mogleg for oss også å
få reise til Cern i fysikk. Trur nesten vi spurte allereie
første månaden av skuleåret i fjor (Vg2).
Og det fekk vi, og for ein ekskursjon!
Vi vil gi ein stor takk til fysikklæraren vår Terje
Pettersen som har ordna ut, og gjort det mogleg for oss å
få reise på denne turen.
Takk for to flotte år med fysikk!
Helsing alle oss i FY2 - 2010/2011 |
Her var
vi,
og kikka ned i kontrollrommet
ved CERN (mars 2011) |
Les meir frå turen
vår...

Naturfagsekskursjon til Vatne for Vg1ST
01.06.11.
I år sette naturfagseksjonen fokus på tema suksesjon
(naturleg utvikling ved gjengroing i naturen) under årets
ekskursjon. Turen gikk difor til Vatne, og det relativt nyhogde
skogsfeltet oppe på Vatneeidet.
- Kva skjer i naturen etter store inngrep? Kva for artar er
det som veks fram etter slik storrydding i barskog? Kva observerer
vi, og kvifor vert det slik?
Det er mykje ein kan spørje seg om under ein tur i skogen,
og med god kunnskap med seg på vegen vert turen enda meir
interessant. Da er det plutseleg utroleg kor mykje ein ser ...
Vi ønskjer elevane på Vg1 ST ein lærerik
tur! |
|

Korleis taklar vi ulike situasjonar, og kvifor?
Fredag 27.05.11.
Rektor Jan Magne Helland gjennomførte
fredag 27.mai ei interessant økt for elevane på
Vg2 Helsearbeidarfag og Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag, med
fokus på personlegdomsanalyse og -utvikling.
Opplegget gjekk over 5 skuletimar, der elevane fekk presentert
ny teori og gjennomførte case og analyser som var litt
annaleis enn det dei til vanleg er borte i i skulekvardagen.
Nyttig kunnskap å ha med seg på vegen vidare. |
Rektor
J. M. Helland |

Førstehjelpskurs for HS-elevar
i regi Brattvåg Røde Kors Hjelpekorps
Torsdag 26.05.11.
Elevane våre på Vg1 Helse- og sosial, Vg2
Barne- og ungdomsarbeidarfag og Vg2 Helsearbeidarfag hadde torsdag
26. mai ein full dag med fokus på førstehjelp. Både
grunnleggjande teori og praktiske øvelser sto på programmet.
Brattvåg Røde Kors
stilte velvilleg opp hos oss, og med Emil Blø i spissen
gav dei tre frå hjelpekorpset elevane våre ei kyndig
opplæring i førstehjelp med tilhøyrande
råd og rettleiing i praktisk utføring. Det vart
ein livleg dag på klasserommet, der alle fekk prøve
seg på ulike vis. Alvorlege miner og latter var å
sjå i raske skifte denne dagen.
Elevane gav gode tilbakemeldingar på opplegget. HVS takkar
for den flotte jobben som vart gjort, og håper at vi kan
få til liknande samarbeidsprosjekt i framtida også.
Dette var interessant for alle partar. |
|

Vg
2 Studiespesialiserande utd.program i Skottland

Vg
2 i Skottland er eit av undervisningstilboda til Møre
og Romsdal fylkeskommune.
Søkjarane må vera elevar i Vg1 Studiespesialisering
når dei søkjer.
Tilbodet blir administrert av Haram vidaregåande skule.
Ordninga har 16 plassar, og elevane går på skule
i Skottland ved Armadale Academy,
ca 20 minutt med tog frå Edinburgh. |
Velkomen
til orienteringsmøte 31. mai 2011.
Publisert 24.05.11.
Tysdag 31. mai vert det arrangert orienteringsmøte for dei
av søkjarane som no har fått melding om at dei er tekne
inn på dette tilbodet.
Vi ønskjer elevar og føresette velkomne til Haram vidaregåande
skule, Brattvåg, tysdag 31. mai, kl 18:30. Orienteringa vil
skje i auditoriet på skulen.

Nye drivarar av kantina ved HVS
Publisert 21.05.11.

Sissel Koppen ved Kulturkantina viser smilande til kva for
hovudrettar som er tilgjengeleg for elevane gjennom veka.
I tillegg vert det servert ulike typar smørbrød
og anna sunn og fristande
mat for svoltne elevar.
Les "Nytt
fjes bak kassa" (HN) |
|
Frå 7. mars har det vore eit nytt fjes å
sjå bak kassa i kantina ved HVS. Kulturkaféen overtok
drifta etter Gunn Furnes i overgongen til mars i år, og
no er det Sissel Koppen som smiler elevane velkomen ved kassa
i Kulturkantina, som er det nye namnet på kantina.
- HVS er kjend for å ha ei god kantine med godt miljø,
og vi ser at den gode tradisjonen no vert vidareført,
seier rektor Jan Magne Helland, og viser til gode tilbakemeldingar
frå elevane. |
Lærerik fagdag på Åse for Vg1 Helse
og sosial
Publisert 19.05.11.
Fredag den 13. er i seg sjølv
ein spennande dato ...
Og for jentene ved Vg1 HS har fredag 13. mai vore ein dag dei
har sett spesielt fram til denne våren - det var dagen
då dei skulle besøke Luftambulansen ved Ålesund
sjukehus på Åse!
I tillegg sto besøk hos AMK-sentralen og ambulansetenesta,
NAV-Hjelpemiddelsentral og den nye barneavdelinga ved Ålesund
sjukehus på programmet.
Det vart ein lærerik, og ikkje minst inspirerande dag
for oss alle. Vi fekk innblikk i mange ulike arbeidsfelt innan
helsetilbodet på Åse, og fekk mange gode råd
med oss på utdanningsvegen vidare. Jentene følte
verkeleg dette vart ein viktig dag, som gav dei ting å
tenkje over. Det set vi pris på.
Ein stor takk til alle som tok i mot oss! |

(Foto: Ole Kr. Tangen )
Luftambulansen går her inn for
landing på St. Olavs Hospital.
Vi fekk innblikk i ein spesiell jobb-
kvardag, der oppdragene er mange
og av svært ulik karakter.

Barneavdelinga ved Ålesund sjukehus.
Bilete er tatt rett før opning i april 2011.
Vi lot oss imponere av den flotte
avdelinga og dei tilpassingane der
er gjort for å avhjelpe barn i ein
spesiell situasjon.
|

| GRATULERER
MED DAGEN !

17. mai 2011
"Noreg sin grunnlovsdag, 17. mai,
vert feira til minne om den norske grunnlova.
Den vart vedtatt av Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.
Tradisjonen
med feiring av 17. mai som nasjonaldag kan ein trekkje heilt
tilbake
til 1836, då Stortinget for fyrste gong feira 17.mai-fest.
Men det er Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnson
som i dag vert
rekna
som grunnleggjarane av den 17. mai-feiringa vi kjenner i dag,
med brei folkeleg oppslutning."
Vi ynskjer alle ei flott feiring av nasjonaldagen!
|

Les
digitale bøker på nett
Publisert 10.05.11.
Biblioteket
informerer om at Nasjonalbiblioteket har meir enn 48 000 bøker
som kan lesast i si heilheit på nett ...
Har du PC, har du bok, med andre ord. Bøkene kan ikkje
lastast ned, men lesast - ja, på nett.
Sjekk ut www.nb.no/bokhylla
|
Å
!?!
 |

Det nærmar seg eksamenstid!
Mai 2011
Offentleggjering av skriftlege eksamen
13. mai, kl 0900.
Dette gjeld alle klassar, unnateke
Vg1EL, Vg1HS og Vg1 TP, som får sine meldingar den 30.
mai.
Leiinga vil gje informasjon om kven som er trekte ut til eksamen
i dei ulike faga, dato for eventuell lesedag/ førebuingstid
og tidspunkt for sjølve eksamen.
Vi ber alle følgje godt med på alle aktuelle oppslag
vedr. eksamen framover, og setje seg inn i regel-verket for
eksamensgjennomføring.
Lukke til med dei siste førebuingane, og så håper
vi eksamen kan bli ein positiv oppleving. |

Nei, ikkje slik ...
Tenk positivt.
Lukke til! |

Basketballturneringa har fått
ein vinnar!
04.05.11.
Sidan juletider har basketballturneringa
ved HVS sakte, men sikkert ført enkelte klassar stadig
nærmare ein siger. Og det vart merkbart viktigare og viktigare
for deltakarane å ikkje misse ...
Og i dag vart det avgjort! Vg2 Elektro vart
basketballmeisterane våre i år
Vi gratulerer! Sjokoladekake er klargjort, så kos dykk
etter ein flott innsats. |

Finaleresultat:
Vg2 EL - Vg3 ST (18 - 10)
Bronsefinaleresultat:
Vg2 ST - Vg1 ST1 (32 - 31) |

Informasjon vedr. Vg2 ST i Skottland
Publisert 02.05.11.
Intervjurunde 5.- 6. mai
Det vert gjennomført intervju av søkjarane til
Vg2 ST Skottland i Brattvåg torsdag 5. mai og i Molde
fredag 6. mai. Møt opp til avtalte tidspunkt.
Orienteringsmøte 31. mai
Tysdag 31. mai vert det arrangert eit orienteringsmøte
for dei av søkjarane som vert tatt inn på dette
tilbodet og deira føresette.
Velkomen til Haram vidaregåande skule, Brattvåg.
(Informasjon om tidspunkt og rom kjem).
|

