Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






Du er her: Faglege turar

Læring utanfor klasserommet!
 

Ikkje all kunnskap blir formidla i eit klasserom.
Enkelte ting må berre opplevast …

Naturen byr på sitt;
Landformer, kulturlandskap – natur i endring og utvikling.
Sanseinntrykk; - ver og vind, sa nokon regn? Sjøsprøyt eller rislande bekkefar, kafsande stryk, kanskje snø? Bålvarme og teltkos, samarbeid, konflikt, eller ikkje minst, samhald.

Et rikt næringsliv gir og gode tilhøve for læring, ein utvida læringsarena.

Vi prøver å nytte dette i arbeidet med å skape god og livslang heilskapskompetanse hos elevane våre.

 
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Gjennomførte ekskursjonar og bedriftsbesøk

Oppdatert 01.07.11.



Skuleåret 2010/2011:

Naturfagsekskursjon til Vatne for Vg1ST

01.06.11.

I år sette naturfagseksjonen fokus på tema suksesjon (naturleg utvikling ved gjengroing i naturen) under årets ekskursjon. Turen gikk difor til Vatne, og det relativt nyhogde skogsfeltet oppe på Vatneeidet.

- Kva skjer i naturen etter store inngrep? Kva for artar er det som veks fram etter slik storrydding i barskog? Kva observerer vi, og kvifor vert det slik?

Det er mykje ein kan spørje seg om under ein tur i skogen, og med god kunnskap med seg på vegen vert turen enda meir interessant. Da er det plutseleg utroleg kor mykje ein ser ...

Vi ønskjer elevane på Vg1 ST ein lærerik tur!
Forsømt hogstfelt
= eit suksesjonsområde



Teori, sjå:
Økologisk suksesjon
etter hogst i barskog




Engelskkurs i York, med fokus på språk, kultur og historie

22.- 28.05.11.

Haram vidaregåande skule arrangerer igjen det populære kurset i York der engelsk språk, kultur og historie står i fokus. Dette er eit tilbod utvikla i samarbeid med
Det  norske studiesenteret ved universitetet i York, og er ope for tilsette ved HVS, tilsette i kommunane Haram, Sandøy og Misund, i fylkesadministrasjonen og i ulike lokale bedrifter. I tillegg til undervisning vert det lagt opp til fagrelaterte turar i og rundt den historierike staden York, samt ein avsluttande visitt innom London med flotte, kulturelle innslag.

Kurset gir med andre ord fagleg påfyll gjennom teori og fleire praktiske opplegg og opplevingar. Avreise er lagt til søndag 22. mai, med retur laurdag 28.
Vi ønskjer deltakarane ein riktig god tur!



Universitetet i York


Les gjerne meir om historia til York i rapportar frå tidlegare elevekskursjonar;
York 2007
York 2006
York 2005




Lærerik fagdag på Åse for Vg1 Helse og sosial

13.05.11.

Fredag den 13. er i seg sjølv ein spennande dato ...
Og for jentene ved Vg1 HS har fredag 13. mai vore ein dag dei har sett spesielt fram til denne våren - det var dagen då dei skulle besøke Luftambulansen ved Ålesund sjukehus på Åse!

I tillegg sto besøk hos AMK-sentralen og ambulansetenesta, NAV-Hjelpemiddelsentral og den nye barneavdelinga ved Ålesund sjukehus på programmet.


Det vart ein lærerik, og ikkje minst inspirerande dag for oss alle. Vi fekk innblikk i mange ulike arbeidsfelt innan helsetilbodet på Åse, og fekk mange gode råd med oss på utdanningsvegen vidare. Jentene følte verkeleg dette vart ein viktig dag, som gav dei ting å tenkje over. Det set vi pris på.

Ein stor takk til alle som tok i mot oss!

(Foto: Ole Kr. Tangen )

Luftambulansen går her inn for
landing på St. Olavs Hospital.
Vi fekk innblikk i ein spesiell jobb-
kvardag, der oppdragene er mange
og av svært ulik karakter.




Barneavdelinga ved Ålesund sjukehus.
Bilete er tatt rett før opning i april 2011.
Vi lot oss imponere av den flotte
avdelinga og dei tilpassingane der
er gjort for å avhjelpe barn i ein
spesiell situasjon.


FY2-ekskursjon til CERN

Mars 2011

Bergen - Paris - Geneve, ei oppleving! 
I vinterferien fekk vi ønskje vårt innfridd - tur til CERN. Vi starta tidleg å spørre om ikkje det var mogleg for oss også å få reise til Cern i fysikk. Trur nesten vi spurte allereie første månaden av skuleåret i fjor (Vg2). Og det fekk vi, og for ein ekskursjon!

Vi vil gi ein stor takk til fysikklæraren vår Terje Pettersen som har ordna ut, og gjort det mogleg for oss å få reise på denne turen.
Takk for to flotte år med fysikk!

Helsing alle oss i FY2 - 2010/2011

Her var vi,
og kikka ned i kontrollrommet
ved CERN (mars 2011)

Les meir frå turen vår...



Eit lærerikt bedriftsbesøk til STX Brattvaag

25.03.11.


1ST2 hadde eit lærerikt bedriftsbesøk til STX Brattvaag fredag 25. mars.

Les meir ...


Brüssel - Utplasseringsdagar for elevar med faget EB2

13.-16.03.11.

Nokre EB2-elevar er utplassert i lokale bedrifter, andre har fått seg ein tur til Brüssel. Felles for dei alle er at dei skal gjennomføre jobbintervju og deretter vise gjennom praktisk arbeid at dei kvalifiserer til jobben. Parallelt med dette rollespelet får elevane praktiske oppgåver ute i bedriftene dei er hos, og lærer kva det vil seie å vere i denne type arbeid.

Les om erfaringane elevane gjorde seg desse dagane ...


- Ein spennande måte å skaffe seg erfaring på, meiner både elevar og faglærarar, - og bedriftene stiller opp for oss på ein fin måte. Tusen takk!

Bilete frå Brüssel, fotografert
under fjorårets utplassering.


Lærerik vinterferie for HVS-elevar


Faglærar og fysikkelevar
klare for flytur til byar som Bergen, Paris og Cern

Veke 9, 2011
Ved Haram vidaregåande skule er det i år tre større elevgrupper som nyttar vinterferien til faglege turar. Akkurat no har vi elevar i Italia, Sveits og England.
Les meir ...


Teknologi og forskningslære - Lektor 2

09.-11.03.11

I førre veke var elevane med faget Teknologi og forskningslære til Trondheim for å delta i Skipsmodell-konkurransen ved Marinteknisk senter og NTNU i Trondheim.

Etter ein lengre prosjektperiode med mykje hard jobbing med både teoretiske berekningar, design og praktisk modellbygging, var elevane klare til å delta i den spennande og artige konkurransen. På vegen opp fekk dei slappe av under flotte forhold på nordgåande hurtigrute, og det sosiale var sikra ved at dei 3 elevgruppene frå h.h.v. Spjelkavik vgs, Ulstein vgs og Haram vgs hadde ein avtale om å reise i lag både til og frå Trondheim. Sosialt var alt på topp med andre ord!

Og når resultatet for vår del vart ein heiderleg 6.plass, var alle nøgde.







Institutt for Marin teknikk,
Trondheim



Førebuing til båtkøyring
Laboratoriedagar ved HiAls, Ålesund.

14.03.11.

Biologi-elevane har dette som eit fast høgdepunkt kvart skuleår. Å få gjere gode øvingar i eit reelt studiemiljø, er noko elevane våre set stor pris på. Og året i år var ikkje noko unnatak.

Meir informasjon frå gjengen kjem!

Les meir om Laboratorieveka 2011 ...



Interiørbilete frå bibliotekdelen av Høgskulen i Ålesund.


Besøk til STX OSV Søviknes, Søvik.

Tysdag 15.03.11.

Heile tre grupper frå avdelinga for mekaniske fag, både Vg1TPTIP-gruppene og Vg2 Industriteknologi, reiste denne dagen ut til Søvika for å få ein full dag ved verftet. I fokus sto HMS, verneutstyr og sjølve skipet BNR.719, der elevane vart viste rundt med byggfagleg innfallsvinkel. Veldig lærerikt, og ikkje minst til inspirasjon for dei som no er på søken etter læreplassar. Her var det mykje god informasjon å plukke med seg!


Barcelona - november 2010

29.11 - 02.12.2010


Elevane i 2ST har hatt ein litt anna skuletur enn vanleg dette skuleåret. Med utgangspunkt i språkfaget spansk og ein lærar med studieopphald bl.a. i Barcelona i bagasjen, kom ideen og programmet relativt kjapt på plass.

