Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Arkiv
Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (frå H-06)






Viktige linkar:

>
> fronter

>> Prøveplan
Aktivitetskalender


”Straumsterk og krutsterk yrkesmesse på HVS”

Torsdag 04.02.10.

Slik presenterte Haramsnytt Yrkesmesse 2010 dagen etter gjennomføringa, og det var rett - her var det ingen mangel på energi!

Både HVS-elevane og dei 165 besøkande 10.klassingane gjennomførte den innhaldsrike dagen på ein framifrå måte. HVS-elevane som seriøse aktivitørar og ungdomskuleelevane som svært engasjerte og motiverte gjestar.

Les meir ...

Ny blogg frå HVS si medielinje

01.02.10

Dette er ein blogg som blir drive, og jamnt oppdatert, av medieelevane ved HVS og lærarane deira. Bloggen blei starta no i februar 2010, for å skape ein arena kor elevane kan få vise fram og fortelje om korleis det er å vere elev ved dette utdanningsprogrammet her på HVS. Målet er at bloggen og skal nyttast slik at nye elevar kan få vite meir om oss, og få meir kunnskap om kva medieprogramfaga går ut på.

Velkomen innom bloggen vår på www.hvsmedia.blogspot.com

Med helsing

Snart tid for å søkje vidaregåande opplæring ...

Publisert 06.01.10.

Skuletilboda for 2010/11 ligg no ute på vigo.no, og heftet med tilboda kom ut til skulane ved nyttår. Dette får du hos rådgjevar, eller du kan hente heftet via nettet (i pdf-format) på nettsida til Møre og Romdal fylke.


vigo.no (der de skal søkje), og på Vilbli.no (klikk på Møre og Romsdal på kartet) - vil tilboda vere oppdaterte, uavhengig av kva som står i tilbodsheftet.

Vilbli.no finn de oppdatert informasjon om søkinga og tilboda. Hugs å ta vare på MinId-informasjonen som vert sendt ut frå Skatteetaten i januar - det er den som nyttast ved innsøking.
SØK NO:

Her legg du inn søknaden din for neste skuleår i vidaregåande opplæring!



Her finn du all informasjon du treng om tilbodet innan vidaregåande opplæring i Noreg.

Besøk hos NRK Møre og Romsdal

Publisert 06.01.10.

18. desember var elevane og lærarar ved 1MK på besøk hos NRK i Ålesund. Besøket var ein del av eit nyheitsprosjekt som gjekk ut på å lage ei nyheitsending frå HVS. Til å hjelpe oss med dette hadde vi fått med oss Heidi Klokk, som gjorde heile prosjektet til ein flott oppleving for elevgruppa.

Les meir ...

1MK i NRK-studio

Privatist våren 2010 ?
Publisert 06.01.10.
PrivatistWeb.no er opna for oppmelding f.o.m. 01.01.2010, og vil vere open t.o.m. 31.01.2010. Fristane er absolutte!

PrivatistWeb.no er nettstaden for deg som vil melde deg opp som privatist. Her finn du informasjon om det meste du måtte lure på; - generell informasjon, rettleiing, diverse lenker og sjølvsagt den nettbaserte søknad til eksamen. Lukke til!



STENGT !

Varsling - ny timeplan frå 18. januar!

Publisert 04.01.10.

Etter at HVS gjekk over til ny timeplan ved oppstarten av skuleåret 2009/2010, har det kome inn signal både frå elevar og lærarar om at denne endringa ikkje berre har vore positiv for elevane. I løpet av hausten har ein difor hatt timeplan oppe til diskusjon i ulike fora, og det vart gjennomført ei avstemming om kva for timeplanløysing som var å foretrekke.

Elevane har i denne prosessen vore svært klare på at dei ønskjer ei endring, og i Skuleutvalet tysdag 15. desember 2009, gjekk eit samla Skuleutval inn for å følgje elevane sitt ønskje. Argumentet er at ein trur den alternative modellen vil gje meir læring.

Det vert difor lagt ut ny timeplan frå og med måndag 18. januar 2010 (2.termin).
Denne vil bli vurdert på nytt i april for å finne ut om omlegginga har fungert som ønska, og for å gje eit vurderingsgrunnlag for neste skuleår. Dette til orientering.



Godt nytt år!

Da er vi alle i gong igjen, etter ein vel fortent juleferie. Skulen starta opp med ordinær timeplan måndag 4. januar.

