Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)




 

Haram vidaregåande skule - informasjon
Du er her: Elevkvardagen>>Rådgjevar
 
RÅDGJEVARTENESTA

Oppdatert 10.10.06.

Ivar Roald - rådgjevar ved HVS.


Ivar Roald

Du finn rådgjevarkontoret i 1. høgda,
dvs. ved vestre inngang i skulebygget.
Kontoret er ope kvar dag, men fordi rådgjevar og har undervisning, er han ikkje alltid å finne der. Nærare orientering om når/kva timar rådgjevar er å treffe, blir gitt i byrjinga av skuleåret.


Rådgjevar skal vere elevane til hjelp i spørsmål om fag, lineval og studieretning. Han skal og gi yrkesrettleiing og hjelp ved t.d. personlege forhold og problem. Han vil og kunne hjelpe til med å skaffe spesialisthjelp t.d. skulepsykolog og skulelege. Oppslag og brosjyrar om høgare utdanning vil du finne på rådgjevarkontoret og utanfor kantina. Gi rådgjevar melding om utdanningar du er interessert i, slik at han kan skaffe brosjyrar og søknadsskjema i god tid før søknadsfristen går ut.

Nokon å snakke med
Elevane ved skulen kan ofte ha behov for å snakke med ein som kanskje ikkje er læraren deira til dagleg. Sjølv om det ikkje treng å vere store problem eller konfliktar, kan det vere godt å stikke innom rådgjevarkontoret for ein prat. Ver ikkje redd for å "forstyrre" - det er derfor han er her.

Det blir ikkje rekna som fagfråvære når ein elev oppsøkjer rådgjevar, meld frå til faglærar når du går. Du kan og stikke innom og avtale tid, slik at du kan få ein samtale i ein av fritimane dine.



Hovudsida

 

 
Kantine
Elevrådet

Skuleidrettslaget

Rådgjevar
Stipend og lån

Helsetenesta

Skuleskyss
Haram
Fritidstilbod