Turen vart gjennomført i starten av desember 2010, og her kjem ein mimrande bilet-kavalkade med glimt av opplevingane deira. Heile klassen var med, og spansklærar og kontaktlærarar. Det vart som du ser ein flott tur.

Sjå biletkavalkaden deira!

Neste skuleår skal ein ny 2ST-gjeng i veg. Meldinga frå årets gjeng er klar; - Gled dykk!

Sagrada Familia




(Fakta om byggverket)


Motivert for ingeniørstudie

15. - 18.11.10.

Då er første del av motivasjonskurs 2010-2011 gjennomført, og Training Manager Sissel Standal hos rolls Royce skryt av årets kull. Stemninga har vore god, elevane er interesserte, inkluderande og byr på seg sjølv. Det er slik vi vil ha det! Ungdommane sjølve har og uttrykt at dei er tilfredse og har likt utfordringane dei har fått til no. - Veldig kjekk ungdom å vere saman med, konkluderer Standal til Haramsnytt.


Flott tur til York og London for 3ST

26.09. - 03.10.10.


- Turen gjekk først til York, der vi hadde eit samarbeid med det norske studiesenteret ved universitetet i York (NSC), og vart avslutta med nokre opplevingsrike dagar i London.

Med andre ord, dette var ein ekskursjon der vi både fekk samla oss masse kunnskap og litt shopping-erfaring, fortel ein fornøgd gjeng frå 3ST.

Les meir ...


Hausten er ekskursjonstid for elevar med programfaget biologi!


- Kaldhussetra, Tafjord -

20. - 21.09.10.

Reisemålet til BIO2-elevane i år er Kaldhussetra, ein flott lokalitet for føremålet. Denne fjellstua høyrer til Sunnmøre turistforening og ligg idyllisk til høgt oppe i Tafjordfjella, nesten ved enden av den køyrbare vegen. HVS har vore på ekskursjon i området før, og har berre positive opplevingar derfra. Med ein slik hyggeleg plass som base, og høve til feltarbeid i ein mangfaldig natur nærast "utanfor stueveggen", er denne ekskursjonen noko å sjå fram til for både lærarar og elevar.



Skuleåret 2009/2010:

Vg1TAF og Vg2PIT har og vore ute på bedriftsbesøk i april
13.04.10.
For elevane ved 2PIT og 1TAF gjekk turen fyrst til Vannskjeresenteret på Stette-industriområde i Haram,
og deretter vidare til SPILKA i Spjelkavik.

- Målet var å gje elevane eit innblikk i korleis det dei lærer på skulen vert nytta ute i ein faktisk arbeids-situasjon, fortel faglærar Ansgar Hagen,
- og eit besøk hos desse to bedriftene var midt i blinken for oss.


1HS på fagleg ekskursjon til Åse
08.04.10.

Innan utdanningsprogrammet Helse- og sosial lærer elevane blant anna om helsevesenet og dei mangfaldige oppgåvene som ligg knytt til dette i samfunnet. Til no i år har elevane våre vore gjennom mykje teori på skulen, men dei har og vore utplasserte på ulike arbeidsplassar for å observere dagleglivet i ulike helserelaterte yrke.

Torsdag 8.april var det besøk til Luftambulansen og AMK-sentralen på Åse som sto på programmet.
Etter ein lunsj på sjukehuset, bar det vidare til NAV Hjelpemiddelsentral for heile gjengen.

- Alle plassar vart vi tekne særs godt i mot, melder faglærar Edvin Nupen, - og elevane fekk god høve til å setje mykje av teorien i faga sine inn i eit nytt perspektiv i løpet av denne dagen.

1HS takkar Frode Lindseth (ved Luftambulansen) og Asbjørn Enerhaug (ved NAV Hjelpemiddelsentral) for ein interessant og informativ dag!

Ålesund sjukehus
ligg i Ålesund kommune, 9 km aust
for Ålesund sentrum
Kjelde: Helse Sunnmøre



NAV Hjelpemiddelsentral
Besøksadresse:
Åsehaugen 1,
6017 Ålesund

Postadresse:
Postboks 8300 Spjelkavik
6022 Ålesund
Telefon : 70 17 22 00


EB2-elevar i arbeid ved Vest-Noregs Brüsselkontor
15. – 17. mars 2010
Elevane med programfaget EB2 har innlagt ein utplasseringsperiode i programmet sitt for 2. termin. Dei fleste elevane vert utplasserte i bedrifter lokalt i Haram og Ålesund, men nokon får høve til å få meir luft under vingane bokstaveleg tala. Etter søknad vert 4 elevar plukka ut til å representere skulen og får reise til Vest-Noregs Brüsselkontor i Brüssel for å arbeide der i 3 dagar.

Les meir ...

Norway House
Vest-Noregs Brüsselkontor


Studietur til Trondheim for 3MK og 3PB
Trondheim 17. - 19.03.10.
Avgangsklassane Vg3 Påbygging og Vg3 Medium- og kommunikasjon planla og gjennomførte ein studietur til Trondheim i lag no i mars. Turen var planlagt med buss frå Ålesund til Trondheim, men overraksjande snøfall og uver sette kjepper i hjula for dei, bokstaveleg talt. Kva var då meir naturleg enn å ta sjøvegen ...

Les meir om opplevingane deira ...

- Trondheim -


Vi ønskjer båtdesignarane frå HVS lukke til!
10.-12.03.10.
Fredag 12. mars er elevane våre med faget Teknologi og forskningslære deltakarar i konkurransen Unge skipsdesignarar ved Marinteknisk Senter ved NTNU i Trondheim. Før denne tar til skal elevane få med seg både NTNU-besøk og anna fagleg påfyll. Vi håper dei får ein flott tur til Trondheim!

Faglærar Torleiv Austnes har gjennomført prosjektet fleire gongar før, men har i år utvida prosjektet for elevgruppa si. Båtbyggjar-prosjektet er no kopla opp mot LEKTOR II i regi Naturfagsenteret

Dette har ført til eit nærare samarbeid med lokalt næringsliv også i dette prosjektet ved HVS. Torleiv Austnes og elevane har samarbeid med Geir Seth, STX Europe, frå planarbeid til fram til praktisering. Eit svært fagleg og gjevande samarbeid har med andre ord pågått i lengre tid.

Tysdag 2. mars var det utprøving av båtane i bassenget i Brattvåghallen, og Haramsnytt sin utsendte fulgte opplegget.

Les artikkelen ...


Faglærar Torleiv Austnes og TAF-elev Mattias i konsentrert monteringsarbeid.


LABORATORIEVEKA 2010
09.03.10.
Høgskolen i Ålesund inviterte også i år elevar frå den vidaregåande skulen til spennande laboratoriedagar
ved Institutt for biologiske fag. Totalt kom det 350 elevar frå heile fylket til høgskulen for å gjennomføre avanserte laboratorieøvingar i veke 10. Blant dei var HVS sine biologielevar.

Sjå nokre bilete frå lab'-dagen!


Les invitasjonen frå HiAls
Sjå bilete frå Campus og Ålesund


- Flott opplegg også i år
,
melder biologi-gjengen.


Nok eit vellykka opphald i Udine, Italia
Veke 7-8, våren 2010
Leonardo-prosjektet vårt, og samarbeidet Haram vidaregåande skule har med Istituto Tecnico Industriale "Arturo Malignani" om utveksling av lærlingar, fortset.

I to veker har 8 elevar frå 3TAF vore i Italia.
Alle dei reisande, elevar og lærarar, er no trygt tilbake. Elevane har vore utplasserte i italienske bedrifter, og har der hatt høve til å arbeide, observere italiensk bedriftskultur, og i tillegg opplevd korleis ein italiensk familie har det i Nord-Italia.

Les meir frå turen ...

3TAF og H. Garshol fotograferte i Venezia.

Foto: Ivar Roald


VG1TIP og VG2PIT var på besøk hos I. P. Huse AS og Nils S. Hansen AS
Publisert 25.02.10.
- Ein svært interessant og kjekk dag!
Vinsjar av imponerande storleik, med fantastisk kraft og flotte system, sveiseteknikk og kvalitetsikring - dette var noko det elevane fikk sjå og høyre om. Bedriftene i havgapet på Harøya fekk tydelge fram at det dei held på med er svært spennande, og viktig arbeid.

Les meir ...

Mob-båt hos Nils S. Hansen AS,
Harøya


Besøk hos NRK Møre og Romsdal
18.12.09.
18. desember var elevane og lærarar ved 1MK på besøk hos NRK i Ålesund. Besøket var ein del av eit nyheitsprosjekt som gjekk ut på å lage ei nyheitsending frå HVS. Til å hjelpe oss med dette hadde vi fått med oss Heidi Klokk, som gjorde heile prosjektet til ein flott oppleving for elevgruppa.

