Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Skule - næringsliv
HVS og eit internasjonalt næringsliv
Oppdatert 31.05.10.
Haram vidaregåande skule har hatt eit tett samarbeid
med næringslivet både i Haram kommune og med nabokommunane.
Dette samarbeidet har vore til stades heilt frå skulen
vart grunnlagt i 1975. Tradisjonelt har dette samarbeidet vore
mest knytt opp mot yrkesfaga, men dei seinare åra har
og allmennfag utvida samarbeidet.
Motivasjonskurs for ingeniørutdanning
Deltakarar 2008/2009 |
Samarbeid SKULE - NÆRINGSLIV i praksis
Haram er kjent for sitt ekspansive næringsliv. Bedriftene
i kommunen har og eit godt nettverk og har opparbeidd seg ein
omfattande internasjonal kompetanse som skulen får dra
nytte av. Over tid har vi hatt mange samarbeidsprosjekt som
har vart over tid og utvikla seg i tråd med samfunnet
kring oss.
TAF - eit vellukka samarbeidsprodukt
Skulen var og ein aktiv del av det omfattande prosjektet "HARAMSMODELLEN",
som var eit samarbeid mellom skule, kommune og næringsliv.
Kontakten i det fora har gitt gode idear til utvikling av arbeidsmetodene
ved skulen, og samarbeidet har gjort det mogleg for oss å
etablere nye utdanningsprogram. Det var blant anna dette samarbeidet
som i sin tid la grunnlaget for, og igangsette, studietilbodet
Tekniske
og allmenne fag (TAF) som har stått fjellstøtt
på HVS sidan.
Frå hausten 2009 utvida HVS TAF-tilbodet, og tilbyr i
dag både TAF-TIP og TAF-EL.
Motivasjonskurs for ingeniørutdanning,
- frå 1998 og årleg fram til i dag.
I 1998 fekk elevar ved Haram vidaregåande skule tilbod
om eit Motivasjonskurs for ingeniør-utdanning. Eit tilbod
sett i verk av dåverande prosjekt, "PÅ
LAG MED ULSTEIN", med sete i Ulsteinvik. Sidan 1998
har vi vore med,og nå får 8 elevar frå Haram
vidaregåande skule og 8 elevar frå Ulstein vidaregåande
skule høve til å delta. Kravet er at dei har valt
matematikk og fysikk som programfag (tidl. kalla studieretningsfag).
Kvart år er søknaden til dette kurset svært
stor, for mange vil vere med det spenstige opplegget.
Det har vore ulike bedrifter som er med og finansierer opplegget
fullt ut. I alle år har dei nytta stiftinga ”The
Smallpeice Trust”, med hovudsete i Birmingham i England,
som kursansvarleg. Kurset har vore under kontinuerleg utvikling,
og er rett og slett eit fantastisk tilbod til dei av elevane
som får innfridd søknaden om deltaking!
Les
oppdatert informasjon om kurstilbodet og samandrag frå
tidlegare kurs!
Faget EB med ein tidleg start ved Haram vgs;
- International business development - ein ide forut for si
tid
Eit anna vellukka produkt av samarbeidet med
næringslivet er studietilbodet IBD, forkorting for
International business development, som vart utarbeid i
perioden 2002/2003, lansert våren 2003. Hausten 2003 fekk
elevar på dåverande grunnkurs AF tilbod om valfaget
Internasjonalisering, der elevane skulle få innblikk
i kva eit internajonalt næringsliv må ta omsyn til,
som til dømes god kommunikasjon på tvers av ulike
kulturar. Valfaget var ein liten smakebit på studieretningsfaga
knytt til IBD, som elevane kunne velje på VKI frå
hausten 2004. Under arbeidet med å utvikle studietilbodet
IBD (International Business Development) bestemte skulen i samarbeid
med lokalt næringsliv og kommune-administrasjonen å
bygge opp eit innovasjonsstudio ved skulen. Dette sto klart
hausten 2004.
Studieretningsfaget IBD overlevde som fag på HVS fram
til reforma knytt til Kunnskapsløftet i 2006 slo inn.
No finn ein igjen dei fleste fagelementa og undervisningsopplegga
frå IBD i programfaget Etablererkunnskap og bedriftsutvikling,
inkludert dei særs gode og noko eksklusive ekskursjonane
knytt til universitetet i York (England), samt stadar som Madrid
og Brussel.
Lektor II - ordninga gav nye idear inn i skuleåret
2009-2010
Lektor II er eit prosjekt i regi Kunnskapsdepartementet som
HVS fekk høve til å vere med i hausten 2009. Dette
gav oss puffet til å utvikle nye idear og ressursar til
å gjennomføre dei!
Ideane hadde nok vore i lufta ei tid alleiere, så når
skuleåret 2009-2010 starta opp, hadde to faglærarar,
Torleiv Austnes og Terje Pettersen, planane klare for to delprosjekt
for Lektor II; - eit innan programfaget Teknologi og forskningslære
og eit innan programfaget Fysikk 1. Kvar for seg svært
interessante prosjekt, men bak ligg og ein tanke om fagleg progresjon
knytt til praktisk innsikt innan emnet båtdesign. Naturleg
for ein skule lokalisert midt i den maritime klynga på
Sunnmøre. TAF-elevane som i år fekk delta på
fysikkprosjektet, var i fjor gjennom ein variant av båtprosjektet
i Teknologi og forskningslære, medan ST-elevane har begge
faga inneverande år. Desse elevane har alle no ein auka
innsikt i kvardagslivet innan den maritime industrien, som vi
trur dei vil ha stor glede av i framtida.
(Sjå meir informasjon under "smakebitar" lengre
ned på denne sida).
Informative linkar:
Kunnskapsdepartementet: Nye
yrkesgrupper inn i skolen
Naturfagsenteret: Informasjon
om Lektor II - ordningen
Smakebitar frå artiklar
om samarbeidet finn du her:
Lektor II - prosjekt i Teknologi og forskningslære i full
drift
Mars 2010
Elevane våre med faget Teknologi og forskningslære
deltakarar i konkurransen Unge skipsdesignarar
ved Marinteknisk Senter ved NTNU i Trondheim
12.03.10. Før denne tar til, skal elevane få med
seg både NTNU-besøk og anna fagleg påfyll.
Faglærar Torleiv Austnes
har gjennomført prosjektet fleire gongar før,
men har i år utvida prosjektet for elevgruppa si.
Båtbyggjar-prosjektet er no kopla opp mot LEKTOR
II i regi Naturfagsenteret
Dette har ført til eit nærare samarbeid med
lokalt næringsliv også i dette prosjektet
ved HVS. Torleiv Austnes og elevane har samarbeid med
Geir Seth, STX Europe, frå planarbeid fram til praktisering.
Eit svært fagleg og gjevande samarbeid har med andre
ord pågått i lengre tid.
Tysdag 2. mars var det utprøving av båtane
i bassenget i Brattvåghallen, og Haramsnytt sin
utsendte fulgte opplegget.
Les
artikkelen ... |

