| |
Du er her : Faglege
turar
Ekskursjon til Vindmølleparken
på Harøya.
20.02.03
Foto: Svein Ove Søholt
Vi reiste frå Brattvåg ein strålande torsdags
morgon kl. 08:00. Når vi kom fram til Harøya vart
vi henta av Svein Ove Søholt og Johannes Huse. Framme
ved vindmøllene vart vi litt skuffa - det var så
vindstille at møllene ikkje gjekk rundt! Men den trolske
stemninga med vindmøller som stakk opp over frostrøyken
i morgonsola, kompenserte mykje.
Inne i møllene fikk vi sjå og høyre om
vindstyrke, omdreiingar, produksjon, generator, styrke og
diverse anna som var interessant for oss elektrokarar. Vi
fikk og fortalt at vindmøllene var 50 m frå bakke
til nav, og at rotorane var 25 m lange. Etterpå vart
vi køyrd til Sandøy Energi der vi såg
ein video om bygginga av møllene. Når videoen
var ferdig, vart vi vist korleis dei kunne styre og overvake
møllene på PC-ar på kontoret.
Ein særs fin og lærerik dag for 2ELG.
Sjå
bileta frå ekskursjonen til 2G hausten 2003
|
|