Les meir ...

1MK i NRK-studio


Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2009-2010


Realfagselevar på motivasjonskurs!


Inspirasjon:
Maria Ringstad og Eirik Æsøy var deltakarar på det maritime inspirasjonskurset som
hadde ein dag ved Høgskulen i Ålesund innbakt. Dei som freista dei unge med eit sikkert yrke
innan ingeniørfaget i maritim næring var Trond Berg (th) frå Ulstein Group
og 1. amanuensis Karl Henning Halse frå HiÅ.
(Tekst og foto: Lars Olausen)

Motivasjonskurset er i gong igjen,
med nye ivrige deltakarar og flotte opplegg.

Mån.16. - tors.19.11.2009.

"Med ei næring på Sunnmøre som involverer heile 20 000 tilsette i maritim sektor, er jakten på dei beste realfagshodene intens. Difor var 16 elevar frå realfagslinja ved Haram vgs. og Ulstein vgs. inviterte til inspirasjonskurs ved Høgskulen i Ålesund.", skriv journalist Lars Olausen i "Nytt i Uka". Og det var fire spennande dagar dei 16 elevane vart loste gjennom!

Les heile artikkelen ...


Veke 7, 2010

I veka før vinterferien var heile gjengen til England og gjennomførte eit flott 5-dagars opplegg der. Med seg hadde dei 3 bedriftrepresentantar og lektor Sindre Vik ved HVS.
Kurset fekk igjen særs gode tilbakemeldingar!
Les kva Marhe, elev ved Ulstein vgs., har skrive om opphaldet i England her!

Les meir om
Motivasjonskurs for ingeniørutdanning ...
















HVS

ut i verda





HVS-elevar får opplæring i italiensk språk og kultur
Hausten 2009
I høve utvekslingsprogramma HVS har med vår italienske samabeidspartnar ITI Malignani i Udine, gjennomfører skulen innførande kurs om italiensk språk og kultur. Elevane som skal ut å reise, treng å vite litt om kva som møter dei under opphaldet i Italia, og vere budd når dei kjem dit. Å kunne helse høfleg, og forstå enkle ord og uttrykk i dagleglivet, er viktig for å få eit vellukka opphald.

I år har vi vore så heldige å få nytte italienske Marco Cristoforo Camporeale, som arbeider ved Rolls Royce i Brattvåg, som kyndig rettleiar og opplæringsansvarleg. Han gjennomfører eit større opplegg (sept.- des.) for 3TAF-elevane, som skal vere i arbeid i Italia 14 dager seinare i vinter. I oppstartsdelen har og elevane som skal delta på det nye Comenius-prosjektet vårt, vore med.

- Lærerikt, krevjande og kjempespennande!
smiler dei som har vore så heldige å få delta. 3TAF-elevane skal fortsetje med nye språklege utfordringar på italiensk, medan dei andre no ser fram til å oppleve det italienske liv på rett i veke 40.

Marco Cristoforo Camporeale

Udine (Italia) - eit nytt Comenius-prosjekt ved HVS
Veke 40 - 41, 2009.
Kommande helg reiser 20 elevar og 3 lærarar frå HVS til Italia for å lære meir om italiensk språk og kultur, og samstundes få eit innblikk i det italienske skulesystemet.

I sju år har HVS og ITI Malignani i Udine hatt utveksling av elevar/lærlingar, og samarbeidet er no utvida med dette nye Comenius-prosjektet der Vg2-elevar frå både studiespesialisering, påbygging og medium- og kommunikasjon får høve til å delta.
Vi gler oss til fortsettinga!

Les meir i artikkel frå Haramsnytt 22.09.09.


- Italia -


Til York med språk og kultur i fokus!
Veke 40, 2009.
Det nærmar seg den årlege York-turen for elevar med programfaget EB2 på Vg2 Studieførebuande utdanningsprogram. Studieturen er gjennomført i samarbeidet med universitetet i York, og vart gjennomført første gong hausten 2005. Opplegget har fungert godt for elevane våre, og vi er stolte av å kunne tilby eit så spenstig undervisningsopplegg også i år.

Føremålet med turen er å lære elevane meir om engelsk språk, kultur og historie. Få stader er det meir naturleg for nordmenn å starte i enn i York, sidan denne byen var eit viktig senter for skandinavar i vikingetid.
Vi ynskjer dei reiseklare god tur!

- University of York -


Les om tidlegare turar:
York 2005
York 2006
York 2007

Turen var og gjennomført i 2008.

Opphaldet vart veldig bra og vellukka, men sjølve turen ned vart litt meir dramatisk enn planlagt... Vi kom til og med i VG. Litt meir spanande start enn venta, og ønska, men no veit "heile" Noreg at vi har hatt elevar på ekskursjon til England etter at VG NETT hadde saka:

Dramatisk start på York-tur ...
Publisert 29.09.09.

Skoleelever på busstur angrepet av steinkastere:

Camilla (18): - Det hørtes ut som skudd
Buss med norske ungdommer pepret med stein i England.


(VG Nett) Under turen gjennom engelske Nottingham smalt det plutselig stein gjennom rutene i minibussen Camilla Løken (18) og klassekameratene satt i.
- Det hørtes ut som skudd. Jeg ble kjemperedd, sier Løken.

Les artikkel på VG NETT ...




Kjelde: VG NETT

Artikkel av Ingrid Hvidsten
og Dennis Ravndal

Men vi kan forsikre at det gikk bra. Fram til York kom dei ut på kvelden, om enn nokre timar forseinka... Resten av opphaldet gjekk roleg for seg - om roleg er rette ordet for eit relativt tett undervisningsprogram gjennom ei heil veke ;-)
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Skuleåret 2008/2009:

Kven har vore i Barcelona?
Veke 23, 2009

Bilete: http://www.metropowershot.com/se/

EB2-elevane våre har avslutta skuleåret - eit skuleår som har gitt dei mange internasjonale opplevingar og god kunnskap for vegen vidare. Kva dei opplevde i Barcelona første veka i juni, får du vite om ikkje lenge :-)
Så sant ikkje eksamenspress og sommarferie stoppar dei då ...


1ST klargjer til "Tour de Haramsøy" ...
11. - 13.05.09.
Vert det eit like stort "krafttak" i år som tidlegare, å gjennomføre den tverrfaglege turen til Haramsøya og Flem?
Faglærarane er dei same, og programmet er relativt uendra ... Men elevflokken er ung og ny! Planarbeidet er no over - vi ønskjer dei god tur! Så får vi vite meir når dei kjem seg heim igjen...

Sjå korleis dei hadde det!

Fjære-arbeid er fasinerande!


4TAF på draumetur til Paris og CERN!
Veke 19, våren 2009.
Elevane i 4TAF nærmar seg no slutten på det 4-årige opphaldet på HVS. Dette håper og trur vi har blitt fire særs innhaldsrike år for dei, på mange plan og område. Gjengen har sjølve vore både arbeidssame og initiativrike, og slikt blir det mykje kunnskap, erfaringar og mange opplevingar ut av.

No er dei vore på reise igjen, i lag med kontaktlærar og fysikar Arne Vågnes. Forutan hovudmålet, som var besøk i CERN (Sveits), sto ulike opplevingar i Paris på programmet, også dei med utgangpunkt i fysikk. Spennande tur!

Stemningsbilete frå Paris

Eiffeltårnet
og skyskrapere på Quai de Grenelle

(Kjelde: Wikipedia)
Les meir ...

1HS besøker AMK-sentralen og luftambulansen
Torsdag 30.04.09.
Denne torsdagen vart det ny tur i retning Ålesund,
med stopp på Åse. No var det AMK-sentralen og luftambulanse-tilbodet der Vg1-elevane ved Helse- og sosial skulle gjere seg betre kjend med. Det såg dei fram til!

AMK Sunnmøre er ein del av Anestesiavdelinga ved sjukehuset i Ålesund. Dette er ein alarm-sentral som betjener det viktige nødnummeret 113; samt viktige koordineringsfunksjoner for ambulanse, luftambulanse og flyambulanse.

Meir info. får du på sidene deira i linkane til høgre her.


1TP på bedriftsbesøk på Harøya
Tysdag 28.04.09.
Tirsdag 28. april vitja 1TIP fire verksemder på Harøy og Finnøy. I regi av opplæringskontoret i Sandøy fekk oss omvisning i bedriftene Finnøy Gear & Propeller, Nils Hansen Mek Verksted, IP Huse og ved Erling Myklebust Mek Verksted.

Les meir ...

1TP ved Finnøy Gear & Propeller


1HS besøker NAV og Hjelpemiddelsentralen
Torsdag 23.04.09.

