| |
STORYLINE
- i samarbeid med lokalt næringsliv
April 2004
Skuleåret 2000/2001 har elevar ved grunnkurs
allmennefag arbeidd med eit opplegg i Storyline, der
næringslivet og nærområdet har fungert
som utvida læringsarena. Undervisningsopplegget
var laga med utgangspunkt i faget Økonomi og
informasjons-behandling (ØkI).
Storyline I
Elevane laga sin eigen familie eller enkeltpersonar,
som deretter fekk ulike utfordringar ut frå
dagleglivet. Eksempel på dette kunne vere at
hovudpersonen eller ein familiemedlem mista jobben,
måtte skaffe seg ny jobb, blei sjuk eller varig
skada. I dei tilfella der elevane hadde valt roller
som framstilte personar i ein negativ sosial situasjon,
la vi inn element som gav storyen ein positiv utgang.
Tema for dei ulike delane av storyen var forankra
i læreplanane i faga norsk og økonomi
og informasjonsbehandling. IKT var eit gjennomgåande
verkty.
I tillegg til bedriftene brukte vi også banker
og offentlege kontorer (arbeidskontor, trygdekontor
og kommunale tilsette) som ressurser. Desse gav tilbakemelding
om at dette ikkje gav dei spesielt ekstraarbeid. Dei
tok imot dei fiktive personane som ordinære
kundar/klientar. Nokre av dei fiktive personane blei
rett nok definert som krevjande kundar/klientar.
Storyline II
Etter at elevane hadde fått den grunnlærande
opplæringa både i Storyline metoden og
i IKT, fekk dei prøve seg som konsulentbyrå
og rådgjevarar i bedriftene. Dette opplegget
var svært fagleg krevjande, men dei fleste gruppene
kom i frå oppdraga på ein mesterleg måte.
Sluttvurdering - eksamen
Ein del elevar blei og trekt ut til alternativ eksamen,
der eksamensforma var lagt nært opp til arbeidsmåtane
gjennom året. Elevane leverte etter 54 timar
inn eit skriftleg arbeid, som dei seinare forsvarte
i plenum. I tillegg blei det lagt opp til ein gruppesamtale,
der elevane blei vurdert individuelt.
Hovudkonklusjonen frå dei som var involverte
i eksamens-forsøket, var at dette var vellukka.
JMH 4/02
NÆROMRÅDE/NÆRINGSLIV
SOM UTVIDA LÆRINGSAREN
"Storyline" er ein opplæringsmetode
der lærings-prosessen vert sett inn i ein realistisk
samanheng. (Renell 1989)
Dette er ein viktig del av metoden. Forteljinga skal
sørgje for at kunnskapar og dugleik blir sette
inn i ein samanheng som elevane opplever som meiningsfull.
Den har som mål at elevane skal lære gjennom
ei forteljing. Elevane kan då få ein meir
motiverande måte å lære på,
som kan gje større innsikt og utfordringar
enn det tradisjonell undervisning ville gje. "Storyline"
er ein metode som er nytta ein del både i grunnskulen
og på høgskulenivå. Det er ikkje
kjent at denne metoden er nytta i vidaregåande
skule.
Slik vart Storyline I gjennomført
(2001/2002)
Elevgruppa er på 45 elevar dette året
- 2 klassar på grunnkurs allmenne fag var med.
Vi vil dele desse inn i grupper på primært
3 - 4 elevar, dvs.12 - 15 grupper totalt.
Gjennom "storyen" får elevane/gruppene
tildelt roller som arbeidssøkjarar med ei gitt
utdanning, kundar i bank, forsikring, likningskontor,
arbeidskontor eller som kundar på ulikt vis
hos Haram kommune. Vi ser for oss at elevane vil vere
ute og gjere feltarbeidet i nokre timar i veke 45
og 46 (6. - 17. november). Vi ønskjer kontaktpersonar
med Internett-adresser til dei ulike bedrifter og
offentlege kontor som vi etterkvart vil ta nærare
kontakt med. Kva for bedrifter eller offentlege kontor
vi kjem til å kontakte, kjem mykje an på
gangen i dei ulike "storyane". Før,
i og etter feltarbeidet er det ønskjeleg at
mykje av kommunikasjonen foregår på nettet.
Det er viktig at elevane som kjem, blir mottekne i den
rolla dei har fått tildelt, som kunde, arbeidssøkjar,
eller ein som blir omplassert, permittert eller sagt
opp. Når det er snakk om løn eller liknande
forhold som bedriftene ikkje ønskjer å
gå ut med, er det heilt greitt å bruke bransjetal,
eventuelt legge inn moment i "storyen", der
ein finn dette nødvendig (NB! Dersom det blir
lagt inn dramatiske moment i ein "story",
bør dette avklarast med faglærarane først.
Då dette kan punktere resten av løpet).
Gjennom "storyen " får elevane seg så
arbeid. Dei får rekne på løna og
skatten sin, eller dei opplever å få mindre
inntekt i kortare eller lengre periodar enn kva dei
har ekna med. Dette gjer at dei må justere forbruket
etter inntektene sine, kanskje og måtte ta turen
innom både arbeidskontor og bank.
Vi trur elevane vil få eit større læringsutbytte,
når teori og praksis vert kopla saman på
denne måten. Alternativet ville vere ein teoretisk
gjennomgang av stoffet. Metoden vil og gi godt høve
til å differensiere. Gjennom innspela i "storyen"
kan ein justere dei faglege utfordringane. Vi vil
og legge stor vekt på at elevane skal produsere
noko sjølve, gjerne gjennom presentasjonar
som dei kan leggje fram for andre, og på den
måten lære av kvarandre sine erfaringar.
Så planla vi Storyline II
I 2. termin ser vi for oss eit liknande opplegg, men
ser det som ønskjeleg at andre fag og vert trekte
inn. Tema i faget økonomi og informasjonsbehandling
er då bedrift, samfunn og internasjonalisering.
Vi ser då for oss at vi får til eit tverrfagleg
samarbeid, der både fag som engelsk, naturfag,
norsk, matematikk og eventuelt tysk og fransk kan koplast
inn. Feltarbeidet vil då primært bli lagt
til 2 veker i perioden mars/april.
Vi håper at di bedrift eller ditt offentlege kontor
er villig til å ta imot oss som "kundar"
eller "tilsett". Prosjektet inngår i
eit internasjonalt forskingsprosjekt (SITES M2 jfr.
vedlegg) som vert leia av Stanford Universitet i USA,
der den norske delen er finansiert av KUF. Forskarteamet
som følgjer dei ulike opplegga, er frå
Universitetet i Oslo.
JMH
Hovudsida |
|