Fredag 15. januar avsluttar vi 1.termin, og utskrift med karakterar i alle fag per elev vert utlevert i veke 4.

Informasjon om siste skuleveka før jul


Publisert 02.12.09.

Fram til og med fredag 18.desember følgjer vi ordinær timeplan, berre avbrote at diverse heildagsprøver etter eigen plan.

Måndag 21. desember - Aktivitetsdag
Kl.0805 Oppmøte i basisgruppene med kontaktlærar
Kl.0815 Frisbee-turneringa startar (sjå kampoppsett)
Kl.1300 Vi avsluttar dagen etter finalekampen ...

Tysdag 22.desember - Juleavslutning
Kl.0900 Skulegudsteneste i Brattvåg kyrkje
Kl.1030 Juleavslutningsfest i kantina, HVS

Snøen har kome, og avslører kanskje små fotefar ...

1. desember 2009

No er det i alle fall 1. desember!
Og då er det tid for NISSEFEST i løa ha's Peder, her i Brattvåg. Elevane på Vg2 HSBUA og Vg1 HS er klare, og vi veit at det er mange små barnehageborn som har begynt å glede seg...

Stopp opp litt no i adventstida medan du er ute, lytt litt og kik deg godt om. Kanskje høyrer du tasling i snø - eit lite dump når snøen fell ned frå ei tynn, lita grein. For det var det det var?

Kven veit ...



Velkomen
til Nissefest !

Adventstid - ei tid for førebuing, hygge og ro ...


God Advent!

Sjølve ordet advent kjem av latinsk adventus, som betyr 'kome', og perioden markerer kirkeåret sin oppstart. Advent omfattar dei fire vekene før jul i både i den lutherske og den romersk-katolske kyrkje, og er sett på som ei førebuingstid.

I mange land, inkl. Noreg, markerer befolkninga adventstida med adventskalendarar, og kalla julekalendarar, og advent-staker med fire adventslys. Dette er ein skikk som utviklet seg på 1800- og 1900-tallet, og som vi set stor pris på.

(Kjelde: Store norske leksikon)



Realfagselevar på motivasjonskurs!

Publisert 30.11.09.


Inspirasjon:
Maria Ringstad og Eirik Æsøy var deltakarar på det maritime inspirasjonskurset som
hadde ein dag ved Høgskulen i Ålesund innbakt. Dei som freista dei unge med eit sikkert yrke
innan ingeniørfaget i maritim næring var Trond Berg (th) frå Ulstein Group
og 1. amanuensis Karl Henning Halse frå HiÅ.
(Tekst og foto: Lars Olausen)

Mån.16. - tors.19.11.2009.


Motivasjonskurset er i gong igjen, med nye ivrige deltakarar.
"Med ei næring på Sunnmøre som involverer heile 20 000 tilsette i maritim sektor, er jakten på dei beste realfagshodene intens. Difor var 16 elevar frå realfagslinja ved Haram vgs. og Ulstein vgs. inviterte til inspirasjonskurs ved Høgskulen i Ålesund.", skriv journalist Lars Olausen i "Nytt i Uka". Og det var fire spennande dagar dei 16 elevane vart loste gjennom!

Les heile artikkelen ...
Les meir om Motivasjonskurs for ingeniørutdanning ...



MVGS 2009
19.11.09.

Meisterskapen i volleyball for VGS vart arrangert i Fagerli-hallen torsdag 19. november. Haram vgs. stilte med eit gutelag i år. - Innsatsen var god, men i år hadde vi ikkje marginane på vår side, smilte kroppsøvingslærar Ravnestad. - Men det er artig å vere med.

9. klassingar i Haram og Sandøy
- velkomen til Haram vidaregåande skule!

Publisert 03.11.09.


No i veke 45 og 46 kjem ungdomsskuleelevar frå Haram og Sandøy på besøk til HVS i høve det nye faget i ungdomsskulen, kalla Utdanningsval.

I to skuledagar skal ungdomsskuleelevane få følgje eit opplegg fullt av ulike aktivitetar innan det utdannings-programmet dei sjølve har valt. Våre elevar på vg2-nivå står for gjennomføringa. Her er det lagt opp til full aktivitet. Vi ynskjer alle 9.klassingane velkomne, og håper dei får nokre inspirerande og lærerike dagar!