Torsdag 23. april var 1HS på ekskursjon til Ålesund, nærare bestemt Åse og NAV-Hjelpemiddelsentral.

- Her fekk vi informasjon om korleis ein slik formidlingssentral for hjelpemiddel fungerer. Vi fekk også omvising og innblikk i mange ulike hjelpemiddel og korleis dei skal brukast, fortel elevane etter turen.
- Vi takkar for ei god mottaking og ein interessant dag!

mvh 1HS, Edvin Nupen og Mona Larsen


NAV Hjelpemiddelsentral
Møre og Romsdal


Besøksadresse:
Åsehaugen 1,
6017 Ålesund




3MK til "Den norske dokumentarfilmfestivalen"
23. - 24.04.09
3MK reiste til Volda for å oververe nokre av programinnslaga under festivalen. Elevane hadde også
i år inne bidrag til kategori Superdok, og hadde eit sterkt ynskje om å få reise dit samla. Målet var å få innblikk i eit miljø med fokus på media, sjå nærare på Volda som studieplass, og sjølvsagt, vere med på ein spennande festival. De reiste, og fekk ein flott og opplevingsrik tur!

Bidraget deira gjekk ikkje like langt opp som i fjor (linken er verd ein titt!), men dei var godt nøgde likevel.

Sjå meir om festivalen på
www.dokfilm.no


EB2-elevar besøker Ekornes
25.03.09.
I mars dro heile EB2-klassen innover til Sykkylven og Ekornes for å lære meir om innovasjon, produktutvikling og internasjonalisering.
J. E. Ekornes AS i Sykkylven er ei av produksjonsbedriftene i Ekornes-konsernet, og produserer i dag Stressless® stoler og Stressless® sofa, og elevane hadde store forventningar...
Les meir ...


Vg2 PIN tok turen til Gøteborg
23.-26.03.09.


Gøteborg var reisemålet til elevane ved Vg2 PIN siste veka i mars.
Målet var hovudkontoret til bilprodusenten Volvo, samt storbylivet ... Og så fekk dei unge sunnmøringane verkeleg nytte tog ... For første gong?
Ein sosial og interessant tur.

Götaplatsen, med statuen Poseidon og utsyn over Göteborg si paradegate Kungsportsavenyn, truleg Göteborg
sitt mest kjende skue.


Vg3 Allmennfagleg påbygging valde seg Trondheim!
25.-27.03.09.

Trondheim viste seg å vere det ideelle reisemålet for Vg3 AP. Først pga økonomi (...), men etter kvart som elevane fekk tak i opplysningar om kva byen har å by på, vart programmet for dei tre ekskursjonsdagane deira meir enn stappfullt!

I løpet av tre dagar har gjengen besøkt tre ulike studietilbod, vore på omvisning på Vitenskapsmuseet og i Nidarosdomen, gått byen på kryss og tvers (med kart!) og vore på kino... Inne i mellom var det sett av tid til mat og litt prat.
"Strålende!" i følge elevar og kontaktlærar Ski.

Trondheim, med NTNU i forgrunnen,
og Nidarosdomen og bispegården midt
i bilete. Her finn ein kultur, historie,
utdanning og storbyliv side om side.


NTNU, Trondheim: - Konkurranse om beste design av ein skipsmodell
13.03.09.

Igjen har det vore arrangert konkurranse ved Marinteknisk Senter i Trondheim om beste designa skipsmodell. Prosjektet er knytt til det spennande faget Teknologi og forskningslære, og elevar frå HVS er med!

Det vert konkurrert i to klassar:
- Ungdomsskular, med undervisning i teknologi lagt inn i naturfaget
- Vidaregåande skular, som gir undervisning i faget "Teknologi og forskningslære", og som gjennomfører elevprosjektet "Den unge skipsdesignaren"

Elevgruppa med faget "Teknologi og forskningslære" har budd seg bra til årets konkurranse, fortel faglærar Torleiv Austnes. Med god støtte frå STX Europe og NHO hadde han lagt til rette for ein fin gjennomføring av årets prosjekt, og gjort klart for ein studietur til Trondheim i kombinasjon med konkurransen.

Det heile vart både lærerikt og motiverande for våre kommande realfagsstudentar!


Fagdag på Høgskulen i Ålesund for Bi-1 og Kj-2
Veke 10, 2009.

Tysdag 3. mars reiste biologiklassen til Høgskulen i Ålesund for å delta på deira årlege laboratorieveke. Her besøkte elevane institutt for biologiske fag, som bl.a. tilbyr studium for bioingeniørfag, marinbiologi og mat-teknologi.

Studentane ville gjerne vise fram noko av det dei driv med (diverse foredrag), og elevane våre fikk delta gjennom ulike øvingar, som identifisering av bakterier, studere ulike celletyper og teste Rhesustypen i blod. Her fikk biologiklassen verkeleg sette kunnskap og teori over i praksis!
Sjå bilete frå dagen ...
Les artikkelen som sto i Haramsnytt ...

Fredag 6. mars var det kjemi-elevane sin tur.
Også dei fikk ein spennande dag på lab'en. Eit vellukka opplegg, meldte både faglærarar og elevar tilbake.

Biologielev frå HVS
i djup konsentrasjon på laboratoriet
på høgskulen.


Les meir om:
Laboratorieveka 2009


Reisefeber på HVS

Utplassering ved Vest-Norges Brüsselkontor (VNB)
08. - 11. mars 2009
Søndag 8. mars sette fire spente ungdommar frå Haram vidaregåande skule seg på flyet frå Vigra til Gardermoen. Dei fire var 3ST-elevane Kristoffer Engeseth, Jardar Bruun Teigen, Vegard Nerås Krogsæter og Amina Mercic.

Grunnen til at vi var spente, var at vi skulle vere «prøvekaninar» for eit nytt utplasseringsprosjekt i
faget EB2, og målet var Vest-Norge sitt Brüsselkontor.
Eit prosjekt som viste seg å fungere svært godt!

Les meir ...

HVS-elevar blir fort reisevante ...

3TAF på arbeidsutveksling i Nord-Italia
Veke 9-10, 2009

Heile 3TAF skal av garde til Nord-Italia, på arbeidsutvekling i høve Prosjektet EuroShip, der lærlingar frå Noreg og Italia vert utveksla. I heile to veker skal TAF-elevane få oppleve korleis det italienske utdanningssystemet er for utdanning knytt til ulike typar arbeid innan italiensk industriverksemder.

Les meir ...

Rike på opplevingar

Realistar hadde interessante dagar i England ...

Veke 9, 2009.
Denne veka er det vinterferie for skuleelevane i Møre og Romsdal.
For dei fleste betyr dette skigåing eller lange rolege dagar i regnveret, men for nokre av elevane ved Haram vidaregåande skule vert vinterferien brukt til noko heilt anna – dei er på tur til England for å lære meir om ingeniørfaget.
Les meir ...

Motivasjonskursdeltakarane
samla utanfor Warwick Castle

- og i Bergen, Paris og CERN!
Veke 9, 2009.
Realistane våre på Vg3ST hadde ei oppleving av dei sjeldnare knytt til vinterferien sin.
- Vi har fått med oss alt!, sprudla slitne realister etter heimkomsten, og fortalde om studiestaden Bergen, om fantastiske Paris, om lyntog (hugs sunnmøringar har ikkje tog ...) og størst av alt - omvisninga på forskningsstaden CERN. Dette tar det tid å fordøye!

CERN


Ekskursjonar i lokalmiljøet er viktig

Vg1 Elektro på nytt bedriftsbesøk!
Publisert 18.02.09.
Elevane ved Vg1 Elektrofag har vore ute på nytt bedriftsbesøk. Denne gongen var det Brattvåg Elektro AS i Brattvåg som sto for tur.
Brattvåg Elektro AS er ein totalleverandør innan elektro- og svakstraumstenester, og har mykje kunnskap å by på. Det vart dermed enda ein fagsterk dag for gutane på Vg1 EL.

Les meir ...


STX Europe i Søvik får besøk av Vg1 Elektro
Publisert 04.02.09.
Alle Vg1-elevane i gruppene 1EL1 og 1EL2 er i dag, onsdag 4. februar, på bedriftbesøk i Søvika, hos STX Europe, avd. Søviknes.
Der ligg eit nytt, fantastisk skip klart for prøvetur, og både elevane og lærargruppa såg fram til å få innblikk i den elektroniske verda som er gøymd i skroget.
Les meir ...

Bedriftsbesøk til SPILKA og Laader Berg for Vg1 Elektro
Publisert 18.01.09.
Elevane ved Vg1 Elektro besøkte før jul bedriftene Spilka Industrier og Laader Berg på Emblem. Føremålet med besøket var å få sjå automatiserte styringssystemer for industrimaskiner og roboter som vart brukt i reell produksjonen, samstundes som ein ville gje elevane betre kunnskap om desse bedriftene.