Vg
2 i Skottland
er eit av undervisningstilboda til Møre og Romsdal
fylkeskommune. Søkjarane må vera elevar i Vg1
Studiespesialisering når dei søkjer. Tilbodet
blir administrert av Haram vidaregåande skule.
Ordninga har 16 plassar, og elevane går på skule
i Skottland ved Armadale Academy, ca 20 minutt med tog frå
Edinburgh. |

Høgre-leiar Erna Solberg på besøk
i Haram
Torsdag 28.04.11.
Fire TAF-elevar frå HVS med
fordjuping i fysikk gav ein levande demonstrasjon av korleis
dei har løyst ei konkret oppgåve innan prosjektet
Krefter
i vinsjar, eit samarbeidsprosjektet i regi Lektor2
mellom HVS og Rolls Royce Marine, avd. Brattvaag.
Med dette fekk dei presentert både det gode samarbeidet
mellom lokalt næringsliv og skulen i Haram, erfaringane
med eit annaleis undervisnings-opplegg og korleis dei som TAF-elevar
opplever sin skulekvardag. Høgre-leiar Erna Solberg lot
seg imponere av det elevane presenterte for ho. |
|

Engelskkurs i York - språk, kultur og historie
Publisert 18.04.11.
Haram vidaregåande
skule arrangerer igjen det populære kurset i York der
engelsk språk, kultur og historie står i fokus.
Dette er eit tilbod utvikla i samarbeid med Det
norske studiesenteret ved universitetet i York, og er ope
for tilsette ved HVS, tilsette i kommunane Haram, Sandøy
og Misund, i fylkesadministrasjonen og i ulike lokale bedrifter.
I tillegg til undervisning vert det lagt opp til fagrelaterte
turar i og rundt den historierike staden York, samt ein avsluttande
visitt innom London med flotte, kulturelle innslag.
Kurset gir med andre ord fagleg påfyll gjennom teori og
fleire praktiske opplegg og opplevingar. Avreise er lagt til
søndag 22. mai, med retur laurdag 28.
Vi ønskjer deltakarane ein riktig god tur! |
|

 |
GOD
PÅSKE !
Påska kjem seint, men godt, i år.
Dei fleste går nok og ventar på vårteikn
meir enn på påskefjell og snø...
Uansett, vi ønskjer elevar, tilsette
og samarbeidspartnarar
ei riktig god påske.
Tysdag 26.april er alle velkomne tilbake
til skulekvardagen ved HVS
|

Lektor 2 - ei positiv erfaring!
15 .04.11.
Vi takkar våre samarbeidspartnarar ved STX OSV
Søviknes og ved Rolls Royce Marine - avd. Brattvaag for det
gode samarbeidet knytt til Lektor 2 prosjekta ved Haram vgs. Desse
har no vore gjennomførte to år på rad.
I begge prosjekta har skulen fått inn dyktige fagpersonar frå
arbeidslivet som medspelarar. Både Geir Andreas Seth (STX) og
Reidar Andre Skarbøvik (Rolls Royce) har vore direkte involvert
i planlegging av prosjektinnhald og undervisning. Noko som vi ser
har verka positivt og inspirerande for elevane våre.
| Involverte elevar
og faglærarar har på nytt gitt gode tilbakemeldingar
på opplevingane, og kunnskapen, dei har skaffa seg i
gjennomføringa av desse to prosjekta.
- Prosjektet Oppdriftsanalyse i båtbyggjar-prosjektet
(Teknologi og forskningslære) har blitt slik vi i utgangpunktet
ønska det, melder faglærar Torleiv Austnes.
Fysikkprosjektet
"Krefter i vinsjar" har og gitt elevane utfordringar
og eit kunnskapsløft som ordinære opplegg kanskje
ikkje kunne bidratt med. I dette faget har det vore vanskelegare
å lage til prosjekt som er heilt læreplanmålbasert,
men til gjengjeld får elevane eit litt breiare fysikk-perspektiv
i basen sin. Det er heller ikkje å forakte, men det
krever sitt av både tid og ekstra innsats hos faglærar
og elevar, fortel fysikklærar Arne Vågnes. Men
fysikkseksjonen er ikkje redd for å fortsetje med same
eller liknande prosjekt, berre dei ligg nær læreplanmålsettinga
innan faget.
|
|

Hugs fristen for å søkje høgare
utdanning!
Veke 15 - 2011
15. april - Ordinær søknadsfrist
høgare utdanning
All søking til høgare utdanning skjer gjennom
Samordna opptak, og den ordinære søknadsfristen
er no 15. april. Denne fristen gjeld for alle med norsk vidaregåande
opplæring som opptaksgrunnlag.
Dette leser du mer om under
generell
studiekompetanse på heimesida Samordnaopptak.no. |
|

Høgskulen i Ålesund melder;
Publisert 08.04.11.
"Vil
du bli ingeniør, men mangler realfag som matte og fysikk?
Da kan du velge et ettårige studieforberedende Forkurs
for ingeniørutdanning ved HiAls. Du må være
innstilt på et krevende studieår og hard jobbing
med fagene, men til gjengjeld vil du ha muligheter til en fremtidsrettet
yrkes-karriere som ingeniør og være med på
å forme samfunnet du skal leve i. Realfaglig kompetanse
er en forutsetning for å kunne gjøre det."
Sjå
heile brosjyren om dette tilbodet... |
|

Kultursekken presenterer;
KRÅKESØLV på ID-huset
Fredag 08.04.11.
- Kråkesølv?
spør du kanskje, eller kanskje ikkje. For gruppa er kjend,
og musikken deira energisk.
"Kråkesølv er eit kompakt firemannsband frå
Bodø. Lydbiletet deira er sett saman og er inspirert
av mange forskjellige stilartar, der atmosfærisk pop og
ruskete rock i gata til Death Cab for Cutie og Sonic Youth står
sterkt. Legg til ein porsjon nordnorsk emosjonalitet og tekster
på dialekt så er biletet av Kråkesølv
nesten komplett." (Klipp
frå Kultursekken.no)
Fredag 8.april er det konsert i ID-huset i Brattvåg kl13:15,
og HVS stiller med alle sine elevar og tilsette.
Nå ser vi fram til ein pangstart på helga!
|
|

Eit lærerikt bedriftsbesøk
til STX Brattvaag
25.03.11.

1ST2 hadde eit lærerikt bedriftsbesøk til STX
Brattvaag fredag 25. mars.
Les meir ...
|

Referat frå Utplasseringsdagane
til EB2
13.-16.03.11.
Nokre EB2-elevar er utplassert i
lokale bedrifter, andre har fått seg ein tur til Brüssel.
Felles for dei alle er at dei skal gjennomføre jobbintervju
og deretter vise gjennom praktisk arbeid at dei kvalifiserer
til jobben. Parallelt med dette rollespelet får elevane
praktiske oppgåver ute i bedriftene dei er hos, og lærer
kva det vil seie å vere i denne type arbeid.
Les
om erfaringane elevane gjorde seg desse dagane ...
- Ein spennande måte å skaffe seg
erfaring på, meiner både elevar og faglærarar,
- og bedriftene stiller opp for oss på ein fin måte.
Tusen takk! |
Bilete
frå Brüssel, fotografert
under fjorårets utplassering. |

Avbestill trafikkulykken
23. - 29.03.11.
Slitte dekk, tragiske meldingar, ødelagte mobiltelefonar,
bilvrak...
Effektene er mange og uhyggelege når ulykka først skjer.
Trygg Trafikk reiser no rundt til dei vidaregåande skulane med
utstillinga si "Avbestill trafikkulykken". Utstillinga vert
sett opp på dei ulike skulane i samarbeid med representantar
frå de lokale russekullet.
"Avbestill trafikkulykken"
er ei utstilling som biletleggjer dei mange tragediene trafikkulykker
skaper ...
Dei vidaregåande skulene er ein svært viktig arena
for oss, difor satsar vi tungt på denne utstillinga. Det
er og flott at ein gjer dette i samarbeid med russen, melder
Trygg Trafikk.
Utstillinga er på rundtur til ei rekkje vidaregåande
skular i fylket. Onsdag 23. mars er ho på plass ved HVS,
og vil stå ei vekes tid.
Vi håper alle tar ei tenkjepause parallelt med utstillinga.
|

Alle er dykk like uerstattelege |

Kontaktmøteperiode i vekene 11 - 13(14)
Publisert i veke 11, 2011.
Foreldre/føresette som har elevar i 1.,
2. og 3. klasse ved skulen er hjarteleg velkomne til kontaktmøte.
Alle elevar får tilbod om denne samtalen i eige brev gitt
ut av kontaktlærar.
I utgangspunktet vert samtalen mellom elev/føresette
og kontaktlærar, men dersom nokon har behov for samtale
med faglærarar, kan ein gje melding om dette under kontaktmøtet.
Når det gjeld elevar som er fylte 18 år, gjer vi
merksam på at vi har teieplikt også overfor foreldre/føresette,
så sant ikkje eleven gir skulen beskjed om noko anna.
Eit slik løyve kan gjevast på svararket til kontaklærar.
|
|

