Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her >> Skule + næringsliv > Motivasjonskurs for ingeniørutdanning

Skule + næringsliv

Motivasjonskurs for ingeniørutdanning

- eit samarbeidsprosjekt mellom det lokale næringslivet i Ulstein og Brattvåg, retta mot VG2-elevar med realfag.

Oppdatert 02.09.09.


Kursdeltakarane i 2008-2009
16 elever fra Haram og Ulstein videregående skoler vart inviterte til NCE Maritime og Høgskolen i Ålesund som en del av årets utgave av Motivasjonskurset til ingeniøryrker.

Les meir ...

Lokalt næringsliv ønskjer å satse på ungdom, og håper at fleire unge vel seg ei utdanning som kvalifiserar til ein jobb i bedrifter i nærmiljøet.

Blant fleire tiltak retta mot skuleungdom finn vi tilbodet om "Motivasjonskurs for ingeniørutdanning" for Vg2-elevar med fagkombinasjonen FY1-R1 (tidlegare 2FY og 2MX). Eit prosjekt som har pågått så lenge at det har hatt 10 års jubileum! Det kallar vi å ta ungdommen på alvor.


Målsetting
Kurset har som føremål å stimulere deltakarane til å interessere seg i ingeniøryrket og vurdere jobbmoglegheitane i lokalt næringsliv. Kurset har blitt arrangert hvert år siden 1998 av bedrifter i Ulstein og Haram, representert ved Rolls-Royce Marine, Ulsteinkonsernet og STX Europe (tidligere Aker Yards). Fra og med 2009 er NCE Maritime med som samarbeidspartner og støttespiller. The Smallpeice Thrust, ei stifting med hovudsete i Birmingham i England, er kjøpt inn som kursansvarleg på større deler av kurset.


Historikk

Haram vidaregåande skule har heilt frå oppstarten i 1998 fått tilbod om å gi kurset til eit utval av våre elevar. Saman med elevar frå Ulstein vidaregåande skule har dei fått gleda av å delta på dei to innhaldsrike kurssamlingane, som har blitt gjennomført årleg sidan 1998. Først får elevane 4 dagar i Noreg med bedriftsbesøk og prosjektarbeid, så kjem 10 dagar i England knytt til vinterferieveka, der elevane har base ved The Smallpeice Trust i Stratford og fortsett prosjektopplæringa.

Til saman er det 16 elevar per år som får vere med. Desse elevane får gjennom ulike øvingar innsyn i teambygging, prosjekt som arbeidsmetode og presentasjonteknikkar. Dei ulike prosjektarbeida er praktisk retta og set fokus på kreativitet. I tillegg er det lagt inn bedriftsbesøk og skulebesøk på høgskule/universitetsnivå, og sosialt samvære utover kveldane, både her i Noreg og i England. Heile kurset vert halde av ein representant frå The Smallpeice Thrust. Dermed vil all kommunikasjon vere på engelsk - noko elevane opplever som spesielt motiverande!

Erfaringane frå tidlegare kurs er udelt positive. Både elevane og reiseleiarane deira gir gode tilbakemeldingar, både på sjølve kursopplegget og dei kulturelle innslaga som er fletta inn. Vi ser på dette som eit godt tilbod til interesserte elevar, og er takknemlege for at lokalt næringsliv gir elevane dette uforpliktande kurset.

Her finn du referat og bilete frå tidlegare kurs

2009/2010

Realfagselevar på motivasjonskurs!


Inspirasjon:
Maria Ringstad og Eirik Æsøy var deltakarar på det maritime inspirasjonskurset som
hadde ein dag ved Høgskulen i Ålesund innbakt. Dei som freista dei unge med eit sikkert yrke
innan ingeniørfaget i maritim næring var Trond Berg (th) frå Ulstein Group
og 1. amanuensis Karl Henning Halse frå HiÅ.
(Tekst og foto: Lars Olausen)


Motivasjonskurset er i gong igjen,
med nye ivrige deltakarar og flotte opplegg.

Mån.16. - tors.19.11.2009.

"Med ei næring på Sunnmøre som involverer heile 20 000 tilsette i maritim sektor, er jakten på dei beste realfagshodene intens. Difor var 16 elevar frå realfagslinja ved Haram vgs. og Ulstein vgs. inviterte til inspirasjonskurs ved Høgskulen i Ålesund.", skriv journalist Lars Olausen i "Nytt i Uka". Og det var fire spennande dagar dei 16 elevane vart loste gjennom!