Les meir ...

- Vg1 Elektro -


Hausten - ei stormfull tid ...
og allereie eit tilbakelagt stadium - ja, faktisk. Fart har det og vore i skulekvardagen elles, frå oppstarten i august og fram til no i november!
Fleire elevgrupper har vore ute og reist, både i innland og utland. Andre er i full gong med planlegginga av sine kommande ekskursjonar, t.d. fysikk-elevane som skal til Cern seinare i skuleåret.


Motivasjonskurs 2008/09 - til inspirasjon!
Veke 47, 2008.
- Vellukka gjennomføring av fyrste del av "Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2008/09".
Ja, annaleis kan ein ikkje tolke deg nøgde smila til dei 8 utvalde elevane våre, når dei dukka opp igjen på skulen etter 4 dagar på kurs.

Motivasjonskurset er eit klyngesamarbeid mellom STX Europe, Rolls Royce Marine og Ulsteinkonsernet. Denne maritime klynga håper kurset skal motivere dei unge til å velje ei teknisk utdanning. Og sjølvsagt håper ein også at elevane skal ta utdanninga si og seinare kome attende til regionen her.
Les meir om Motivasjonskurset ...

Ut på vinteren i dette skuleåret skal dei 16 elevane frå Ulstein vgs. og Haram vgs. til utlandet og gjennomføre andre del av kurset. Der får dei samstundes besøke bedrifter i Stratford-distriktet og oppleve noko av engelsk kultur. Noko dei verkeleg ser fram til!


Motivasjonskurs i den maritime næringa
Foto: Jan Ove Hurlen


Les artikkelen!

Flott ekskursjon til Kaldhussetra, Tafjord, for 2BI i haust
16. - 18.09.08.

2BI gjennomførte ein gnistrande flott hausttur til Tafjordfjella i september. Med base på Kaldhussetra, og med gymlærar Ravnestad som aktiv kjendmann i området, vart det tre uforglemmelege dagar for 2BI-gjengen.

Les meir ...

Ekte grillkveld i fjellet!

York vart ein suksess i år og!
Veke 40, 2008

Medan biologielevane nyt godene i heimlege trakter, har EB2-elevane våre vore i utlandet, nærare bestemt York i England. Med seg hadde dei to lærarar, ein røynd i opplegget og ein nykommar.

Turen er finansiert av det lokale næringslivet, og det faglege opplegget er utarbeidd i samarbeid med Universitetet i York. Dette er ein særs flott tur, fagleg som sosialt, som vi er stolt av å kunne tilby elevane våre.


Universitetet i York

Les om tidlegare turar:
York 2005
York 2006
York 2007

Leirplass for framtidige uteaktivitetar
16.10.08.

Elevane på Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag har tatt spaden(e) i eiga hand ... Dei førebur resten av skuleåret sine ulike uteaktivitetar, og er i gong med å bygge sin eigen gapahuk.
I fjor laga elevane på Vg2 PIN ei hengjande bålpanne på bestilling frå desse, og no skal leirplassen kome i orden.
Vi ynskjer jentene lukke til i arbeidsprosessen!
Les meir ...

Jentene på Vg2 BUA er klare, og fulle av arbeidslyst!
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Reiser i skuleåret 2007/2008:


1HS og 2HEA på studietur til Muritunet, Valldal.
13.06.08.
Elevane ved Vg1 helse- og sosialfag og Vg2 Helsearbeidarfag har gjennom skuleåret arbeidd målretta med både helsefag, kommunikasjon og yrkesorientering. Det var då eit naturleg val for lærarane, både på Vg1 og Vg2, å ønskje seg Muritunet som ekskursjonsmål på tampen av skuleåret.
Les meir ...


- Valldal -

Veka før hadde same gjengen vore på tur til Patologisk museum på Åse. Og så det vart meldt inn som ein fin ekskursjon, frå elevar og lærarar.


2BU-elevane på studietur til Ålesund fengsel
Juni 2008.
Fengselssystemet er ukjend for dei fleste, og elevane ved 2BU på HVS var ikkje noko unnatak. Dei viste fint lite om kva arbeidet i eit fengsel går ut på, og var difor litt spende på kva denne dagen ville bringe. At studieturen skulle bli så interessant, var dei rett og slett ikkje budd på.

Les meir frå studieturen ...

3IBD har igjen tatt turen til Madrid
03.-06.06.08.
På ny har ein gjeng reiselystne og svært spente elevar og lærarar lagt ut på utenlandstur.

Elevane med studieretningsfaget 3IBD (International Business Developement) har besøkt storbyen Madrid. Med seg har dei konstituert rektor Jan Magne Helland, faglærar Tormod Strand og spansklærar Sigrid Hånes som reiseleiarar.
Les reisebrev frå turen ...




Vi flyr - til Madrid!
Turen var fyrste gong gjennomført i fjor. Les gjerne kva fjorårselevane opplevde:
Tre spesielle skuledagar våren 2007...

Ekskursjonen til Haramsøy er gjennomført!
19. - 21.05.08.
I tre døgn var elevane på Vg1ST ute i havgapet og gjorde sine fjørestudier og kjende friluftslivet på kroppen. Basen deira besto av våre to velbrukte militærtelt, eit hytte og ei idyllisk strand med tilhøyrande molo. Framkomstmiddelet var sjølvsagt syklar, og programmet - det var tett.

Sjå bilete og referat frå turen ...

Etterarbeid i kveldssola
på Haramsøy

Yrkesorientering for elevar på Vg1 ST
Våren 2008
I løpet av våren 2008 har elevane ved Vg1 ST fått litt meir innblikk i yrkeslivet enn normalt. Som eit ledd i generell yrkesorientering, eller karriererettleiing, har elevane vore på bedriftsbesøk i nærmiljøet til skulen.
Dei har fått meir informasjon om ulike yrkesgrupper
innan ei større bedrift og eit vidare innblikk i kva arbeidet går ut på. Dei har og hatt fokus på korleis utdanning/skulefagleg kunnskap vert nytta direkte eller indirekte i yrkeslivet. - Interessant, meinte elevane.
Les meir ...

2HF på studietur til Åse

28.04.08.
Elevane ved Vg2 Helsearbeidarfag hadde ein flott dag på Åse, med besok både på Vestmo behandlingssenter og på Nevrohjemmet i Ålesund.

Elevane har gjennom skuleåret 07/08 vore utplasserte ein dag per veke i ulike omsorgsinstitusjonar i Haram, og denne ekskursjonen gjekk inn som ein naturleg del av den informasjonen elevane på Vg2 HF skal få i høve yrkesorientering knytt til helsesektoren. Verkeleg ein gjevande dag!

Les meir ...


Kjelde: Helse Sunnmøre
Ålesund sjukehus ligg i Ålesund kommune, 9 km aust for Ålesund sentrum

1HS på studietur til NAV - Hjelpemiddelsentralen
23.04.08.
Onsdag 23.april var vi ved 1HS på ekskursjon til Ålesund, nærare bestemt NAV - Hjelpemiddelsentral. Der fekk vi informasjon om korleis ein slik formidlingssentral for hjelpemiddel fungerer. Vi fekk også omvising og innblikk i mange ulike hjelpemiddel og korleis dei skal brukast. Asbjørn Enerhaug var fagleg ansvarleg for opplegget.

Vi takkar for ei god mottaking og ein interessant dag!

mvh
1HS og kontaktlærar Nupen
NAV Hjelpemiddelsentral i Møre og Romsdal


Besøksadresse:
Åsehaugen 1,
6017 Ålesund
Postadresse:
Postboks 8300 Spjelkavik
6022 Ålesund
Telefon : 70 17 22 00

Fylkesmeisterskapen i basisdugleikar 2008
23.04.08.
På vegne av Møre og Romsdal idrettskrets har idrettslinja ved Ulstein vidaregåande skule på nytt arrangert fylkesmeisterskap i basisdugleik, og tevlinga gjekk av stabelen i Ulsteinhallen onsdag 23. april.

HVS sendte tre gutar til Ulsteinvik, og desse markerte seg på ein framifrå måte!

Les meir ...

Vegard i aksjon
i Ulsteinhallen, våren 2008

Prosjektet "Den unge skipsdesignaren" førte HVS-elevar til Trondheim

Med Kunnskapsløftet 2006 dukka omgrepet X-fag opp i den vidaregåande skulen.
Her ved Haram vgs valde vi å tilby faget Teknologi og forskningslære X (3t/v) til TAF- og ST-elevane våre på Vg2. Det har vist seg å vere eit spennande tilbod!
Ei utfordring, fagleg som teknisk, for både faglærar og elevar.

06.-07.03.08.