Psykisk helse - gjeld det deg?
Veke 11, 2011.
I veke 11 vert tema psykisk helse
sett i fokus ved HVS.
Prosjektet blir kalla VIP – veiledning
og informasjon om psykiske
problem og lidingar hos ungdom – og vart starta opp
som eit førebyggjande
tiltak i Akershus fylkeskommune med støtte av dåverande
Helse- og sosialdepartementet. Prosjektet har sidan spreidd
seg til stadig fleire fylke, inkl. Møre og Romsdal, og
vi i Haram gjennomfører i år prosjektet for 6.
gong. Tilbodet rettar seg mot alle Vg1-elevar, og opplegget
er laga til i eit nært samarbeid mellom helsesøster,
PPT, psykiatrisk sjukepleiar og Haram vgs.
Vi håper alle elevane våre får ny, og sunn,
innsikt i kva psykisk helse er - for det gjeld oss
alle, på linje med fysisk helse.
God prosjektveke til dykk alle!
|
|
Krafttak mot
kreft
- tusen takk for all støtte!
Publisert 16.03.11.
Russepresident Ingrid Engeset ønskjer, på
vegne av russen i Haram, å takke alle givarane for at dei fylte
opp bøssene til Kreftforeninga slik dei gjorde under innsamlinga
i veke 10.
Haramsnytt
18.03.11. |
- Vi er ikkje så mange russ ved HVS, så berre
45 russ har vore i aksjon, fortel ho, - likavel viser sluttresultatet
etter siste opptelling at innbyggarane i Haram har gitt kr
88 336,- Det er vi svært takknemlege for!
Pengene er allereie sett inn på aksjonen sin konto, og vil gå
uavkorta rett til årets prosjekt.

Utvida læringsarena i praksis
Publisert 16.03.11.
Fleire faggrupper har vore ute på ekskursjonar
i tida etter vinterferien. Det er viktig å sjå korleis
dei ulike faga er knytt opp mot dagens næringsliv, og det er
viktig for elevane å få innblikk i vegen fram mot dei
ulike yrka. Vi håper dei ulike elevgruppene har funne god inspirasjon
i det dei har vore med på den siste veka.
Teknologi og forskningslære
- Lektor 2 09.-11.03.11
I førre veke var elevane med faget Teknologi og forskningslære
til Trondheim for å delta i Skipsmodell-konkurransen
ved Marinteknisk senter og NTNU i Trondheim.
Etter ein lengre prosjektperiode med mykje hard jobbing med
både teoretiske berekningar, design og praktisk modellbygging,
var elevane klare til å delta i den spennande og artige
konkurransen. På vegen opp fekk dei slappe av under flotte
forhold på nordgåande hurtigrute, og det sosiale
var sikra ved at dei 3 elevgruppene frå h.h.v. Spjelkavik
vgs, Ulstein vgs og Haram vgs hadde ein avtale om å reise
i lag både til og frå Trondheim. Sosialt var alt
på topp med andre ord!
Og når resultatet for vår del vart ein heiderleg
6.plass, var alle nøgde. |
|
Laboratoriedagar ved HiAls,
Ålesund. Måndag
14.03.11.
Biologi-elevane har dette som eit fast høgdepunkt kvart
skuleår. Å få gjere gode øvingar i
eit reelt studiemiljø, er noko elevane våre set
stor pris på. Og året i år var ikkje noko
unnatak.
Meir informasjon frå gjengen kjem! Les
meir om Laboratorieveka
2011 ... |
Interiørbilete
frå bibliotekdelen av Høgskulen i Ålesund.
|
Besøk til STX OSV Søviknes,
Søvik. Tysdag
15.03.11.
Heile tre grupper frå avdelinga for mekaniske fag, både
Vg1TPTIP-gruppene og Vg2 Industriteknologi, reiste denne dagen
ut til Søvika for å få ein full dag ved verftet.
I fokus sto HMS, verneutstyr og sjølve skipet BNR.719,
der elevane vart viste rundt med byggfagleg innfallsvinkel.
Veldig lærerikt, og ikkje minst til inspirasjon for dei
som no er på søken etter læreplassar. Her
var det mykje god informasjon å plukke med seg!
|
|
Utplasseringsdagar
for elevar med faget EB2 14.-17.03.11.
Nokre EB2-elevar er utplassert i lokale bedrifter, andre har
fått seg ein tur til Brüssel. Felles for dei alle
er at dei skal gjennomføre jobbintervju og deretter vise
gjennom praktisk arbeid at dei kvalifiserer til jobben. Parallelt
med dette rollespelet får elevane praktiske oppgåver
ute i bedriftene dei er hos, og lærer kva det vil seie
å vere i denne type arbeid. Les
om erfaringane elevane gjorde seg desse dagane ...
- Ein spennande måte å skaffe seg erfaring
på, meiner både elevar og faglærarar.
- Og bedriftene stiller opp for oss på ein fin måte.
Tusen takk! |
Bilete
frå Brüssel, fotografert
under fjorårets utplassering.
|

Krafttak
mot kreft
Veke 10, 2011.
Krafttak mot kreft er Kreftforeninga sin landsomfattande
innsamlingsaksjon for kreftsaka. Eit av Kreftforeninga sine viktigaste
mål er at fleire skal overleve kreft, og dei meiner no at det
er på tide å ta eit krafttak for dei kreftformene med
dårligast odds...
| |
|
Aksjonen vert gjennomført i veke 10 både
i Haram og på landsbasis. For russen ved Haram vgs. er
dette ei viktig sak, som dei gjerne vil støtte opp om.
Difor stiller dei opp som bøsseberarar. Nokon startar
allereie onsdag ettermiddag 9.mars , medan dei fleste husstandar
kan vente seg besøk i løpet av torsdagen.
Ver vennleg å ta godt i mot bøsseberarane våre!
Slik kan du bidra:
- send "KMK" til 2277 (kr 50,- i gåve)
- givartelefonen 820 43 743 (kr 100,- i gåve)
- kontonr. 1503 07 66056 |

Kultursekken presenterer
"Gjenkjennelsen - ondskapens psykologi",
framført av Grenland teater i ID-huset, Brattvåg.
Onsdag 16.03.11.
Onsdag 16. mars var alle elevar ved HVS på teaterforestillinga
"Gjenkjennelsen" på ID-huset her i Brattvåg.
Stykket vart godt likt av mange; - Spenstig!, meinte dei.
Kva gjekk så dette stykket ut på?
"Eit
foredrag om menneskeleg ondskap sklir over i private betroingar
og ein magisk/realistisk verden åpnar seg. Ein skodespelar
i 4 roller. Fakta vert blanda med humor og ender i eit absurd
tv-show. Glidande overgong mellom forskning, draum og røyndom,
sosialpsykologiske forsøk og filmatisert mareritt. (...)
Gjenkjennelsen tar opp tematikken makten sitt språk
i ulike fasettar, frå ein nær situasjon mellom nokon
få personar, til dei meir globale døma som fører
til at ei gruppe menneske regelrett utrydder ein annan."
Les meir hos Kultursekken
... |
|

Lærerik vinterferie for HVS-elevar
Veke 9, 2011
Faglærar
og fysikkelevar
klare for flytur til byar som Bergen, Paris og Cern |
Ved Haram vidaregåande skule er det i år tre større
elevgrupper som nyttar vinterferien til faglege turar. Akkurat no
har vi elevar i Italia, Sveits og England.
Les meir
...
Og så har vi ein enda større flokk elevar og tilsette
som nyter vinterferiedagane meir lokalt. God vinterferie til dykk
alle!

Buff som varmar
Fredag 25.02.11.
I samband med
den nye profileringa av Haram vidargåande skule, kom
idèen om Buff opp. Tanken bak, var at ein ønska
eit produkt som var nyttig samstundes som det profilerte skulen
og fortalte kvar eleven høyrer til. Og resultatet ser
ut til å falle i smak!
Les
meir ... |
Flott Buff
til alle elevar! |

Hugs å søkje vidaregåande opplæring før
1.mars!
Publisert første gong 03.01.11.
Fristen for å søke vidaregåande
opplæring nærmar seg. Frist
01.02.11. - Søkje på vgs. med rett
til spesialundervisning
Frist 01.03.11.
- Søkje vidaregåande opplæring
Alle må nytte MinID for å logge seg inn på
vigo.no og
søkje om vidaregåande opplæring.
Nettstaden ungWEB.no
har all informasjon du måtte trenge i søkjeprosessen.
Sjekk
opp info-artikkelen på ungWEB.no |

Hugs å søkje skuleplass
for skuleåret 2011-2012
Bruk vigo.no |

Læreplassar
i Haram kommune
Publisert 17.02.11.
Det vil bli lyst ut læreplassar i både
i helsearbeidarfaget og barne-og ungdomsarbeidarfaget i Haram
kommune.
Utlysning kjem i Haramsnytt, Sunnmørsposten og på
heimesida til kommuna. Følg med!
Søknadsfristen er 10. mars 2011 |
Opplæringskontoret
i Haram
Haram kompetansepark
Skjelt-Olebakken 9
6270 Brattvåg
Tlf
70217170
|

NYTT
STUDIETILBOD
f.o.m. skuleåret 2011/2012

|
Vg 2 studiespesialiserande program i Skottland
Publisert første gong 10.01.11.
Dette er eit av dei nye undervisningstilboda til Møre
og Romsdal fylkeskommune, og kan søkjast av elevar busett i
heile Møre og Romsdal.
Søkjarane må vera elevar frå Vg1 på
utdanningsprogram for studiespesialisering. Tilbodet blir administrert
av Haram vidaregåande skule. Ordninga går ut på
at 16 elevar frå Møre og Romsdal går på skule
i Skottland i eit heilt skuleår midtvegs i det 3-årige
løpet.
Søknadsskjema
for Vg2 Internasjonalt tilbod i Skottland 2011-2012
Skidag
onsdag før vinterferien!
Publisert 17.02.11.
| Onsdag
23. februar
vert det skidag på Ørskogfjellet.
Avreise i felles bussar frå HVS kl.08:30
Retur frå Ørskogfjellet kl.13:30
(Ordinære skulebussar vidare heim frå HVS kl.14:35)
|

Ha ein flott skidag! |
Skidagen er obligatorisk for alle elevar, og utgjer ein del av faget
kroppsøving.
Skyss til/frå vert betalt av skulen. Eventuell leige av utstyr
og heiskort må den enkelte betale sjølv. Ta med varme
kle, ski eller akebrett og kos dykk i snøen!
Meir detaljerte opplysningar vert gitt måndag
21.02. Eigne oppslag kjem opp på skulen.