Foto: 3MK,07/08

Glimt frå skulebesøka

Oppdatert 27.11.09.
Så er det unnagjort, Utdanningsval 2009.
Vi håper alle hadde nokon trivelege dagar hos oss, uansett kva for utdanningsprogram som vart prøvd ut.
Tilbakemeldingane frå våre elevar, var at dei besøkande var kjekke å ha innom klasserommet, dei var både interesserte, arbeidssame og flinke! Ingen dårleg tilbakemelding å få med seg, det.

Det vart knipsa eit og anna bilete dei dagane ungdomsskuleelevane var hos oss. I denne biletkavalkaden vert det høve til å få eit innblikk i kva som vart presentert på dei ulike fagromma, og kanskje sjå seg sjølv i aksjon?

Sjå, og les meir ...


Velkomen igjen,
som elev ved HVS!

"Hvor hender det?" - følgjer og opp OD 2009

Publisert 29.10.09.

I dag vert Internasjonal dag gjennomført på HVS.
Elevane i OD-komiteen på skulen har lagt opp eit innhaldsrikt program for dagen, med foredrag, film og illustrerande opplevingsleikar for elevane. På den måten ynskjer dei å skape engasjement og innsikt i problematikken knytt til årets OD-prosjekt. I morgen, fre.30.10., skal elevgruppa ut og gjere sitt dagsverk i solidaritet med ungdom som ikkje har same gode utgangspunkt som dei sjølve. Vi ynskjer dei to gode og lærerike dagar!


Sjå bilete og les meir om ID ved HVS ...

Vil du vite meir om OD, så har nettstaden "Hvor hender det?" artiklar om OD. I tillegg informerer OD sentralt om prosjektet på nettstaden sin www.od.no

Funksjonshemmet, men ikke ubrukelig

- Marthe Nøklebye Dehli -

I det sørlige Afrika får ni av ti funksjonshemmete aldri gå på skole. Operasjon Dagsverk 2009 har som mål å hjelpe unge funksjonshemmete til å få utdanning - og dermed kunne ta kontroll over eget liv og framtid.

Det finnes internasjonale konvensjoner (avtaler) som slår fast at funksjonshemmete har samme rettigheter som alle andre. Hver dag skjer det likevel alvorlige overgrep mot denne gruppen mennesker. De blir tråkket på, tiet i hjel, gjemt bort og skjult fra omverdenen. Verken skoler,studiesteder, arbeidsplasser eller det offentlige rom er godt nok tilrettelagt for mennesker med nedsatt funksjonsevne. Av alle verdens barn og unge regner FN med at 77 millioner ikke går på skole; mange av dem får aldri muligheten fordi de er funksjonshemmet.

Les meir ...



Ubrukeleg?




Foto: OD

1TP får nye utfordringar i klasserommet

Publisert 15.10.09.


Livet som Vg1 TIP-elev er spanande og utfordrande, for i skulekvardagen skal elevane lærast opp til å kunne forholde seg til ulike typer materiale, kjenne til eigenskapar og bruksområde for desse, og dermed vere i stand til å velje rette arbeidsmetodar og verkty for å nå fram til eit godkjent produkt. Oftast gjer dei jobben på verkstaden, men ikkje alltid er utgangs-materialet eit metall ...

Kajakk-prosjektet er nytt av året. Eit prosjekt som alle elevar i Vg1 TIP skal vere innom i løpet av skuleåret. Dette prosjektet utvidar elevane sine evner til problemløysing, og gir verdifull erfaring med ulike materiale.

Les meir og sjå fleire bilete ...



Trearbeid for 1TIP

- kreativt og utfordrande -

Det nærmar seg OD 2009 - Vi støtter opp!

Publisert 15.10.09.

OD 2009 går til utdanning til ungdom med nedsett funksjonsevne i Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Uganda. Årets samarbeidsorganisasjon er Atlas-Alliansen.

Ubrukeleg?
- Når du er funksjonshemma ser folk på deg som ei tom bøtte. Ein ubrukeleg ting. Dei venter at du tigger, seier Dickson fra Malawi som mista foten i ei bilulykke.



Torsdag 29. oktober vert det gjennomført informasjonsdag for årets OD-prosjekt på HVS,
og fredag 30. oktober er elevane i arbeid til inntekt for prosjektet. Ta godt i mot dei!

Klart for "Motivasjonskurs 2009 - 2010"


Publisert 24.09.09.


Lokalt næringsliv ynskjer å satse på ungdom. Vi håper at fleire unge skal velje ei utdanning som kvalifiserer til ein jobb i det lokale næringsliv.

Kan du tenkje deg å vurder ei teknisk utdanning?