Inkludert i undervisningsopplegget låg det i år ein konkurranse innan skipsdesign. I lag med meir enn 300 elevar frå heile landet konkurrerte HVS-elevane om beste designet skipsmodell.

Les meir om HVS-prosjektet ...

Marinteknisk senter, NTNU.


Elevar og lærarar på studietur til Italia
Veke 5 - 7, 2008

I høve Leonardo-prosjektet vårt, har vi no gjennomført ein ny utvekslingsperiode der våre elevar har vore utplassert på ulike arbeidplassar i området kring Udine i Italia. Opphaldet varte i 3 veker for elevane, som returnerte til Noreg siste helga i vinterferien.

Meir kjem ...

Veke 6, 2008
I år har og ei gruppe yrkesfaglærarar og representantar frå næringslivet blitt kopla på i eit parallelt prosjekt. I ei veke var dei i same området og følgde eit interessant program.
Til den sosiale delen av programmet låg ein utflukt til Venezia. Ein flott tur, melder dei heimkomne.

Meir kjem ...

Venezia


Studietur til CERN for 4TAF
Veke 7, 2008.
For nokre av fysikk-elevane våre er partikkel-detektoren ATLAS meir enn spennande... Det er spennande realitet, for dei planlagde og gjennomførte ein ekskursjon til CERN i vinterferien sin.
Les meir ...

No har dei fått sjå nærare på anlegget, og skaffa seg meir opplysningar om prosjektet, og om kjende fysikarar knytt til slike forskningsprosjekt.
Flott innsats av dykk og fysikklærar Terje Pettersen.

Holet til ATLASdetektoren i CERN
Foto: CERN
Les om den spennande turen på lektor Pettersen si heimeside.
Tilrådd for alle med eit snev av fysikkinteresse!!!


CSI-case for 3BI ved Høgskulen i Ålesund
19.02.08.

"Tysdag 02.01.08 kl 08:47 blei overingeniør Gro Audveig Hagen, født 11.10.1985, funnet bevisstlaus på rom C313 på Høgskulen i Ålesund. Ved siden av den skadede Hagen, blei det funnet ein knust 5000 ml målekolbe. Det blei funnet fleire DNA-spor på åstaden."


(Prosjektfoto til CSI-case,HiAls)
Tysdag 19.02.08 var det på tide med ny høgskuletur for biologi-klassa frå Haram vidaregåande skule, og slik vart vi møtt på Høgskulen. Ei kriminalsak var dukka opp, og vi skulle få undersøke saka!
Les meir ...


Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2007/2008
Bedriftene fortset satsinga på realfagselevar. Det er til stor glede for elevane våre!
Del 1:

- Frir til framtida sine ingeniørar
Sunnmørsposten 16.11.07.

Slik sto det å lese i Sunnmørsposten 16. november, etter at Sunnmørsposten sin utsendte journalist Synnøve Åsebø hadde tatt pulsen på Motivasjonskurset 2008.

Les artikkelen som sto i Sunnmørsposten... (pdf-fil)
Haramsnytt 16.11.07 ... (pdf-fil)
Bygdebladet 17.11.07... (pdf-fil)


Foto: Nils harald Anstad

Del 2:
Strålende avslutning på Motivasjonskurs 2008
Veke 7, 2008.

Det er fantastiske tilbakemeldingar etter at siste del av motivasjonskurset er gjennomført.
På evalueringen Smallpeice Trust gjennomførte siste dagen, svarte 100% av kursdeltakarane "Excellent" på totalinntrykket av kurset!
Dette set bedriftene bak prosjektet pris på.

Les HVS-elevane sin rapport heim ...
Les Ulstein-elevane sin rapport heim i vinterferien ...
Artikkel i Vestlandsnytt 22.02.08.
(pdf-format)


Besøk på bokbåten Epos
21.09.07.

Bokbåten er Vestlandet sit flytande bibliotek, som dekker kysten frå Hordaland i sør til og med Møre og Romsdal i nord. To gongar i året får kystbarna høve til å besøke Epos. Vi har vore om bord for å sjå kva bokbåten hadde å tilby i år.

Les meir ...

www.bokbaten.no

Studietur til York og London for 3IBD.
Veke 39, 2007
3IBD har igjen fått høve til å ta turen over til England, nærare bestemt York. Med seg hadde dei eit par lærarar, som begge no etterkvart kan reknast som kjende i området. Sjølve turen er finansiert av det lokale næringslivet, og det faglege opplegget er utarbeidd mykje i samarbeid med Universitetet i York.
Ein særs flott tur, fagleg som sosialt, meiner både elevar og lærarar.

Les meir ...


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Reiser i skuleåret 2006/2007:


Euro Ship II - siste fase

17.06. - 08.07.07.

Haram vidaregåande skule deltar i eit Leonardo Da Vinci-program, Euro Ship I og II, med utveksling av lærlingar innan maritim industri i Noreg og Italia.
I år er det 8 elevane ved 3TAF (VKII Tekniske allmenne fag) som deltar i utvekslingsprogrammet. Dei har sett fram til å reise til Italia i juni - heilt sidan dei sjølve var vertar for 12 italienske ungdommar i vinter. Målet er å få kjenne på livet korleis yrkesutdanninga i Italia er.

Les meir om prosjektet ...
Les meir om internasjonale prosjekt ved HVS ...


Udine, Italia

1HS på sin årlege utflukt til Ålesund
11.06.07.
Og så i år tok faglærarane med seg 1HS-elevane på ekskursjon til Ålesund. Først på besøk hos Amathea, deretter Patologisk Museum og til slutt får dei besøke Utekontakten i Ålesund og høyre om arbeidet der.

Ekskursjonen fungerer som ei oppsummering av skuleåret, smiler 1HS-gjengen.
Les frå same turen juni 2006 og året før juni 2005
Kan hende vil du vite meir om AMATHEA eller om Utekontakten ...

1EL har prøvd fjellgardslivet - med godt hell!

04. - 06.06.07.
1EL har opplevd livet på fjellgarden Ytste Smoge
- ei uforglemmeleg oppleving! Der bedriftsbesøket hos Tafjord Kraft avslutta den faglege delen av turen.
Full klaff med veret, fantastiske omgjevnader og mykje moro gjorde sitt til at ekskursjonen vart, ja, ei uforglemmeleg oppleving.

Sjå sjølv!

Ytste Smoge

3IBD på ny tur - no til Madrid!
05.-07.06.07.
Oppdatert 07.08.07.
Tysdag morgon 5. mai var det reisespent stemning utanfor skulen. Insp. I Jan Magne Helland og dei 12 elevane ved 3IBD lempa bagasje i bilane og virret lystig omkring nokre minutt. Så var alt på plass og gjengen køyrde frå skulen utan å sjå seg tilbake.
Vigra var neste stopp, og målet var storbyen Madrid!

Meir om ekskursjonen ...

Madrid - Kongepalasset,
med hagen i framkant.

VKI Elektro på bedriftsbesøk i Sykkylven
01.06.07.

Elektrolærar Torbjørn Volstad tok med seg VKI Elektro på bedriftsbesøk til Ekornes ASA.
Bedrifta tok godt i mot dei unge elektrikarane, og guida dei rundt i det komplekse anlegget.
- Dette var supert!, smilte ein fornøgd Volstad.
Les meir ...

1ST på tverrfagleg ekskursjon til Haramsøya
08.-10.05.07.
1ST reiste og i år til Haramsøya, med utflukt til Flemsøy. Måla for turen var mange - overleve 2 døgn i telt var eit av dei ... Elles var elevane budd på å trø øyene på langs og på tvers, i tillegg til djupdykk i strandsona.

Les meir om turen !

"Det nye klasserommet"

Studiedag på HiAls for 2BI
28.02.07.
Nærare 370 elevar frå Molde, Stranda, Sykkylven, Volda, Haram og Ålesund var innom Høgskolen i Ålesund, der dei blant anna fikk sjå på blodceller, ekstrahere koffein, sjå ulike bakterier og prøve moderne PCR-teknologi for å identifisere DNA-sekvensar.
Med andre ord, 2BI-elevane våre som tok turen til høgskulen, fikk ein spennande og lærerik dag!

Les kva dei sjølv fortel frå studiedagen ...

REUNION 2007
28.02.07.
Alle elevane som gjennomførte Motivasjonskurs for ingeniørutdanning i 2005/2006 var inviterte til REUNION onsdag 28.02.07. Dei skulle få følgje eit opplegg ved Høgskulen i Ålesund frå kl 12:00 – 18:00, der sosialt samvær og middag var inkludert. Dei meldte tilbake om ein lærerik og fin dag ved høgskulen.
Nokre bilete frå turen finn du her ... (Ikkje teksta)

Motivasjonskurs for ingeniørutdanning - del 2
18.-24.02.07.
I vinterferien er 8 elevar frå HVS i England, nærare bestemt i Stratford, for å gjennomføre andre, og siste del av Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2007. Med seg har dei lektor Terje Pettersen.
Vi ønskjer dei ein god, lærerik og inspirerande tur!