Noko for deg?
European Space Camp - ein romfartscamp !
Publisert 16.02.11.
European
Space Camp er en romfartscamp for ungdom mellom 17 og 20
år, som foregår fra 26. juni til 4. juli på
Andøya i Nordland. I en hel uke vil ungdommene som deltar
bli undervist av noen av Europas fremste forskere og ingeniører.
De vil i tillegg få bygge sin egen rakett, som skytes
opp på slutten av oppholdet.
Målgruppen for European Space Camp er elever med fordypning
matematikk og fysikk på Vg2- og Vg3-nivå.
Er dette noe du kunne tenke deg? Søk da vel!
Med vennlig hilsen
Maria Råken
Team Space Camp |
|

PC-bruk i vgs i Møre og Romsdal
Publisert 16.02.11.
| Utdanningsavdelinga ønskjer
å evaluere PC-ordninga og å vite meir om PC-bruken
både hos lærarar og elevar. Dei har difor laga
ein questback som dei ønskjer at flest mogleg av lærarane
og elevane i vidaregåande skule i Møre og Romsdal
svarer på innan 11. mars.
|
|
Lærarane
ved Haram vgs finn den aktuelle linken på Fronter,
i inforommet for personalet.
PC-bruk elevar
Questback, laga for elevar, finn kvar elev på linken:
http://ungweb.no/UNGweb/Info/PC-bruk-paa-skolen-stenge-for-facebook
Denne er open fram til 11. mars. Ver vennleg å gå inn
å avgje ditt svar!

Førstehjelp
7. og 14. februar 2011
To måndagar no i starten av
februar har Brattvåg Røde Kors, ved Emil Blø
og Tor Even Sønderland, halde eit grundig førstehjelpskurs
for alle tilsette ved Haram vgs.
HVS takkar for ei lærerik opplæring, som både
var underhaldande, ferdigheitsskapande og tankevekkande for
deltakarane.
|

BRATTVÅG RØDE KORS
Ron Borge Finnøy
Tlf.: 99 20 41 83
E-post: ronfinnoy@ymail.com |

Velkomen til Yrkesmesse 2011
Torsdag 10.02.11.
| Haram
innovasjonstudio, i samarbeid med næringslivet
og Haram vidaregåande skule,
inviterer til
Yrkesmesse 2011, torsdag kl 1830 - 2045.
10.klassingar med foresette og elevar ved HVS er
inviterte til ein torsdagskveld full av informasjon om ulike
yrker og ulike utdanningsvegar.
Det vert enkel servering og underhaldning
midtvegs i programmet. |
Velkomen
til HVS |

Operasjon
Dagsverk 2010 takkar
Publisert 10.02.11.
Den 28.oktober jobba 120 000 norske
skuleelevar for å gje ungdom i Brasil utdanning gjennom
rettigheitsopplæring og undervisningsaktivitetar. Midla
som vart samla inn under Operasjon
Dagsverk i år, vert kanalisert vidare via Kirkens
Nødhjelp.
Elevane ved HVS leverte eit flott resultat etter OD i år.
Sluttsummen vart kr 69 308,-
Leiinga for OD takkar alle for innsatsen! |
|

Lektor 2 i full gong ved HVS
Kraftanalyse på vinsjar.
Publisert 04.02.11.
For andre år vert dette
spennande samarbeidsprosjektet mellom Rolls-Royce Marine - Deck Machinery
Offshore i Brattvåg og Haram vidaregåande skule gjennomført.
Prosjektet er knytt til Lektor2,
eit landsomfattande realfagsorientert prosjekt, initiert av
Utdannings-direktoratet og organisert av Naturfagsenteret.
Ide og handlingsplan er utarbeidd av fysikklærar Terje
Pettersen ved HVS, og oppgåva er laga av Reidar A. Skarbøvik
ved Rolls Royce Marine.
Erfaringane frå dette FY1-prosjektet var så gode
at HVS ønska å vidareføre prosjektet. I
år er det fysikklærar Arne Vågnes som er prosjektansvarleg,
og som gjennomfører prosjektet med sine FY1-elevar.
Prosjektlanseringa skjedde fredag 28.01. ute på Høgskulen
i Ålesund. Les
meir ... |
"Instruksjon
på brua"
i skipssimulatoren ved Kunnskapsparken,
Ålesund |

Kulturtorget 2011
Publisert 01.02.11.
Fylkeskulturavdelinga inviterer kvart år
til årets viktigaste møteplass for Kultursekken,
som i år gjekk av staqbelen 25.-27.januar på Bjørnsonhuset
i Molde.
Torsdag 27.januar var tilbod retta mot den vidaregåande
skulen presentert, og der deltok Henriette Harsjøen og
Camilla Skår (leiar og nestleiar i elevrådet), saman
med avdelingsleiar Magnhild Fjørtoft.
Det vart eit kulturrikt døgn, med eit hektisk, men godt
program. Les
meir... |
Camilla
og Henriette
var godt nøgde med programmet
for vidagåande skule |

Professor A. Murdock på besøk
i Haram
Klikk om du vil vite meir ... |
06.01.11.
Torsdag 6. januar hadde Haram vidaregåande skule
besøk av professor Alex Murdock frå London South Bank
University.
Professor Alex Murdock har vitja
Haram kommune fleire gonger før, og denne gongen var
det Haram vidaregåande skule som fekk besøk.
Etter ei orientering om skulen vår, var det elevar frå
andre og tredje klasse på studiespesialisering som fekk
ein dobbeltime i lag med han. Tema for forelesninga var britisk
kultur og samfunn.
Skulen set stor pris på å få besøk
av forelesarar frå inn- og utland, og i denne samanhengen
var det kjekt for elevane å få praktisere engelskkunnskapane
sine i ein ny setting. |
Professor
Alex Murdock
i aktivitet på HVS |

Kva vel
ein etter vidaregåande skule ....
Student ved NTNU, Trondheim?
Onsdag 5. januar 2011
Anne Mari Lausund, tidlegare TAF-elev
ved Haram vidaregåande skule, har no studert i 2,5 år
ved NTNU i Trondheim på Marin Teknisk line.
Onsdag 5. januar var ho attende på gamle trakter for å
informere komande realfagsstudentar om livet ved NTNU. På
den måten ønskjer vi å gje avgangselevane
våre noko meir balast før dei skal gjere valet
sitt i høve framtidige studier. Les
meir ... |
- Anne
Mari Lausund - |
Vi gjer elles merksam på;
- Søknadsfrist for dei fleste høgskular
og univeristet er 15. april.
Søknaden går via Samordna
opptak. Set i gang i god tid, slik at du både kjenner vala
dine - og korleis du skal gå fram når du søkjer.
Godt val for framtida!

Privatisteksamen
våren 2011?
Publisert 03.01.11.
Skal du melde deg opp som privatist denne våren?
Oppmeldingsperioden for vårens privatisteksamenar er no i januar.
Oppmeldingstenesta er ope i tidsrommet 01.01.
til og med 01.02.2011. Den vert stengt ved midnatt 01.02.11.
Vi rår alle til å sjå på informasjonen om
privatist-eksamen som ligger ute på nettstaden Privatistweb.
Sjekk då desse lenkene;
VIKTIG INFORMASJON
OM EKSAMEN
- her ligg den informasjonen ein treng om privatisteksamen for
vårt fylke
KONTAKTER
- her finn ein namn, telefonnr. og epost til kontaktpersonar
på eksamens-skulane og fagopplæring
LENKER
- her finn ei n ei samling av nyttige lenker for eksamen og
dokumentasjon
|
FAQ
- her finn ein ofte stilte spørsmål og svar rundt
eksamen
KORLEIS MELDE SEG OPP
- for hjelp og rettleiing ved utfylling av privatistweb
BETALING
Kun via nettbank - privatistene må betale via
nettbank og innan 01.02.2011 for at oppmeldinga
skal vere gyldig. |

Avlyst
grunna sjukdom i Teater Grimsborken!
" Steinene" av Tom Lycos og
Stefo Nantsou
Publisert 03.01.11. Avlyst
11.01.11.
Ny framsyning i regi Kultursekken
tysdag 11. januar. Denne gongen er det Teater Grimsborken som
kjem til Brattvåg. Dei skal vise "Steinene"...
Det er sett opp to forestillingar for oss på ID-huset;
Kl 10:00 møter elevar på Vg2 og Vg3
Kl 12:15 møter alle elevar på Vg1
Undervisninga vil gå som normalt i timane før og
etter framsyninga. Viktig at alle følgjer dei oppgitte
tidspunkta, og kjem seg på plass i rett tid.
Sjå eige oppslag på skulen for meir informasjon. |