Dei tre internasjonale selskapa Rolls-Royce, STX Europe, Ulstein Group og Norwegian Centre of Expertise-Maritime står no saman om å tilby eit utval vg2-elevar frå Ulstein og Haram eit motivasjonskurs, der ungdommane får innsyn i lokalt næringsliv og i kva utfordringar dei kan få dersom dei vel å verte ingeniør.

Vil du vite meir, finn du informasjonsfoldaren på skulebiblioteket og på hovudkontoret. Utfyllande søknad må vere sendt skulen innan 16. oktober 2009!

Kva har elevar opplevd tidlegare under dette spennande kurset? Sjå her!

Dramatisk start på York-tur ...

Publisert 29.09.09.


Litt meir spanande start enn venta, og ønska, men no veit "heile" Noreg at vi har hatt elevar på ekskursjon til England etter at VG NETT hadde saka:

Skoleelever på busstur angrepet av steinkastere:

Camilla (18): - Det hørtes ut som skudd
Buss med norske ungdommer pepret med stein i England.

(VG Nett) Under turen gjennom engelske Nottingham smalt det plutselig stein gjennom rutene i minibussen Camilla Løken (18) og klassekameratene satt i.
- Det hørtes ut som skudd. Jeg ble kjemperedd, sier Løken.

Les artikkel på VG NETT ...

Kjelde: VG NETT
Av Ingrid Hvidsten og Dennis Ravndal

Men vi kan forsikre at det gikk bra. Fram til York kom dei ut på kvelden, om enn nokre timar forseinka... Resten av opphaldet gjekk roleg for seg - om roleg er rette ordet for eit relativt tett undervisningsprogram gjennom ei heil veke.
Meir om turen kjem.

"Hvor hender det?" - viktig nettstad for alle

Publisert 24.09.09.

Nettstaden "Hvor hender det?" er ei gratis teneste som blir drive av Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI). Denne nettstaden inneheld interessante artikkelseriar, nettmøte, bloggar og diverse quiz, og tilbyr dermed ei rekke tilbod til elevar, lærarar, studentar og andre som er interesserte i internasjonale spørsmål. Til høgre ser du døme på eit av spørsmåla som blir sett i fokus på denne nettstaden.

- Bruk denne nettstaden flittig, og hald deg informert! Dette er den samstemde meldinga frå faglærarar i mange fag. Nettstaden er og til fagleg hjelp når det nærmar seg eksamenstid ...

Sjekk nettsiden: http://hvorhenderdet.nupi.no/

Foto: FN

Har kvinnelege soldatar ein annan tilnærming til bruk av våpen enn mannlege?

Les meir ...

HVS gjer klar til årets første studieturar

Til York med språk og kultur i fokus!


Veke 40, 2009.


Det nærmar seg den årlege York-turen for elevar med programfaget EB2 på Vg2 Studieførebuande utdanningsprogram. Studieturen er gjennomført i samarbeidet med universitetet i York, og vart gjennomført første gong hausten 2005. Opplegget har fungert godt for elevane våre, og vi er stolte av å kunne tilby eit så spenstig undervisningsopplegg også i år.

Føremålet med turen er å lære elevane meir om engelsk språk, kultur og historie. Få stader er det meir naturleg for nordmenn å starte i enn i York, sidan denne byen var eit viktig senter for skandinavar i vikingetid.
Vi ynskjer dei reiseklare god tur!

- University of York -


Les om tidlegare turar:
York 2005
York 2006
York 2007

Turen var og gjennomført i 2008.


Udine (Italia) - eit nytt Comenius-prosjekt ved HVS

Veke 40 - 41, 2009.

Kommande helg reiser 20 elevar og 3 lærarar frå HVS til Italia for å lære meir om italiensk språk og kultur, og samstundes få eit innblikk i det italienske skulesystemet.

I sju år har HVS og ITI Malignani i Udine hatt utveksling av elevar/lærlingar, og samarbeidet er no utvida med dette nye Comenius-prosjektet der Vg2-elevar frå både studiespesialisering, påbygging og medium- og kommunikasjon får høve til å delta.
Vi gler oss til fortsettinga!

Les meir i artikkel frå Haramsnytt 22.09.09.


