|
Haram vidaregåande skule - informasjon
|
| Du
er her: Elevkvardagen>>Kantine |
| |
KULTURKANTINA ved HVS
Oppdatert 01.07.11.
Kantina vår, no kalla "Kulturkantina",
er skulen sitt sosiale senter. Den er
open i skuletida, og her får du føde for
både kropp og sjel.
Her skal vere rom for avkopling, sosialt samvær
med god og sunn mat og drikke - eller litt fagleg arbeid,
om du har behov for det.
Kvar er ho?
Kantina ligg i underetasjen på skulen, og er open
frå ca kl 0830 til ca kl 1400 på ordinære
skuledagar. På dagar med heildagsprøver opnar
kantina kl 0800. I kantina finn du god mat og eit godt
sosialt fellesskap. Lurer du på kva som vert servert
i dag, sjekker du opp menyen på info-skjermane i
korridorane (",) Det er elevane som
påverkar menyen!
Varm mat blir servert kvar dag etter ukemenyen. det er
god heimelaga kost, tilpassa elevane sin smak. Både
pizzadagar og dagar med brennsnut er å finne kvar
veke, og dette fell godt i smak.
Det går og unna når kantina overraskar med
noko ekstra i disken. Tine-produkta er nesten like populære,
og micro’n kan gjøre mykje med ei elles standard
nistepakke. Her er det med andre ord plass til alle -
og alle sine matbehov.
Festleg stemning i kantina
Kantina vert brukt til mykje. Ho er ein viktig samlingstad
i skulekvardagen, men er og viktig under samankomster
som yrkesmessa, open skule og til avslutningsfestane våre
både før jul og før sommarferien.
Elevane våre er glade i kantina, og leiinga ved
HVS og ISS ønskjer å gjere ho til eit naturleg
samlingspunkt for alle.
Velkomen ned til Kulturkantina.
Hovudsida
|
|
|
Kantine
Elevrådet
Skuleidrettslaget
Rådgjevar
Stipend og lån
Helsetenesta
Skuleskyss
Haram
Fritidstilbod |