Steinene
Framført av skodespelarane
Peder Opstad og Jan-Egil Engstad.
Foto: Peder Opstad
|

Elevrådet
kallar!
Torsdag 6. januar kl 11:25 vil det vere møte
for heile elevrådet i auditoriet.
Har mukje vi skal igjennom. melder elevrådsleiar, så
det er supert om alle møter presis!
Velkomen! |
|

Vi ynskjer dykk alle
ei riktig god jul og eit godt nytt år!
Skulestart etter juleferien er tysdag 4. januar
|

Vinnarar av Frisbee-turnering 2010 ved HVS
20.12.10.
Det kosta svette, høg puls og litt temperament
...
Til slutt sto 3ST som seiarsklassen over alle, både på
gute- og jentesida. Vi gratulerer 3ST med ein flott innsats
i turneringa før jul.
Diplom vert overlevert under avslutningsfesten tysdag.
Sjå
bilete av begge vinnarlaga ... |
Jentelaget
til 3ST |

Det nærmar seg jul ...
Desember 2010
Program for siste skuledagane ved HVS :
Mån.20.12.
Aktivitetsdag - Frisbee-turnering
Kl 08:15 Kampstart, med kampar fortløpande utover ...
Kantina vil vere open delar av dagen
Tysdag 21.12. Avslutningsdag før
jul!
Kl 0900-1000 Brattvåg kyrkje for BUSK og HVS
Kl 1030-1200 Avslutningsfest i kantina med julegraut m.m.
|
|

Nissane inntar igjen løa
han's Peder
Fredag 3. desember
2010
Det er i desember det skjer - kvart år ...
Nissane kjem, for no nærmar det seg jul!
Og då er det tid for NISSEFEST i løa han's Peder,
her i Brattvåg. Elevane på Vg2 HSBUA og Vg1 HS er
klare, og vi veit at det er mange små barnehageborn som
har begynt å glede seg...
Velkomen til nissefest fredag 3. desember!
|
|

| Til
minne om ein god kollega
"Øya stig fram i det gråblåe kavet,
brattlent mot havet og låglent i le.
Høgreist ho ligg der med fire i laget,
ligg der til retting, til merkje og le."
Tekst:
Trygve Rønstad |
Foto:
Svein Lunde |

Flott innsats av HVS-elevar under OD
Publisert desember 2010
Så er Operasjon Dagsverk - OD 2010
avslutta, og OD-komiteen vil takke alle for innsatsen!
Sluttrekneskapen viste at HVS-elevane har samla inn kr 65
000,- i år. I tillegg melder komiteen at etter-arbeidet
har gått veldig fint. Det er alltid kjekt å høyre.
Tusen takk, alle saman! |
|

2ST til Barcelona
28.11. - 02.12.2010
| Elevar og lærarar i 2ST er
i desse dagar på ekskursjon i den spennande storbyen Barcelona.
Ettersom polar-fronten også har tatt seg ein tur sørover
i Europa, er kanskje vertilhøva litt avvikande frå
normalen, men turen vert ikkje mindre eksotisk av den grunn!
|
|
Vi gler oss til å høyre meir ...

"Over Ævne II" - velkomen til teaterforestilling
Fredag 26.11.10.
Teatret Vårt gir seg i kast
med eit skodespel frå 1895 i høve 100 års
markeringa av diktaren Bjørnstjerne Bjørnson sin
død. Over
Ævne II er eit typisk Bjørnson-skodespel på
den måten at det er dirrande av samfunnsengasjement. Dette
er kan hende forfatteren sitt mest politiske skodespel.
Fredag 26. november er stykket sett opp i ID-huset i Brattvåg.
Tidspunktet er kl 12:30, og alle elevar og tilsette ved HVS
kan sjå fram til nokre annaleis norsktimar denne dagen.
Vi ønskjer alle velkomne! |
|

Motivert for ingeniørstudie
15. - 18.11.10.
Då er første del av motivasjonskurs
2010-2011 gjennomført,
og Training Manager Sissel Standal hos rolls Royce skryt av
årets kull. Stemninga har vore god, elevane er interesserte,
inkluderande og byr på seg sjølv. Det er slik vi
vil ha det! Ungdommane sjølve har og uttrykt at dei er
tilfredse og har likt utfordringane dei har fått til no.
- Veldig kjekk ungdom å vere saman med, konkluderer
Standal til Haramsnytt. |
|
Les
artikkelen...

Hospitering for 10. klassingar på HVS:
Elevar rettleia elevar
Veke 45-46, hausten 2010
Som ein del av faget Utdanningsval i ungdomsskulen
er elevane i 10. klasse på hospitering i vidaregåande
skule. HVS la opp til to dagar med mykje praktisk aktivitet
for elevane som kom på besøk. –
Veldig positivt at vi får sjå konkret kva dei driv
med på skulen, meinte alle 10. klassingane vi snakka
med desse dagane. Les
meir ... |

Litt av kvart å bryne seg på
på Vg1 TIP !
(Tekst og foto: Odd Einar Molnes) |

Nyetablert samarbeid
mellom HVS og Armadale Academy, Skottland.
Publisert 12.11.10.
Haram vidaregåande skule har
innleia eit samarbeid med Armadale Academy i Skottland. Saman
ønskjer vi å tilby eit undervisningsopplegg for
elevar i Møre og Romsdal fylke. Elevar som tek studiespesialisering
på vidaregåande skule skal få høve
til å ta eit skuleår i Edinburgh i Skottland, informerer
rektor Jan Magne Helland.
Oppstarten av den nye internasjonale klassen med 16 elevar kan
kome i gong allereie til neste haust. Det er målet
HVS arbeidar for. Les
meir om det spennande tilbodet! |
Haramsnytt 19.10.10. |

Flott tur til England for 3ST
Publisert 12.11.10.
26. september - 3. oktober 2010 fekk elevar ved
tredjeåret studiespesialisering ved Haram vidaregåande
skule høve til å reise til England.
- Turen gjekk først til York, der vi hadde eit samarbeid
med det norske studiesenteret ved universitetet i York (NSC),
og vart avslutta med nokre opplevingsrike dagar i London.
Med andre ord, dette var ein ekskursjon der vi både
fekk samla oss masse kunnskap og litt shopping-erfaring, fortel
ein fornøgd gjeng frå 3ST.
Les
meir ...
|
 |
Neste klasse som tar fram pass og reisekoffert, er elevane
ved Vg2 ST.
Reisemål: Barcelona!

Velkomen til
HVS!
Veke 45 - 46, hausten 2010.
Utdanningsval for 10.klassingar
Haram vidaregåande skule ønskjer alle 10.klassingar
frå ungdomskulane i Haram, Sandøy og andre nærliggande
kommuner velkomen til oss i veke 45 og 46 for å sjå
kva HVS har å by på.
Vi håper dykk alle får nokre lærerike dagar
under utprøvinga i vidaregåande skule i høve
Utdanningsval. |
|
Open skule - onsdag 10. november
HVS ønskjer alle foreldre/føresette velkomen til oss
onsdag ettermiddag, kl 17 - 20 for å få eit innblikk i
det indre livet på skulen og ungdommane sin kvardag.
Program
for kvelden
1700 – 1730 Informasjon om HVS i auditoriet
1800 – 1830
Velkomen til underhaldning og "noko å bite i"
i kantina
1830 – 2000 Foreldrevandring |
|
Adm.

Fagbrev er viktig
Publisert 05.11.10.
|
Opplæringskontora i Haram og Sandøy
samarbeidar gjerne for å hjelpe ungdom fram mot eit yrkesaktivt
liv. Torsdag 4. november besøkte dei HVS, og fekk møte
ei samla gruppe med yrkesfagelevar på Vg1- og Vg2-nivå.
Målet var å gje nyttig, og ikkje minst viktig, informasjon
om vegen vidare etter vidaregåande skule. - Fagbrev
er viktig! var bodskapen dei hadde til dei kommande yrkesutøvarane
i ulike yrke. Les
meir... |
Linkar
- Fagbrev
er viktig - Artikkel i Haramsnytt 05.11.10.
- Du
kjem langt med eit fagbrev - Artikkel i Haramsnytt 10.11.09.
- Opplæringskontoret
i Haram informerar...

Uttaket
til
motivasjonskurs
2010-2011
Publisert 02.11.10.
Uttaket er no klart - vi ønskjer
følgjande deltakarar frå HVS lukke til med nokre
spennande kursdagar i veke 46 og i vinterferien!
Deltakarar:
Johanne Alvestad
Martine Engeseth
Tor-Andre Leine Hildre
Andrea Bruteig Svendsen
Solveig Eidsvik Tvedt
Kristin Ødegård
Vara:
1. Stein Ivar Sylte Rindal
2. Thomas Skarshaug
|
15.-18.11.10.
Ulstein, Ålesund, Brattvåg
Veke 9 - 2011
Birmingham, England |
Bedriftene takkar for mange gode søknader i år - det
vart trekt fram at elevane i år hadde lagt ned eit solid arbeid
i søknadsprosessen. Slikt legg bedriftane merke til, og verdset
dette høgt.
"Trygt heim for ein 50-lapp"
- ei flott ordning for deg også, så bruke den!
01.10.10.
- Svært få ungdommar
i Møre og Romsdal nyttar ordninga "Trygt heim for
ein 50-lapp", melder Sunnmørsposten. Denne
ordninga er eit tilbod som skal få ungdom trygt heim på
kvelds- og nattestid. Haram er ei kommune med mange, speiddbudde
ungdommar, så her burde ordninga faktisk blitt mykje meir
utnytta. Kan hende er ho grei for deg? Les
meir i artikkel i Sunnmørsposten 27.09.10.
|
Vil
du trygt heim?