Faglærar Torleiv Austnes og TAF-elev Mattias i
konsentrert monteringsarbeid. |
Lektor II - prosjekt Krefter
i vinsjar i fysikk (FY1)
April 2010
Framføring av
løysningsforslag!
Siste delprosjekt i Lektor II - Krefter i vinsjar
- er inne i den avsluttande fasen. Onsdag 21. april framførte
elevane i FY1 sine løysningar på oppdraget
dei fekk frå Rolls Royce Marine i Brattvåg.
I salen satt bedriftsrepresentantane Roar Engås,
Reidar Andre Skarbøvik og nn, samt Kenneth Ulla
frå Haram Innovasjonsstudio, avd.leiar Hilde K.
Aasgaarden og faglærar Terje Pettersen.
Det vart ei interessant økt, der elevane med synleg
grad av spenning og stort engasjement la fram resultata
sine og forklarte på framifrå vis korleis
dei kom fram til desse. At oppdraget var krevande, var
det ingen tvil om! Men elevane kom i mål, og det
med stil. Les
artikkel av Kenneth Ulla, Haram Innovasjonstudio...
|
Senthuran
er ein av elevane
som tar FY1 i år. Han og gruppa
var i full konsentrasjon om oppdraget
då fotografen var innom.
|
Bedriftsbesøk med praktisk
vri
Det er alltid kjekt å kome ut og sjå korleis
ting faktisk fungerer ute i bedriftene, i alle fall etter
å ha "slitt" seg gjennom tunge utrekningar.
I dette Lektro II-prosjektet i FY1fekk vi eit flott bedriftsbesøk
som avslutning, der elevane fekk innblikk i ting dei ikkje
hadde vore borte i før! Les
meir ... |

I klasserommet på Rolls Royce .. |
EB2-elevar i arbeid ved Vest-Noregs Brüsselkontor
Mars 2010
Elevane med programfaget EB2 har innlagt
ein utplasseringsperiode i programmet sitt for 2. termin.
Dei fleste elevane vert utplasserte i bedrifter lokalt
i Haram og Ålesund, men nokon får høve
til å få meir luft under vingane bokstaveleg
tala. Etter søknad vert 4 elevar plukka ut til
å representere skulen og får reise til Vest-Noregs
Brüsselkontor i Brüssel for å arbeide
der i 3 dagar.
Les meir ... |

Norway House
Vest-Noregs Brüsselkontor |
Spanande samarbeid
med Aker Yards AS, Brattvåg.
Våren
2006.
Elevar med studieretningsfaget 2IBD gjennomførte
i denne våren eit spanande prosjekt i samarbeid
med Aker Yards Brattvåg. Ønsket var å
gi elevane våre innsikt i kor internasjonalt, komplisert
og omfattande planleggingsarbeid som må til, for
å bygge eit skip.
Målet vart nådd. Les
meir ... |
|
Bedriftsbesøk Sparebanken Møre,
Ålesund.
09.06.06.
2IBD fekk ein forsmak på neste års pensum
då dei besøkte Sparebanken Møre i
Ålesund i juni i år.
Les
meir ... |
|
Eksterne forelesarar
- spreiar kunnskapen sin til elevar ved HVS.