- Italia -

HVS-elevar får opplæring i italiensk språk og kultur


Hausten 2009

I høve utvekslingsprogramma HVS har med vår italienske samabeidspartnar ITI Malignani i Udine, gjennomfører skulen innførande kurs om italiensk språk og kultur. Elevane som skal ut å reise, treng å vite litt om kva som møter dei under opphaldet i Italia, og vere budd når dei kjem dit. Å kunne helse høfleg, og forstå enkle ord og uttrykk i dagleglivet, er viktig for å få eit vellukka opphald.

I år har vi vore så heldige å få nytte italienske Marco Cristoforo Camporeale, som arbeider ved Rolls Royce i Brattvåg, som kyndig rettleiar og opplæringsansvarleg. Han gjennomfører eit større opplegg (sept.- des.) for 3TAF-elevane, som skal vere i arbeid i Italia 14 dager seinare i vinter. I oppstartsdelen har og elevane som skal delta på det nye Comenius-prosjektet vårt, vore med.

Marco Cristoforo Camporeale
- Lærerikt, krevjande og kjempespennande! smiler dei som har vore så heldige å få delta. 3TAF-elevane skal fortsetje med nye språklege utfordringar på italiensk, medan dei andre no ser fram til å oppleve det italienske liv på rett i veke 40.


Utfordringar i Prosjekt til fordjuping for 3MK

Publisert 22.09.09.


Utdanningsprogrammet Medium og kommunikasjon byr på spanande utfordringar for elevane som går der. Meir enn kanskje dei fleste veit. Eit av faga som gjev elevane stort spillerom og fine utfordringar, er faget Prosjekt til fordjuping, der elevane skal få oppleve faga sine i praksis, dvs. vere ute i arbeidslivet. Elevane på Vg3 MK er no utplasserte fast, ein dag i veka, på ein arbeidsplass med reelle oppgåver og oppdrag i tråd med utdanninga. Ein av fleire høvelege arbeidsplassar, er lokalavisa Haramsnytt. I år, som i fjor, har Haramsnytt tatt i mot ein elev, og gitt denne både journalistisk opplæring og fridom i utføringa av arbeidet. Veldig positivt!
Her er ein smakebit:

Trivast med hybellivet!
Haramsnytt 22.09.09.
Tekst/Foto: Rolf Espen Furnes, 3MK.


"18-åringane Morten og Aleksander bur på hybel under utdaninga si. Begge går tredje året på Tekniske Allmenne Fag (TAF) på Haram vidaregåande skule og stortrivst".

Vil du vite meir om livet på hybel - les heile artikkelen!

Skulelevane Aleksander og Morten ...


(Meir om arbeidslivspraksis for elevar med Prosjekt til fordjuping (PTF) kjem).


Elevrådet kaller inn til møte 16. september

Publisert 14.09.09.

Nytt elevrådsmøte!
Fyrste elevråd dette skuleåret gjekk av stabelen torsdag 03.09., og no er det klart for eit nytt! Onsdag 16.09. skal alle tillitselevar møte opp kl.1130.

På dette møtet blir bl.a. elevrådstyret endeleg valt.
I tillegg kjem Kjersti Bjørnevik frå Elevorganisasjonen (EO). Ho vil orientere om arbeidet til Elevorganisasjonen, og kva hjelp og nytte elevane kan få av EO.
Følg opp, følg med - ver ein aktiv elev!

Les meir om elevrådet ved HVS ...



Skulefotografering i veke 37
09. - 10.09.09.
Onsdag 9. og torsdag 10 september er det sett opp program for skulefotografering.
Oversiktlege oppslag med tidspunkt for gruppe-bilete og individuelle foto per klasse får du hos kontaktlærar ,samt at du finn oppslaga i korridorane på skulen. Møt opp til rett tid, slik at vi får minst mogleg venting, melder fotografen.

Skuleval 2009 er elevane sitt bidrag - gjer ditt val!


Publisert 31.08.09.

Måndag 31. august var alle elevane ved HVS samla til valdebatt nede på ID-huset, og no tysdag 8. september vert skulevalet gjennomført her på skulen. Dei fyrste valresultata er allereie blitt rapporterte inn frå dei skulane som starta fyrst.

I høve skulevalet, vert det og gjennomført ei digital spørjeundersøking. Mange elevar har vurdert alternativa på valundersøkinga sine spørsmål, så tilbakemeldingane der og strøymer inn. Resultata kan ein etterkvart sjå på www.samfunnsveven.no . Skulevalresultatet for 2009, vil bli publisert på same nettside kl 20:00 tysdag 8. september. Så følg med!!!