Foto: NRK/Kåre Riibe Ramskjell |
Kort info:
- Turane må tingast på førehand innan eit nærare
angitt klokkeslett (oftast kl.21:00), og vil berre bli køyrde
om det er førehandstingingar. Turane tingast ved dei lokale
drosjesentralane, for Haram vil det seie via 70 21 39 00
Meir informasjon og bestillingsrutiner - sjå Møre
og Romsdal informerer om ordninga.

Operasjon Dagsverk
2010
28. - 29.10.10.
Torsdag 28.oktober vart Internasjonal dag arrangert ved HVS
i regi av Elevrådet. Fredag utførte elevane ein dags
arbeid for Operasjon
Dagsverk. OD-komiteen ved HVS oppmodar no alle elevar om
å vere flinke til å halde innbetalingsfristen.
| |
"Livet
kan være beinhardt for fattig ungdom i brasilianske
storbyer.
Barn helt ned i 10-årsalderen rekrutteres som væpnede
soldater for de store narkotikabandene, og nærmere 40.000
unge blir drept av håndvåpen hvert år. Slumområdene
vokser, fattigdommen truer og vold og kriminalitet gjør
at
håpet om en bedre fremtid er en fjern drøm for
de fleste.
Gjennom prosjektene i Brasil kan dere bidra til å forandre
dette.
OD vil styrke kvaliteten på den offentlige utdanningen
og gi ungdom håp
om en jobb og et verdig liv", melder OD.
|
Samstundes vil vi takke alle bedrifter, butikkar og andre føretak
som tok vel i mot ungdommane våre til støtte for OD.
OD-komiteen ved HVS
Les meir om årets tema;
- på nettstaden til OD
2010
- hos Stavanger bibliotek "Mens
vi venter på andre omgang i Brasil"

Global Dignity Day i Møre og Romsdal
20.10.10.
Onsdag 20. oktober er det
Global Dignity Day.
I meir enn 50 land over heile verda vert Dignity Day arrangert
denne dagen. I Noreg vert dagen markert på Vg1-nivå
på vidaregåande skular over heile landet.
Ved HVS vil alle vg1-elevar følgje eige program frå
lunsj og ut dagen.
Kontaktlærar vil gje meir informasjon til basisgruppa
si på måndag 18.10. Ha ein flott dag! Les
meir ... |

Global Dignity |
Etterarbeid - ver venleg å gjennomføre dette!
Vi håper at alle elevane som har vore med på Global Dignity
Day 2010 kan setje av fem minutt til å fylle ut evalueringsskjemaet
på denne linken:
https://web.questback.com/frivillighetnorge/globaldignityforelever/
Vi ønskjer og at skuleleiinga ved dei skulane som var med på
Global Dignity Day går inn og svarar på spørsmåla
i følgjande evalueringsskjema:
https://web.questback.com/frivillighetnorge/globaldignityforskoleledelse/
Evalueringen er anonym. Det einaste som vil kome fram er fylkestilhøring.
Takk!

Søknad om plass
motivasjonskurs
2010-2011
Publisert 29.09.10.
Kan du tenkje deg ei teknisk
utdanning?
Dei 3 internasjonale selskapa Rolls-Royce,
STX Europe
og Ulstein
Group har saman med Norwegian
Centre of Expertise-Maritime invitert til eit nytt motivasjonskurs
for ingeniørutdanning til eit utval Vg2-elevar
ved Haram vgs., Ulstein vgs. og Spjelkavik vgs. Totalt er det
16 elevar som får høve til å delta. Vi håper
du vil søkje!
Målet
er å gje deg innsyn i lokalt næringsliv,
og kva for utfordringar du kan få dersom du vil verte
ingeniør. Kurset er 2-delt, og andre del vert gjennomført
i England i samarbeid med den verdskjende stiftinga Smallpeice
Trust. Vi lover ei oppleving for livet.
Søknadsskjema med informasjon og søknadskriterie
får du på kontoret til Aasgaarden (HVS). |

Søk nå!
Fristen er 15.oktober.
|
Les meir:
Historikken
til Motivasjonskurset, med artiklar/bilete frå tidlegare kurs
...
http://www.smallpeicetrust.org.uk/

-
Nyt hausten og feriedagane -
Veke 40 - 2010

Utsikt frå
skuleplassen ein solrik septemberdag på HVS
Foto: Torleiv Austnes
Hugs å lade opp "energibatteria" dine
på ein positiv måte.
Så treffast vi utkvilde måndag 11. oktober.
God haustferie!
|

Karrieredagar og utdanningsmesse
i Ålesund 2010
28. - 29.09.10.
Karrieredagar og utdanningsmessa
vart avvikla i Sunnmørshallen, på Høgskulen
i Ålesund og på Fagskulen dagane 28.og 29.september
for alle 10.klassingane på nordre Sunnmøre.
Dette er fjerde gong ein gjev ungdommane dette tilbodet. Her
er det meint at elevar frå 10. klasse skal få høve
til å prøve ut ulike yrkesretningar, og målet
med dagen er å gje dei eit levande bilete av arbeids-
og utdanningstilbodet i eige fylke.
Temaet i år var ”Dobbelt så mange moglegheiter”,
der ein ønska å få ungdommane til å
tenke på tvers av vanlege valg for gutar og jenter.
|
Kva
vel du?

HVS presenterte,
i lag med Opplæringskontoret i Haram,
TAF-tilbodet ved skulen. |
Les meir og sjå bilete på heimesida til Opplæringskontoret
i Haram ...

Ny York-ekskursjon i regi HVS
Veke 39, 2010
Avgangselevane våre ved Vg3 ST er ei heil
veke i York, England, før dei tar haustferien. Under
opphaldet bur dei i eit studentbustadkompleks,og mesteparten
av opplegget deira er knytt opp mot Universitetet i York.
I tillegg ligg utflukter i området, fotballkamp (så
klart), fleire museumsbesøk og ein dagsutflukt til London
inne i programmet. Vi ynskjer dei god tur! |
|

Er du på nett?
Publisert 23.09.10.
Som elev i vidaregåande skule, er det forventa
at du nyttar dei infokanalane som er laga til for deg.
Start difor opp ungWeb
kvar dag, og bruk Fronter
aktivt På Fronter ligg no terminplanane for dei fleste
fag, samt anna fagleg informasjon frå faglærarane.
Bruk elles heimesida vår, sjekk blant anna innhaldet i
prøveplan
for din klasse og hald deg oppdatert via aktivitetsplan.
Då kjem verken prøver eller aktivitetar utanom
vanleg timeplan som ein overrasking.
Kvar finn du ein inngang til alt dette? Sjå øvst
på heimesida her ;-) Ha ein god skulekvardag! |
|
Biologi-ekskursjon i tregrensa ...
20. - 21.09.10.
- Kaldhussetra,
Tafjord -
|
Hausten er ekskursjonstid for elevar med programfaget biologi! Reisemålet
til BIO2-elevane i år er Kaldhussetra, ein flott lokalitet for
føremålet. Denne fjellstua høyrer til Sunnmøre
turistforening og ligg idyllisk til høgt oppe i Tafjordfjella,
nesten ved enden av den køyrbare vegen. HVS har vore på
ekskursjon i området før, og har berre positive opplevingar
derfra. Med ein slik hyggeleg plass som base, og høve til feltarbeid
i ein mangfaldig natur nærast "utanfor stueveggen",
er denne ekskursjonen noko å sjå fram til for både
lærarar og elevar.
Meir kjem ...

PC-stipend er no utbetalt
Publisert 20.09.10.
Til orientering:
- Alle Vg1-elevar i Møre og Romsdal som ikkje har PC
gjennom fylket si PC-ordning, har no mottatt PC-stipendet sitt.
Dette er utbetalt til det kontonummeret som var oppgitt til
skulen ved skulestart. |
|

Minikonsert i kantina
16.09.10.
Torsdag 16. september er det invitert til Minikonsert
i kantina ved HVS. Kantina vår er oppgradert, og inneheld no
eit permanent sceneområde vi gjerne vil skal vere til glede
for elevane våre.
Vi er stolte av å kunne la
Bjørn Viktor Giske frå 1EL1 entre scena med gitaren
sin, som første mann ut i ei rekkje av planlagde konsertar
framover.
Velkomen til ei hyggeleg oppleving i kantina kl.11.10! |
|
Les kva media skriv - flotte omtalar etter opningsopptredenen:
- X-faktor
i kantina (Haramsnytt 17.09.10.)
- Først
ut på kantinescena (Sunnmørsposten
17.09.10.)