Les heile artikkelen ...


Veke 7, 2010

I veka før vinterferien var heile gjengen til England og gjennomførte eit flott 5-dagars opplegg der. Med seg hadde dei 3 bedriftrepresentantar og lektor Sindre Vik ved HVS.
Kurset fekk igjen særs gode tilbakemeldingar!
Les kva Marhe, elev ved Ulstein vgs., har skrive om opphaldet i England her!




HVS

ut i verda



 

2008/2009

Motivasjonskurs 2008/09 - til inspirasjon!
  Veke 47, 2008.

Kva har den maritime klynga på Sunnmøre å by på?
Kurset starta opp med 4 intensive dagar i Ulstein-Ålesund-Haram-regionen.
- Vellukka gjennomføring av fyrste del av "Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2008/09". Ja, annaleis kan ein ikkje tolke deg nøgde smila til dei 8 utvalde elevane våre, når dei dukka opp igjen på skulen etter 4 dagar på kurs.

Les artikkel frå Haramsnytt:
Motivasjonskurs i den maritime næringa
(pdf-fil)

Motivasjonskurset er eit årelangt klyngesamarbeid mellom STX Europe, Rolls Royce Marine og Ulsteinkonsernet. Denne maritime klynga håper kurset skal motivere dei unge til å velje ei teknisk utdanning. Og sjølvsagt håper ein også at elevane skal ta utdanninga si og seinare kome attende til regionen her.

Les meir hos NCE Maritime ...

Les og artikkel frå Haramsnytt:
Klyngesamarbeid på Sunnmøre
(pdf-fil)

Utfordringar gjev
motivasjon
!

Foto: Jan Ove Hurlen

Realistane hadde interessante dagar i England ...
Veke 9, 2009.
Denne veka er det vinterferie for skuleelevane i Møre og Romsdal.
For dei fleste betyr dette skigåing eller lange rolege dagar i regnveret, men for nokre av elevane ved Haram vidaregåande skule vert vinterferien brukt til noko heilt anna – dei er på tur til England for å lære meir om ingeniørfaget.
Les meir ...

Motivasjonskursdeltakarane
samla utanfor Warwick Castle


 

2007/2008

Fyrste del av Motivasjonskurset er no gjennomført.
Veke 46, 2007.

Frir til framtida sine ingeniørar
Sunnmørsposten 16.11.07.
Slik sto det å lese i Sunnmørsposten 16. november, etter at Sunnmørsposten sin utsendte journalist Synnøve Åsebø hadde tatt pulsen på Motivasjonskurset.
Les artikkelen som sto i avisa...
(pdf-fil)


Foto:Nils Harald Ånstad
Bygdebladet skreiv og om kurset... (pdf-fil)

Realfags-jenter vil ta innersvingen på gutane
Haramsnytt 16.11.07.
Haramsnytt hadde ein annan vri på sitt oppslag når dei skreiv om kurset.
Tekst og foto ved journalist Willy Haram, Haramsnytt.
Les artikkelen deira... (pdf-fil)

Strålende avslutning på Motivasjonskurs 2008.
Publisert 22.02.08.
Det er fantastiske tilbakemeldingar etter at siste del av motivasjonskurset er gjennomført.
På evalueringen Small Peicetrust gjennomførte siste dagen, svarte 100% av kursdeltakarane "Excellent" på totalinntrykket av kurset!
Dette set bedriftene bak prosjektet pris på.

Les Ulstein-elevane sin rapport heim i vinterferien ...
Våre elevar skreiv og heim. Les rapporten deira ...
Vestlandsnytt 22.02.08.
(pdf-format)




Konsentrerte i prosjektarbeid

 

2006/2007


REUNION motivasjonskurs 2006
Alle elevane som gjennomførte Motivasjonskurs for ingeniørutdanning i 2005/2006 var inviterte til REUNION onsdag 28.02.07. Dei skulle få følgje eit opplegg ved Høgskulen i Ålesund frå kl 12:00 – 18:00 der sosialt samvær og middag var inkludert.

Høskulen i Ålesund
Dei meldte tilbake om ein lærerik og fin dag ved høgskulen.
Nokre bilete frå turen finn du her ...