Førehandsrøsting til stortingsvalet 2009.
Det vert høve til førehandsstemming til det ordinære valet her på HVS i tidsrommet
kl 11:00 - 12:30.

Elevrådet - din organisasjon


Publisert 07.09.09.


Gjennom elevane sin eigen organisasjon, elevrådet, kan du få formidla ditt syn på aktuelle saker. Elevrådet vil, i den grad det er mogeleg, legge tilhøva best mogeleg til rette for elevane.

Fyrste elevråd dette skuleåret
går av stabelen torsdag 03.09.09. Rektor Jan Magne Helland og elevrådskontakt ved HVS, avd.leiar Magnhild Fjørtoft, vil delta og informere om både pågåande saker,samt kva råd og utval elevane skal få høve til å delta i. I tillegg kjem elev- og lærlingombud Monica Molvær for i informere elevrepresentantane om sin jobb i regi fylket.

Neste elevrådsmøte vert onsdag 16.09. Da blir bl.a. elevråd-styret endeleg valt. Følg med - ver ein aktiv elev!

Les meir om elevrådet ved HVS ...

Foreldremøte for foreldre til elevar på VG1

Publisert 28.08.09.

Foreldre/føresette som har elev på Vg1-nivå her på Haram vidaregåande skule, er hjarteleg velkomne til foreldremøte torsdag 3. september, kl. 18:30.

Alle elevar vil få invitasjon med seg heim.
Det vert først ei samling i auditoriet med felles-informasjon, etterfølgd av parallelle kontaktmøte på eigne rom for dei ulike utdanningsprogramma.
Vel møtt!

Vinnar av REBUSLØP - 2009

Publisert 25.08.09.


Vinnar av REBUSLØPET i år
vart elevgruppa 1TAF-TIP2. Dei drar dermed i hus premien, ei smakfull REBUS-kake, til basisgruppa si.
Vi gratulerer, og håper kaka smaker!

Rangering av dei beste gruppene elles:
1. plass: 1TAF-TIP2
2. plass: 1ST5
3. plassen vart delt: 1ST4, 1TAF-TIP1, 1TAF-EL1 og 1TIP3-A

Det var med andre ord mange gode resultat i bunken i år, så nå reknar vi med dei fleste er godt kjende på huset. Vi takkar alle Vg1-elevane for innsatsen!

Skuleåret 2009/2010 er i gong!


Publisert 19.08.09.


Endeleg vart det liv i korridorane igjen!
Det er alltid kjekt å sjå blide ungdommar strøyme inn mot skulen fyrste skuledag. Ungdomsflokken vart delt inn i klasser/grupper for året, informasjon gitt i "lange baner" i alle klasserom, og på skule-biblioteket syda av lånelystige elevgrupper. Utlåns-ordningen av lærebøker var dei godt nøgde med!

HVS hadde og henta fram ein gamal tradisjon, og til lunsjpausa sto varme grillar og frista med pølser og hamburgarar.

Vi håper alle får nokre fine månader framover, med kunnskap og utvikling i fokus.


Nye og gamle elevar,
samla utanfor skulen
til sosialt samvære i sola.


Sjå fleire bilete!

Velkommen til HVS.

Publisert 06.07.09.



- Haram vidaregåande skule -

Onsdag 19. august - elevane møter slik:

Kl 09:00 Oppmøte i auditoriet for alle elevar på Vg1
Kl 10:30 Oppmøte i auditoriet for elevar på Vg2 og Vg3
Skuledagen varer til kl 14:25. Skulebussane går som ordinært kl 14:35.

NB!
4TAF møter torsdag 20. august, kl 08:00, ordinær timeplan.

Lærarar/assistentar:
Alle lærarar møter til planleggingsdagar måndag 17.august og tysdag 18. august.
Assistentane møter opp til planlegging tysdag 18. august.
Program kl 08:00 - 14:30 begge dagar.

HVS ynskjer tilsette og elevar velkomen til eit nytt gjevande skuleår!


Velkomstord
frå rektor


- Rektor Jan Magne Helland -

Biblioteket
er for alle



- Glimt frå bokutvalet -

Kantina,
verd eit besøk


- Gunn Furnes -

HVS 09.07.09.
HVS
- i tida for framtida

Skulen ynskjer å vere til stades i tida og førebu for framtida.
Slik kan skulen vere ein dynamisk og framtidsretta arbeidsplass for elevar og tilsette. Tilbodet ved skulen må samsvare med dei unge sine ønske og med behovet i samfunn og næringsliv.