Flott opphald for italienarane i Haram!
16.09.10.
Våre italienske gjester har returnert til Italia
etter 10 hektiske dagar i Haram. Tilbakemeldingane er eintydige -
dei har likt seg godt i Haram, og blitt tatt godt vare på av
vertsfamiliane sine og elevane i 3ST.
Comenius-prosjektet, del
2
I løpet av dagane her i Noreg har dei fått
oppleve Vestlandet i både overveldande, strålande
solskinn og i vindfullt ruskever. Dei har slitt skulebenken,
vore med i aktivitetar i lokalsamfunnet og reist på rundturar
i fylket vårt. Men kanskje aller viktigast - dei har vore
i lag med lokal ungdom i kvardagen deira. Og
lokale media har følgd opp: Ambisiøst
program (Haramsnytt 10.09.10.)
Lærevillige
italienarar (Haramsnytt 21.09.10.)
Flott
opphald for italienarane (Bygdebladet 22.09.10.)
HVS takkar alle involverte for all velvilje og positive innsats
som er lagt ned for å skape eit vellukka opphald for ungdommane
og lærarane deira frå Italia. |

(Foto: Haramsnytt 10.09.10.)
Lærargruppa i prosjektet:
Antonella Bini, prosjektleiar Magnhild Fjørtoft, Donatella
Savinotto og Marit Anne Harstad
(Foto: Bygdebladet 22.09.10.)
|
Comenius-prosjektet, del 1
I fjor, på same tidspunkt, var elevar frå dåverande
2ST, 3MK og 3PB ved HVS på besøk i Udine, Italia. Fokuset
var sett på språk og kultur.
Også våre elevar meldte den gongen om ein lærerik
og fornøyeleg tur som dei lærte mykje av. Ikkje minst
gav det fin innsikt i eit anna land sin kultur når ein fekk
bu hos vertsfamiliar spredd rundt i området Udine.
Les meir frå Italiaturen 2009;
- Logg frå
vårt besøk i Udine i fjor, hausten 2009 ...
- Spente
elevar lærer italiensk før avreise (Haramsnytt
22.09.09.)

Skulefotografering i veke 37
15.-16.09.09.
Onsdag 15. og torsdag 16. september er det sett
opp program for skulefotografering. Oversiktlege oppslag med
tidspunkt for gruppe-bilete og individuelle foto per klasse
får du hos kontaktlærar ,samt at du finn oppslaga
i korridorane på skulen.
Møt opp til rett tid, slik at vi får minst mogleg
venting, melder fotografen.
|
|

Helsesøster har fast treffetid på HVS
Publiser 10.09.10.
Haram vidaregåande skule har
fått ny helsesøster denne hausten. Vi ønskjer
helsesøster Monica Brungot Sandvik velkomen til oss.
Treffetid f.o.m. tysdag 21. september.
Treffetida er kvar tysdag i tidsrommet kl.09:30 - 11:30,
på elevrådsrommet (143). Du treng ikkje bestille
time på førehand. Helsesøster har teieplikt,
og er der for deg om du treng nokon å snakke
med! Les meir ...
|
|

Velkomen til våre italienske
gjestar!
07.-15.09.10.
I perioden 7. september til og med
15. september vil Haram vidaregåande skule ha 22 italienske
elevar på besøk. Dei kjem alle frå regionen
Friuli i Nord-Italia, der samsarbeidsskulen vår, Istituto
Tecnico Industriale "Arturo Malignani", ligg.
Besøket er knytt opp mot siste del av Comenius-prosjektet
vårt, der ein har sett fokus på språk, skulesystem
og kulturen i Noreg og Italia, og det er Vg3 ST som er vertskap
for elevane.
Vi håper både våre italienske gjester og vertskapet
deira får nokre innhaldsrike og fine dagar i lag.
|
Welcome to
Haram vgs. |

Flott innsats under fjelldagen
02.09.10.
Fjelldagen til HVS vart annonsert med kort varsel, men oppmøtet
og innsatsen i elevgruppa tok ikkje skade av det.
Blåskjerdingen,
1069 m.o.h. og høgste fjellet i Haram kommune, i kveldssol.
I bakgrunnen ser ein eit turistskip gå ut Storfjorden.
Foto: Svein Lunde
(Copyright - bilete er henta etter avtale)
|
Registreringa på toppen av Blåskjeringa (1069
m.o.h.) viste at 98 elevar hadde tatt seg heilt opp! I tillegg
samla det seg ein flokk lærarar kring varden. Sjølv om
nokon sto over den siste steinura opp, var mykje av ”arbeidet”
oppover alleiere gjort, og ein kan vere godt nøgde med seg
sjølve.
Frostatind (807 m.o.h.) fikk besøk av en annan
flott gjeng elevar, med same pågangsmot og gode humør.
- Og det trass i litt fuktigare underlag og tettare krattskog
på vegen opp, melder lærarane som var med der, -
rett og slett ein strålande gjeng å dra på tur med!
Når vi i tillegg får tilbakemelding om at ting gikk greit
gjennom heile dagen, og det var observert at alle tok ansvar og fekk
både seg sjølv, venner – og ev. boss/søppel
– med seg ned igjen, då er vi stolte av flokken vår
av elevar og lærarar.
Aktuelle fjell-linkar:
http://www.westcoastpeaks.com/Peaks/blaaskjerdingen.html
(Fakta om området)
http://www.slunde.com/album72.html
(Flott fotoserie av Svein Lunde - takk for lån av bilete!)

Invitasjon til foreldremøte,
Vg1.
Publisert 06.09.10.
Haram vidaregåande skule inviterer med dette
alle foreldre til elevar på
Vg1 til informasjonsmøte torsdag 9. september.
Vi ønskjer dykk velkomne
til oss i auditoriet kl.1830 for felles informasjon. Deretter
vert det halde klassevise møter der kontaktlærarane
fortel nærare om dei ulike utdanningsprogramma og klassane.
Det blir sjølvsagt høve til å spørre
spørsmål langsmed.
Vi håper mange kan stille, og ser fram til å møte
dykk! |
|

Informasjon til
foreldre
August 2010
Det er kome endringar i opplæringslova i høve foreldresamarbeid
i den vidaregåande skulen. Dette omfattar plikt til å
gi informasjon om eleven, samt ein sterkare presisering av foreldre/føresette
sine rettar etter opplæringslova og forskrifta (§20-4 punkt
c).
Vi ber foreldre/føresette setje seg inn i dette via:
Foreldre til Vg1-elevar ved Haram vidaregåande skule vil få
tilgang til læringsplattforma som skulen brukar (Skolearena),
og slik informasjonen vil bli gitt der. Meir informasjon om opplegget
vil bli gitt på foreldremøte for Vg1 torsdag 9.september
i veke 36. Invitasjon vil bli sendt ut via elevane inneverande veke.

Elevrådet kaller!
| Publisert 26.08.10.
Det vert kalla inn til årets første elevrådsmøte
i veke 35.
Møtet går i 5.- 6.time onsdag 1. september. Her
vil også elevombodet vere til stades. Sjå eigen
innkalling.
Vi ønskjer alle nyvalde tillitselevar (med vara) velkomen.
Adm.kontakt Magnhild Fjørtoft |
|

Vinnarane av Rebusløp 2010 er kåra
Publisert 25.08.10.
Rebusløpet vårt er meint å
gje nye elevar eit første overblikk over korleis HVS
sitt indre liv er, der romplaner og ulike aktivitetar knytt
til spesialrom fortel litt om kva som vanlegvis pågår
på skulen.
I tillegg kjem nokre tips om branninstruksar, kor ein kan finne
ulik informasjon, om takt og tone og mykje anna. Litt for "dei
små grå" er det også kring på huset.
Flott innsats av veldig mange grupper i år, og aller best
ut kom 1TAF-TP. Vi takkar for innsatsen og gratulerer vinnarane.
Rebuskake kjem på bestilling! |
Litt for dei små grå ...
Kva
skal stå
i den siste ovalen, og kvifor? |
Skuleåret er definitivt i gong!
Elles observerer vi at dei fleste klassane no er godt i gong. PC-ar
er under utlevering, det same er skulebøkene. Vi er lei for
at nokon må avvente litt grunna manglande lånekort, men
denne utfordringa ser det ut til at elevar og lærarar har løyst
på ein god måte. Dei fleste begynner og å få
tak på Feide-pålogginga si, så no håper vi
skuleåret går drivande godt for alle saman.
Lukke til i dei nye utfordringane som står foran dykk!

Sjekk ut UNGWeb.no
- viktig nettstad for alle i vgs.
August 2010
Det er mykje nytt å
setje seg inn i for både elevar og føresette i
overgongen til vidaregåande skule, og det er ikkje alltid
lett å finne svar på det ein lurer på.
Møre og Romsdal fylke har oppretta nettportalen UNGWeb.no,
der elevar, føresette og lærarar kan finne viktig
informasjon om ting som berører kvardagen til elevar
i vidaregåande opplæring i vårt fylke.
|
|
|
Bruk denne nettstaden -
ver informert og oppdatert! |
Informativ link elles;
Møre
og Romsdal fylke - Utdanning

Velkomen til nytt skuleår !
August 2010
Då nærmar sommarferien seg definitivt slutten for
ungdommen vår, og vi ser fram til å sjå att straumen
av dei unge og merke energien kome attende i skulebygget.
Velkomen skal dykk vere, både nye elevar og alle vi kjenner
frå tidlegare !
Skulestart torsdag 19. august;
- kl 09:00 Oppmøte i auditoriet for alle Vg1-elevar
- kl 10:30 Oppmøte i auditoriet for Vg2, Vg3 og Vg4
(NB! Vg2 TAF-EL/-TP møter på skulen
fyrst på måndag 23.08.) |
|
Vi ønskjer elles alle lærarar og assistentar velkomne
til planlegging av skulestart måndag 16. august, kl 08:00. (For
program etc., sjå utsendt informasjon).