Jan Petter Eide |
Det er viktig
å skape variasjon i undervisninga, og det er minst
like viktig å kunne skape variasjon i synsvinkel
når ein skal hjelpe elevar til å tilnærme
seg nytt stoff og skaffe seg innsikt i eit emne.
I slike samanhengar er det særs positivt for oss
som skule å kunne trekkje inn kapasitetar frå
nærmiljøet - personar som velvilleg stiller
opp for å bidra med sin kunnskap og som er posistive
i sitt møte med ungdommen. Dette verkar inspirerande,
både for elevar og lærarar.
Les
meir .. |

Trond Vågnes |

Arild Eiken |
"Nærvær over avstand"
– forskingsprosjekt i samarbeid med NTNU
Veke 11, 2005.

-Guttorm Ulla
- |
Haram Innovasjonsstudio
og Haram vidaregåande skule hadde besøk
av forskarar frå NTNU i samband med prosjektet
”Nærvær over avstand”.
- Dette er eit prosjekt som skal utvikle gode metodar
for læring og samarbeid, og som tar i bruk teknologi
for å gjere dette over avstand. Bedrifter i Haram
har og vist positiv interesse for prosjektet, fortel
Guttorm Ulla, leiar for Haram Innovasjonsstudio.
Les meir ...
|
- Besøk frå NTNU, Trondheim
15.04.04.
J.Røyrvik, G.Ulla,
J.M.Helland og K.Kristensen.
|
Midt i april kom to representantar frå
NTNU til HVS for å presentere "PHYSUAL
DESIGNING" for elevar og lærarar på
skulen. I tillegg var fleire representantar frå
bedrifter, kommune og fylket inviterte.
Det vart eit friskt innspel i utviklingsdebatten.
Les
meir... |
- Vellykka foredrag av Richard Lewis
02.12.03
- Richard Lewis - |
Desember 2003 hadde elevane på grk.
AF besøk av kapasiteten Richard Lewis, som har
spesialisert seg på interkulturell forretningsforståing.
Han heldt eit drivande foredrag for forsamlinga!
Les
meir om besøket ... |
Utvida læringsarena
Vi har og på ulike måtar hatt eit fagleg samarbeid
med bedriftene og offentlege kontor for å kunne kople
undervisninga nærare opp til samfunnet omkring oss. Tradisjonelt
har dette vore kortare bedriftbesøk, som vi og set stor
pris på å få gjennomføre i dag. Likevel,
mykje av det samarbeidet som pågår i dag er av meir
omfattande art, med opplegg som strekk seg over lengre tidsbolkar.
Dette har skapt nye og spennande læringssituasjonar for
elevane våre, og resultert i fleire Comenius-prosjekt
og utvekslingsprogram knytt til Leonardo-programmet. Heile vegen
har næringslivet og deira representantar vore gode og
viktige støttespelarar, som blant anna har bidratt med,
foredrag, omvisningar og utplasseringsplassar.
Les
meir om utviklingsarbeid ved HVS ...
Her er nokre døme på kontakten med næringslivet
i Haram:
Leonardo Da vinci-programmet, oppstart 2005
Prosjekt EuroShip I og II
- eit samarbeid mellom Haram vidaregåande skule
og Istituto Tecnico Industriale "Arturo Malignani"
om utveksling av lærlingar, der lokalt næringsliv
står sentralt i begge land.
Les
meir ... |

Verftet Fincantieri, Monfalcone
|
Besøk av SIU til Brattvåg
06.02.07.
I febr.-07 fikk Haram vgs., Rolls-Royce og Aker Yards
besøk av to representantar frå SIUi høve
Leonardo-prosjektet skulen og lokalt næringsliv
samarbeider om.
Dette vart eit besøk SIU-direktør Gunn Mangerud
og kollegaen hennar,Vidar Pedersen, opplevde som informativt
og interessant.
Les
om besøket på nettsida til SIU ... |