Den samla kompetansen opplæringa gir deg, skal vere eit godt grunnlag for framtidig yrke eller vidare studium. Kunnskap kjem deg til nytte, både som yrkesaktiv og som samfunnsmenneske.

HVS ynskjer deg lukke til
i det komande skuleåret!

Les heile velkomstordet frå rektor

HVS 12.08.09.
Biblioteket
- sentralt i kvardagen
Skulebiblioteket er til for deg, og ope for alle som ynskjer å arbeide med skulearbeid utover vanleg undervisningstid. Døra er ope frå måndag til fredag, kl. 07:30 - 17:00, alle skuledagar.

Biblioteket vil kunne gi deg som elev mykje hjelp gjennom skuleåret, så det håper vi du nyttar ut best mogleg. Og så er det ein særs god arbeidsplass...

Biblioteket tilbyr lydbøker!
Spør bibliotekaren om du får låne ei. Vi lover deg ei fin oppleving - berre prøv! I tillegg finn du mange spanande titlar i hyllene.

Ikkje så glad i bøker?! Å, ein veit aldri... Berre sjå her!

HVS 12.08.09.
Kantina
- skulens sosiale senter

Her får elevane føde for både kropp og sjel!
Varm mat blir servert 3-4 gongar i veka, med god heimelaga kost, tilpassa elevane sin smak.

Pizzahorn, bollar, heime-baka skuleboller eller skuffekake er heller ikkje å forakte, meiner elevane, så det går unna når Gunn overraskar med noko ekstra i disken.

Alle er velkomne, hugs micro’n kan gjøre mykje med ei elles standard nistepakke...

Velkomen innom!


Les meir ...

Lån og stipend frå Lånekassen

Publisert 07.07.09.


Informasjon om stipend og lån frå Lånekassen finn du både på nettsida til Lånekassen, og i eigne brosjyrer.

Vi vil informere om at hausten 2009 får alle elevar med ungdomsrett i vidaregående skule utstyrsstipend frå Lånekassen. Stipendet er ikkje avhengig av kva foreldra tener. Alle som skal ha utstyrsstipend må aktivt søke Lånekassen.

Hald deg oppdatert - bruk linkane under:
- Stipendordninger hos Lånekassen (www.lanekassen.no)
- 2009-2010 Lån og stipend (informativ brosjyre!)
- Utstyrsstipend 2009-2010


Lærebøker og PC-ordning 2009/2010

1. Gratis lærebøker i vidaregåande skule
Publisert fyrste gong 15.06.09.

Fylkestinget har vedtatt å innføre gratis skulebøker til elevar på Vg1, Vg2 og Vg3 frå hausten 2009, uansett utdanningsprogram. Dette er ei vidareføring av den gratis utlånsordninga som vart delvis innført hausten 2008.

HVS har difor frå denne hausten innført ei utlånsordning av lærebøker til alle elevar. Bøkene blir lånt ut klassevis frå skulebiblioteket ved skulestart. Vi gjer merksam på at skulebiblioteket sine regler gjeld for alt lån av bøker, også desse skulebøkene.



Skulen stiller med lærebøker
til alle elevar, uansett utdanningsprogram og årstrinn


2. PC-ordning for Vg1-elevar skuleåret 2009/2010

Publisert 26.06.09. *Oppdatert 03.08.09.

Utdanningsavdelinga melder at komande skoleår vil du som Vg1-elev kunne velje om du vil ha ein berbar PC som fylket kjøper inn til deg eller få eit "PC-stipend" frå fylket for å kjøpe/bruke eigen PC.

Dei to ulike løysingane, kostnadane og stipend-ordninga, er nøye forklart på informasjonsida i UngWeb.no.



Merk fristen!
Dersom du vel å kjøpe PC via fylket, må du registrere deg på UngWeb.no innan 20.07.09.


Meir informasjon
om ordninga finn du på nettstaden UngWeb.no
Dette er fylket sin viktigste formidlingskanal til elevar. Er du elev i vidaregåande skule i Møre og Romsdal, bør du legge denne sida lett tilgjengeleg under favorittar - eller helst nytte ho som inngangsside på PC-en din!

Hald deg oppdatert på det som skjer med andre ord!


Sommarferien er eit faktum!

Onsdag 24.06.09.



Foto: Solveig Goplen

GOD SOMMAR !