PC-ordning skoleåret
2010/2011
Publisert 01.07.10.
Komande skoleår vil du som
Vg1-elev kunne velje om du vil ha ein berbar PC som fylket kjøper
inn til deg, eller få eit tilskott frå fylket til
å kjøpe/bruke eigen PC.
Elevane som startar på første året (Vg1)
kan velje mellom to ordningar for å skaffe seg PC. Dei
får anten
- ein berbar PC som vert utlevert til eleven ved skolestart*
- eit eingongs tilskott til kjøp eller bruk av eigen
PC*
*Ordninga gjeld berre
elevar på Vg1-trinnet ved Møre og Romsdal fylkeskommune
sine vidaregåande skolar. Ordninga gjeld ikkje for elevar
som har fått PC eller tilskott frå fylket tidlegare.
Viktig å merke seg:
For å få utlevert
PC ved skolestart, må du ha registrert deg/bestilt innan
16. juli! |
|

Lånekassen melder;
Publisert 08.06.10.
Søk om utstyrsstipend
– alle med ungdomsrett får!
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring
får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs
at du må søkje for å få stipendet!
Frå 1. juli har Lånekassen nytt telefonnummer.
Har du spørsmål om lån og stipend er det
no telefonnr. 22
70 03 00 du må bruke for å få hjelp.
Les
vidare - viktig informasjon ... |
|

Klar for eit nytt skuleår?
- Hugs svarfristen 16.
juli for tilbod om skuleplass !
Publisert fyrste gong 08.06.10.
På www.vigo.no
vil det vere mogleg å svare allereie frå 9.juli,
og med endeleg svarfrist 16.juli.
Du treng å bruke PIN-kodane dine og MinID for å
gå inn og svare! Så difor, sjekk med det same at
du har kontroll på kodane dine og/eller passordet ditt.
Vi gjer merksam på ar dersom ein ikkje
går inn og svarar på tilbod om skuleplass eller
ventelisteplass, mister ein tilbodet og har då ikkje krav
på eit nytt. Meir
informasjon om skuleinntaket ... |
|

Viktige samarbeidspartnarar
for ungdom;
1. Opplæringskontoret i Haram
Mai 2010
Opplæringskontoret
i Haram samarbeider med medlemsbedriftene om å
få til ei så god fagopplæring som råd,
og ser elles til at opplæringa skjer i samsvar med godkjende
læreplanar og Opplæringslova.
Er du kommande lærling, ta kontakt for informasjon og/eller
hjelp. Les artikkel i Haramsnytt: Du
kjem langt med eit fagbrev
Velkomen til Opplæringskontoret
i Haram! |

Opplæringskontoret er
eit samarbeids- og service-organ
for bedrifter som tek på seg
opplæringsansvar for lærlingar.
Opplæringskontoret i Haram
Haram kompetansepark
Skjelt-Olebakken 9
6270 Brattvåg
Tlf
70217170
|
2. Oppfølgingstenesta (OT) i Møre og
Romsdal
Mai 2010
| Oppfølgingstenesta er eit
tilbod til ungdom som ikkje er i opplæring eller i arbeid.
Alle fylke skal ha ei oppfølgingsteneste for ungdom
som har rett til opplæring og som ikkje er i opplæring
eller arbeid. Tenesta gjeld til og med det året dei
fyller 21 år.
For
meir informasjon, les ...
OT for Haram og Sandøy:
Hilde K. Aasgaarden, tlf. 70 20 96 10
|
|

Vi
tilrår:
Utdanningsmagasinet.no
Mai 2010
Nettstaden Utdanningsmagasinet.no
inneheld mykje informasjon som kan vere god å ha med seg
på vegen vidare, anten du planlegg å studere i Noreg,
i utlandet eller kanskje har tenkt å leggje inn eit friår.
Her finn du noko om økonomi, alternative utdanningsvegar
og råd og vink i høve studie-perioden i livet ditt.
Kan hende finn du noko som er nyttig for akkurat deg her!
Kik
innom Utdanningsmagasinet.no ...
|
|
|
Artikkel;
Må jeg gi opp drømmen?
Rådgiver Anne-Grete Borch møter mange unge som
vil studere medisin eller jus. Ofte knuses drømmen mot
høye karakterkrav."
Les
intervjuet ... |

Sommarferien er
eit faktum!
Tysdag 22.06.10.
Foto: Solveig
Goplen
|
GOD SOMMAR !
Etter eit arbeidsamt skuleår,
er det godt å kjenne på feriekjensla!
Vi har nokon fine veker foran oss,
forhåpentlegvis med sol, varme og mange gode opplevingar
og inntrykk. Nyt det og møt med opplada batteri til
skulestart torsdag 19. august.
Opningstider i juli:
Kl. 10 - 14 (mån-fre)
HVS ynskjer
elevar, føresette og tilsette
ein energigjevande og god sommar.
|

Har du levert inn lærebøkene dine?
Publisert 28.06.10.
No haster det - fakturering for manglande innlevering
av lånte skulebøker er rett om hjørnet!
Vi minner om utsendt melding vedr. siste frist for tilbakelevering
av lånte skulebøker til skulebiblioteket. Innan
kort tid vil skulen sende ut faktura med tilhøyrande
gebyr til alle som står oppført med manglande innlevering.
Vil du nytte desse pengene til noko meir fornuftig i sommar,
bør du vere snar og levere bøkene dine på
hovudkontoret på skulen! Skulebiblioteket
|
|

Utdanningsavdelinga
melder:
Sommarkurs i matematikk og naturfag
Mai 2010
For yrkesfagelevar, som etter
Vg1 ikkje har kome i mål med matematikk og/eller naturfag,
blir det i år for første gong arrangert sommarkurs.
Kurset er gratis for deg som elev og er lagt til Borgund vgs.
Kvart av kursa går over ei veke med ein avsluttande
eksamen. Men du må vere motivert for å gjennomføre,
difor treng du ei tilråding frå faglæraren
din.
Er du interessert - snakk med faglæraren din!
Les meir om sommarskulen i vedlegga:
- Informasjonsskriv
om sommarskule ved Borgund vgs.
- Påmeldingsskjema |
|

Helsetasjon
for ungdom - sommaråpen
Sommaren 2010
På helsestasjonen for ungdom kan du snakke
om ting du lurer på, og få hjelp og råd frå
helsesyster, jordmor eller lege. Både lege, jordmor og
helsesyster har taushetsplikt.
Sjølv om det no er sommarferie, er det mogleg å
kome på Helsestasjon for ungdom til gitte tider.
Sjekk heimesida deira: -
Åpningstider i sommarmånadene
|
|

Lektor 2 fortset ved HVS !
28.05.10.
Vi er stolte av å
meddele at Haram vgs. får delta enda eit år i prosjektet
Lektor 2 i regi Naturfag-senteret.
I prosjekt knytt til Lektor 2-ordninga, får skulen inn
fagpersonar frå arbeidslivet, som blir direkte involvert
i undervisninga innan område der skulen/faglærar
ser dette som ei moglegheit til å auke elevane sitt læringsutbytte
og interessa deira for faget.
Involverte elevar og faglærarar har gitt gode tilbakemeldingar
på opplevingane sine i dei to prosjekta som vart gjennomført
skuleåret 2009/2010: - Oppdriftsanalyse
i båtbyggjarprosjektet (ToF) (pdf-artikkel)
- Krefter
i vinsjar (FY1) - framføringøkt
- Krefter
i vinsjar (FY1) - bedriftsbesøk
Vi ser fram til å ta nye grep inn i skuleåret 2010/2011. |
|

HVS er resertifisert som Miljøfyrtårn.
Publisert mai 2010
Hugs å ta miljøhensyn
- kvar dag!
Vi har fleire typar avfallsdunkar rundt på skulen, og
oppmodar den enkelte til å kaste rett avfall på
rett plass. Vi ser framgang - flott!
Men det er viktig at du er miljømedviten elles og.
Så spis sunt, ver blid, gå eller bruk sykkel når
avstandane tilseier det - eller, gå ein ekstra tur medan
du ryddar glass og anna tilbake til kantina, og pass på
å ikkje skrive ut papir du ikkje treng ...
Hjelp oss å halde HVS ryddig og miljøvennleg!
Meir informasjon:
HVS
- sertifisert til Miljøfyrtårn H- 2007
Stiftelsen
Miljøfyrtårn
Bransjekrav
|
|


Haram vidaregåande skule
gir deg tilbod innan følgjande utdanningsprogram:
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Teknikk og industriell produksjon
Tekniske- og allmenne fag
(TAF-TP og TAF-EL)
Studiespesialisering
og
Påbygging til generell studiekompetanse (Vg3 PB)
|
| |
Postadresse:
Skuleråsa 10, 6270 Brattvåg, Norway.
Telefon: +47-70209600 Telefax: +47-70209601 - E-post: haram.vgs@mrfylke.no
Biletmaterialet er Haram vidaregåande skule og fotografane
sin eigedom.
Vevstyrar og ansvarleg for sidene: Hilde Kristin Aasgaarden.
Vevrådgjevar: Torleiv Austnes
|
|