Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)




 

Haram vidaregåande skule - informasjon
Du er her: Elevkvardagen>>Helsetenesta
 

HELSETENESTA
- eit tilbod til alle elevar ved skulen.


Oppdatert 14.12.11.



Helsesøster og treffetid på HVS
Haram vidaregåande skule er så heldige å ha helsesøster tilgjengeleg på skulen kvar tysdag. Helsesøster Monica Brungot Sandvik finn du i same korridor som rådgjevar.


Treffetid
Helsesøster vil ha kontortid/treffetid her på skulen kvar tysdag i tidsrommet kl.09:30 - 11:30. Du treng ikkje bestille time på førehand.

Helsesøster har teieplikt, og er der for deg om du treng nokon å snakke med!

Treffetida kan du nytte dersom det er noko du vil ta opp i forhold til fysisk- eller psykisk helse, eller dersom det er noko som verkar inn på trivselen din.

Du kan få råd, rettleiing/hjelp innan helsespørsmål, og ev. få kontakt med andre instansar dersom det er behov for det.

I byrjinga av skuleåret vil helsesøster ha ei orientering i kvar klasse om helsetenesta ved skulen. Ho vil og vere kopla inn i spesielle prosjekt knytt til tema ”Helse i skulen” gjennom skuleåret.


Kontakt utanom treffetid/avtale treffetid?
Helsesøster vil du kunne nå anten via e-post: monica.brungot.sandvik@haram.kommune.no

eller ved bruk av sms/mobil/telefon:
- helsesøsters mobil: 950 98 748
- Helsesøsters kontor: 70 21 76 61 (direkte)
- Brattvåg Helsestasjon: 70 20 75 00 (via Servicetorget)

Du kan og få kontakt med helsesøster via kontaktlærar eller rådgjevar.


Helsestasjon for ungdom (HFU)
Elevane kan og nytte seg av Haram kommune sitt tilbod for ungdom - Helsestasjon for ungdom - på torsdag ettermiddag ved Brattvåg helsestasjon og på Vatneeidet.

Brattvåg:  Torsdagar 15.00-17.00

Vatne/Tennfjord:
Den første torsdagen i kvar månad er det helsestasjon for ungdom i Eidet kulturhall på Vatne frå 14.30-16.30.
Lege vil vere til stades mellom kl 14.30 og 15.30.
Desse dagane vil det vere helsesøster til stades på Brattvåg helsestasjon mellom kl 15.00 og 16.00.

Har du problem som Helsestasjonen for ungdom ikkje kan hjelpe deg med der og då? Vi ved HFU vil hjelpe deg vidare i systemet!

Sjekk HFU på Facebook ('',)

HFU held stengt i haust-, jule-, vinter- og påskeferien, men har eigne opningstider i sommarferien!


Skulelækjar
Det er og knytt opp ein skulelege til HVS.
Skulelege har ikkje fast treffetid ved skulen, men kan treffast via helsesøster, kontaktlærar eller på Helsestasjon for ungdom, kl 16:00 - 17:00.



Gode linker for råd og rettleiing

Av og til kan det vere greit å lese litt for å kunne hjelpe seg sjølv eller andre. Kan hende finn du nyttig informasjon på desse linkane:


1) Psykisk helse
Mental Helse Ungdom
Psykisk helse i skulen
Sosial og helsedirektoratet - Meir om tema: Psykisk helse

Morild.org - ei heimeside for deg med foreldre som har psykiske problem

Voksne for barn - ein organisasjon som arbeider for barn og ungdoms psykiske helse


2) Gravid og usikker



Stiftelsen Amathea
er en helsetjeneste som tilbyr gratis veiledning til kvinner og par som er blitt uplanlagt gravide.


Klikk på logoen for meir informasjon


3) Kontaktproblem/rus/mm


Ungdom og rus

Her finn du nyttig informasjon frå Haram kommune

KoRus Midt-Norge
Rusbehandling Midt-Norge HF blei etablert i 2004 og er eit helseforetak som er eigd av Helse Midt-Noreg. Våre hovudoppgåver er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, forskning og utvikling.

"Heldig er den ungdommen som har teite foreldre"
- ein rettleiar til foreldre om tema ungdom og rusmidler. I denne ligg nokon enkle kjøreregler for korleis vi som foreldre kan ivareta vårt ansvar og vår rolle i møte med ungdommens utprøving og nysgjerrigheit omkring bruk av rusmiddel. Verd å lese.


Elles;
- Landsforeningen for Utekontaktene (LUK)




Hovudsida


 
Kantine
Elevrådet

Skuleidrettslaget

Rådgjevar
Stipend og lån

Helsetenesta

Skuleskyss
Haram
Fritidstilbod