Etter eit arbeidsamt skuleår,
er det godt å kjenne på feriekjensla!
Vi har nokon fine veker foran oss,
forhåpentlegvis med sol, varme og mange gode opplevingar og inntrykk. Nyt det og møt med opplada batteri til skulestart onsdag 19. august.

Opningstider i juli:
Kl. 10 - 14 (mån-fre)

HVS ynskjer
tilsette og elevar
ein energigjevande og god sommar.


Verdig skuleavslutning for avgangselevane

23.06.09.

Det vart ei verdig avslutningsforestilling i kantina ved HVS dagen før skuleferien. Den tradisjonelle avslutninga markerer at tida i vidaregåande skule er over for avgangselevane våre, og at sommaren no ligg føre for oss alle.

I kantina var det dekka til 250, og konfransierane Andreas og Mathias (1ST) førte gjestane gjennom det to timar lange programmet. Frå scena fekk vi musikalske innslag av høg kvalitet, inne i mellom premiering av vinnarane frå aktivitetsdagen og rektor/kontaktlærarar sin heider av avgangskullet 2009. Elevane, på sin side, kvitterte og gav lystige og kreative tilbakemeldingar og heider til sine lærarar.
Tida gjekk fort, maten smakte og vi alle hadde ei triveleg stund i festsalen. - Takk for ein fantastisk innsats, det går til alle involverte, smilte rektor Helland når han avslutta sommartalen sin, og ferien var der på rett.

Russ 2009 sto for ein enorm innsalingsglede!


Våren 2009


Mangt kan nok bli sagt om ungdommen i dag, men vi som samarbeidar med dei til dagleg vil gje dei ein stor honnør. Vi har mykje å lære av dei unge ...

Først var det Krafttak mot kreft 2009, der årets russekull hadde Haram som sitt innsamlingsområde. Dei var ikkje mange, men innsatsvilja var stor! Dei endte opp med det fantastiske gåvebeløpet kr 95 083,50 og fekk heider for årets beste resultat i Midt-Noreg for innsatsen sin.

Så avslutta dei skuleåret med sal av russeavis, slik vanleg er, og gjorde det igjen - dei gjekk ut med eit overskot på kr 22 750,- , som dei bestemte å gje som gåve til barneavdelinga ved Ålesund sjukehus.

Representantar frå russestyret
overleverte gåvesjekken
til barneavdelinga
ved Ålesund sjukehus

Vi er stolte av årets russekull, og ynskjer dei alle lukke til vidare i livet!

Helsetasjon for ungdom - sommaråpen

Sommaren 2009

På helsestasjonen for ungdom kan du snakke om ting du lurer på, og få hjelp og råd frå helsesyster, jordmor eller lege. Både lege, jordmor og helsesyster har taushetsplikt.

Sjølv om det no er sommarferie, er det mogleg å kome på Helsestasjon for ungdom til gitte tider.
Sjekk heimesida deira: - Åpningstider i sommarmånadene




Haram vidaregåande skule

gir deg tilbod innan følgjande utdanningsprogram:

Elektrofag
Helse- og sosialfag
Medium og kommunikasjon
Teknikk og industriell produksjon
Tekniske- og allmenne fag
(TAF-TP/TAF-EL)

Studiespesialisering
og
Påbygging til generell studiekompetanse (Vg3 PB)

A presentation of our school
(English version)



Glimt frå tidlegare skuleår:
Det er mykje som skjer gjennom eit skuleår, og noko av det klarer vi å setje litt i fokus via nettsida vår. Har du lyst, og tid, kan du sjå korleis tidlegare skuleår har arta seg på HVS via desse lenkene. God tur inn i ei minnerik tid.

Oppslag i skuleåret 2008/2009
Oppslag i skuleåret 2007/2008
Oppslag i skuleåret 2006/2007
Oppslag i skuleåret 2005/2006
Oppslag i skuleåret 2004/2005

Oppslag i perioden 2002 - 2004

Ta og ein titt på oppslag under AKTIVITETSDAGAR eller FAGLEGE TUR der utflukter, ekskursjonar etc. er omtala.

Palacio Real, Madrid.
Austnes, Haramsøy.


Postadresse: Skuleråsa 10, 6270 Brattvåg, Norway.
Telefon: +47-70209600 Telefax: +47-70209601 - E-post: haram.vgs@mrfylke.no
Biletmaterialet er Haram vidaregåande skule og fotografane sin eigedom.
Vevstyrar og ansvarleg for sidene: Hilde Kristin Aasgaarden. Vevrådgjevar: Torleiv Austnes