Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






Du er her: Faglege turar > Island, februar 2001


Klassetur til Island for klasse 3A vinteren 2001
18. - 23.02.01.


 
   


Dag 1: Søndag 18. februar
Kl 16.50 er heile klassen samla på Vigra flyplass. Til stor glede for Frid var det alle som kom presis. Det var ein spent gjeng som venta på flyavgangen. Alle var vi nysgjerrige på Island, eit til no, framand land for oss.

Flyturen frå Vigra til Gardermoen gjekk bra. Vel framme på Gardermoen, var det 3 timar med venting framfor oss. Dei blei brukt til eting og shopping på Tax-Free.
Klokka 21.30 sat vi endeleg om bord i flyet og var klar til avgang. Flyturen gjekk utan problem. Det var ein sliten gjeng som kom til Reykjavik på kvelden. Humøret var ikkje på topp hos alle, noko som var påverka av eit ufrivillig besøk hos tollvesenet. Rundt klokka eitt var vi komen fram til Baronen hotell som skulle vere vår rasteplass denne veka.

Sidan vi skulle opp tidleg på ekskursjon dagen etter, valte dei fleste å gå til sengs med ein gong.


- Reykjavik -





Hovudsida