Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Arkiv
Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (frå H-06)






Viktige linkar:

>
> fronter

>> Prøveplan
>>Aktivitetskalender


Sommarferien er eit faktum!

Tysdag 22.06.10.



Foto: Solveig Goplen

GOD SOMMAR !

Etter eit arbeidsamt skuleår,
er det godt å kjenne på feriekjensla!
Vi har nokon fine veker foran oss,
forhåpentlegvis med sol, varme og mange gode opplevingar og inntrykk. Nyt det og møt med opplada batteri til skulestart torsdag 19. august.

Opningstider i juli:
Kl. 10 - 14 (mån-fre)

HVS ynskjer
elevar, føresette og tilsette
ein energigjevande og god sommar.



Klar for eit nytt skuleår?

- Hugs svarfristen
16. juli for tilbod om skuleplass !

Publisert fyrste gong 08.06.10.

www.vigo.no vil det vere mogleg å svare allereie frå 9.juli, og med endeleg svarfrist 16.juli.
Du treng å bruke PIN-kodane dine og MinID for å gå inn og svare! Så difor, sjekk med det same at du har kontroll på kodane dine og/eller passordet ditt.

Vi gjer merksam på ar dersom ein ikkje går inn og svarar på tilbod om skuleplass eller ventelisteplass, mister ein tilbodet og har då ikkje krav på eit nytt.

Meir informasjon om skuleinntaket ...

PC-ordning skoleåret 2010/2011

Publisert 01.07.10.

Komande skoleår vil du som Vg1-elev kunne velje om du vil ha ein berbar PC som fylket kjøper inn til deg, eller få eit tilskott frå fylket til å kjøpe/bruke eigen PC.

Elevane som startar på første året (Vg1) kan velje mellom to ordningar for å skaffe seg PC. Dei får anten
- ein berbar PC som vert utlevert til eleven ved skolestart*
- eit eingongs tilskott til kjøp eller bruk av eigen PC*

*Ordninga gjeld berre elevar på Vg1-trinnet ved Møre og Romsdal fylkeskommune sine vidaregåande skolar. Ordninga gjeld ikkje for elevar som har fått PC eller tilskott frå fylket tidlegare.

Viktig å merke seg:
For å få utlevert PC ved skolestart, må du ha registrert deg/bestilt innan 16. juli!

Lånekassen melder;

Publisert 08.06.10.

Søk om utstyrsstipend – alle med ungdomsrett får!
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet!

Frå 1. juli har Lånekassen nytt telefonnummer.
Har du spørsmål om lån og stipend er det no telefonnr.
22 70 03 00 du må bruke for å få hjelp.

Les vidare - viktig informasjon ...

Har du levert inn lærebøkene dine?

Publisert 28.06.10.

No haster det - fakturering for manglande innlevering av lånte skulebøker er rett om hjørnet!

Vi minner om utsendt melding vedr. siste frist for tilbakelevering av lånte skulebøker til skulebiblioteket. Innan kort tid vil skulen sende ut faktura med tilhøyrande gebyr til alle som står oppført med manglande innlevering.
Vil du nytte desse pengene til noko meir fornuftig i sommar, bør du vere snar og levere bøkene dine på hovudkontoret på skulen!

Skulebiblioteket

Velkomen til Bokhylla.no

Publisert 01.07.10.


Bokhylla.no er ei teneste frå NBdigital og ho er full av norske litterære godbitar! Målet med nettstaden er å vise fram eit tverrsnitt av den norske litteraturen, og difor arbeidar dei no med å gjere alle bøker utgitt i Noreg på 1690-, 1790-, 1890- og 1990-talet tilgjengelige i fulltekst på Internett.
Då er det berre ein ting å seie: - Les i veg!


Viktige samarbeidspartnarar for ungdom;

1. Opplæringskontoret i Haram

Mai 2010

Opplæringskontoret i Haram samarbeider med medlemsbedriftene om å få til ei så god fagopplæring som råd, og ser elles til at opplæringa skjer i samsvar med godkjende læreplanar og Opplæringslova.

Er du kommande lærling, ta kontakt for informasjon og/eller hjelp.

Les artikkel i haramsnytt: Du kjem langt med eit fagbrev

Velkomen til Opplæringskontoret i Haram!

Opplæringskontoret er
eit samarbeids- og service-organ
for bedrifter som tek på seg
opplæringsansvar for lærlingar.

Opplæringskontoret i Haram
Haram kompetansepark
Skjelt-Olebakken 9
6270 Brattvåg
Tlf 70217170


2. Oppfølgingstenesta (OT) i Møre og Romsdal

Mai 2010

Oppfølgingstenesta er eit tilbod til ungdom som ikkje er i opplæring eller i arbeid.

Alle fylke skal ha ei oppfølgingsteneste for ungdom som har rett til opplæring og som ikkje er i opplæring eller arbeid. Tenesta gjeld til og med det året dei fyller 21 år.

For meir informasjon, les ...

