| Manndomsprøva
kan ein ta på Løvsøya.
PÅ UTSIDA AV LØVSØYA
finn vi Skatjønna. Vatnet i tjønna er som oftast
illeluktande og lite innbydande. Og midt i tjønna stig
det opp ein STEIN.
I alle år har det vore ei utfordring å gjere ymse
øvingar her.
Øvingane er sjølvsagt frivillige,
men det er rart med det - nokon berre må prøve
...
Litt historikk
GUTANE har i alle år hoppa bort på
steinen, medan jentene har vore meir redde/forsiktige (eller
kloke ?) av seg i tidlegare år. Dette har snudd seg dei
siste åra - no er dei vel så godt på bana
som sine hannlege medelevar. Og det set alle pris på.
(Men vi observatørar har kome ut av rekninga av di så
mange vil prøve lukka …)
Den første jenta
vi veit som hoppa fram og tilbake
var Torill Urkedal frå klasse
1A våren-84. Ho hoppa i joggesko.
Dessutan har Vibeke Easter
og Kari Kjerstad hoppa
over i støvlar (V-85).
Den første jenta som bada i
dammen var Linda Stavset frå
1B.
Den andre jenta som bada i dammen
var Linda Stavset frå 1B.
Desse hendingane gjekk føre seg våren -85. Og
det har vore fleire like eins!
Ymse andre har vore frampå i løpet av 80- og
90-talet, nokon med spenstige sprett
(som Ingvar W. Bugge
og Ole Johnny Longva
V-97), nokon berre med eit skritt (!), medan andre …
(- plask -) …
Alle med ymse stilartar vel verd eit skode
for tilskodarane !
Personen med
flest hopp tur/retur på kortast tid,
vart Vegard Vegsund etter eit
kick han fekk V-98. Vi kom ut av teljinga,
men video-opptak viste heile 6 hopp tur/retur …
Året etter var en ny kar i gong for å slå
denne ”rekorden”.
Stig Wold hoppet
10 hopp tur/retur V-99, berre for å kome med her.
Dessverre for han, vart han slått av ein søviker
året etter. Da jobba Alexander
Hiller seg fram og
tilbake 11 gongar…
Den første som dykka
i dammen var Knut Hellandsvik.
Det gjorde han etter ei rekordstabling V-87. (Dei fekk bort
16 elevar, men, so sagt, berre 15 kom tørre tilbake).
Denne er ikkje verst !
Rekorden med å stable
elevar på steinen har klasse 1A V-89. Dei fekk
på plass 17 elevar.
Og det er berre utruleg for alle oss andre som kjenner STEINEN
!
Merk at det berre er høve til å stå nede
kring steinen under rekordforsøket. Den rekorden har
det vore vanskeleg å slå !
Mail oss dersom din klasse klarer det, men sjølvsagt
med fotobevis eller lærargodkjenning.
1A V-98 gjorde eit par særs gode forsøk på
å slå denne rekorden, og er nærast no i
ettertid. Dei fekk utpå 15 ½ elevar på
det beste, men ga seg trass stae protestar frå Elisabeth
Vegsund., som etter eige sigande no visste
korleis dei verkeleg skulle klare dette!
VÅREN 1994 vart det innført nye øvingar:
Det starta med at ein elev stupte nedi.
Deretter sumde Beate Kjerstad rundt steinen.
Til siste sumde to karar rundt steinen, etter at dei hadde
starta turen med eit stup. Ein av karane sumde 2 rundar for
han ga seg !
Andre har villa følgje på, men av omsyn til helsa
har vi avslutta denne ”konkurransen”. Sjå
sjølve ned i Skatjønna og materia der, og dokke
vil forstå kvifor …
|
Lukke til
med nye sprett og stablerekord-forsøk.
Vi må da vel klare å tangere
rekorden snart ?
Velkomne til Skatjønna
!
|
Tilbake til LØVSØYA
eller FAGLEGE TURAR
Hovudsida
|