| |
SKULESKYSS
Oppdatert 01.07.11.
Fylkeskommunen syter for dagleg skyss eller skysstilskott
for elevane i den vidaregåande skulen.
For nyttig informasjon, sjekk ut linken
Skuleskyss
Generelt
Dei fleste som reiser dagleg, kjem seg til og frå
skulen med buss, eller med buss og ferje. På strekningar
med få elevar kan det vere nødvendig at
desse nyttar private skyssmiddel, og dei får då
skyssgodtgjersle etter eigne reglar.
Eventuelle kostnader som er større enn det gjeldande
satsar dekkjer, må dokumenterast.
Har du krav på skuleskyss?
Dei elevane som har krav på fri skuleskyss
må bu meir enn
6 km frå skulen. Dersom du må nytte båt/ferje
for å kome til skulen, får du fri skyss uavhengig
av reiseavstand.
Elevar med funksjonshemming og som kan leggje fram legeattest/sakkunnig
uttale, har og rett til fri skuleskyss.
Det er og reglar for skyss-system for elevar med delte
heimar, der ein eller ev. begge heimane er lokalisert
lengre unna skulen enn 6 km.
Dersom du har krav på fri skuleskyss ber vi deg
ta kontakt med kontoret. Der vil du få meir informasjon
og få høve til å fylle ut dei skjema
som må til for å få reisebevis.
NB!
Elevar som misser reisebeviset, må gi melding til
skulen.
Du må då rekne med ein kostnad for å
få laga eit nytt reisebevis.
Rutehefte
for buss eller ferje?
framme på hovudsida vår har du link til Fjord1
øvst oppe. Der finn du all informasjon om rutetider
til buss, ferje og passasjerbåtar som trafikkerer
i lokalområdet vårt.
Hovudsida
|
|