Intense dagar for motiverte realistar
Veke 46
- 2006
Torsdag 14. november - tidleg opp, og eit visst spenningsnivå i kroppen. Det var startstatus denne dagen.
Vi frå HVS kom oss fram til Ulsteinvik via buss, hurtigbåt frå Ålesund til Hareid og ny buss over til Ulsteinvik. Vi vart godt mottekne, fikk helse på arrangørane, våre nye samarbeidspartnarar og kursleiaren Thomas Elton. Og så var vi i full gong ...

Prosjektaktivitet, HVS.
Les meir om kva vi opplevde ...

Ei flott veke i England!
Veke 8 - 2007

Motivasjonskurset 06/07 er tilbakelagt, men ikkje gløymd.
Det vil det vel heller ikkje bli, for samtlege som har vore med, har samla seg opp mange, mange gode erfaringar og minner dei vil bere med seg, og bruke, vidare i livet.
Kullet som fikk gleda å vere med i år er inga unnatak ...
Her kjem bilete og korte kommentarar frå ein sprudlande gjeng som takkar for at dei fikk høve til å oppleve dette.
Les meir ...
Nokre ekstra bilete frå turen finn du her ... (Bileta er ikkje teksta)

Elevane frå Ulstein vidaregåande skule treivst og!
To av dei, Oda og Kristine, har skrive dagbok frå opphaldet i Leamington Spa, der organisasjonen "The Smallpeice Trust" held til.
Les litt frå dagboka deira ...

 

2005/2006
Aller først må eit kurset presenterast for dei aktuelle elevane, dvs. elevar med studieretningsfaga 2MX kombinert med 2FY. Dette skjedde i auditoret på HVS.

Tidlegare deltakarar på "Motivasjons-kurs for ingeniørutdanning" rådde medelevane sine til å nytte den unike sjansen, då dei fortalde litt om kurset.
M for Motivasjon
05.11.05.
Haram kommune treng kompetanse, og bedriftene Aker Brattvaag og Rolls-Royce Marine tek dette på alvor. For åttande året på rad sender dei elevar ved Haram vidaregåande skule til England, slik at dei kan få ein smak på utfordringane innan ingeniøryrket.

Men først må elevane søkje ...

Motivasjonskurset, del 1, 2005.
.08.-11.11.05.

Så er dei i gong igjen! Ei ny gruppe på 16 elevar, har nettopp gjennomført del 1 av kurset. Dei har vore gjennom to interessante dagar i Ulsteinvik, og deretter to i Brattvåg. På vegen hit var dei innom høgskulen i Ålesund.
Det er framleis stiftinga Smallpeice Trust i Stratford som er ansvarlege for kursinnhaldet, og kurshaldar i år er Thomas Elton.

"Kjempekjekt", strålte elevane, før dei i samla flokk forlot HVS fredag ettermiddag.

Her er ei elevgruppe i full gong med testing under eit av prosjekta
- så spørs det om dei klarte å finne ei høveleg løysing på utfordringa dei vart gitt? "Vi vart vinnarane", jubla dei ikkje så lenge etter. Gratulerer!

Ingeniørar i sikte

10.11.05.
Nei, det er ikkje snakk om noko nytt realityshow, men eit forrykande motivasjonskurs. I desse dagar deltek åtte elevar frå Haram vidaregåande på kurs, i regi av Aker Brattvaag og Rolls-Royce. Opplevelsane står i kø, og det siste på tapetet var «Offshore Simulator Centre» ved Høgskulen i Ålesund.

Les om besøket på Høgskulen i Ålesund ...

Tekst og bilete frå
Haramsnytt,
ved Tina Mari Flem

Elevane ved Ulstein vidaregåande skule var like entusiastiske.
Les korleis Line Cathrin oppsummerte det etter dette kurset;
- Eit kurs for livet

 

2004/2005
- Aktive dagar i England våren 2005
Dei åtte elevane våre melder om ei artig og interessant veke i England.

Les om del 1: Ulsteinvik - Brattvåg

Les meir om del 2: Stratford i England

2003/2004
Kurset følgde same program i år som tidlegare, men med ny kurshaldar. Den første delen i Ulstein-Brattvåg skapte like stor entusiasme som alltid. Men Englandsturen er likevel det store høgdepunktet.
Les meir ...

2002/2003

Referat frå kurset hausten 2002
Referat frå del2 i England våren 2003
Nokre ekstra bilete frå Englandsturen får du her ...

2001/2002

Referat frå Englands-turen 2002

Linkar:

http://www.smallpeicetrust.org.uk/


Hovudsida