OT for Haram og Sandøy:
Hilde K. Aasgaarden, tlf. 70 20 96 10
 

Utdanningsavdelinga melder:

Sommarkurs i matematikk og naturfag

Mai 2010

For yrkesfagelevar, som etter Vg1 ikkje har kome i mål med matematikk og/eller naturfag, blir det i år for første gong arrangert sommarkurs.
Kurset er gratis for deg som elev og er lagt til Borgund vgs. Kvart av kursa går over ei veke med ein avsluttande eksamen. Men du må vere motivert for å gjennomføre, difor treng du ei tilråding frå faglæraren din.
Er du interessert - snakk med faglæraren din!

Les meir om sommarskulen i vedlegga:
-
Informasjonsskriv om sommarskule ved Borgund vgs.
- Påmeldingsskjema

Vi tilrår:

Utdanningsmagasinet.no

Mai 2010


Nettstaden Utdanningsmagasinet.no inneheld mykje informasjon som kan vere god å ha med seg på vegen vidare, anten du planlegg å studere i Noreg, i utlandet eller kanskje har tenkt å leggje inn eit friår. Her finn du noko om økonomi, alternative utdanningsvegar og råd og vink i høve studie-perioden i livet ditt. Kan hende finn du noko som er nyttig for akkurat deg her!

Kik innom Utdanningsmagasinet.no ...
 
Artikkel;

Må jeg gi opp drømmen?

Rådgiver Anne-Grete Borch møter mange unge som vil studere medisin eller jus. Ofte knuses drømmen mot høye karakterkrav."

Les intervjuet ...

Helsetasjon for ungdom - sommaråpen

Sommaren 2010

På helsestasjonen for ungdom kan du snakke om ting du lurer på, og få hjelp og råd frå helsesyster, jordmor eller lege. Både lege, jordmor og helsesyster har taushetsplikt.

Sjølv om det no er sommarferie, er det mogleg å kome på Helsestasjon for ungdom til gitte tider.
Sjekk heimesida deira: - Åpningstider i sommarmånadene

Lektor 2 fortset ved HVS !


28.05.10.

Vi er stolte av å meddele at Haram vgs. får delta enda eit år i prosjektet Lektor 2 i regi Naturfag-senteret.

I prosjekt knytt til Lektor 2-ordninga, får skulen inn fagpersonar frå arbeidslivet, som blir direkte involvert i undervisninga innan område der skulen/faglærar ser dette som ei moglegheit til å auke elevane sitt læringsutbytte og interessa deira for faget.

Involverte elevar og faglærarar har gitt gode tilbakemeldingar på opplevingane sine i dei to prosjekta som vart gjennomført skuleåret 2009/2010:
- Oppdriftsanalyse i båtbyggjarprosjektet (ToF) (pdf-artikkel)
- Krefter i vinsjar (FY1) - framføringøkt
- Krefter i vinsjar (FY1) - bedriftsbesøk


Vi ser fram til å ta nye grep inn i skuleåret 2010/2011.

HVS er resertifisert som Miljøfyrtårn.

Publisert mai 2010


Hugs å ta miljøhensyn - kvar dag!
Vi har fleire typar avfallsdunkar rundt på skulen, og oppmodar den enkelte til å kaste rett avfall på rett plass. Vi ser framgang - flott!

Men det er viktig at du er miljømedviten elles og.
Så spis sunt, ver blid, gå eller bruk sykkel når avstandane tilseier det - eller, gå ein ekstra tur medan du ryddar glass og anna tilbake til kantina, og pass på
å ikkje skrive ut papir du ikkje treng ...
Hjelp oss å halde HVS ryddig og miljøvennleg!

Meir informasjon:
HVS - sertifisert til Miljøfyrtårn H- 2007
Stiftelsen Miljøfyrtårn
Bransjekrav




Haram vidaregåande skule

gir deg tilbod innan følgjande utdanningsprogram:

Elektrofag
Helse- og sosialfag
Teknikk og industriell produksjon
Tekniske- og allmenne fag
(TAF-TP og TAF-EL)

Studiespesialisering
og
Påbygging til generell studiekompetanse (Vg3 PB)

A presentation of our school
(English version)



Glimt frå tidlegare skuleår:
Det er mykje som skjer gjennom eit skuleår, og noko av det klarer vi å setje litt i fokus via nettsida vår. Har du lyst, og tid, kan du sjå korleis tidlegare skuleår har arta seg på HVS via desse lenkene. God tur inn i ei minnerik tid.

Oppslag i skuleåret 2009/2010
Oppslag i skuleåret 2008/2009
Oppslag i skuleåret 2007/2008
Oppslag i skuleåret 2006/2007
Oppslag i skuleåret 2005/2006
Oppslag i skuleåret 2004/2005

Oppslag i perioden 2002 - 2004

Ta og ein titt på oppslag under AKTIVITETSDAGAR eller FAGLEGE TUR der utflukter, ekskursjonar etc. er omtala.

Palacio Real, Madrid.
Austnes, Haramsøy.


Postadresse: Skuleråsa 10, 6270 Brattvåg, Norway.
Telefon: +47-70209600 Telefax: +47-70209601 - E-post: haram.vgs@mrfylke.no
Biletmaterialet er Haram vidaregåande skule og fotografane sin eigedom.
Vevstyrar og ansvarleg for sidene: Hilde Kristin Aasgaarden. Vevrådgjevar: Torleiv Austnes