Les om kva dei opplevde på kurset ...

Motivasjonskurs for ingeniørutdanning - del 1
Veke 46, 2006
Første del av Motivasjonskurs for ingeniørutdanning vart avslutta her på HVS fredag 17.11, kl 14:00.
Da hadde det vore hektisk, men humørfyllt og god stemning inne på innovasjonsstudio, der kursdeltakarane og leiaren deira, Thomas Elton, haldt hus.
Les meir ...

Ekskursjon til York for 3IBD
17. - 24.09.06.
Medan elevane i 2IBD gjer seg klare til å starte opp sine ungdomsbedrifter, har 3IBD vore på tur!
7 dagar i England, fordelte på York og London, er no tilbakelagt Ein flott oppleving - lærerik på mange plan.

Les meir ...

2BI har vore på årets fyrste ekskursjon!
29.08.06.
Tysdag 29. august reiste 2BI-elevane og biologilærar, Hanne Ski, til Daugstad i Vestnes kommune. Veret var strålande og elevane spente - dette var ein ny plass og innhaldet noko ukjent ...

Det heile var oppstarten på prosjektet "Fisken sin biologi", eit prosjekt som skal strekkje seg gjennom heile dette skuleåret i 2BI.

Så kvifor Daugstad?
Les meir ...
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Reiser i skuleåret 2005/2006:


1HS har hatt to utflukter til Ålesund.
- Utekontakten, Ålesund.
08.06.06.
Torsdag var elevane på besøk hos Utekontakten i Ålesund. Der vart dei tatt godt imot og vart informert om oppgåvene der.

- Kva har Åse å by på?
09.06.06.
Dagen etter var det Amathea (Rådgivingsteneste for gravide) og Patologisk Museum på Åse, som var reisemålet.

- Spennande
på Patologisk museum, Åse!,
smilte jentene medan dei vandra rundt i lokalet.
Les meir om turane ...

2IBD besøkte Sparebanken Møre, Ålesund.

09.06.06.
2IBD fekk ein forsmak på neste års pensum då dei besøkte Sparebanken Møre i Ålesund i juni i år. Dei gjorde seg klar til å møte neste skuleår sine utfordringar.
Les meir ...

Naturfagsekskursjon til Haramsøy/Longva, juni 2006.
22. - 23.05.06.
Måndag 22.05. reiste 1AF-A, 1AF-B og 1TAF på felles naturfags-ekskursjon til Haramsøy. Her får du eit lite innblikk i kva elevane gjorde dette døgeret.
Om ikkje så lenge vil vi leggje ut bilete og la elevane få fortelje litt om korleis dei hadde det på turen.

Program ...

2IBD i spanande samarbeid med Aker Yards AS.
Våren 2006

Ønsket var å gi elevane innsikt i kor internasjonalt, komplisert og omfattande planleggingsarbeid som må til, for å bygge eit skip.
Det målet vart nådd!
Les meir ...

Laboratorieveka 2006
27.02.06.
3BI prøver ut lab'en på Høgskulen i Ålesund!
Første skuledag etter vinterferien tok 3BI-elevane turen til Høgskulen i Ålesund. Der ventet eit spennande opplegg, med mykje laboratorie-arbeid og litt teori. Tema for dagen var elektroforese - analyse av DNA-molekyl. - Det var eit godt opplegg, smiler ein fornøgd biologilærar, Hanne Ski, to dager etter.

Les meir ...

Jeanett, 3AF,
som ekte laborant.

Fylkesmessa for ungdomsbedrifter 2006
14.-15.02.06.

Onsdag 15. februar vart Fylkesmessa for ungdomsbedrifter 2006 arrangert i Braatthallen i Kristiansund! To ungdomsbedrifter frå HVS var med.
"Braatthallen vil summe av ung aktivitet denne dagen," annonserte Kirsten Aure, ansvarleg for Ungt Entreprenørskap i Møre og Romsdal fylke i invitasjonen, og ho fikk rett i det!
Les meir ...

Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2005/2006
.
November 2005
"Nei, det er ikkje snakk om noko nytt realityshow, men eit forrykande motivasjonskurs. I desse dagar deltek åtte elevar frå Haram vidaregåande på kurs, i regi av Aker Brattvaag og Rolls-Royce. Opplevelsane står i kø, og det siste på tapetet var «Offshore Simulator Centre» ved Høgskulen i Ålesund," skreiv Haramsnytt etter å ha følgd kursdeltakarane ein dag.
Les meir om opplevinga ...

Studietur til York for IBD-elevane på VKII-AF
25.09- 03.10.2005
IBD-gruppa er på tur til England. Dei reiste via London til York søndag 25. september. Formålet med turen er å lære meir om engelsk språk, kultur og historie. Få stader er meir naturleg for normenn å starte enn i York sidan denne byen var eit viktig senter for skandinavar i vikingetid.

Les meir frå turen ...

3 fuktige dagar for 3BI
- ein humørfylt ekskursjon i nærmiljøet til HVS !

07.-09
.09.05.
3BI-elevane har gjort unna tre dagar i terrenget i nær-miljøet, frå skog via myr til fjell. Og veret la ingen demper på arbeidet.

Sjå bilete frå turen ...
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Reiser i skuleåret 2004/2005:

1HS-elevane besøker Utekontakten i Ålesund
09.06.05.
Fredag 9. juni var elevane ved grk HS på besøk hos Utekontakten i Ålesund.
Der blei dei tatt godt imot av Runar og Frances, som informerte om arbeidet sitt
Les meir ...

1HS-elevane tar turen til Amathea og Patologisk Museum
, Åse.
17.06.05.
Veka etter bar det i veg igjen. Denne gongen med Amathea (Rådgivingsteneste for gravide) og deretter Patologisk Museum på Åse, som reisemål.
Les meir ...


"Tour de Haramsøy" våren 2005
18.- 20.05.05.
Var det eit like stort krafttak i år som i fjor, å gjennomføre den tverrfaglege turen til Haramsøya/Flem? Program var det same, i følgje faglærarane, faktisk med ein tilleggstur ut til fyret på Ulla!
Les meir om dagane på øyene ...

Dagsekskursjon til Tafjord for VKI-AF
18.05.05.
Onsdag 18. mai reiste VKI-elevane på allmennefag til Tafjord.  Ekskursjonen i geografi-faget hadde vasskraft som tema, og kva er da meir naturleg enn å besøke Tafjord Kraft!
Les meir om turen ...

UB Global Connections ved HVS i Molde.

26.04.05
Onsdag 26. april var det ein stor konferanse i Molde som handla om IKT i utdanninga. Læreplankonferansen vart kalla "med innsIKT og utsIKT til ny læreplan".
Elevar frå IBD-gruppa ved HVS var deltakarar på programsida av konferansen og demonstrerte bruk av Design Studio i lærings- og samarbeidssituasjonar.
Les meir ...

COMENIUS PROSJEKTET - "NORDAVIND / SYNNASOL"
04. - 18.04.05
Prosjektet er igjen aktivert. Måndag 04.04. reiste elevane i 3TAF sørover til Italia i lag med prosjekt-koordinator ved HVS, faglærar Øystein Risan, og kontaklærar, lektor Ivar Roald. Veka etter reiste rektor Jøstein Taftø og inspektør Håvard Garshol etter.
Les meir om det innhaldsrike opphaldet ...

2BI-elevane på laboratoriekurs ved HiÅ

04.03.05
Institutt for biologiske fag (IBF) ønska 2BI-elevane våre velkomne til ein fagdag ved høgskulen. Først fikk elevane informasjon om høgskulen og tilboda dei har til sine studentar. Deretter fikk elevane gjennomføre fleire øvingar innan mikrobiologi, patologi, immunologi og medisinsk biokjemi. Høgskulen sine eigne studentar var rettleiarar under øvingane. "Ei fin avveksling og ein lærerik dag!", meldte 2BI-elevane vel heime igjen.
Høgskulen i Ålesund




Aktive dagar i England
- "Motivasjonskurs for realistar"
Så er den unnagjort - andre delen av Motivasjonskurset for ingeniørutdanning 04/05. Dei åtte elevane våre melder om ei artig og interessant veke i England.

Les om del 1: Ulsteinvik - Brattvåg
Les meir om del 2: Stratford i England

Frå besøket hos

BMW Mini

Bedriftsbesøk på ” KV HARSTAD ”
Januar 2005

VKI Elektro har vore på bedriftsbesøk på kystvaktskipet ” KV HARSTAD ” ved Aker Yard, Søviknes Verft AS.
Les meir ...