Besøk på Rolls-Royce, Brattvåg
Vidar Pedersen (gruppeleder for EU-programma ved SIU),
SIU-direktør Gunn Mangerud og Rune Hildre ved
Rolls-Royce.
Foto: Runo Isaksen |
VKI Elektro i prøver seg i arbeidslivet, hausten 2005.
Veke 47, 2005.
Elevane frå VKI Elektro-klassa har denne
veka vore ute å testa livet som kommande lærlingar
i det lokale næringslivet. Les
meir ... |
|
Kurs i varme arbeid, hausten 2005.
29.08.05.
Kurset var arrangert i regi Ressurssenteret ved HVS.
Instruktør denne dagen var Per Jostein Rønning,
frå Fiskerstrand Verft.
Les
meir ... |
|
Kurs innan elektro, våren 2005. 13.-14.04.05.
Beijer Electronics AS har igjen gjennomført eit
innførings-kurs i GX IEC Developer ved HVS.
Invitasjonen gikk ut til både
lokalt næringsliv og elevar og lærarar ved
GK- og VKI Elektro på HVS.
- Positivt!, seier elevane etter kurset.
Les
meir ..
|
|
Kurs innan elektro, våren 2004.
Beijer Electronics og
elektroavdelinga ved HVS har hatt eit positivt samarbeid
våren 2004. Resultatet er to kurs med god nytteverdi
for dei under utdanning så vel som dei meir erfarne
innan faget.
Les
meir ... |
|
Storyline - ein internasjonal opplæringsmetode
Haram vidaregåande skule var ein av to vidaregåande
skular i Møre og Romsdal som var med i det nasjonale
prosjektet kalla PILOT (Prosjekt; Innovasjon, Læring,
Organisering, Teknologi).
Dette prosjektet har medført at vi har tatt i bruk nye
måtar å lære på, og vi starta tidleg
som ein av få vidaregåande skulane i Noreg å
ta i bruk STORYLINE som læringsmetode.
STORYLINE var til då ein metode
som hadde vore nytta i mange land, men først og fremst
på grunnskule og høgskulenivå. Lite hadde
vore gjort på vidaregåande skule sitt nivå.
Vi valde derfor å prøve ut metoden, og har brukt
den både på grunnkurs og VKI allmennefag i alle
år sidan.
Ei gruppe lærarar frå skulen og næringslivsleiarar
(16 totalt), var og på studietur til Skottland hausten
2001 og fekk opplæring i metoden av Steve Bell, grunnleggjaren
av Storyline-metoden. Det er oppretta internasjonale arenaer
for å vidareutvikle denne metoden, og vi har vore inne
på denne arenaen. Noko vi er stolte av og hatt god nytte
av utviklingsmessig.
Les meir om:
- Kva er "storyline" ...
-
Storyline ved HVS ...
SITES M2, eit internasjonalt
forskingsprosjekt
Skulen, og vår måte å bruke storyline-metoden
på, var med i eit internasjonalt forskingsprosjekt (SITES
M2), der 4 vidaregåande skular i Noreg
vart plukka ut å vere med.
ITU hadde prosjektsvaret i Noreg, medan Standford Universitetet
i USA hardde hovudansvaret for prosjektet, der 28 land er med.
EUP og Torino (EUP = Europeisk Ungdomsparlament)
I den vidare PILOT-satsinga, var auka internasjonalisering eit
av hovudsatsingsområda i ei vidareføring av ein
utvida læringsarena. Elevane hadde gjennom PILOT blitt
nytta som ein ressurs, der elev lærer av elev, og der
elevane lærer opp andre grupper utanfor skulen. Inspirert
av mellom anna dette, søkte skulen om deltaking i EUP,
og våren 2002 fekk vi positivt svar.
I november
2002 reiste 5 elevar frå Haram vidaregåande
skule og 5 frå Melhus videregående skole til
Torino for å representere Noreg på den Europeiske
ungdomsparlament.
Kvar av skulane hadde med ein lærar som følgjer
elevane.
Les
meir om EUP og opphaldet i Torrino
|
|
Utanlandsturar
Skulen har opp gjennom historia hatt tradisjon for at elevar
på VKII-allmennefag har hatt ein utanlandstur i løpet
av året. Her kan nemnast turar til England, Tsjekkia,
Tyskland og Island. Desse turane har vore knytt opp mot ulike
fag, og elevane har lagt ned ein stor innsats i førbuingsarbeid
både med tanke på sjølve arrangeringa av
turen og den faglege innkjøringa før avreise.
Referat etc. frå slike turer vil bli lagte ut etterkvart
under "Faglege
turar", så vi tilrår å kike
innom der!
Lokale aviser
Etter at arbeidet med heimesida kom i gong for alvor, har vi
og hatt kontakt med lokal presse. Avisene i nærmiljøet,
Haramsnytt, Bygdebladet og Sunnmørsposten, har vore positive
når vi har tatt kontakt og ønska oss kopiar av
artiklar som omtalar skulen og aktiviteten her.
Eit samarbeid vi set pris på.
Hovudsida
|
|
|