Trondheimstur for IBD-gjengen
02.-04.11.04

Dei 10 elevane som har IBD som studieretningsfag, var tidleg i november ein tur til Trondheim.
Les meir ...

COMENIUS PROSJEKTET
- "NORDAVIND / SYNNASOL"

11.10-25.10.04
Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Istituto Tecnico Industriale Arturo Malignani i Nord-Italia og Haram vgs. i Noreg.

Sjå kva som pågikk under Noregsbesøket i oktober ...
 

Kjekk tur til Orreneset for 1AF
09-10.09.04
I høve valfaget Internasjonalisering var elevane på grk.AF på overnattingstur til Orreneset i september.
Kjempekjekk tur!, seier elevane.
Les meir ...
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
2003/2004

Våren gir reiselyst:
Patologisk museum, Åse utanfor Ålesund
10.06.04

Torsdag 10.juni 2004 var 1H (gk HS) på Patologisk Museum, ved Sentralsjukehuset i Ålesund. Der fikk dei studere ulike indre organ av kroppen.
Ekskursjonen vart avslutta med ei sosial samling for å markere slutten på skuleåret.
Les meir ...

Tafjord, våren 2004
01.06.04

Yrkesfagelevar har og reiselyst. Rett etter pinsehelga dro grk. Elektro og VKI Elektromekanisk på dagstur til Tafjord for å ta Sakariasdammen og anlegget til Tafjord Kraft nærare i augesyn. Dette vart og ein kjempe-flott tur, seier elevane.

Sjå deira eigen reportasje.

Haramsøya/Flemsøya, våren 2004

25.-27.05.04
Grunnkurselevane våre på allmennfag har tilbrakt 3 flotte friluftsdagar ute på øyane, som avslutning på skuleåret i faga kroppsøving og naturfag. Her har dei hatt i oppgåve å studere livet i fjæra, sykle øyane nærast på kryss og tvers, samt nyte friluftsliv med grilling, konkurranser og sosialt samvere ... Les elevane si historie frå turen.

Fræna/Eide, våren 2004

12.-14.05.04
VKI-AF har igjen tatt turen til Eide med fokus på temaet "FJELL FOR FOLK". Ekskursjonen omfatta i år tre bedrifts-besøk, fjellturar inkl. ein tur i Trollkyrkja og elles slikt som høyrer teltlivet til ... Kva skjedde i år?

Norwegian recruitment course part 2 Stratford, England 2004
Laurdag 14.2 – søndag 22.2 var 16 elevar frå Haram og Ulstein vidaregåande skule samla på Vigra flyplass for å reise til England for å gjennomføre siste del av motivasjonskurset retta inn mot aktuelle søkjarar til ingeniørutdanning
Les meir ...

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Ny ekskursjon til Vindmølleparken på Harøya
16.10.03
Ekskursjonen ut til vindmølleparken viser seg å vere både eit godt og eit lærerikt innslag i undervisningsopplegget for elevane på VKI-Elektro.
Sjå elevane si bildereportasje frå turen

Kurs i samarbeidslæring for grunnkurs Allmennfag

I september 2003 dro klasse 1A i "skjul" for å drive samarbeidslæring. Turen gikk til Orreneset. I bagasjen fulgte det med både tennisballer, hoppetau og anna tauverk, grillmat, godt humør og passelige porsjonar med energi. Det skulle bli ei positiv hending i 1A si skuleerfaring.

Les meir

Klasse 1H var utplassert ei veke i september 2003.
Grunnkurs HS har røynsle med utplassering av elevar frå eit tidlegare skuleår. Dette var så positivt at vi ville gjere eit nytt forsøk. Ei veke i september var elevane spredd frå Moa i Ålesund via lokalitetar i Haram og heilt nord til Vestnes.
Les meir...

Synnalandsneset, hausten 2003
Ein rest av sommar ...
Måndag 1. september var 1AFA på tur i fjøra i naturfag.
Resten av 1NA-timane denne veka gikk med til studier av funn frå turen.
Les meir ...

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Reiser skuleåret 2002/2003:

"FJELL FOR FOLK" på tredje året
- ein tverrfagleg ekskursjon på VKI - AF til Fræneidet
21. - 23.05.03

Denne gongen lot vi vere å reise innom Bud, og konsentrerte oss i staden om steinindustrien i Eide og Fræna. Vi besøkte Hustad Marmor, Naas Kalksteinbrudd og Nergaard Steinindustri før vi forlot sivilisasjonen og slo leir...
Les meir og sjå bilete frå turen
Historikk

Ekskursjon til Tafjord Kraft AS våren 2003
Dato: 20.05-03
Sak: Vitjing hjå Tafjord Kraft AS
Dagsekskursjon for grunnkurs Elektro og VKI Elektrofag

Les meir


Ekskursjon til Longva våren 2003
6. - 8. mai 2003
Naturfagekskursjonen til grunnkurselevane på AF vart i år flytta over på øya Longva. Målet var som før fjøresona, men konseptet var nytt med større innslag av friluftsliv og fysisk aktivitet.
Les meir

Motivasjonskurs, del 2 - England vinteren 2003
For å betre rekrutteringa til ingeniørutdanninga sender det lokale næringslivet ei gruppe frå Haram og Ulstein kvart år til England for å lære meir om næringsliv og utdanning. Programmet i England er variert og morosamt både fagleg og sosialt.  
Les meir

Studietur til Oslo for VKI Elektrofag 2003

Etter vinterferien 2003 dro elevane på VKI Elektrofag til Oslo. På programmet sto besøk hos Statnett, Norsk Teknisk Museum, Gardermoen og ikkje minst ein heilt spseiell konsert.

Les meir


Vindmølleparken på Harøya 2003
20.02.03

Elevane på VKII Elektrofag besøkte vindmøllene på Harøya. Ei fin oppleving, seier dei!

Les meir

Tur til London for 3A 2003
3A hadde bestemt seg - dei ville ha ein ekskursjon til utlandet siste året sitt på HVS.
Dei dro på ein 5-dagars tur til London i februar 2003

Les meir


Europeisk ungdomsparlament i Torino, hausten 2002
I november 2002 reiste 5 elevar frå Haram vidaregåande skule og 5 frå Melhus videregående skole til Torino for å representere Noreg på den Europeiske ungdomskonferansen (EUP).  Det faglege opplegget før, under og etter opphaldet, var knytt opp til studieretningsfaget samfunnskunnskap.
Les meir

Studietur med pizza og go-cart for grunnkurs AF
03.10.02

Etter 6. time denne torsdagen var elevane klare for ei annaleis kroppsøvingsøkt. Avreisen gikk frå HVS kl. 13:45 i stor drosje, med lærarane som haleheng i personbilar.
Les meir

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

"FJELL FOR FOLK" - Eide 2002
22.05.02

Våren 2001 bestemte vi oss for å finne ut kva Nordmøre hadde å by på innan geologi, landformer og historie. I tillegg søkte vi fysiske utfordringar. Resultatet var to VKI-klassar og 3 militærtelt og ein 3-dagars tur til Fræneidet i Eide kommune. Dette gjentok vi i mai 2002.

Les meir


Løvsøy - der flo og fjøre bestemmer døgnrytma
Våren 2002
Turen til Løvsøya må vi seie har vore tradisjon ved HVS. Kvar vår sidan 1980 har grunnkurselevar frå HVS reist ut på Løvsøya for å vere nokre dagar i fjøresteinane.
Lengda på turane har variert, frå dagsekskursjonar for allmennfagelevar og yrkesfagelevar til 3-dagars turar, der fleire fag er inkludert i opplegget.

- Prestegarden, Løvsøy -
Les meir ...

Manndomsprøva

Løvsøya byr og på utfordringar. Under ekskursjonen er turen ut på utsida av øya obligatorisk. Der venter Skatjønna og manndomsprøven.

Les meir ...

- Skatjønna -

Englandstur for elevar ved HVS februar 2002
16. - 24.02.02.

I høve Motivasjonskurs for ingeniørutdanning er 16 av elevane vår vore i England. Programmet i England er variert og morosamt både fagleg og sosialt.

Les meir

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Tur til Island vinteren 2001
18. - 23.02.01
Kl.16:50 var heile klassen samla på Vigra flyplass. Til stor glede for Frid var det alle som kom presis.

Det var ein spent gjeng som venta på flyavgangen. Alle var vi nysgjerrige på Island, eit til no, framand land for oss. Flyturen gikk frå Vigra til Gardermoen, der vi måtte vente nokre timar før vi verkeleg var i gong - Island neste stopp!
Les meir ...

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Hovudsida